Oppsummering
Hødd rir av AaFK-stormen og tek seg vidare til 3. runde av NM! Det var ein jamn og tett match, der laga hadde kvar sine perioder. Bortelaget var klart best før pause, og skapte nok til å gå i føringa. Etter kvilen var det lenge tamt, før Hødd tok over meir av initiativet den siste halvdelen, men utan at det vart mål ut av det. Hødd var det førande laget også over i ekstraomgangane, og sånn sett var det ingenting å seie på at Andreas Televik sendte blåtrøyene opp i 1-0. Etter dette vakna Aalesund, men til trass for vedvarandre press og eit par store sjansar klarde dei aldri å utlikne. No blir det spanande å sjå kven Hødd skal møte i 3. runde, og korleis det vil gå. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-0)
120+1'
Alme fangar den igjen!
120+1'
Innkast høgt i bana for AaFK.
120'
Televik dreg seg mot cornerflagget og blir felt. Brukar endå meir tid Hødd no.
120'
Diop prøvar å få til noko i Hødd si boks, men rotar ballen utover linja.
118'
Stor sjanse for AaFK! Diop får stige åleine til vers på eit innlegg, men Alme reddar med eit tigersprang.
118'
Bortelaget speler ballen utover sidelinja og Hødd kan bruke tid.
117'
Nytt innlegg frå Maksimov. Blir nikka vekk.
116'
Alme er nok ein gong stor i feltet og kjem ut og plukkar eit innlegg frå høgre.
116'
Hødd kjem seg knapt ut av eigen sekstenmeter no. Kan dei klare å stå imot her da?
114'
Stor sjanse for AaFK! Lonebu headar eit flott innlegg frå Maksimov like utanfor. Den såg nok mange i nettet!
113'
Gjerde bankar ballen i ein AaFK-spelar og til utspel. Så blir det ein lenger stopp i spelet når Alme set seg ned og må få behandling. Brukar tida godt no, Hødd.
111'
Berntsen kjem på ein bra overlap, men pasninga meint for han går rett utover sidelinja.
110'
Berntsen fyrer av frå veldig langt hald. Enkelt for Alme.
108'
Bortelaget trillar og trillar.
106'
Alle i blått på 22-23 meter og inn.
106'
AaFK spelar mot sola i den siste omgongen.
Start 2. ekstraomgang Start 2. ekstraomgang (1-0)
Hødd leiar 1-0 etter scoring ved Andreas Televik. Etter målet har AaFK pressa veldig på, men utan å skape altfor mange sjansar. No spørs det om Ulsteinvik-laget skal klare å halde unna, eller om Aalesund skal kome tilbake.
Pause Pause ekstraomganger (1-0)
105+1'
Dett farleg ned i feltet, men Alme får til slutt landa på ballen.
105'
Frispark til bortelaget i veldig god posisjon. Like ved det eine hjørnet på sekstenmeteren.
105'
Ein AaFK-spelar skjer innover langs kortsida mot Hødd sitt mål der han går i bakken i ein duell med ein Hødd-spelar. Domaren let spelet gå, men det såg uansett ut til å vere på utsida.
103'
Og der kjem sjansen! Ramsland vinn ein duell inne i Hødd si boks, men headinga går over mål. Bra forsøk.
102'
AaFK har i alle fall plukka opp hansken her. Langt meir futt i dei no, men fortsatt har dei ikkje skapt ein stor sjanse på veldig lenge.
101'
Ramsland får eit skot blokkert, før Hopland sender returen langt utanfor.
99'
Kan Aalesund svare her da? Dei må i alle fall opp fleire hakk.
96'
Televik kjem til avslutning frå skrått hald. I nettveggen.
93'
Blikstad glir som bakerste mann og er nære ved å la Kilen storme åleine igjennom, men i siste augneblink klarer han å pirke kula bort.
Start 1. ekstraomgang Start 1. ekstraomgang (0-0)
Det står framleis 0-0 her på Høddvoll, og straks er vi klar med ekstraomgongar. Hødd var det beste laget siste del av den ordinære tida, men klarde ikkje å skape altfor mange store sjansar. Her kan alt skje, så det er berre å glede seg!
Pause Etter ordinær tid (0-0)
90+4'
Brandal er nære ved å storme igjennom feltet, men bortelaget får takla i siste augneblinken.
90+2'
Fjørtoft går i bakken inne i AaFK si boks og nesten alle på Høddvoll ropar på straffe. Det endar istaden med frispark imot.
90+1'
Innkast høgt i bana for blåtrøyene.
90'
Bortelaget får rydda vekk frisparket, men Hødd beheld initiativet.
90'
"Heia Hødd!" rungar på stadion.
90'
Hødd med frispark midt på bortelaget sin halvdel.
89'
Skummelt innlegg igjen frå Maksimov. Blir klarert av heimelaget.
89'
Lang kast for AaFK. Blir nikka unna ved første.
87'
Andreas Fjørtoft ligg nede. Det spørs om det ikkje må bytast her.
86'
Småfarleg for bortelaget. Maksimov sender ballen lavt gjennom feltet, men ingen andre i oransje er på den.
83'
Altfor ofte stygge feil hos Hødd. Enkle pasningsfeil og dårlege mottak. Heldigvis for dei har det ikkje straffa seg skikkeleg endå.
82'
Utruleg tamt det 1. divisjons-laget Aalesund presterer no. Lenge sidan dei har skapt noko.
79'
Veldig nære for Hødd! Brandal rundar ein Grytebust på bærtur, men klarer ikkje å få avslutta eller gitt ballen vidare.
77'
Bra forsøk for Hødd! Heimelaget klarer å halde oppe trykket, men den avgjerande avslutninga frå Skotheim blir for enkel å ta for Grytebust.
75'
Det mest merkelege er at AaFK har slokna så pass. Tangotrøyene hadde ein frisk 1. omgang, men har vore svake etter kvilen.
75'
Under 20 minutt att å spele no. Slik ting er i augneblinken kan dette vippe begge vegar.
73'
Kilen skjer innover og avsluttar via ein Hødd-spelar og inn i klypene til Alme.
73'
Hødd med ein bra sjanse til å kome fri i bakrom, men den avgjerande stikkaren frå Fjørtoft blir altfor svak.
71'
Stor sjanse for Hødd! Murray trillar inne i boksa til Kallevåg som kjem løpande. Dessverre for dei blå sender han skotet over.
70'
Alme plukkar nok ein gong som ein konge i feltet, men treff ikkje på den raske igongsetjinga.
68'
1408 tilskodarar på Høddvoll i dag. Det er godkjent!
67'
Braga får eit håplaust innlegg bakerst i feltet, og kan berre saksesparke den utover sidelinja.
66'
Ganske laber periode i kampen no. Veldig lavt tempo.
66'
Hødd held fram med å slå langt mot Myrlid, men spissen held fram med å tape dei fleste duellar.
65'
Hødd prøvar seg i bakrom, men Brandal blir avvinka for offside.
63'
To nye mann i angrepstrioen for Hødd.
60'
Ikkje spelt ein time endå, men det er strekk i begge laga. Mykje rom sentralt til tider.
58'
Vatne Haram dreg Kallevåg i trøya, men domaren lar spelet gå. Lev farleg der, midtstopparen.
56'
Veldig mange touch hos begge lag no. Då blir det lite tempo og framdrift.
50'
Nokre gode minutt frå Hødd. Mange gode kombinasjonar anført av Elveseter, men ingenting som endte opp som sjansar.
47'
Aalesund koplar grepet umiddelbart her.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause mellom Hødd og AaFK, eit resultat heimelaget bør vere mest fornøgde med. Martin Håheim-Elvester hadde eit tverrleggarskot for heimelaget, men bortsett frå det har dei oransje vore mest farlege. Laget har skapt mykje trøbbel for dei blå, og også kome til fleire store sjansar. Det er meget spanande på Høddvoll, så her er det berre å gle seg til 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Mulac med ein stygg ballmiss, og det er nære ved at Atanga får storme igjennom mot Hødd-målet.
45'
Bortelaget stoppar ei Hødd-kontring på ulovleg vis.
45'
Blir lempa inn i boksa der Mulac stangar unna.
45'
Frispark til AaFK i fin posisjon. 20-21 meter frå mål, litt spiss vinkel.
44'
Nydeleg pasningsforsøk frå Murray til Elveseter som jagar i bakrom. Nesten at vingen får teke ned kula.
42'
Kjempesjanse for Braga! Spissen får gå rett gjennom Hødd-forsvaret, men klarer til slutt ikkje å overliste Alme som gjer ei god redning. Hødd-trenar Marius Bøe bør føreta seg noko i forhold til Hødd si høgreside. Dei har slitt stort defensivt hittil i oppgjeret.
41'
Hødd slår mykje langt, sikkert for å ikkje ta for mykje risiko. Samtidig har AaFK vunne dei fleste duellane. Tydeleg at heimelaget manglar ein spelar som Alfred Scriven, som nyleg gjekk til Bryne.
40'
Tage Johansen blir sittande etter ein duell. Kjem seg på beina til slutt.
34'
Myrlid får ein spelar i ryggen i ein duell og Hødd får frispark. Blir teke kort. Har slitt stort mot Hopland og Vatne i duellane hittil, den Brann-innleigde spissen.
33'
Ballen dett ned i feltet og ein AaFK-spelar går i bakken. Domaren vinkar spelet vidare, og det er heller ikkje mykje protestar frå dei oransje.
32'
Frispark til bortelaget inne på Hødd sin halvdel. Skal bli slått inn i boksa.
29'
Christian Johnsen har tydeleg blitt varm i sola. Har kasta jakka på bakken, og det spørs om han ikkje angrar på den store overtrekksbuksa også.
27'
AaFK har til tider verkeleg herja med høddarane på venstresida. Hjelmeseth, Murray og Johansen har slitt 1 mot 1.
25'
Hammer kjem seg inn i Hødd si boks med ballen, men blir kontant stogga av Johansen. Blir liggjande etterpå. Corner for bortelaget.
24'
AaFK kjem seg veldig enkelt gjennom Hødd i det dei køyrer ein overgong, men unøyaktigheit på siste 1/3 øydelegg.
23'
Blir skummelt slått inn i boksa av Kallevåg, og ein Grytebust på halvdistanse rotar med utboksinga. Dessverre for heimelaget klarer dei ikkje å utnytte det.
17'
Johannsson slår skummelt inn frå venstresida, men heller ikkje no er AaFK hissige nok inne på femmeteren. Alme fangar ballen.
16'
Braga rundlurer Murray og legg skummelt inn. Corner.
14'
Veldig nære for Hødd! Elveseter sender i veg eit nydeleg skot frå utanfor boksa som dessverre går i tverrleggjaren og ut. Meget godt forsøk frå den ettertrakta spelaren.
14'
Eit innlegg frå AaFK si venstreside går i tverrleggjaren og vidare ut i feltet. Alme ser likevel ut til å ha kontroll.
12'
Nervøst bakerst hos AaFK i det Myrlid jagar ei bakromspasning. Endar med frispark til oransjetrøyene.
11'
Nære på at Elveseter finn innleigde Myrlid med ein stikkar. Sistnemnde kjem frå Brann.
9'
AaFK kontrar ved Braga, men det avgjerande innlegget kjem for nært Alme som plukkar lett.
8'
Hødd slår i bakrom, men rutinerte Grytebust kjem ut og bankar ballen på tribuna.
7'
Ny bra sjanse for bortelaget! Sander Kilen får tid og rom utanfor boksa, men plasserer ballen til side for mål.
7'
Blir slått lavt mot første av Kallevåg, men bortelaget får ordna opp.
7'
Urnes på eit fint raid langs AaFK si høgre side. Blir dytta over ende og får frispark like ved cornerflagget.
3'
Store sjansar for bortelaget! Atanga curlar ballen nydeleg mot mål, men treff stolpen. På returen er det vel Kilen som avsluttar høgt over mål.
1'
Bortelaget prøvar å slå raskt i bakrom, men Alme kjem ut og fangar ballen.
Avspark Start 1. omgang
Bortelaget vinn myntkastet og dermed må Hødd spele med sola i augene.
Kveldens domar er Mathias Smehus Kringstad frå Valder IL.
Ein bra Stormen-gjeng har også teke turen frå Ålesund for å støtte laget sitt. Vi satsar på at dei lagar ei flott ramme rundt kampen i lag med Hødd sine Blåsarane!
Begge desse klubbane har fin NM-historie å sjå tilbake på. Hødd tok som kjent eit svært overraskande gull i 2012, då Ørjan Nyland redda det meste som kom og sørgja for at laget vann straffesparkkonkurransen mot Tromsø. Aalesund har endå meir å vise til, og tangotrøyene fekk løfte pokalen både i 2009 og 2011.
Ting har heller ikkje fått som smurt i Ålesund under Christian Johnsen. Laget ligg på 12. plass med 1-1-2 etter dei fire første rundene. Sist blei det 3-1-tap borte mot Egersund.
Hødd har fortsatt ikkje fått sving på sakene etter at laget rykka ned til 2. divisjon i fjor. Marius Bøe er ny hovudtrenar, og har erfaring frå klubbar som Sogndal, Lillestrøm og nettopp AaFK. Etter dei tre første seriekampane ventar dei framleis på den første sigeren. Det blei uavgjort borte mot Eik Tønsberg i premieren, men etter det har det blitt tap for Brann 2 og Jerv.
Begge laga er godt i gong med oppvarminga, og vi er ca 20 minutt unna avspark. Sol og fine forhold i Ulsteinvik.
Det mest kontroversielle oppgjeret kom nok i 2011, då AaFK utlikna til 1-1 heile fem minutt på overtid. Få i heimepublikummet forstod kvifor domaren den gongen la til så mykje. Heilt på tampen av 2. ekstraomgang sørgja så kulthelten Michael Barrantes for 1-2 og avansement.
I NM-samanheng har laga kjempa mot kvarandre seks gongar i nyare tid. Aalesund har avansert fem av gongane, sist i 2022 då dei tok ein sjeldant komfortabel 3-0-siger. Hødd gjekk på si side vidare i 2015, då Magnus Myklebust sikra 1-0-siger.
Det er ein skikkeleg lokalduell på Høddvoll i dag, og forhåpentlegvis betyr det mykje publikum og bra trøkk på tribunene. Hødd og Aalesund har hatt mange intense oppgjer gjennom åra, og sidan 1991 har dei møttest 26 gongar. Her er statistikken 10-7-9 i favør laget frå Ulsteinvik. Rollene har derimot snudd litt sidan tidleg 2000-tal, då AaFK rykka opp til Eliteserien.
Hei og velkomen til det meget spanande 2. runde-oppgjeret i NM mellom Hødd og Aalesund!