Oppsummering
Det er Sogndal som tek seg vidare til neste runde. Det var heimelaget som styrte heile kampen, men sleit lenge med å kome til dei store sjansane. Då er det greit å ha ein spelar som Skaanes i laget som kan skape noko ut av ingenting. Han prøver seg frå distanse, og ballen snik seg inn bak keeperen. Det skulle bli endå vondare for Moss då Andresen vart utvist etter gult kort nummer to. Dei lokale angrepsspelarane til Sogndal avgjorde kampen like før slutt. Trioen Kalstad, Flataker og Nord utfører ei vakker kontring, og punkterer kampen. Reisa til Ullevaal stoppar her for Moss, og Sogndal er vidare til runde fire.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+2'
Flataker dukkar opp på bakerste stolpe. Han er eitt sekund for seint, og får ikkje nok kontakt med ballen.
90'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
86'
Frispark til Moss i god posisjon!
85'
Kukleci snappar ballen frå Sætren, men sistnevnte får frispark.
83'
Braga får vondt i ein duell mot Kalstad. Kjem seg fort opp igjen.
76'
To overhopp frå Sogndal før Nessø prøver seg frå venstre. Svak avslutning rett på keeper.
74'
Diaz og Nord kontrar for Sogndal. Dei sentrar fram og tilbake før Diaz prøver seg. Avslutninga går ein meter over målet.
73'
Skaanes prøver seg frå distanse. Rett i tverrliggar! Der kunne det fort stått 2-0.
69'
Me er halvvegs i den andre omgangen, og det er tid for drikkepause.
65'
Sogndal gjer seg klar til å byte. Nord og Kalstad skal inn.
61'
Ny redning frå Bachke. Med unntak av målet, så har han gjort ein god jobb.
61'
No må Moss ofre meir om dei har tenkt å gå vidare. Bortelaget har vore farlege på eit par kontringar, men er sjeldan framme med nok spelarar.
58'
Stor sjanse for Jonsson! Blir spelt gjennom av Diaz, og er åleine med Bachke. Sisteskansen gjer ein god jobb når han stoppar den.
54'
Ingimundarson slår eit innlegg frå høgre. Rett på Bachke.
50'
Brassespark frå Pedersen! Men den går langt over målet. Bra forarbeid av Braga.
48'
Svak avslutning frå Moss som går rett på Sætren.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Potur skal inn for Moss. Det same gjeld Makosso.
Det står 0-0 til pause. Sogndal har skapt flest sjansar, men skulle nok ønske at dei skapte litt meir. Moss var nære då Sætren måtte vise sine ferdigheiter med ein enorm redning på streken. Spelarane kjenner at kampane har kome tett, og bortelaget har allereie måtte gjort eit byte.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
44'
Askar er tilbake på bana.
42'
No er det Askar som går ned. Han treng også hjelp.
42'
Braga prøver å kontre. Jonsson gjer eit bra retturløp, og vinn ballen.
40'
Bachke får beskjed om å ikkje bruke for lang tid med ballen.
39'
Det har vore mange frispark så langt. Tøffe duellar.
35'
Enorm redning frå Sætren! Alle trur det står 0-1 etter ei heading. Sætren kastar seg ned i siste liten, og tek den.
33'
Sjanse for Sogndal! Ørjasæter prøver seg først. Bachke slår den vekk. Jonsson set returen i nettveggen.
30'
Frispark til Sogndal i god posisjon frå høgre.
24'
Sogndal har stort sett kontrollert kampen så langt utan å skape spesielt mykje. Ei avslutning har gått i stolpen.
23'
Då er det tid for drikkepause i varmen!
19'
Farah treng medisinsk hjelp. Har kjent på noko heile kampen. Ser ut som at det er baksida av låret som er problemet.
18'
Sogndal ropar på straffe då Diaz får ein dytt i ryggen. Hagenes meinar at han går for lett ned.
15'
Hoven er tøff i ein duell mot Askar, og det blir frispark.
9'
Farah tek seg til baksida av låret. Kjenner på noko, men held fram med å springe.
8'
Moss får låne ballen litt. Andresen prøver seg på eit skot frå langt hald, men den går langt utanfor.
6'
Det er heimelaget som har teke kontroll over kampen dei første minutta.
4'
I stolpen frå Diaz! Det er kaotisk i boksen etter ein corner. Ballen ender opp hos Diaz til høgre som smeller til rett i stolpen.
3'
Sogndal med kampens første sjanse. Innlegg frå Ingimundarson som treff Flo. Volleyen går ein halv meter over målet.
1'
Diaz sparkar i gong kampen.
Avspark Start 1. omgang
Det er ein liten gjeng frå Kråkevingen som har teke turen sjølv om det er midt i veka. Så satsar me på at det blir god trøkk frå begge supportargrupperingane i dag!
Moss gjer heile ni endringar frå kampen mot Ranheim! Sogndal gjer eit par byte der Diaz og Flo kjem inn for Flataker og Sjølstad.
Kampprogrammet er tett, og det er forventa at begge lag gjer nødvendige justeringar for at ikkje belastninga på spelarane skal bli for stor. Nokre endringar på laga vil det nok bli, men samtidig er det såpass tøff motstand at dei må sende ein god del av sine beste spelarar på bana for å gå vidare. Det som er sikkert er at begge lag helst vil unngå ekstraomgangar.
I runde tre av OBOS-ligaen var det Moss som tok imot Sogndal. Då var det Sogndal som stakk av med alle tre poenga då kampen enda 1-2. Moss får altså allereie no moglegheita for revansje. Begge lag har hatt ein grei start på sesongen med tanke på utgangspunktet. Sogndal, som vil rykke opp, ligg no på andreplass bak Kristiansund. Moss ligg på ein åttandeplass midt på tabellen. Det skal også nemnast at Sogndal enno ikkje har tapt på heimebane i år, så dette kan bli ei stor utfordring for Moss.
På veg til runde tre måtte Sogndal ta seg forbi Førde og Lysekloster. Mot Lysekloster vart ikkje kampen avgjort før dei måtte ut i ekstraomgangar. I tillegg blei Isaac Twum utvist i den kampen. Moss tok seg forbi Drøbak-Frogn i første runde. Deretter slo dei ut Kvik Halden. Det er betydeleg tøffare motstand for begge lag i dag sjølv om dei første rundane ikkje gjekk heilt knirkefritt.
Då er det klart for runde tre av cupen! På Fosshaugane Campus skal Sogndal ta imot Moss.