Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin 2. juledag vidare!
Avslutningar: 10-10. På mål: 2-4.
Det stod 1-1 til pause etter at begge laga scora like før domaren bles av omgangen. Først sendte Hazard Chelsea i leiinga etter å ha runda Foster og putta ballen i det tome buret, for øvrig hans scoring nummer 100 for klubben, før Pereyra utlikna med eit fantastisk volleyskot like etterpå. Hazard ordna også bortelaget si andre scoring i det 58. minutt, då han sendte eit straffespark i mål etter sjølv å ha blitt felt. Watford hadde ein stor sjanse til å utlikne ved Deeney, men Watford-spissen strevar med å omsetje sjansane sine denne sesongen. Alt i alt ein fortent Chelsea-siger.
Chelsea vinn den siste kampen på Boxing Day, og passerer med det Arsenal på tabellen og tek over den viktige fjerdeplassen.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+5'
Foster med ei god redning. Det blir det siste som skjer.
90+5'
Foster er faktisk borti ballen to gongar, og ved det siste høvet til og med i form av eit brassepspark. Chelsea har så moglegheita til å utnytte at målet er tomt, men kjem seg aldri i posisjon til det.
90+3'
Success prøvar å slå inn. Blir blokkert til corner.
90+3'
Heimelaget med kast langt inne på eigen halvdel. No må ballen opp i bana.
90+2'
Watford med ballen i nokre få sekund, men Chelsea tek over raskt.
90+2'
Det blir lagt til minimum fire minutt her.
90+1'
Chelsea har framleis god kontroll på ballen. Foreløpig ingen sluttspurt frå The Hornets.
89'
Nære på 1-3 igjen! Willian får ballen i meget god posisjon, men får ikkje kraft i skotet. Foster held likevel på å fomle ballen i mål. Chelsea må derimot nøye seg med corner.
88'
Kepa brukar bra med tid på utspela no.
85'
Quina finn Success inne i boksa med ei meget presis pasning, men sistnemnde rotar med mottaket og misser kontrollen over kula.
84'
Litt meir Watford no. Skal dei få med seg poeng heilt på tampen?
80'
Veldig nære 2-2! Deeney blir spelt fri inne i boksa etter eit innlegg, men set utruleg nok ballen over frå kort hald. Den bør ha få på mål!
79'
Ny stor sjanse for Chelsea! Hazard med ei perfekt gjennombrotspasning til Kante, men franskmannen sender avslutninga utanfor målet til Foster. No slit Watford utpå her!
78'
Svakt slått av Pereyra, som ikkje får lagt ballen lenger enn til nærate motspelar. I tillegg får Chelsea frispark.
77'
Så feller Luiz Deeney halvvegs inne på eigen halvdel. Kan bli farleg. Skal sjølvsagt bli slått inn i boksa.
75'
Holebas svingar frisparket inn i boksa, men Kovacic stangar unna.
74'
Innbyttar Quina i aksjon på venstrekanten. Blir dytta over ende og får frispark i fin innleggsposisjon. Eit par meter frå den eine kortsida til Chelsea sin sekstenmeter.
72'
Avslutning, Willian - Chelsea
72'
Stor Chelsea-sjanse! Hazard finn Willian inne i boksa, og brasilianaren dempar ballen og avsluttar - like utanfor målet til Foster. Nære 1-3, der!
70'
Eit Chelsea-frispark blir slått inn i heimelaget si boks, men The Hornets får reinska unna.
69'
Det har vore lite futt i heimelaget etter Chelsea si andre scoring. Det er uansett nok av tid å kome tilbake her.
67'
Heimelaget skal gjere nok eit innbyte.
63'
Chelsea beheld kula.
61'
Nære på at Deulofeu får ballen fem meter frå Chelsea sitt mål. Kepa kjem nok ein gong raskt ut og snappar. Kante med ein meget stygg ballmiss i forkant.
60'
Kan Watford klare å respondere like raskt som i 1. omgang?
57'
Sema kjem seg fri til høgre og slår lavt inn foran mål, men bortelaget får klarert.
55'
Deulofeu går i bakken inne i Chelsea si boks, men domar Atkinson vinkar spelet vidare. Det ser ut som ei grei avgjersle.
51'
Watford med innkast. Blir teke kort før ballen etter kvart blir slått inn i boksa. Chelsea får klarert.
50'
Kante blir forsøkt spelt fri i bakrom av Luiz, men franskmannen klarer ikkje å få teke ned kula. Foster kan i staden overta.
49'
Bortelaget med innlegg inn i boksa, men det går forbi alle.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 1-1 til pause på Vicarage Road etter ein omgang som først tok av då få minutt stod att. Chelsea hadde det meste av spelet, men begge lag skapte gode sjansar. På overtid ordna Hazard 0-1 på si scoring nummer 100 for klubben, men like etter utlikna Pereyra for Watford med eit vakkert skot etter hjørnespark. Det lovar med andre ord godt for dei siste 45 minutta. Heng med!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+3'
Bra sjanse til Watford! Deeney stussar fri Doucoure inne i boksa, men Kepa kjem raskt ut og blokkerer avslutninga. Corner.
45+1'
Hudson-Odoi har vore involvert i fire kampar i Europa League i 2018/2019. Har scora eitt mål på desse.
43'
Pedro held seg til baksida av låret etter taklinga frå Capoue. Det ser ut til at han må gå av.
42'
Pedro er nære ved å få ballen inne i Watford si boks, men blir stoppa av ei nydeleg takling frå Capoue.
41'
Gerard Deulofeu har vore involvert i mykje dei siste minutta. Den tidlegare Barcelona-, AC Milan-, Sevilla- og Everton-spelaren står med tre scoringar og to målgjevande pasningar så langt denne Premier League-sesongen.
37'
Ny bra sjanse for Watford! Deulofeu snappar igjen ballen høgt i bana og set fart. Han finn ein umarkert Deeney, men det påfølgjande skotet blir blokkert av Luiz. Meget bra forsvarsspel av brasilianaren.
37'
Deulofeu viser eit nydeleg rykk og stormar forbi Luiz, men så øydelegg han det heile ved å gå altfor lett i bakken. Kan hende det var ei berøring frå Luiz, men den var i tilfellet minimal.
35'
Litt meir liv i oppgjeret no, heldigvis.
34'
Så er det nære scoring i motsett ende! Azpilicueta slår lavt og hardt inn foran mål, men frå få meters hald bommar Hazard rett og slett på ballen. Der skal det vere mål!
32'
God sjanse for Watford! Deeney startar angrepet ved å få kriga ballen vidare til Pereyra som stormar mot Chelsea si boks. Han legg ballen tilbake i feltet der Doucoure legg ballen til rette før han avsluttar utanfor. Den bør han få på mål!
30'
Azpilicueta prøvar å ta med seg ballen langs høgresida, men mislukkast og ballen trillar ut til utspel frå Foster.
28'
Nære på for heimelaget. Doucoure blir spelt fri bak Chelsea-forsvaret, fintar Rüdiger på baken og avsluttar, men dessverre for heimefansen blir forsøket blokkert.
25'
Mange mislukka forsøk på veggspel blant Chelsea sine spelarar. Lite som stemmer for bortelaget i augneblinken.
24'
Eden Hazard kjem i fint driv med ballen, men blir stoppa før han når Watford sin sekstenmeter. Belgiaren vil ha frispark, men domar Atkinson seier nei.
23'
Vi ventar framleis på at det skal ta av her. Begge laga med ei forsiktig tilnærming. Chelsea har hatt ballen klart mest.
20'
Endar hjå Sema bakerst i feltet, men svensken er i ubalanse og får ikkje skapt noko særleg ut av det.
19'
Watford med frispark nokre meter inne på Chelsea sin halvdel.
16'
Så ber Kabasele lagkamerat Foster om å spele ballen utover sidelinja. Han må dessverre bytast ut.
14'
Kabasele er på beina igjen og småjoggar litt på sisdelinja. Skal innpå att!
13'
Også målnettet har fått seg ein smell, og må bøtast for at det ikkje skal dukke opp nokre uheldige situasjonar.
12'
Kabasele ligg nede etter å ha kollidert med stolpen etter situasjonen med Willian sin store sjanse.
10'
Avslutning, Willian - Chelsea
10'
Stor sjanse for Chelsea! Willian blir spelt åleine igjennom og kjem einsam mot Foster, men brasilianaren sender ballen i utsida av stolpen etter først å ha runda målvakta. Veldig nære på for bortelaget.
10'
Deulofeu snappar ballen etter rot i Chelsea-forsvaret, men prøvar seg på eit hælspark og mislukkast. Målvakt Kepa som spelte ballen rett i spanjolen.
5'
Deeney med ei flott langpasning til Deulofeu, men spanjolen klarer ikkje å ta ned ballen.
4'
Brukbart skotforsøk av Pedro. Speler vegg med Willian og skrur ballen like til side for målet til Foster.
3'
Chelsea trillar ball i starten her.
3'
Det har blitt scora i snitt 3,25 mål på dei åtte føregåande kampane denne Boxing Day. Forhåpentlegvis får vi eit målrikt oppgjer også her!
1'
Kampen på Vicarage Road er i gong!
Avspark Start 1. omgang
No er begge laga på veg ut på grasmatta, anført av kveldens domar, Martin Atkinson.
Desse to laga har møttest 23 gongar sidan 1984. Statistikken her er 12-5-6 i favør Chelsea. I Premier League-samanheng har det same laget vore best, med 3-2-1. Tilsvarande møte førre sesong enda derimot med ein knusande Watford-siger. Det enda heile 4-1 til Deeney og co, godt hjelpt av ei tidleg utvisning på Chelsea-spelar Tiemoué Bakayoko.
Will Hughes, Andre Gray, Sebastian Prodl og Adalberto Penarand er blant dei spelarane Watford-fansen ikkje får sjå i kveld. Sarri og Chelsea må på si side unnvere Alvaro Morata og Andreas Christensen. Førstnemnde har Sarri bekrefta har blitt vraka.
Til trass for at vertane spelte kamp for berre fire dagar sidan, stiller Javi Gracia med nøyaktige dei same 11 som starta mot West Ham. Deeney og Deulofeu scora måla i det oppgjeret, og det er liten tvil om at desse to er blant dei spelarane Chelsea-forsvaret må passe bra på.
Chelsea har på si side vore ganske variable den seinaste tida, noko 3-1-2 på dei seks seinaste speglar. Sist blei det 0-1 heime for Leicester etter mål av Jamie Vardy. Tabellmessig kjempar dei først og fremst med Arsenal om den viktige 4. plassen. Bronseplassen som Manchester City innehar i augneblinken vil også berre vere fire poeng unna med tre poeng i Watford i aften.
Heimelaget Watford ligg i skrivande augneblink på 9. plass på tabellen etter 8-3-7 og 27 poeng på dei første 18 kampane. Med siger på Vicarage Road i kveld vil The Hornets avansere til 7. plass og passere både Everton og Leicester. Forma til laget til Javi Gracia er bra med to strake sigrar før denne matchen (West Ham og Cardiff). Totalt på dei seks seinaste har dei 2-1-3.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Watford og Chelsea. Det er duka for siste Boxing Day-kamp i den øvste engelske divisjonen!