TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Og der var det over i Prestegardsmoen. Brann vinn oppskriftsmessig 7-0 og har tatt sitt fyrste steg på vegen til Ullevåll. Nesten 2500 tok turen på fotballkamp her i dag og berre det må jo være ein seier for Fotballklubbenn Voss.
Kamp slutt Slutt (0-7)
88'
Spillerbytte
88'
Spillerbytte
86'
Hadde vore kjekt for dei nesten 2500 frammøtte om Voss kunne fått eit trøstemål her på slutten.
86'
'Å vene Voss, er nydelig' rungar framleis frå tribuna. God stemning sjølv med sju i sekken for heimelaget.
84'
Veldig lik situasjon på det Brann fekk straffe på som Voss ikkje fekk. Einaste forskjell var at Finne var flinkare til å legge seg. Svakt av ein rutinert dommar som Hauge det der.
83'
Spillerbytte
83'
Kenneth Klette ikkje uventa kåra til dagens vossing. Keepern med nr. 43 på drakta får ny drakt i neste veke når han fyller 44.
82'
Straffe!
82'
Bom på straffe!
Tar straffen sjølv og skyt utafor.
82'
Finne blir felt av Klette og det blir straffe. Hjelper godt til der spissen og ganske dårlig av Hauge å blåse.
80'
Spillerbytte
79'
Spillerbytte
78'
Mål!
0-7
Flott scoring av ungguten. Må ta nokre steg tilbake i boksen på Finne sitt innlegg, men styrer ballen i ein fin boge over Klette.
76'
Hjørnespark
Kvamme med avslutning igjen frå 25 meter. Litt bedre denne gongen, men Johnsen er med på denne også.
76'
Der skal Voss ha straffe. Ser ut som det er Sleen som blir sparka ned når brannforsvararen skal klarere.
74'
Voss yppar seg men, skotet frå Kvamme blir alt for laust og puslete frå over 20 meter.
73'
Finne skyt himmehøgt over frå 15 meter. Blir pressa der også så vossingane vil nok unngå fleire baklengs her.
72'
Spillerbytte
70'
Det er ikkje ishockey-VM dette, men Brann med powerplay rundt Voss sin sekstenmeter.
70'
Heimepublikummet på motsatt sidehar fått opp eit banner med skrifta 'Verdens eldste keeper' Ein hyllest til Klette som straks fyller 44, men ser ut som eit tenåring i dagens kamp. Er vel også ein lite hint til 'Verdens beste keeper' som Håkon Opdal gjekk under i si tid som brannkeeper.
69'
Skot frå Finne som Klette reddar meisterleg.
68'
Kan bli stygt dette for Voss no om dei ikkje klarar å demme opp meir av Brann sine angrep.
65'
Mål!
0-6
Er ca. 15 sekund på bana før han dunkar ballen ned i Klette sitt venstre hjørne. 'Kem faen er Ering Braut, for vi har Markus Haaland' rungar det frå Bataljonen som i det samme vel å fyre opp eit par bluss. God stemning på den sørlege delen av Eksperthaugen no.
65'
Spillerbytte
65'
Spillerbytte
65'
Spillerbytte
63'
Mål!
0-5
Flott skot frå innbyttaren når han får ballen tilbake frå Finne på ca. 15 meter.
60'
Får låne ballen litt no heimelaget, men er litt for redde med å kaste folk framover. Må satse litt no Voss for heimepublikummet vil ha eit mål.
58'
Lufta litt ut av ballongen for heimelaget no. Publikum gir derimot ikkje opp og ropar taktfast 'Heia Voss!.
56'
Mål!
0-4
Horn Myhre med ein glimrande pasning inn i feltet og Finne kan gjere sitt tredje for kvelden.
55'
Martin Bidne har ein utakknemlig jobb på topp i dag. Får ein del ballar å løpe på, men er veldig åleine der oppe.
54'
Litt smell frå fyrverkeri frå Bataljonen må være lov på ein kveld som dette.
50'
Mål!
0-3
Klarering i Voss sitt forsvar som falle ned i beina på Blomberg som bankar ballen i mål. Panteren Klette er etter den, men no klarte ikkje den rutinerte keeperen å hindre Brann.
49'
Enorme sjansar for brann, men igjen er det 43-åringen Klette som er ein panter i målet. To fantastiske paradar hindrar Finne frå å gjere hans og Brann sitt tredje mål for kvelden.
48'
Langt innkast ut for Voss, men igjen er Johansen ute og snappar.
47'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er laga tilbake på bana og vi er straks klart for den andre omgangen her frå Voss. 2390 betalande tilskodararar i dag er ikkje noko anna enn imponerande.
Pause på Voss og det har vore einvegskøyring mot vossamålet. Alikevel vert heimelaget klappa av banen. Straks klart for dei siste 45. No skal me ta oss ei pylsa frå VossaKjøt, mens me høyrer på 'Svigermor fra Voss' på høgtalaranlegget.
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45+1'
Klette med ei enorm dobbelredning! Først eit knallhardt skot som han må gje retur på, men er kjapt oppe og blokkerar Finne si avslutning på blank kasse.
45'
Gult kort
Klink på ball, men kanskje litt uvøren inn i ei takling på Delaveris.
43'
Hjørnespark
Klette boksar ut.
43'
Langt kast inn i feltet og stuss som Johansen er ute og snappar.
42'
Voss pressar på vidare og igjen må brann gi ut til kast. Skage Storheim nære på å få med seg ballen i boksen der.
41'
Voss på ein sjeldan visitt, men Hove får klarert ut til kast.
39'
Hjørnespark
Voss klarerar.
39'
Voss mangalr jo si store spisstjerne, Maid Memic, i dag. Han er dessverre skada. Lite truleg at han hadde gjort den store forskjellen vel og merke.
38'
Hjørnespark
Voss klarerar.
36'
Mål!
0-2
Så doblar Brann. Kombinerar flott på venstrekanten og ballen blir slått førtifemgrader ut til Finne som berre har å breiside ballen i mål.
34'
Hjørnespark
Fenne stangar unna.
34'
Hjørnespark
Ny corner.
34'
Ligg veldig djupt no heimelaget. Alle spelarane frå 30 meter og inn.
29'
Vi passerar straks halvtimen og heimelaget er framleis berre eitt mål bak. Sjølv om posession sålangt er 5-95 så augnar heimepublikummet ei cupbombe.
28'
Jan Ruben Sleen vann junior-NM med Brann for nokre år sida og har vore frisk dei siste minutta her. Må få med seg resten av laget no. Heimepublikummet tørstar etter ein sjanse for Voss.
27'
Voss med litt ball, men nokre av spelarane er litt stressa. Prøver å kvitte seg med ballen utan å gjera så mykje med den. Då kjem Brann tilbake gong på gong.
24'
Finne får ballen i boks og skyt ein god meter over.
24'
Heimelaget ligg litt tettare i ramma no og sjølv om Brann har ballen mykje så ser Voss litt meir komfortable ut enn i starten av kampen.
22'
Ser ut som Bidne no er tilbake på bana. Utan turban vel og merke.
20'
Bidne må ut igjen. Voss akkurat no med 10 mannn.
19'
Nydelig stikkar frå Moberg til Finne som chippar ballen elegant over Klette. Nokre centimeter utafor.
18'
Kristoffer Bidne måtte ut med ein smell i hovudet. Spelar no med ein kledelig turban.
17'
Heilt på grensa den. Ein meir urutinert dommar hadde kanskje gitt straffe.
16'
Martin Bidne overende i brann sin boks. Heimepublikummet skrik på straffe, men dommar Hauge lar seg ikkje overbevisa.
15'
Dagens rutinerte dommar, Steinar Hauge, gir Voss eit frispark etter at Thor Olav Fenne blir dytta over ende nede ved sidelinja.
13'
Torsvik med innlegg bak mål og Voss får puste litt.
13'
Nytt innlegg inn i boksen, men der er panteren Klette og reddar meisterleg ei heading.
12'
Hjørnespark
Voss får delvis klarert.
11'
Hjørnespark
Kort corner og etterpå innlegg på bakerste som blir haeda via ein vosspelar og ut til ny corner.
11'
Heilt klart at Horneland vil drepe denne kampen så tidlig som mulig slik at han kan spare ein del av dei aktuelle a-lagsspelarane til helgas kamp mot Fredrikstad.
10'
Etter nokre spreke minutt av heimelaget i starten har vore kun Brann på bana dei siste minuttane.
10'
Delaveris med glimrande legg til Blomberg på bakerste som headar like utafor.
9'
Blomberg avsluttar like utafor frå 15 meter.
8'
Lang ball inn i feltet, men rutinerte Klette er ute og fangar.
5'
Og med det sank cupfeberen på Voss etter ein god start av heimelaget.
3'
Mål!
0-1
Spissen får ballen like utanfor kanten av sekstenmeteren og dunkar den ned i Klette siit høgre hjørne. Flott avslutninga av angriparen med aner frå Voss.
3'
Voss står høgt og vinn ballen. Martin Bidne sitt innlegg går gjennom heile feltet.
2'
Hjørnespark
Brann klarerar.
2'
Heading via Moberg til corner for heimelaget.
1'
Frispark til Voss på kanten av sekstemeteren.
Avspark Start 1. omgang
Verdas vakraste bygd møter verdas vakraste by blir det sagt frå kommentatorbua. Sjeldan har vel dette passa bedre i solskinet og med eit fullsatt Prestegardsmoen klar for den fyrste runden i cupen.
Då er laga ute på bana og har stilt seg opp. Minneord om Einar Melve og eitt minutts applaus før kampstart. Ein heidersmann og ildsjel i FBK Voss som gjekk bort no i vår.
Me nemnte tidlegare Olav Skjeldal, Erik Huseklepp og Helge Haugen som spelte forrige gong desse laga møttes for 16 år sidan. Men på benken den gongen sat Kenneth Klette. I dag voktar han Voss sitt mål i ein alder av 43 år. Imponerande!
Det nermar seg avspark og folk sig på. Opp mot 200 av Bataljonens medlemmar har også tatt turen. Imponerande med tanke på alle kampane Brann har hatt i det siste og kva som kjem.
Ein halvtime før avspark var hovudtribuna i Prestegardsmoen fullsatt. Var seld 800 bilettar tidligare i dag, men tilskodartalet vert nok langt høgare enn dette. Fotballfeber på Voss!
Sjeldan at desse to laga møter kvarandre av naturlige årsaker, men for 16 år sidan vitja bergensarane Prestegardsmoen i den første runden i cupen. Det blei 4-0 til bortelaget og det var ingen ringare enn Migen Memelli som starta scoringsballet for bortelaget før Kalvenes, Winters og Voss sin store son, Kristian Ystaas fulgte opp. Ein artig kuriositet er at ein av spelarane som spelte den kampen, Olav Skjeldal, sit på benken for Voss i dag. Skjeldal er per dags dato den med flest kampar for Voss gjennom tidene og det hadde vore morro å fått den gamle ringreven på bana i dag. Det skal også nemnast at Erik Huseklepp og Helge Haugen som spelte denne kampen for Brann er hjelpetrenarar i Brann i dag.
Då har vi laga klare og Brann gjer sjølvsagt ein del endringar. Berre to dagar sidan raudtrøyene spelte sist og ny storkamp ventar på laurdag mot Fredrikstad. Alikevel nok av kjende namn som Skaanes, Moberg og Finne frå start.
Alle store plassar har sin havneby. Som Athen har sitt Pireus så har også Voss sitt Bergen og det er venta at ein god del frå kystbyen tek turen i buss, bil og tog til vene Voss i dag.
Fotballens festdag blir etterfulgt av nasjonens nasjonaldag som igjen blir etterfulgt av fotballens nasjonaldag. Fyrste runde i cupen er og blir noko heilt speiselt og for vossingane så blir det ekstra spesielt i dag når SK Brann kjem på besøk i Prestegardsmoen.