TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

I kveld fekk me sjå ein kamp mellom to lag som likar å spele artig og angrepsvillig fotball! Det var store sjansar i begge endar, noko som sluttresultatet tydeleg viser. Sarpsborg tok leiinga tidleg med Opseth, men etter det vart det Sogndal som styrte resten av omgangen. Jonsson og Twum sine scoringar snudde kampen. Det skulle bli enda tyngre for bortelaget når Flo heada inn 3-1. Så kom opphentinga. Det vart Opseth-show på Fosshaugane når han fullførte hattricket sitt med 3-2 og 3-3. Like før slutt klarte kaptein Flo å setje ballen i eige mål, og Sogndal er dermed ute av cupen. Det blir kvartfinale på Sarpsborg 08 sjølv om dei ikkje vil vere nøgde med store delar av kampen.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (3-4)
90+3'
Frispark
Sentrar tilbake, og bruker tid.
90+1'
Offside
Ingimundarson med ein ny enorm sjanse, men denne gongen er han offside.
90'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
90'
Hjørnespark
Ballen blir klarert.
90'
Enorm sjanse for Ingimundarson! Han får ballen etter eit innlegg, og avsluttar på keeper. Fantastisk redning. Heilt utruleg at det ikkje står 4-4.
89'
Selvmål!
3-4
Sarpsborg snur det med eit sjølvmål! Kaptein Flo prøver å hindre at ballen blir fri på bakerste stolpe. Det klarar han ikkje, og ballen går inn i eige mål. Det var tungt for sogndølene som verkeleg hadde trua på at dette kunne gå.
89'
Ingen av laga vil ha ekstraomgangar, men det nærmar seg kjapt.
88'
Frispark
Kort til Wichne.
87'
Hjørnespark
Ballen hanvar på bakerste stolpe, og det kjem ein svak avslutning rett på keeper.
87'
Bonsu Baah skyt i tverrliggar via ein Sogndalspelar. Corner.
85'
Spillerbytte
82'
Mål!
3-3
Opseth set inn utlikninga med hans tredje mål! Denne gongen på corner. Han herjar mot det gamle laget sitt.
82'
Hjørnespark
80'
Frispark
Flo slår til Nessø midt i bana.
79'
Det blir ein utruleg spennande avslutning på kampen! Sarpsborg jaktar utlikning.
78'
Frispark
Held ballen i laget.
75'
Hjørnespark
Opseth får ballen, men avslutninga blir blokkert.
75'
Endå ein corner til bortelaget.
74'
Hjørnespark
Sogndal får stanga ballen vekk.
73'
Mål!
3-2
Så kjem reduseringa! Det er same oppskrift som på 0-1. Soltvedt slår mot Opseth som står åleine på bakerste stolpe, og headar den enkelt inn i målet.
70'
Både Hoel Andersen og van der Spa kjem inn. Van der Spa uttala faktisk tidleg i sesongen i fjor at Hoel Andersen var den beste spelaran han spelte mot i løpet av dei fire første serierundane.
69'
Spillerbytte
68'
Spillerbytte
67'
Mål!
3-1
Så sit 3-1 på ein corner! Jonsson slår ballen mot første stolpe, og der står Flo. Han dunkar ballen inn via keeper. No blir det tungt for Sarpsborg.
66'
Hjørnespark
66'
Frispark
Han slår mot Skaanes i bakrom. Han avsluttar, og det er ein strålande redning frå keeper. Nære 3-1.
65'
Wichne dreg med seg ballen inn i boksen. Den første avslutninga hans blir blokkert. Den andre går i nettveggen.
63'
Jonsson er nesten åleine med keeper, men klarte akkurat ikkje å få god nok kontroll over ballen.
63'
Gueye prøver ein lang ball mot Hoven. Den blir for lang.
61'
Hjørnespark
Sætren plukkar ballen.
59'
Twum prøver faktisk litt til sjølv om han signaliserte at han måtte ut.
58'
Van der Spa skal inn for Twum som må gje seg.
57'
God redning frå Sætren når Sarpsborg prøver å kontre. Twum treng behandling kort tid etterpå. Han har hatt problem med skader den siste tida.
56'
Hjørnespark
Bortelaget får ballen vekk.
53'
Hjørnespark
Dei sender ballen ut til Wichne som prøver seg frå langt hald. Ballen susar nokre få centimeter over målet.
53'
Hoven slår ballen ut til corner.
51'
Hjørnespark
Torp headar rett på ein Sogndalspelar.
50'
Frispark
Slår kort til Flo.
49'
Frispark
Torp vender spelet ut til høgre.
48'
Ørjasæter får ballen ute til venstre. Han prøver å avslutte på nærmaste stolpe, men keeper er kjapt nede og reddar.
46'
Sarpsborg kastar inn tre nye spelarar etter pausen!
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sogndal dominerer tidvis mot Sarpsborg i første omgang! Ein merkar ikkje spesielt mykje divisjonsforskjellen mellom laga. Sarpsborg viste tidleg i kampen nytta av å ha ein god spiss då Opseth satt inn 1-0. Utanom det har Sarpsborg hatt problem med å skape store sjansar. Sogndal snur kampen etter å ha vist fram det kjappe kombinasjonsspelet sitt som dei har herja med tidlegare i sesongen. Då er det tungt for bortelaget å henge med. Sarpsborg må ta tak i pausen dersom dei vil unngå ein cupsmell mot eit OBOS-lag.
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45+1'
Dette vart ein tung avslutning på omgangen for bortelaget.
45'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
43'
Offside
Nok ein gong er Opseth for kjapp når han lurer seg bak Flo.
42'
Mål!
2-1
Twum har snudd det for Sogndal! Sogndal forsøker seg fleire gonger etter ein corner. Til slutt får Twum ballen frå Skaanes utanfor boksen. Det er ein posisjon han likar godt. Med innsida set han ballen inn i hjørnet.
41'
Hjørnespark
41'
Ørjasæter prøver seg, men den blir blokkert ut til corner.
40'
Offside
Opseth er litt for kjapp når han snik seg bak forsvaret.
39'
Hoven slår inn mot Ingimundarson på bakerste stolpe. Innlegget går eit par centimeter for langt fram, og islendingen får ikkje nok kontakt med ballen.
37'
1-1 er eit ganske fortjent resultat så langt. Sogndal klarar absolutt å hevde seg med Sarpsborg sjølv om Opseth gjer det vanskeleg for stopparane til heimelaget.
35'
Frispark
Sentrar tilbake til forsvaret. Kvile kjem inn igjen.
34'
Kvile ligg nede etter ein duell. Han får hjelp medan resten tek seg ein drikkepause.
32'
Mål!
1-1
Sogndal utliknar! Ørjasæter driblar seg inn i boksen, og legg ballen igjen til Jonsson som står heilt åleine på fem meter. Islendingen bankar ballen inn bak Kristiansen.
32'
Hoven prøver seg med venstre! Blir blokkert.
31'
Frispark
Held ballen i laget.
31'
Sogndal prøver seg på eit par innlegg utan suksess. Ingimundarson har kkje enno vist seg fram i ein posisjon som er ganske ny for han.
29'
Frispark
Held ballen i laget.
28'
Gult kort
Alt for sein inn i ei takling på Andersen. Soleklart!
27'
Sogndal vinn ballen høgt i bana, og prøver å kontre. Skaanes slår ballen ut til Nessø som kjem i full fart til høgre. Han avsluttar med ein gong, og klarar ikkje å treffe målet.
25'
Jonsson prøver å curle ballen i lengste med venstrefoten sin. Denne gongen var ikkje presisjonen på topp, og ballen går over målet.
24'
Frispark
Tek frisparket kjapt.
23'
Flo speler ein genial pasning til Nessø i bakrom. Desverre for heimelaget klarar ikkje nordlengingen å gje frå seg ballen til ein medspelar før han blir stoppa.
21'
Hjørnespark
Hoven headar ballen vekk.
20'
Lundqvist slår inn frå høgre, og Flo bommar på ballen. Det kjem brått på Opseth som set ballen ved sidan av målet.
19'
Det er stor frustrasjon allereie hos heimelaget når dei meiner dommaren ofte bruker fløyta litt for lett.
19'
Frispark
18'
Frispark
Sentrar ballen bak i bana.
16'
Offside
Ørjasæter er åleine med keeper, men linjedommaren er oppe med flagget sitt.
16'
Skaanes dreg seg ned mot dødlinja, og legg tilbake i boksen. Keeper er utspelt, men ingen i kvit drakt kjem på den først.
12'
Kampens første store sjanse enda altså med mål.
10'
Mål!
0-1
Sogningen scorar for Sarpsborg! Ein lang ball blir sendt mot Opseth i bakrom. Han slår veteranen Flo i løpsduellen, og sender ballen enkelt bak Sætren. Der skal Flo ha betre kontroll.
10'
Frispark
7'
Ein merkar ikkje noko særleg til divisjonsforskjellen dei første minutta. Sogndal speler sitt vanlege offensive spel, og pressar bortelaget.
6'
Frispark
Sentrar tilbake til forsvaret.
5'
Frispark
Lundqvist skyt rett på Sætren.
5'
Sarpsborg får frispark høgt i bana.
2'
Hjørnespark
Sogndal får nesten eit hovud på den. Då hadde Kristiansen vore sjanselaus.
1'
Sogndal startar med ballen, og sender den høgt i bana.
Avspark Start 1. omgang
Det nærmar seg kampstart. Det er ganske grei temperatur sjølv om det er overskya og ein del vind. Ein god del bortesupportarar har teke turen sjølv om det er midt i veka.
Laget til bortelaget er akkurat som meldt. Ingimundarson får sjansen på topp for Sogndal. I tillegg er Twum tilbake inne på laget. Det faste stopparparet får kvile i dag, og Gueye og Flo kjem inn der.
Det er snakka om mykje kor mange tidlegare Sogndalspelarar det er som speler for Sarpsborg 08. Utvik fekk sitt store gjennombrot i Sogndal, og er godt likt etter hans tid her. Desverre er han ute med karantene, så det blir ikkje noko gjensyn med hans gamle arena i dag. Soltvedt fekk også seg nokre sesongar i saftbygda. Skålevik var også innom klubben på lån i ein kort periode. Men det er ingen tvil om at det er Kristian Fardal Opseth som folk flest gledar seg mest til å sjå tilbake i Sogndal. Han var den store stjerna i 2015 då Sogndal rykka opp til Eliteserien. Han fekk seg legendestatus i Sogndal då han scora tre mål mot Brann i ein 0-4-siger i Bergen. Mange i bygda skulle gjerne sett han spele i kvit drakt i kveld, og ikkje i blå drakt.
Det blir spennande å sjå kva slags endringar laga gjer til dagens kamp. Heimelaget må klare seg utan Flataker som er med U19-landslaget til EM. Det vil seie at det i alle fall blir endringar på spissplassen både i denne kampen og i dei neste kampane. Det er også forventa nokre endringar i andre posisjonar. Ifølgje Sarpsborg Arbeiderblad kjem bortelaget til å gjere ein del endringar. På høgreback kjem Høyland inn for Wichne. Utvik er suspendert, så Kvile kjem inn for han. Tibbling kjem inn for Bonsu Baah på kanten. I tillegg kjem Junior Martinsson Ngouali inn på midtbana for Torp. Så får me sjå om SA får rett, eller om det er blitt gjort endringar etter treninga i går.
I første runde skulle sogndølene slå ut Førde. I neste runde måtte dei ta turen til Bergensområdet for å slå Lysekloster. Der måtte dei faktisk ut i ekstraomgangar før dei fekk vinnarmålet. Deretter skulle Moss kome på besøk til Fosshaugane. Det vart ein enkel 2-0-siger for Sogndal. Sarpsborg 08 møtte FuVo i første runde. Dei vart slått 1-3. Så skulle det bli ein intens kamp mot Frigg i neste runde. Stillinga var 3-3 ved fulltid, men Sarpsborg fekk med seg to mål i ekstraomgangane, og var då vidare til neste runde. I førre runde slo dei ut Odd med 3-1.
Velkomen til livedekning av fjerde runde i cupen! Her på Fosshaugane Campus skal Sogndal ta imot Sarpsborg 08.