Oppsummering
2. divisjons-laget Brattvåg har slått OBOS-liga-laget Hødd ut av NM! Kampens einaste scoring kom allereie etter to minutts spel, då Sondre Sandnes Beite fekk avslutte sikkert i mål frå kort hald. Etter dette var det for det meste berre snakk om å forsvare seg for heimelaget, sjølv om dei hadde nokre farlege forsøk innimellom også. Hødd hadde mykje ball, og dei hadde nok av sjansar til å få den i mål, men dei tilreisande frå Ulsteinvik blei altfor inneffektive i dag. Joakim Dragsten putta innpå det sterkaste mannskapet etter kvart, men utan at hjelpte nok. Brattvåg stod imot alt etter heroisk innsats. No er det berre å glede seg til trekninga av 3. runde. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin torsdagskveld vidare!
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+6'
Flem har moglegheita til å punktere, men blir stoppa i siste liten!
90+5'
Brattvåg kontrar!
90+5'
Hødd med innkast høgt i bana.
90+5'
Priis-Jørgensen tek seg bra med tid med utspela.
90+4'
Ny lang ball som endar utover sidelinja for Hødd. Slikt har dei ikkje tid til!
90+4'
Hødd kjem seg ikkje inn på Brattvåg sin halvdel no.
90+4'
Brattvåg med innkast. Brukar tid.
90+2'
Krangling mellom fleire spelarar. Leine og Alm blant dei involverte.
90+2'
Så blir det vinka for offside på Morgado.
90+1'
Mulac slår langt opp, men Priis-Jørgensen skjermar den utover sidelinja. Slikt har ikkje Hød tid til!
90'
Det blir lagt til minimum fem minutt her. Fleire skader og mange innbyte.
88'
Ny stor sjanse! Ballen går over alle før den treff Alm på bakerste stolpe. Dessverre for bortelaget går ballen ut.
88'
Kallevåg slår inn. Endar med corner.
87'
Nye duellar i feltet. Obiech får ein spelar i ryggen og dett framover. Får frispark.
86'
Under fem minutt att av ordinær tid no. Skal Brattvåg klare å ta seg til 3. runde?
85'
Fosu-Mensah tek med seg ballen elegant framover, men blir til slutt felt.
84'
Greitt forsøk for Hødd! Jørgensen boksar svakt unna, og ballen blir chippa over han og mot mål. Der står Syversen og ryddar unna.
83'
Hødd har mykje ball, men dei slit med å skape sjansar no.
82'
Flem jaktar ein ball bak Hødd-forsvaret, men Alme er raskt ute og får avverga ein potensielt farleg situasjon.
81'
Utspel for heimelaget. Då kan dei flytte opp laget og bruke litt meir tid.
80'
Larsen slår inn frå høgre, men forsøket går berre rett i hanskane til Jørgensen.
80'
Brattvåg tør å stå litt høgrare å presse Hødd no. Dei kvitkledde slit med å spele seg til sjansar.
78'
Vi kan leggje til at Paul Fosu-Mensah er bror til meir kjende Timothy, som er å finne i Bayer Leverkusen etter å ha gått gradene i Manchester United i ungdomstida.
76'
Stor sjanse for Brattvåg! Refnes får stå heilt åleine og avslutte frå 15-16 meter, men skotet går over mål. Dårleg utnytta.
74'
Alle pauser hjelp nok godt for vertane. Har vore under hardt press ei god stund no.
73'
Scriven og Fosu-Mensah støyter saman i ein hovudduell, og sistnemnde går i bakken.
72'
Under 20 minutt att av ordinær tid å spele. Det spørs om ikkje panikken snart byrjar å spreie seg blant OBOS-laget Hødd.
70'
Hødd kontrar ved Skeide som gir til Larsen. Heimelaget får klarert til corner.
67'
Skeide prøvar seg frå distanse igjen. Nok ein gong ufarleg utanfor.
67'
Larsen bankar ballen inn frå høgre, men Hjelmeseth kjem seg ikkje opp i duellen.
66'
Kvittrøyene trøkkar veldig på no. Kan Brattvåg klare å halde unna resten av kampen?
64'
Innlegg frå begge kantar frå Hødd, men Brattvåg ryddar flott opp i feltet.
61'
Skeide tek med seg ballen framover og avsluttar høgt over mål frå 17-18 meter. Får ironisk jubel frå heimefansen.
59'
Stor sjanse for Hødd! Nersveen slår presist inn frå venstre, men frå seks meter klarer berre Hjelmeseth å sende headinga rett på Priis Jørgensen.
59'
Hødd stiller langt sterkare no!
55'
Hødd ser ut til å gjere fleire endringar. Scriven og Kallevåg står klare.
54'
Innkastspesialisten til Hødd slit med ryggen. Spørs om han må ut.
54'
Sundnes sit nede og vi har ein stopp i spelet.
51'
Hødd rullar bra opp, men Hjelmeseth brukar altfor langt tid på avslutninga og sender den i ein motspelar éin meter unna.
49'
Innlegg inn i Brattvåg si boks. Priis Jørgensen står på streken og plukkar. Har ikkje blitt sett på dei store prøvene endå, den danske målvakta.
47'
Det ser ikkje ut til at Joakim Dragsten har endra noko på sitt Hødd, men om dette resultatet står seg vil det nok bli endringar innan 15-20 minutt er min spådom.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då rungar Dropkick Murphys si feite låt "Shipping up to Boston" over høgtalaranlegget og vi er få straksar unna avspark i 2. omgang!
Brattvåg leiar 1-0 over Hødd etter første omgang i denne 2. runde-kampen av NM. Sondre Sandnes Beite scora allereie etter 2 minutt etter det som var ei veldig bra opning på oppgjeret av heimelaget. Etter dette tok OBOS-laget Hødd over initiativet, og dei kom også til fleire store sjansar. Utgangspunktet for ein spanande 2. omgang er i alle fall på plass. Det er berre å glede seg!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Sundnes kastar langt inn, og Hødd får stussa ballen vidare. Dessverre for dei tilreisande går ballen utover sidelinja.
42'
Skeide misser ballen utanfor Brattvåg si boks og vel i staden i sparke ned Fylling som snappar den. Er nok heldig som slepp det gule kortet der, talentet som allereie har signert for Bodø-Glimt, og som er tilbake i Hødd på lån ut sesongen.
39'
Hødd fortset å trille ball, men Brattvåg ligg komptakte bakover og forsvarar seg bra.
37'
Leine får stanga unna ved første stolpe. God defensiv jobb av den lange spissen.
36'
Så skal Sundnes kaste langt igjen.
33'
Så er det innlegg frå høgre, og ballen blir sendt inn i boksa. Der får Brandal avslutta med hovudet, men forsøket går ufarleg utanfor.
32'
Hødd rullar bra opp og Nersveen legg inn frå venstre. Vertane får klarert.
31'
Mulac rotar og gir vekk ballen til Fylling, men stopparen får ordna opp kjapt.
30'
Brattvåg skapar mykje uorden i Hødd si boks, og Leine får til slutt avslutta, men skotet blir blokkert. Samtidig bles domar Barsøe for frispark til gjestane.
28'
Skeide vender raskt opp og slår i bakrom til Brandal, men Priis Jørgensen er kjapt ute og avvergar.
26'
Etter ei periode med fleire store sjansar for bortelaget har det roa seg litt no. Brattvåg verkar å ha relativt grei kontroll.
22'
Refsnes kjem til avslutning, men på halvspretten sender han den høgt over mål.
18'
Stor sjanse for Hødd! Kastet frå Sundnes dett ned bake i feltet der Hjelmeseth bankar til frå litt skrått hald. Forsøket går over mål.
18'
Sandnes Beite skal kaste igjen.
17'
Bra sjanse for Hødd! Tøsse finn Håheim-Eleveseter på 17 meters hald, men skotet frå ungguten går rett på Brattvåg sin danske keeper.
14'
Tattum slår inn frå høgre, men Alme plukkar kula.
11'
Liten tvil om at Hødd har teke over initiativet etter scoringa.
11'
Hjelmeseth stussar til Brandal, men den unge spissen klarer ikkje å få avslutta.
9'
Beite med ein stikkar i bakrom til Leine, men Alme er kjapt ute og plukkar.
8'
Stor sjanse for Hødd! Kastet frå Sundnes dett ned i beina til den unge stopparen Mulac, men frå fem meter set han den utanfor. Nære for bortelaget!
8'
Sundnes skal kaste langt for Hødd.
6'
Leine får avansere med ballen og avsluttar via ein Hødd-spelar og til corner.
5'
Ein meget god start på kampen av Brattvåg, som verkeleg har sjokkert Hødd her.
2'
Fylling kjem seg inn i boksa og får lagt inn, men forsøket blir blokkert. Såg ut til å bli halde litt igjen også der, Brattvåg-spelaren.
1'
Heimelaget opnar med å slå langt opp, men Hødd-forsvaret klarerer greitt.
Avspark Start 1. omgang
Det er fleire av heimelaget sine spelarar som har ei fortid i nettopp Hødd. Målvakt Marco Priis Jørgensen , Sondre Sandnes Beite og Håkon Bjørdal Leine har alle ikledd seg den blå trøya ved fleire høve. Likevel ønsker dei nok å gjere alt for å slå blåtrøyene ut av cupen.
René Skovdahl har på si side gjort fire endringar på laget sidan 4-0-oppgjeret mot Fløy-Flekkerøy på måndag.
Emil Dahle, Benjamin Sveinsson, Erik Leandersson og Agwa Obiech er ute til fordel for Magnus Thøfner, Nicholas Azzone, Håkon Bjørdal Leine og Jørgen Fylling.
Hødd stiller også i denne runda med eit litt redusert lag. Bodø-Glimt-innleigde Syver Skeide speler frå start, elles er dei fire andre i dei fremste rollene spelarar som ikkje speler fast på a-laget. Forsvaret er nokså inntakt, med unntak av portugisiske Bernardo Morgado og 17-åringen Mirza Mulac. Joakim Dragsten har likevel mange kort å spele ut, for den innbyttarbenken dei stiller med må vere blant det sterkaste laget har hatt på mange år.
Den store helten i Hødd sin 5-0-siger var ungguten Daniel Notanes Brandal. I sin debut frå start gav ikkje 20-åringen før han hadde putta fire ballar i nettet. Det er gledeleg å sjå at han får fornya tillit i dag.
Laget til René Skovdahl tok seg vidare frå 1. runde etter 2-1 mot Herd. Marius Refsnes og Håkon Bjørdal Leine sørgja for måla. Hødd fekk det på si side langt enklare mot 3. divisjons-laget Spjelkavik. Blåtrøyene stilte med få spelarane i førsteellevaren, men vann likevel 5-0.
Totalt har laga møttest 12 gongar i nyare tid. Statistikken her er jamnare enn kva ein eigentleg skulle tru. 6-1-5 er tala i favør Hødd. På Brattvåg stadion har laga vunne tre gongar kvar. I NM-samanheng kjempa dei sist mot kvarandre i 2016. Eit Jan Philip Berglund-mål sørgja for avansement for Haram-laget.
Kveldens to motstandarar var begge å finne same 2. divisjons-avdeling i fjor, rett nok i kvar sin ende av tabellen. Hødd enda øvst og rykka opp til 1. divisjon, medan Brattvåg stoppa opp på 9. plass til slutt. Laget frå Ulsteinvik gjekk sigrande ut av begge møta, og spesielt var 2-1-kampen i Brattvåg essensiell for at dei til slutt kom seg ut av 2. divisjons-sumpen.
Hei og velkomen til livedekning av 2. runde-oppgjeret mellom Brattvåg og Hødd!