TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Det endar 2-2 på Høddvoll etter ein vanvittig spanande kamp! Hødd leverte ein strålande 1. omgang og gjekk til pause med 2-0-leiing etter mål av Visted og Myrlid. Gjestane kom derimot ut med ny glød etter kvilen og Lehne Olsen sørgja for redusering etter få minutt. Etter dette skjedde det faktisk ikkje så mykje av farlegheiter, før det tok meir fyr siste 25 minutta. Begge laga hadde gode sjansar å score på, men det måtte faktisk ei straffe til før Lillestrøm skulle få utlikninga. Lehne Olsen scora sikkert frå ellevemetersmerket. Totalt sett er kanskje uavgjort eit rettferdig resultat. Bortelaget leiar framleis, medan Hødd i skrivande stund er to poeng bak 2. plassen. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin kveld vidare!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+4'
Frispark
Siste sjanse for LSK? Hødd får klarert.
90+4'
Brandal dreg seg forbi Gabrielsen på ei kontring, men får ein dårleg touch og ballen går utover sidelinja.
90+3'
Nesten at ballen snik seg i Hødd-målet! Gabrielsen stig til vêrs på eit innlegg og stussar ballen i ein boge over Ulla. Uheldigvis for gjestane landar ballen på nettaket.
90+1'
Hjørnespark
90'
Skummelt innlegg i LSK si boks. Uheldigvis for for heimefansen går det forbi alle i feltet.
90'
2175 tilskodarar på Høddvoll i dag.
90'
Redning på strek! Karlsbakk får sjansen frå veldig kort hald, men avsluttar rett på Mulac som utan tvil hindrar scoring. For ein sjanse til å gå opp i 3-2!
89'
Vá med skummel lobb inn i feltet. Får lite plass til at Lehne Olsen får avslutta skikkeleg.
87'
Spillerbytte
87'
Spillerbytte
87'
Spillerbytte
86'
Marius Bøe og Hødd gjer faktisk klart eit trippelbyte her. Eit nervepirrande tidspunkt å kome innpå!
86'
Skal vi få nok ei scoring her, da? Plenty av tid til det!
85'
Skummelt igjen. Nok ein gong Elkær som legg inn. Så vidt Hødd får reinska unna.
83'
Veldig mange frispark og stopp i spelet her. Domar Hafezi har lagt lista lågt, noko som har resultert i heile seks gule kort, fem av dei til heimelaget.
82'
Robertsen legg fint igjen til Kallevåg som avsluttar på direkten frå god posisjon. Høgt over mål frå Hødd-kapteinen.
81'
Hjørnespark
Blir klarert ved første stolpe.
81'
Frispark
Blir slått inn mot bakerste stolpe der ballen blir heada foran mål igjen. Så vidt at bortelaget får klarert.
79'
Mål på straffe!
2-2
Lehne Olsen sender Ulla feil veg og scorar sikkert! 2-2 og vi er like langt på Høddvoll!
Mål av Thomas Lehne Olsen (2-2)
78'
Straffe!
Mikhail har ikkje kontroll og prøvar å skjerme ballen. Det endar i staden med ei felling og straffe!
77'
Nære på for gjestane! Adedeji prøvar å curle ballen i det lengste hjørnet, men må sjå at kula går like til side for mål.
75'
Spillerbytte
75'
Karlsbakk blir for ubesluttsam med ballen og sender i staden berre ein trillar inn mot Ulla. Har ikkje hatt sin beste kamp i dag, månadens spelar i OBOS-ligaen.
74'
Frispark
Svakt slått. Myrlid headar enkelt unna ved første stolpe.
73'
Gult kort
Hanssen satsar alt på ei kontring og kjem altfor seint. Fortent gult kor. Hødd sitt femte i kampen!
73'
Elkær slår nok eit bra innlegg, men Lehne Olsen får frispark imot etter den påfølgjande duellen i boksa.
71'
Gult kort
Dreg litt i motspelar i det han spring forbi, og får det gule kortet.
69'
Hjørnespark
Altfor mykje luft under den, og den påfølgjande headinga frå Lehne Olsen dalar høgt over mål.
69'
Bortelaget står med alle 10 utespelarar frå 30-35 meter og inn. Her er det store kontringsrom for Hødd!
68'
Gult kort
Mulac blir tredje Hødd-spelar med gult. Stoppar ein overgang.
67'
For ein sjanse for Hødd! Visted tråklar seg heilt gjennom inn i LSK si boks, men bankar ballen høgt over mål. Der bør det vere mål!
66'
Så er det like før i motsett ende! Hødd kontrar og Skjold blir spelt fri til venstre. Han prøvar å curle ballen i lengste, men Christiansen reddar relativt enkelt.
66'
Nesten for bortelaget! Ranger dreg seg innover og avsluttar med venstrefoten, men Ulla reddar bra.
64'
Spillerbytte
63'
Skotheim blir sittande. Blir nok byte her.
63'
Hødd byrjar verkeleg å merke køyret no. Er seine i press og duellar og LSK.
62'
Frispark
Slår inn i feltet, men Mikhail får enkelt heada unna.
61'
Frispark
Elkær slår den farleg inn i feltet, men Ulla står og plukkar den.
58'
Spillerbytte
58'
Spillerbytte
55'
Gult kort
Blir for tøff i ein duell og får sjå det gule kortet. Hødd sitt andre i kampen.
55'
Mikhail blir spelt fri inne i boksa, men Christiansen får fanga ballen.
54'
Hjørnespark
Blir teke kort. Hødd beheld ballen.
54'
Hjørnespark
Endar ute i feltet der Robertsen hamrar til på direkten. Via Foss og til ny corner.
54'
Skotheim kjem seg inn i boksa med ballen, men blir stoppa. Får corner.
53'
Kitolano går i ryggen på Kallevåg som dett valdsamt. Domaren nøyer seg med å gje frispark.
51'
Liten tvil om at gjestane prøvar å skru opp tempoet her. Det lønte seg altså umiddelbart.
50'
Frispark
Blir slått inn i feltet, men klarert. Kallevåg prøvar å plukke returen, men lagar i staden frispark.
50'
Gult kort
Larsson får det gule kortet etter ein duell med Mikhail.
49'
Det målet kom nok raskare enn Hødd hadde håpa på. No spørs det korleis dei responderer.
48'
Mål!
2-1
Bortelaget reduserer umiddelbart! Etter ei spelvendig legg Elkær inn i boksa, og der får Lehne Olsen endeleg plassert kula i mål for LSK.
Mål av Thomas Lehne Olsen (2-1)
Målgivende av Frederik Elkær
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ingen endringar på nokon av laga. Straks klart for 2. omgang!
Hødd leiar 2-0 over serieleiar Lillestrøm etter første omgang på Høddvoll! Bortelaget prøvde å ta tak i kampen frå starten av, men forutan eit farleg frispark frå Lehne Olsen varta dei stort sett berre opp med innlegg som Hødd hadde god kontroll på. I det 20. minutt var det derimot Ola Visted som sendte Hødd i føringa, og berre fem minutt etter dobla heimelaget leiinga. Torbjørn Kallevåg missa først på eit straffespark, før han sette returen i mål. No blir det veldig spanande å sjå korleis 2. omgang blir. LSK må ha mål, noko som vil opne kampen endå meir. Her er det berre å gle seg!
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45'
Foss kjem altfor seint inn i ei takling på Visted, men domaren nøyer seg med å døme frispark.
45'
Skotheim får ein stikkar i bakrom, men blir avvinka for offside.
43'
Ein veldig bra sjanse blir spolert av Lehne Olsen. Hødd glepp i markeringane inne i feltet, og storscoraren får plutseleg stå åleine inne i boksa. Diverre øydelegg eit dårleg mottak alt.
42'
Det er rett og slett meir farleg når Hødd angrip enn når Lillestrøm gjer det. Bortelaget slit med å trenge igjennom vertane, og stort sett har det enda med innlegg som Hødd har klarert. Heimelaget har på si side kombinert hurtig når dei har fått sjansen, noko som så langt har resultert i to scoringar.
41'
Bortelaget prøvar å slå kjapt i bakrom, men Vá er litt for hissig på å springe og endar i offside.
38'
Finfin opprulling av heimelaget der spelet går på ein touch, men LSK får stoppa forsøket før det blir farleg.
36'
Så er det Vá som slår inn. Forbi alle i feltet. Har ikkje lukkast med innlegga så langt i kampen, serieleiaren.
35'
Kitolano, som fekk tilsyn, kjem inn på bana igjen.
34'
Frispark
Elkjær slår hardt inn, men ballen blir stussa vidare ut av feltet.
34'
Ein LSK-spelar blir liggjande att inne i feltet etter Hødd sin corner. Må få tilsyn.
32'
Hjørnespark
Rett i nevane til Christiansen.
32'
Frispark
Blir slått inn mot bakerste stolpe der Gabrielsen får gitt til corner.
31'
Hjørnespark
Endar etter kvart med utspel for Hødd.
29'
Frispark
Lehne Olsen blir felt. Rundt 20 meters hald. Var veldig nære på frispark før i kampen, LSK sin nummer 10. Nesten! Prøvar å plassere den nede i hjørnet, men Ulla får fingrane på den. Corner.
29'
Skummel innoversvingar frå Elkær, men nok ein gong ryddar Hødd-forsvaret opp.
25'
Mål!
2-0
Christiansen reddar først den svake straffa frå Kallevåg, men ballen blir liggande på streken og Hødd-kapteinen rekk å få tåa den i mål før den blir klarert. 2-0 til Hødd over serieleiar Lillestrøm!
Mål av Torbjørn Kallevåg (2-0)
25'
Bom på straffe!
24'
Straffe!
Skotheim jagar ein ball i feltet og blir felt av målvakt Christiansen. Straffe til Hødd!
24'
Nesten for Hødd! Myrlid avsluttar knallhardt frå spiss vinkel, men Christian reddar flott med beina.
23'
Kallevåg får avslutta etter ei bra opprulling av Hødd, men skotet har lite kraft og blir dessutan raskt blokkert av bortelaget.
22'
LSK har hatt klart mest ball og initiativ i starten her, men Hødd har vore småfarlege fleire gongar.
20'
Mål!
1-0
Hødd går i føringa på Høddvoll! Heimelaget har kast høgt i bana, og etter litt klabb og babb endar Myrlid opp med ballen. Han finn lagkompis Visted som bankar den nydeleg i mål. Flott scoring av heimelaget!
Mål av Ola Visted (1-0)
Målgivende av Elias Myrlid
19'
Vá skjer innover med ballen, men får aldri riktig vinkel til skot eller pasning.
19'
Åsen legg inn i feltet, Mulac stangar unna. Har hatt bra kontroll i eiga boks hittil, Hødd.
16'
Hødd får faktisk ballen etter at LSK hadde den før domaren stoppa spelet. Merkeleg avgjersle frå kampleiaren. LSK-fansen seier sjølvsagt høglytt i frå.
15'
Fleire innlegg på rappen for bortelaget. Endar til slutt med at domaren stoppar spelet pga. at ein Hødd-spelar ligg nede.
14'
Kitolano blir tredd opp i mellomrommet, men det påfølgjande skotet går høgt over mål.
13'
Frispark
Félix Vá blir felt. Blir teke raskt, men endar med offside.
12'
Hjørnespark
Rett i hanskane til Christiansen. Ufarleg.
12'
Hjørnespark
Lehne Olsen stussar den farleg bakover. Endar med ny corner.
12'
Hødd vinn ballen høgt i bana, og det er nære på at Visted får avslutta på mål. Endar med corner.
10'
Kallevåg blir liggjande litt etter ein duell. Kjem seg på beina att.
9'
Elkær kombinerer fint og får slått inn frå venstrekanten. Rett i klypene til Ulla.
7'
Frispark
Nære på! Lehne Olsen fyrer av på frisparket, og ballen snik seg like til side for målet til Ulla.
6'
Gult kort
Held ein LSK-spelar i trøya og får eit ekstremt tidleg gult kort.
4'
Hødd ligg med alle mann frå 30 meter og inn no. LSK trillar.
3'
Så er det Hødd som får kampens første avslutning. Heimelaget snappar ballen og Myrlid får tid og plass til å fyre av, men skotet går svakt utanfor.
2'
Så er det Elkær som legg inn frå same side. Nok ein gong får Hødd klarert.
2'
Kitolano slår inn frå venstre, men Hanssen stangar unna.
1'
Bortelaget med ballen i opninga her.
Avspark Start 1. omgang
Så tuslar begge laga ut på kunstgraset her på Høddvoll, anført av kveldens hovuddomar; Mohammad Hafezi.
I offisiell samanheng har Hødd og Lillestrøm møttest to gongar i nyare tid. Begge dei oppgjera kom i 1995, då Hødd hadde eit smått sensasjonelt opprykk til Tippeligaen. LSK vann begge kampane, 1-0 på gamle Høddvoll gras og heile 6-0 på Åråsen. Nedre Romerike-laget hadde eit bruktbart lag den gongen, med profilar som Ståle Solbakken, Tom Guldbrandsen og Geir Frigård i startellevaren. Solbakken gjorde til og med hattrick i 6-0-sigeren!
Vi må sjølvsagt leggje til at LSK-trenar Hans Erik Ødegaard også fekk utmerkinga for månadens trenar.
Av spelarar å sjå opp for i dag må vi nemne LSK sin indreløpar Markus Karslbakk. 25-åringen har akkurat blitt kåra til månadens spelar i OBOS-ligaen. På dei ni første rundene står han med tre mål og seks målgjevande, noko som betyr at han har assistert flest av samtlege i ligaen. Her må vi også nemne at Karlsbakk hadde eit opphald i nettopp Hødd på lån i 2020, men på grunn av covid fekk han aldri spelt ein offisiell kamp for klubben.
Begge laga er i full gang med oppvarminga her på Høddvoll, og hittil er det Kanarifansen som har gjort mest ut av seg på tribunene. Borteseksjonen er omlag halvfull, noko som betyr at det er fleire hundre på plass. For eit fantastisk trøkk dette vil gi!
Kveldens kamp blir ekstra spesiell for Hødd-kaptein Torbjørn Kallevåg og hovudtrenaren hans; Marius Bøe. 31-åringen Kallevåg spelde 2020-sesongen i LSK, eit år sjølvsagt prega av pandemien. Han enda med fem mål på 24 kampar. Bøe hadde på si side eit kort opphald i klubben i 2023, då han var assistenttrenar under Eirik Bakke. Til lokalavisa Vikebladet Vestposten trekk dei begge fram perioden i Lillestrøm som ei fin tid.
Hans Erik Ødegaard stiller også med 10 av dei 11 som opna førre oppgjer. Gjermund Åsen er inne på sentral midtbane til fordel for Vebjørn Hoff som er å finne på benken. Dette er veteranen Åsen sin første start i serien i år.
No er begge laga ute. Hødd stiller med 10 av dei 11 som starta borte mot Skeid i førre runde. Einaste endringa er at innleigde Jesper Robertsen gjer sin debut frå start av på Hødd sin høgre vingback. Ungguten er på lån frå Tromsø, og har sju kampar på aldersbestemte landslag på CV-en.
Vi kjem tilbake med meir fotballfakta og lagoppstillingar så fort sistnemnde blir offentleggjorte.
Lillestrøm og Hans Erik Ødegaard har som venta teke grep om førsteplassen i divisjonen, og har allereie ei luke på seks poeng ned til nummer to. Laget står med tre sigrar på rad, og førre gong dei spelte vekke frå Åråsen stadion blei Mjøndalen smadra heile 6-0. Hødd må med andre ord vere påskrudde frå start av for å kunne hamle opp med klubben frå Nedre Romerike i dag!
Det er nummer 6 og 1 som møtest på Sunnmøre i kveld, og det vil forhåpentlegvis bety at vi får servert ein bra kamp. Etter opprykket til OBOS-ligaen til denne sesongen har Hødd hatt eit ganske bra comeback. 4-2-3 er fasiten så langt, og laget til Marius Bøe har teke skalpar som Start, Lyn, Sogndal og Odd. Her på Høddvoll står dei med to strake sigrar etter å ha tapt dei to første.
Her i Ulsteinvik ligg alt til rette for ei fantastisk ramme rundt kampen. Det er strålande sommarvêr og masse aktivitetar i byen, og ikkje minst er det venta ganske mange tilreisande frå Kanarifansen. Saman med Hødd sine Blåsarane vil dei utan tvil skape ei herleg stemning på stadion om nokre timar.
Hei og velkomen til livedekning av det meget spanande oppgjeret mellom Hødd og Lillestrøm, direkte frå Høddvoll!