Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin fotballkveld vidare!
Arsenal vinn fortent 3-1 over Watford og tek med det sesongens første siger. The Gunners fekk alle scoringane sine i 1. omgang, anført av ein strålande Alexis Sanchez. Chilenaren ordna straffesparket som Cazorla scora 1-0 på, la sjølv på til 2-0, før han serverte Ozil med eit nydeleg innlegg til 3-0. Etter kvilen roa forståeleg nok Arsenal ned, og det var i staden Watford som tok over. Debutant Pereyra reduserte til 3-1 med over ein halvtime att å spele, men til trass for ein del brukbare sjansar klarde aldri laget til Marrazzi å uroe Arsenal så altfor mykje.
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+5'
Det blir lagt til minst fem minutt denne kampen.
90+4'
Deeney kjem til avslutning med hovudet, men engelskmannen sender berre ballen utover sidelinja.
90+2'
Heimelaget er framme på ein liten visitt, men Arsenal får rydda enkelt opp.
90+1'
Arsene Wenger og Arsenal får på si side besøk av Southampton neste kamp, før dei tek turen til Hull runda etter det.
90'
Watford skal for øvrig ut mot West Ham i London neste runde, før dei så får Manchester United på besøk. Det er litt av eit kampoppsett laget har fått i sesongopninga!
88'
Bortelaget med nok ein chip. Gomes får ta ei skikkeleg TV-redning og ligg i lufta og fangar ballen.
88'
Det har roa seg ned på Vicarage Road no. Arsenal ser ut til å ha god kontroll.
85'
Både Success og Pereyra har vist seg bra fram etter at dei blei bytta inn. Watford kan absolutt ha noko på gong offensivt.
82'
Behrami får avslutta frå 17 meters hald. Sender i veg eit skot som går like utanfor.
82'
Så er Success framme i motsett ende. Får sendt i veg eit innlegg som Arsenal med naud og neppe får rydda vekk.
81'
Cazorla med ein lur ball bak Watford sitt forsvar. Success går gitt til corner.
79'
Mykje fram og tilbake her no. Skal vi få ei redusering heilt på tampen her?
78'
Vertane prøvar å leggje inn. Holding får blokkert.
77'
Heimelaget blir for unøyaktige i pasningsspelet og rotar vekk ballen.
76'
Frispark til Watford nokre meter inne på Arsenal sin halvdel.
73'
Nære på ny redusering! Ighalo vartar opp med eit brassespark inne i Arsenal-boksa, men forsøket går like over mål. Enda på 16 ligascoringar førre sesong, og har nok eit sterkt ynskje om å kome kjapt i gong no også.
69'
Dobbeltsjanse for Watford! Cech reddar bortelaget to gongar i løpet av få sekund. Først stoppar han eit langskot frå Holebas, før han også rekk å hindre Ighalo i å putte returen i mål frå kort hald.
68'
Ballen går til Oxlade-Chamberlain som også prøvar ein lobb som mislukkast. Hadde fleire lagkameratar med seg der, Ox, og burde nok ha valt annleis.
67'
Forbi alle. Bellerin snappar og set fart.
67'
Capoue skal slå inn i boksa.
67'
Heimelaget med frispark i interessant posisjon.
66'
Fleire stopp i spelet no. Litt av lufta går ut av Watford sin offensiv.
62'
Walcott prøvar ein lur lobb i det Gomes står ute på femmeteren, men engelskmannen treff ikkje godt nok og sender ballen over mål.
62'
Så må domar Kevin Friend ut og prate med Watford-manager Walter Mazzarri etter at sistnemnde har protestert kraftig på sidelinja.
56'
Capoue med ei hard avslutning frå distanse. Rett på Cech som held kula enkelt.
55'
Bellerin rundlurar Kaboul inne i Watford si boks og slår hardt og flatt inn foran mål. Der får derimot heimelaget klarert.
50'
Vertane skal straks setje innpå nok ein debutant.
50'
Arsenal med eit skummelt innlegg inn i boksa, men heimelaget får avverga.
47'
Watford-manager Mazzarri pustar tungt og ser slagen ut på benken. Ikkje lett å skulle motivere laget sitt etter ein slik omgang som vi nettopp var vitne til.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Arsenal leiar heile 3-0 over Watford på Vicarage Road etter dei første minutta. Arsene Wenger sitt mannskap har tidvis leia seg med heimelaget sitt forsvar, og blant mange kreative Arsenal-spelarar har Alexis Sanchez vist seg aller mest fram. Chilenaren ordna straffa som gav 1-0, putta på finurleg vis 2-0, og hadde det målgjevande innlegget til Ozil som heada inn 3-0. Vi håpar på fint spel og scoringar også etter kvilen!
Slutt 1. omgang Pause (0-3)
45+1'
Deeney blir spelt fri på bakerste stolpe og prøvar å heade inn framføre mål igjen, men Cech stig til vêrs og plukkar ballen enkelt.
45'
Godt forsøk av Arsenal nok ein gong! Walcott kjem til avslutning, men Gomes får avverga.
44'
Sanches trillar fri Bellerin som kjem heilt ned til dødlinja med ballen. Innlegget til sistnemnde blir derimot klarert.
39'
Gomes i aksjon igjen, men Özil sitt skot blir enkelt stoppa.
36'
Nære på 0-2 etter vakkert spel! Sanchez og Özil kombinerer fint og det er ikkje langt unna at chilenaren overlistar Gomes. God redning av keeperen.
34'
Deeney prøvar å finne spisspartner Ighalo inne i feltet, men ballen blir stanga vekk av Arsenal-forsvaret. Mykje nesten på Watford hittil i oppgjeret.
32'
Kaotisk i Arsenal si boks. Både Capoue og Behrami prøvar å kome til avslutsning, men fleire Arsenal-spelarar regelrett ligg i vegen.
30'
Arsenal trillar ball no. Watford spring imellom.
28'
Heimelaget med eit småskummelt innlegg. Endar på nettaket til Cech sitt mål.
26'
Eit Watford-innlegg endar med eit skot like utanfor.
25'
Så er det Watford som prøvar seg! Arsenal-stoppar Koscielny er det faktisk som står bak heimelaget sin første gode sjanse i kampen i det han beinar eit innlegg mot eige mål. Cech får avverga.
24'
Bra forsøk for Arsenal! Gjestane med fleire skumle innlegg på rad, og plutseleg må Gomes reagere raskt etter at Walcott får avslutta etter at Cazorla ikkje treff mål på sitt skot først. Gomes får redda.
23'
Nok eit innlegg inn i boksa. Heimelaget får rydda unna igjen.
23'
Capoue med ei svak tversoverpasning til Amrabat. Førstnemnde har for øvrig scora begge Watford sine mål denne sesongen.
19'
Lang ball mot Deeney, som tapar duellen med Koscielny.
16'
Heimelaget prøvar å skape ting på venstresida si, men hittil har dei ikkje lukkast nemneverdig med det.
13'
Watfor scorar altså ikkje det første målet i sin tredje kamp på rad, noko dei gjorde både mot Southampton og Chelsea.
12'
Ighalo kontrar i motsett ende. Får berre eit innkast. Holding gjer ein god defensiv jobb.
9'
Arsenal får faktisk straffe! Det ser ut som om domar Friend ikkje bles for straffe i det Sanchez blir meid over ende av Amrabat inn i feltet, men etter eit kaotisk minutt viser det seg at det er tilfellet likevel.
6'
Özil blir spelt fri i bakrom, men både bommar med nedtaket og er i offside.
4'
Cazorla slår hardt inn, men Kabasele stangar unna. Belgiaren debuterer i Premier League-samanheng.
3'
Kaboul med dagens første felling. Sanchez blir lagt i bakken, og Arsenal får frispark i grei innleggsposisjon.
1'
Bortelaget sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Laga helsar no på kvarandre og på domarkvartetten, leia av Kevin Friend.
Watford har heile 10 ulike nasjonalitetar i startoppstillinga i dag, og berre éin engelskmann; kraftspissen Troy Deeney. Arsene Wenger har på si side tre engelske spelarar både frå start og på benken.
Sidan 1982 har desse to laga møttest 20 gongar i liga- og cupspel. Statistikken er kanskje noko overraskande, for det står berre 10-1-9 i Arsenal sin favør. Det var derimot på 80-talet at The Hornets gjorde det best, for dei siste sesongane har Arsene Wenger sitt mannskap vunne dei fleste, då det har blitt seks strake sigrar i Premier League. Watford har derimot yppa litt i cupen, og slo dei blant anna ut i FA-cupen førre sesong.
Det bør nemnast at Watford var i aksjon i midtveka, då dei spelte EFL-cup mot Gillingham. Det enda med eit overraskande tap, moglegens på grunn av at manager Walter Mazzarri rotere ein del på laget. Tidlegare Lyn-spelar Odion Ighalo sendte rett nok laget i føringa, men klubben frå League One snudde oppgjeret til 2-1.
Arsene Wenger let på si side Mesut Özil spele frå start for første gong denne sesongen. Franskmannen har matcha fleire av dei EM-involverte spelarane forsiktig. Av dei Arsenal må unnvere til denne kampen finn vi Aaron Ramsey, Alex Iwobi, Per Mertesacker, Danny Welbeck og Carl Jenkinson. Det betyr at den unge engelskmannen Rob Holding startar sin tredje strake PL-kamp.
Nykomar Younes Caboul debuterer for Watford i dag etter overgangen frå Sunderland. Franskmannen spelte i The Black Cats sitt 2-1-tap for Manchester City i den første runda. Dei tre andre kjøpa, Daryl Janmaat, Isaac Success og Roberto Pereyra, byrjar oppgjeret på benken.
Arsene Wenger sitt mannskap opna på si side med ein vanvittig 3-4-kamp mot Liverpool. The Gunners tok leiinga ved Walcott (som også bomma på straffe), før laget frå Merseyside snudde til 4-1. Arsenal avslutta kampen sterkt, men klarde aldri å ta att leiinga. I førre runde møtte dei regjerande meistrar Leicester på bortebane, men eit relativt tamt oppgjer enda 0-0.
Det er to lag som begge jaktar sesongens første trepoengar som møtest på Vicarage Road i Watford i dag. Heimelaget klarde uavgjort borte mot Southampton i første runde, før dei så gjekk på eit knepent 1-2-tap på eige gras mot Chelsea helga etterpå. Watford leia faktisk lengje i den kampen, men to mål av London-laget dei siste 10 minutta sørgja for at den første heimekampen for sesongen enda poenglaust.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Watford og Arsenal!