TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet, men kom tilbake til oss om tre kvarter, for då blir det livedekning av oppgjeret mellom Olympiakos og Manchester United. Med bortesiger i alle dei fem første kampane i sekstendelsfinalene hittil, er det nok ein viss sjanse for at det skal skje i den sjette også, noko som vil glede den store raude fanskaren ein finn i Noreg. På gjensyn!
Borussia Dortmund vinn fullt fortent 4-2 over Zenit i ein svært artig fotballkamp i St. Petersburg. BVB tek dermed med seg eit meget bra resultat tilbake til Tyskland, og det må nok noko heilt ekstraordinært til om Zenit skal klare å ta seg vidare til kvartfinalene. Dortmund kom seg heilt til finala i fjor, og om dei held fram med eit slikt kontringsspel som dei hadde i dag, skal ein ikkje sjå vekk i frå at dei kan klare noko liknande også denne sesongen. Uansett, det er ein del kampar som skal spelast for den tid.
Kamp slutt Slutt (2-4)
90+4'
Heimelaget med innkast på eigen halvdel. Dette endar 2-4.
90+2'
Det blir lagt til minimum fire minutt. Skal Zenit klare å få med seg endå ei scoring? 3-4 er langt betre enn 2-4.
90+1'
Spillerbytte
90+1'
Witsel avsluttar frå distanse, men skotet frå belgiaren er verken hardt eller velplassert, og Weidenfeller har få problem med å halde ballen.
90'
Zenit prøvar å spele seg gjennom Dortmund-forsvaret, men bortelaget ligg kompakte bakover og har ganske bra kontroll.
85'
Spillerbytte
84'
Zenit har dermed brukt alle sine tre bytte.
84'
Spillerbytte
83'
Spillerbytte
83'
Anyukov legg flatt inn frå høgre, men Weidenfeller kjem ut og fangar ballen greitt.
82'
Gult kort
Stoppar Piszczek som er på veg framover.
81'
Hjørnespark
Endar nok ein gong med ingenting.
81'
Hulk avsluttar i korthjørnet, og ein litt famlande Weidenfeller må gi til corner.
79'
Aubameyang får ballen i fin posisjon, men er utypisk dortmundsk og går for eit egoistisk skot i staden for å spele fri ein medspelar.
77'
Hjørnespark
Nok ein gong svakt slått, men Zenit beheld kula.
76'
Dortmund leiar 4-2, det er femten minutt att å spele, og framleis angrip dei så fort sjansen byr seg. Det er rett og slett eit fantastisk lag Jurgen Klopp har skapt!
75'
Hulk får lagt inn frå venstre, men ballen går rett i fanget til Weidenfeller.
73'
Nok ein gong svarer altså Dortmund med ny scoring i det Zenit får redusert. Håplaust forsvarsspel av russarane sjølvsagt, men kjekt for oss nøytrale tilskodarar!
71'
Mål!
2-4
Her går det unna! Lewandowski gjer sitt sjette mål på sju kampar. Dortmund kjem fem mot fire, og Reus speler Lewandowski åleine igjennom med ein pen stikkar. Dortmund sin toppscorar plasserer kula lavt forbi Lodygin og i mål.
70'
Spillerbytte
70'
Gult kort
Får kortet for å ha forårsaka straffesparket.
69'
Mål på straffe!
2-3
Back of the net! Weidenfeller går rett veg, men det knallharde straffesparket frå Hulk stryk metallet og går i mål.
68'
Straffe!
Den skotske domaren er ikkje i tvil. Piszczek er syndaren i det han står i vegen for Fayzulin som stormar inn i boksa. Zenit-spelaren spring eigentleg rett på Piszczek, så den straffa var nok av det meget billege slaget.
68'
Den skotske domaren er ikkje i tvil. Piszczek er syndaren.
68'
Nære på at Zenit får tråkla seg gjennom. Weidenfeller kjem ut og får måka kula unna.
67'
Fleire stopp i spelet her no.
66'
Med både Subotic og Hummels ute frå før treng ikkje Klopp fleire forsvarsspelarar på skadelista.
65'
Papastathopoulos går i bakken etter ein duell med Hulk, men grekaren kjem seg på beina til slutt.
65'
Korleis vil Zenit reagere på dette då? Om noverande resultat blir ståande til returoppgjeret må dei nok håpe på eit mirakel for avansement, men samtidig kan dette fort bli endå styggare når ein tenkjer på kor effektive bortelaget er på overgongar.
61'
Mål!
1-3
Det er så vakkert! Zenit har mange mann i angrep, noko som ofte straffar seg mot kontringsmeisterane Borussia Dortmund. Lewandowski speler fri Piszczek på høgrekanten, før polakken får ballen tilbake i finfin posisjon. Frå drømmehald plasserer han ballen under ein ikkje altfor patent Lodygin.
61'
Dortmund har framleis eit meget bra resultat å ta med seg heim til Tyskland, men samtidig har nok dette vekt håpet for Sine-Belo-Golubye.
57'
Mål!
1-2
Ei kanonade av Zenit endar med scoring! Rondon får to forsøk, der det andre endar i stolpen, men ballen trillar så ut til Shatov som kjem springande og dundrar ballen i nettet. Ny spenning i kampen!
57'
Midtstopparvikar Friedrich prøvar ei avslutning. Lodygin reddar greitt.
54'
Gult kort
Taklar Mkhitaryan stygt og får eit fortent gult kort.
54'
Hulk blir spelt fri på vakkert vis, men brasilianaren blir effektivt stoppa når han prøver å skjere innover.
53'
Det er rett og slett panisk i Zenit sine bakre rekkjer når Dortmund kjem på besøk. Heimelaget slit rett og slett med å hengje med tempomessig.
51'
Hjørnespark
Hulk skrur corneren rett inn i klypene til Weidenfeller. Nok ein gong svakt slått av Zenit sin storspelar.
51'
Sjølv om det er Zenit som må ha scoring her, er det Dortmund som får til mest offensivt. Det har for øvrig sjeldan lukta mål av russarane så langt i Champions League. Fem scoringar på seks og ein halv kamp fortener rett og slett ikkje avansement.
49'
Nære på for bortelaget igjen. Lewandowski er nok ein gong sentral i det han snappar ballen og prøvar å sende ein stikkar inn i Zenit si boks. Lodygin kjem ut og fangar kula.
48'
Godt forsøk for Dortmund! Zenit slit med å få klarert, og Lewandowski får teke med seg ballen inn i boksa. Avslutninga frå skrått hald blir redda til corner av keeper Lodygin.
47'
Lombaerts ligg nede med ei lita skade, men kjem seg på beina til slutt.
46'
Zenit sparkar i gong dei siste 45.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No kjem laga ut på bana igjen.
Kontringssterke Borussia Dortmund vekka Zenit ut av vinterdvalen med eit brak. Dei gulkledda leia 2-0 før det hadde blitt spelt fem minutt, og det var tydeleg at heimelaget ikkje har spelt offisiell kamp sidan starten av desember. Mkhitaryan og Reus stod for scoringane, og tyskarane var også nærare 3-0 enn det Zenit var redusering. Vi håpar likevel at Spalletti har rista liv i sine spelarar i kvilen slik at laget hans kan gi Dortmund kamp i 2. omgang. Vi håpar på bra spel og fleire scoringar også etter pausen. Heng med!
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45+1'
Zenit bit seg fast utanfor BVB sin sekstenmeter, men slit med å kome til avslutningar.
45+1'
Det blir lagt til minimum eitt minutt denne omgangen.
45+1'
Dortmund rullar opp endå eit angrep, men Grosskreutz blir avvinka for offside. Zenit sitt forsvar er til tider vidope.
41'
Nok eit frispark til BVB. Blir levert inn i Zenit sin sekstenmeter, men blir sendt vekk like fort av heimelaget.
41'
Bortelaget står høgt i bana og stressar Zenit-spelarane gong på gong.
39'
Hjørnespark
Blir stanga unna ved første stolpe. Ikkje noko særleg til kvalitet på Hulk sine dødballavleveringar hittil i kampen.
38'
Frispark til Dortmund. Reus går for skot, men det er ikkje nok kraft i det og Zenit sin målmann får fanga kula.
37'
Når det gjeld ballinnehavet så langt har det vore jamt. Borussia Dormund har 51% mot Zenit sine 49%. Kvaliteten på det dei to laga har brukt ballen til har det derimot vore stor skilnad på.
36'
Hjørnespark
Blir lempa inn i boksa, men ein Zenit-spelar får heada kula unna.
33'
Bortelaget har full kontroll her, og det er vanskeleg å sjå føre seg noko anna enn at dei gulkledde får med seg eit meget bra resultat tilbake til North Rhine-Westphalia.
31'
Godt forsøk for bortelaget! Die Schwarzgelben kombinerer fint, og Reus får stå stille og avslutte på mål. Ballen snik seg utanfor den lengste stolpen til Lodygin.
30'
Ballen blir lempa inn i Zenit sin sekstenmeter og Lewandowski spring seg laus og får heada, men forsøket går like over mål. Samtidig blir det vinka av for offside.
29'
Frispark til Dortmund eit stykke inne på Zenit sin halvdel.
28'
Hjørnespark
Svakt slått, og endar med null og niks.
28'
Hulk har byrja å bli varm, og kjempar seg til ein corner.
27'
Hulk prøvar ei avslutning frå langt hald. Null problem for Weidenfeller å halde den.
27'
Zenit har sjansen til å kontre, men pasninga framover blir stogga av ein spelar i gult.
25'
No er det Dortmund som slurvar på eigen halvdel. Ei laus pasning bakover blir snappa opp av Rondon, men spissen klarer hverken å få avslutta sjølv eller lagt inn.
24'
Vi har ikkje sett mykje til Zenit si store stjerne Hulk så langt. Brasilianaren har flest avslutningar på mål av samtlege spelarar i Champions League denne sesongen, men står likevel med berre to mål.
22'
Småskummelt innlegg i Dortmund si boks. Går forbi alle mann.
19'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
19'
Lewandowski brukar fart og kjem seg åleine gjennom, men ein aggressiv Zenit-keeper kjem ut og hindrar den Bayern Munchen-klare spissen i å få avslutta skikkeleg. Nesten for Dortmund!
16'
Eit artig moment hittil i åttendelsfinalene er at det hittil berre har endt med bortesiger i dei fire kampane som har blitt spelt. Gruppevinnarane har sjølvsagt vore favorittar til å ta seg vidare, men at det skulle vere så stor skilnad som vi hittil har sett ved fleire høve, har vore litt overraskande.
15'
Spillerbytte
12'
Heimelaget byrjar eit angrep bra, men ei svak pasning frå belgiske Witsel øydelegg.
11'
Dortmund står høgt og vinn ballen i gode posisjonar. Zenit må vakne og dei skal kome ut av dette med eit respektabelt resultat!
10'
Vi nemnde Zenit si manglande kampform før avspark, men at det skulle stå så dårleg til med eit lag av denne kvaliteten skulle ein ikkje tru. Svakt forsvarsspel ved begge scoringane.
5'
Mål!
0-2
Her renn scoringane inn! Mkhitaryan bankar ballen inn i boksa, der Grosskreutz dempar den til Reus. Dortmund sin nummer 11 hamrar kula i nettet under ein forfjamsa Lodygin. For ein start for bortelaget!
4'
Mål!
0-1
Sjokkopning på kampen! Reus set fart mot Zenit si boks, men er under hardt press og får ikkje avslutta sjølv. Ballen går derimot Dortmund sin veg og rullar til Mkhitaryan. Armenaren sender i veg eit lågt skot som snik seg inn forbi Lodygin.
2'
Zenit dreg i gong ei kontring, men ein lang tysk fot kjem i vegen og stoppar forsøket.
1'
Bortelaget sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
William Collum er kveldens domar. Han er skotsk, men stiller likevel med ordinær shorts i dag.
Champions League-hymna har no blitt spelt, og vi er få straksar unna kampstart!
Borussia Dortmund har på si side mykje å hemne sidan førre seriekamp, der dei gjekk på ein smell. Hamburg, som vanlegvis slit kraftig i den tyske ligaen, gav seg nemleg ikkje før det stod 3-0 på resultattavla.
Ei stor utfordring for Zenit i dag er sjølvsagt det faktum at dei ikkje har spelt obligatorisk kamp sidan 6. mars. I mellomtida har dei rett nok spelt treningskampar, i henhaldsvis Qatar, Tyrkia og Israel. Den heimlege serien startar for øvrig opp att 9. mars.
No er begge laga ute, og både Luciano Spalletti og Jürgen Klopp må unnvere fleire spelarar. Ansaldi, Danny og Shirokov er ute for Zenit, medan Bandowski, Bender, B?aszczykowski, Gündogan, Subotic og Hummels alle er ute for bortelaget. Liten tvil om at tyskerane har størst problem på denne fronten, altså.
Førre sesongs toar både i Champions League og Bundesliga Borussia Dortmund har vunne den gjevaste europeiske tittelen ein gong før. Det skjedde i 1996-1997-sesongen, då Juventus blei slått 3-1 etter mål av Karlheinz Ridle (2) og Lars Ricken. I gruppespelet kom dei seg så vidt vidare etter at både Arsenal og Napoli, i tillegg til Dortmund, enda med 12 poeng til slutt, og Dortmund enda som gruppevinnar ettersom dei var best på innbyrdes oppgjer.
Zenit har sjølvsagt ei stor utfordring i det at dei skal møte den eine (og tapande) finalisten frå førre sesongs Champions League. Zenit kom seg med eit nødskrik vidare til utslagsrundene, og med berre seks poeng på dei seks innleiande kampane blei dei det laget som kom seg vidare med færrast poeng. I Gruppe G var Atletico Madrid i ei eiga klassa, og spanjolane tok seg lett vidare med 16 poeng. Porto og Austria Wien enda på si side opp med fem poeng kvar, og den einaste grunnen til at russarane avanserte var at Porto ikkje klarde å ta poeng i sin siste kamp. Faktisk gjekk Zenit vidare utan å ta meir enn to poeng på dei tre siste kampane.
OL er over i Russland, men sportshungrige russarar treng likevel ikkje vente lengje på neste idrettsbegivenheit. Futbolnyj Klub Zenit Sankt-Peterburg held til i den nest største byen i Den russiske føderasjonen og blei skipa i 1925. Kveldens kamp går på Petrovskji stadion, men på grunn av rasismebråk tidlegare i sesongen er enkelte delar av stadion stengt av for publikum.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Zenit St. Petersburg og Borussia Dortmund. Det er duka for det første oppgjeret mellom laga i denne åttendelsfinala. Returkampen går i Tyskland den 19. mars.