Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med det for fylgjet og ynskjer deg ei god fotballhelg vidare. Allereie klokka 16.00 er det duka for fleire oppgjer i Premier League, medan det i morgon er godbitar som Manchester United-Arsenal og Ligacup-finale mellom Liverpool og Manchester City. På gjensyn!
Dagens kamp varierte mellom det svært tamme til det eksepsjonelle. Etter ein roleg start laga Michail Antonio det som skulle ende opp som kampens einaste scoring i det 30. minutt. I tillegg hadde laga kvar si avslutning i tverrleggaren før pause. Etter kvilen var det endå meir sjansebonanza, og begge laga kom svært nære scoring. Carroll sørgja blant anna for kampens tredje avslutning i metallet, medan Defoe og Rodwell misbrukte store sjansar for gjestane. Det er ganske vanvittig at vi berre fekk eit mål i denne kampen.
West Ham har slått Sunderland 1-0 og avanserer dermed til 5. plass på tabellen!
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
Bortelaget får to forsøk. Det andre endar i klypene til Adrian.
90+3'
Siste sjanse for Sunderland. Frispark midt på bana.
90+3'
Bortelaget klarer rett og slett ikkje å lempe ballen inn i Hammers si boks. Svakt.
90+3'
Khazri skal lempe ballen opp. Det maktar han ikkje, og Hammers overtek.
90+2'
Ingenting farleg kjem ut av det. Bortelaget står igjen med mange spelarar høgt i bana.
90+1'
Dødball til bortelaget midt på bana. Blir teke kort. Store delar av laget ventar i boksa.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt denne kampen. Framleis nok tid for Sunderland å score mål, altså.
90'
Skummelt innlegg inn i vertane si boks. Ingen Sunderland-spelarar kjem derimot først på ballen.
88'
Khazri kjem seg fri med ballen inne i Hammers si boks, men i staden for å slå inn, prøvar han å gjere det på spektakulært vis, noko som endar med at ballen berre trillar roleg utover sidelinja.
85'
Dødball for bortelaget. Khazri lempar ballen inn, men Carroll ryddar unna til corner.
84'
Payet prøvar seg! Franskmannen dempar ballen på kassa og bankar til - like utanfor mål. Vanvittig at vi berre har fått ei scoring i dette oppgjeret.
84'
Vertane kjem med fleire spelarar inn i Sunderland si boks, men Kouyate blir litt for fiks og hælsparkar ballen bak Cresswell.
80'
Nesten igjen for Sunderland! N´Doye blir spelt fri inne i boksa og prøvar å plassere ballen lågt i det lengste hjørnet. Adrian får redda, men ballen hamnar så hos Khazri som får chippa inn til Rodwell. Innbyttaren klarer ikkje å få heada skikkeleg på mål.
80'
Nesten igjen for Sunderland!
79'
Kjempemoglegheit for bortelaget! Ballen dett plutseleg ned i beina på Rodwell fem-seks meter frå mål, men unge Byram kjem stormande til og får blokkert nok til at avslutninga går over mål. Burde hatt to scoringar no, Rodwell!
78'
Veldig store sjansar til begge lag på tampen her. Dette er langt frå over!
77'
Vanvittig nære mål for West Ham! Byram finn Carroll inne på femmeteren med ei presis heading, og engelskmannen hamrar til på heil volley. Kula fyk i tverrleggaren og ut i feltet igjen. Mannone rakk ikkje å reagere ein gong!
74'
For ein sjanse for Sunderland! Innbyttar Rodwell får ei femogførtigraderspasning inn i boksa, men frå sju meters hald klarer han ikkje å overliste Adrian. Rodwell får også tak i returen, men klarer då å få ballen opp i arma slik at domar Dean må blåse. Sunderland må score på slike sjansar om dei skal ha håp om å ta poeng!
73'
Khazri løftar ballen over muren, men det er lite fart i den og Adrian kan plukke lett.
72'
Kan Sunderland svare på dødball?
69'
Moses prøvar seg frå skrå vinkel. Mannone reddar greitt.
69'
Ballen dett plutseleg ned i beina på Payet som avsluttar like over. Heimefansen vil ha straffe etter ein angiveleg hands på O´Shea like før, men domar Dean vinkar spelet korrekt vidare.
63'
Nesten at heimelaget kjem seg fri inne i Sunderland si boks. Ei feilpasning øydelegg.
58'
N´Doye skyt via muren og ut. Dårleg utført.
57'
Defoe blir felt. Frispark til bortelaget i veldig god posisjon!
56'
Van Aanholt får fyrt av frå god posisjon! Over målet til Adrian.
53'
Van Aanholt med innkast. Endar etter kvart med utspel frå Adrian.
51'
Lanzini prøvar å chippe ballen inn i feltet. Blir klarert til corner.
50'
Khazri skjer inn i boksa og slepp ballen til Defoe, men spissen curlar ballen like utanfor målet til Adrian. Blir også avvinka for ein marginal offside der, spissen som spelt for West Ham frå 1999 til 2004 og scora 29 mål på 93 kampar.
48'
Veldig nære på for bortelaget! Cattermole viser at han også kan slå presise pasningar og finn Defoe i bakrom. Den engelske spissen går for kraft, men avsluttar utanfor på halvvolley.
47'
Ingen endringar på laga etter kvilen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
West Ham leiar fortent 1-0 over Sunderland etter 1. omgang. Begge laga var farleg frampå, og både Noble og Khazri hadde kvar sin susar i tverrleggaren. Kampens hittil einaste scoring kom derimot ved Michail Antonio, etter at han curla ballen flott inn i det lengste hjørnet. Sunderland klarde på ingen måte å svare umiddelbart etter målet, så Allardyce har nok ein stor motiveringsjobb å gjere i garderoba i pausa. Vi har ein spanande 2. omgang i vente!
45+1'
N`Doye klarer å finne Kirchhoff inne i West Ham si boks, men tyskaren handsar og lagar frispark.
40'
Bortelaget tek eit frispark hurtig og stormar inn i West Ham si boks, men heimelaget får klarert.
38'
Antonio prøvar seg igjen! Engelskmannen snurrar rundt og avsluttar raskt med venstrefoten, men denne gongen er Mannone meir vaken. Endar med corner.
38'
Lanzini prøvar seg med venstrefoten. Høgt over buret til Mannone. Argentinaren er for øvrig på lån frå Al Jazira Club i Abu Dhabi, hovudstaden i Dei sameinte arabiske emirata.
35'
Korleis vil Sunderland respondere på dette? Laget har vore farleg frampå ved Khazri nokre gongar, men det må nok satsast endå meir offensivt om dei skal få med seg poeng frå Aust-London i dag.
29'
Yedlin med innkast for Sunderland. Amerikanaren er på utlån frå Tottenham, og vi ventar også på at han skal vise seg like bra fram som han gjorde for USA i det dei kom seg til åttendelsfinalene i VM 2014.
26'
Etter nokre tamme første 19 minutt har kampen verkeleg teke fyr. Begge lag har hatt avslutningar i metallet i løpet av kort tid.
25'
Payet med frispark i motsett ende av bana. Blir ikkje på langt nær så farleg som Khazri sitt forsøk.
24'
Nære på! Khazri har vore mykje involvert i starten av oppgjeret, og han er ikkje langt unna på frisparket. Tunisiaren løftar frisparket over muren og Adrian før den går i tverrleggaren og over. Hadde ikkje altfor god kontroll der heller, den spanske keeperen.
24'
Frispark til Sunderland.
22'
Så held Adrian på å rote det til i motsett ende! Den spanske målvakta byrjar plutseleg å trikse med kula i det Khazri kjem stormande. Sunderland-spelaren får ein fot på ballen, men utan at det resulterer i ei avslutning på mål.
20'
Det smell i metallet! Mark Noble får tid og rom og klemmar til frå distanse. Kula går så vidt via fingertuppane til Mannone før den treff tverrleggaren og sprett ut i feltet. Strålande prestasjonar av både Noble og Mannone.
20'
Jermaine Defoe har klart seg bra denne sesongen, og ti scoringar for eit lag som kjempar i botnen av tabellen er godkjent. Etter fem mål på to kampar i starten av januar har han berre hatt ei på dei fem siste kampane.
17'
Defoe blir spelt fri bak West Ham-forsvaret, men blir korrekt avvinka for offside.
17'
Franske Dimitri Payet har vore ei openberring for West Ham denne sesongen, og til trass for at det har butta litt meir i mot den siste tida (med unntak av Norwich-kampen førre runde), står han med sju scoringar og seks målgjevande pasningar.
14'
Payet prøvar å slå inn frå venstre, men bortlaget klarerer enkelt.
14'
Etter nokre hjørnespark innleiingsvis har det vore lite som har skjedd rundt dei to sekstenmeterane.
11'
Nok ein gong er venstreback Cresswell offensivt med. Kjem seg fri på kanten og får lagt inn i boksa, men gjestane får rydda unna.
9'
Cresswell skjer innover i Sunderland si boks med kula, men pasninga blir for upresis.
8'
Cattermole prøvar å løfte i bakrom til Defoe, men førstnemnde er ikkje presis nok.
4'
Meget positiv start på oppgjeret av bortelaget!
4'
Khazri får med seg ballen inn i West Ham si boks like etterpå, men den påfølgjande pasninga blir for svak.
2'
Gjestane får corner heilt i starten.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
Avspark Start 1. omgang
Sunderland må på si side klare seg utan Jeremain Lens og Duncan Watmore.
Heimelaget må unnvere spelarar som Winston Reid, Diafra Sakho, Joey O`Brien, James Tomkins og Enner Valencia til kampen.
Laga har møttest totalt 55 gongar sidan 1965. 24-15-16 er statistikken over oppgjera, i favør West Ham. London-laget har hatt eit veldig bra tak på Sunderland i Premier League dei siste sesongane, og vi må tilbake til 2013 for å finne sist gong The Black Cats vann. Etter dette har West Ham vunne to og tre har enda med poengdeling. Møtet mellom laga tidlegare denne sesongen enda 2-2 etter at Hammers kom tilbake etter å ha låge under 2-0 til pause.
Føremiddagens oppgjer blir ekstra spesielt for Sunderland-manager Sam Allardyce, som forlet nettopp West Ham etter førre sesong. 61-åringen frå Dudley i Worcestershire, var kanskje ikkje den mest populære manageren West Ham har hatt, men rolla hans i klubben kan uansett ikkje undervurderast, då han sikra opprykk frå Championship i 2012. Laget vann den avgjerande play-off-kampen, og Allardyce oppgav dette som den sterkaste prestasjonen hans i karrieren.
Slaven Bilic og West Ham har på si side 3-2-1 på sine seks siste. Blant anna har dei både spelt uavgjort og slått Liverpool i FA-cupen i denne perioden, i tillegg til at dei tok seg vidare til kvartfinale (der dei møter Manchester United) i nemnde turnering etter 5-1 mot Blackburn førre helg.
Ting har derimot sett litt lysare ut for The Black Cats i det siste, sjølv om laget ikkje har spelt kamp sidan den 13. På dei to seinaste har dei slått Manchester United 2-1 heime og spelt uavgjort 2-2 borte mot Liverpool. 2-2-2 er statistikken over dei seks føregåande kampane til Sunderland.
Sunderland er på si side i desperat poengnaud, for med 12 kampar att å spele finn laget til Sam Allardyce seg på 19. plass på tabellen. Avstanden opp til trygg grunn er derimot berre på eitt fattig poeng, så ting er svært jamt. Borte frå Stadium of Light har det blitt 2-2-9 på dei 13 første forsøka. Dei har slitt stort defensivt på bortebane, og 36 baklengsmål så langt gir eit snitt på 2,77.
The Hammers er framleis med i kampen om 5. plassen, og med poeng i dag vil dei passere både Southampton og Manchester United på tabellen. I alle fall fram til dei to laga skal i aksjon seinare i dag og i morgon. Så langt har West Ham 40 poeng etter 10-10-6. Heime på Upton Park har det blitt 5-5-2 hittil.
Hei og velkomen til livedekning av laurdagens første Premier League-oppgjeret. Det er duka for duell mellom West Ham og Sunderland i Aust-London!