TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

KFUM Oslo tek ein sterk siger borte mot Hødd og held seg dermed på topp fem. For Hødd sin del ser ting no endå mørkare ut, og det ser ut til å bli ein kamp for å unngå nedrykk. Sjansestatistikken vann faktisk Hødd 6-2, men bortelaget var svært effektive. Kampens einaste scoring kom ved Okeke etter bra KFUM-spel i det 32. minutt. Vi måtte vente langt ut i 2. omgang før Hødd tok over initiativet, men det var langt mellom dei offensive forsøka. No blir det ein god månad med pause frå seriespel for begge lag, men det spørs kor mykje kvile spelarane kan ta om dei vil avslutte sesongen på ein best mogleg måte. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin laurdagskveld vidare!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+3'
Bortelaget sender frisparket ufarleg utanfor.
90+3'
Hummelvoll-Nunez får frispark høgt i bana. KFUM roar nok ein gong ned. Endar nok med tre poeng dette.
90+2'
Lillo lempar opp, men nok ein gong vinn bortelaget dei avgjerande duellane.
90'
Det blir lagt til minimum fire minutt her. Nok av tid for Hødd å utlikne.
90'
Mange duellar her no. KFUM brukar tid når dei kan.
90'
Hjørnespark
Blir klarert. Hødd beheld ballen.
89'
Ødegaard er på bærtur og ballen held på i dette i ope mål. Corner.
89'
Stoppar Marius Alm har blitt flytta opp i Hødd-angrepet.
88'
Innbytar Brandal blir spelt fri til venstre, men han er i ubalanse og det blir ein mellomting mellom skot og innlegg som trillar inn i hanskane til Ødegaard.
86'
Spillerbytte
85'
Spillerbytte
84'
Dragsten skal gjere nok ei endring.
83'
Sundnes med langt innkast.
81'
Nersveen blir dytta over ende inne i feltet, men dessverre for heimelaget blir det samtidig vinka for offside.
79'
Kvia-Egeskog blir spelt åleine igjennom etter fint spel, men assistentdomaren vinkar for offside. Nesten for Hødd.
77'
Spillerbytte
77'
Johannes Moesgaard skal gjere sitt første byte i kampen.
76'
Bortelaget kontrar, men innlegget frå Ghaedamini går bak mål.
75'
Rett i nevane på Ødegaard. Dårleg utnytta.
75'
Kallevåg med frispark for Hødd.
73'
Fleire stopp i spelet, og dermed har Hødd sin offensiv roa seg litt.
71'
Gult kort
To KFUM-spelarar drøyar tid ved frisparket, og domar Bodding gir nok eit gult kort.
70'
Gult kort
Domar Bodding meiner Skeide er ufin i ein duell og gir den innleigde Bodø/Glimt-spelaren det gule kortet.
70'
Gaye slår inn frå høgre, men treff ingen på eige lag.
68'
Verkeleg god periode av Hødd no!
68'
Kastet landar på femmeteren, men bortelaget får klarert.
67'
Hjørnespark
Går forbi alle i feltet før det blir innkast på motsett side. Sundnes står klar.
66'
Spillerbytte
64'
Hjørnespark
Ballen dømer raskt frispark til bortelaget.
64'
Langt innkast inn i KFUM si boks. Ødegaard er på halvdistanse og ballen dett i beina på Skeide. Dessverre for heimelaget får han ikkje klem på avslutninga.
62'
Bra sjanse for heimelaget! Hødd viser at dei kan spele ball, og brukar få touch. Det endar til slutt med at Skeide får avslutta inne i boksa. Dessverre for blåtrøyene går skotet over mål.
61'
Fin opprulling av Hødd. Nersveen blir spelt fri til venstre, men innlegget blir greitt handtert av gjestane.
61'
Innlegg inn i KFUM si boks, men Hjelmeseth kjem ikkje nok opp og ballen sklir av issen.
58'
Hjelmeseth vinn ein duell bakerst i feltet og headar inn foran mål. Der kjem Scriven springande, men Ødegaard får plukka ballen før han får ein lagkamerat i kroppen og går i bakken.
56'
Skummelt tilbakelegg til Hødd-keeper Andersen, men 22-åringen er raskt ute og får klarert.
54'
Ghaedamini prøvar å dra seg forbi Hellevik Larsen, men sistnemnde ordnar bra opp.
54'
Ein heilt upressa Sundnes slår ballen rett utover sidelinja på motsett banehalvdel. Lite plan over det Hødd driv med offensivt.
52'
Hjelmeseth går for skot. Svakt utanfor. Spissen står for øvrig med null scoringar på 16 kampar i cup og serie i 2023, så det luktar ikkje akkurat mål av Hødd sin nr 7.
51'
Nersveen og Hjelmeseth står klare.
51'
Scriven blir felt bakfrå og Hødd får dødball i grei innleggsposisjon.
49'
Svindland går i bakken etter ein duell med Alm. Hødd-stopparen litt vel tøff der.
48'
Svindland med 2. omgangs første sjanse. Får ballen på 17-18 meter, men plasserer den utanfor.
46'
Bortelaget sparkar i gong dei siste 45 minutta pluss tillegg.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
KFUM Oslo leiar 1-0 etter 1. omgang her på Høddvoll. Vertane opna best og skapte fleire gode sjansar i starten, men så tok bortelaget over. Gjestane hadde mykje ball og initiativ, men skapte likevel lite før scoringa kom. Rasch fann ein overraskande lite markert Okeke, og spissen plasserte ballen nydeleg i mål. No er det berre å håpe på ein endå meir sjanserik 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Andersen rotar med ballen med eit innlegg, og det er nære på at KFUM skapar noko ut av det. Heldigvis for blåtrøyene endar ballen utover sidelinja.
45'
Det blir lagt til minimum eitt minutt tillegg her.
44'
Gult kort
Kampens første gule kort går til Hellevik Larsen etter at han er for sein inn i ei takling.
44'
Nære på at Scriven finn Hellevik Larsen med ein lur stikkar inn i boksa. Bortelaget får ordna opp.
43'
Nersveen slår inn frå venstre, men Ødegaard har få problem med å plukke innlegget.
37'
Dødball til Hødd midt inne på bortelaget sin halvdel.
35'
KFUM sin kaptein sender frisparket utanfor mål. Dårleg utnytta.
35'
Robin Rasch står klar.
35'
Okeke blir felt og bortelaget får frispark i meget god posisjon.
34'
Ikkje heilt fortent at bortelaget går i føringa ut i frå sjansestatistikken hittil, men laget har samtidig hatt mest ball og initiativ.
32'
Mål!
0-1
Nydeleg scoring av KFUM Oslo! Bortelaget kontrar og Okeke lurar seg heilt fri utanfor Hødd si boks. Han plasserer ballen nydeleg i mål frå 16-17 meter.
31'
Bra Hødd-sjanse! Ballen blir slått inn i feltet, men avslutninga frå Scriven går rett på Ødegaard.
29'
Hjørnespark
Bra forsøk! Endar med heading over av Njie, er det vel. KFUM sin beste sjanse i kampen.
29'
Ny slurvepasning frå Urnes. Bortelaget kan kontre, men må til slutt nøye seg med eit hjørnespark.
26'
Plutseleg slår det sprekkar i Hødd si defensive organisering. Hummelvoll-Nunez blir spelt fri i mellomrom i trillar ut til Ghaedamini. Innlegget frå backen blir derimot reinska unna av heimelaget.
25'
Tønnessen går i bakken etter ein duell med Scriven. Kort stopp i spelet.
24'
Hjelmeseth avsluttar like utanfor, men bortelaget får frispark. Fleire av Hødd-spelarane ropar på hands i tillegg.
22'
Fleire innlegg frå bortelaget på rad. Hødd får klarert.
20'
Bra slått inn av spissen, men ein KFUM-forsvarar får stussa vekk kula.
20'
Kallevåg er rutinert og lar seg bli felt. Frispark til Hødd 10 meter frå eine cornerflagget. Hjelmeseth står klar.
18'
Tønnesen med ein lur stikkar mellom stoppar og back, men lagkompis Ghaedamini er ikkje med på den.
17'
Hellevik Larsen med ei iskald demping tilbake til Andersen. Heldigvis for heimefansen har backen god kontroll, samtidig som målvakta er stødig i mottaket.
16'
Bortelaget trillar ball, og Hødd ligg kompakte i ramma.
14'
Dett farleg ned på femmeteren til KFUM, der ballen etter kvart sprett inn i fanget til Ødegaard. Farleg!
13'
Nytt langt innkast frå Sundnes.
10'
Hjørnespark
Bortelaget får stussa vekk ballen.
9'
Hødd med ein bra kontringssjanse, men pasninga frå Urnes blir altfor unøyaktig til Hellevik Larsen og ballen trillar utover sidelinja.
8'
Ghaedamini slår inn frå venstre. Nersveen får beina ballen vekk frå farleg område.
7'
Bortelaget med initiativ no. Hødd ligg med alle 11 på 30 meter og inn.
5'
Hjørnespark
Hjelmeseth finn Scriven ute i feltet, men avslutninga på halvvolley blir for svak og går utanfor. Uansett ein grei sjanse, det.
5'
Hødd pressar bra på. Scriven vinn ein corner.
2'
Stor sjanse for Hødd! Ballen blir heada inn i feltet, men frå fem-seks meters hald blir ballen lobba over mål av Lillo. Det kunne ha vore ein draumestart for vertane!
2'
KFUM Oslo får klarert, men Hødd beheld ballen.
1'
Sundnes med langt innkast.
Avspark Start 1. omgang
Eitt minutts stillheit til minne om Hødd sin materialforvaltar Karsten Ulstein, som gjekk bort nyleg.
Dagens hovuddomar er Anders Bodding frå Haga.
No kjem dagens 22 utvalde ut på det nyvatna kunstgraset!
Sidan førre seriekamp har Hødd forsterka laget. Greske Renato Ziko har blitt henta frå den albanske toppserien, der han har spelt i Europa League i to sesongar for KF Laçi. Diverre for Ulsteinvik-laget er han først speleklar 1. august.
Hødd og KFUM Oslo har møttest fire gongar sidan 2016. Statistikken her er 2-1-1 i favør hovudstadslaget. Hødd vann derimot det seinaste møtet, i 2018. I 2. divisjon avdeling 2 blei det 2-1 til ulsteinvikarane etter to scoringar av Markus Naglestad for Hødd og eitt av Robin Rasch for KFUM Oslo. Av dei 22 som startar i dag er det berre Rasch og Gaye som starta det førre oppgjeret som startar også i dag. For Hødd er Alme og Hjelmeseth att frå troppa den gongen.
For Joakim Dragsten og Hødd har derimot ting sett langt verre ut. Sunnmørslaget kjempa i toppen dei første rundene, men sidan har dei ramla lenger og lenger ned på tabellen. I skrivande stund ligg dei på 13. plass med 3-5-6 hittil. Det har blitt fire tap på dei fem seinaste, og det einaste lyspunktet her var den sterke 3-1-sigeren borte mot Sandnes Ulf. Førre runde blei dei eit tungt 0-4-tap borte for Kristiansund.
Det skiller åtte poeng mellom dagens to motstandarar, og vi ser kanskje konturane av kvar laga kjem til å kjempe i løpet av sesongen. Gjestane frå Oslo har vist fantastisk form i det siste med fem sigrar på dei seks seinaste seriekampane. Tapet kom rett nok førre runde, då ein enorm sluttspurt av Jerv sørgja for 4-3 til laget frå Grimstad.
På Høddvoll i Ulsteinvik er det, som så mange andre plassar i Noreg, eit strålande sommarvêr. Temperaturen ligg på 21-22 grader og sola skin. Faktisk stiller underteikna med shorts på pressetribuna, noko som er ei fin avveksling frå dunjakke, hue og skjerf.
Hei og velkomen til livedekning av det meget spanande oppgjeret mellom Hødd og KFUM Oslo!