Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide og Nikolai Løken Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Sogndal slår Volda 2-1 her i Volda etter ein meget spanande kamp! Heimelaget tok leiinga allereie i det 5. minutt, då Myklebust sette ballen kontant i mål, men 20 minutt seinare utlikna bortelaget ved Mensah. Etter dette pressa Sogndal kraftig, men til trass for svært mange store sjansar klarde unge Tilseth å redde det eine forsøket etter det andre. Men fleire minutt på overtid kom scoringa til sogndølingane likevel, då innbytar Flataker plasserte den i nettet frå kort hald. Sogndal er dermed vidare til 2. runde, mens Volda no kan konsentrere seg om spel i 3. divisjon.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+8'
Volda pressar verkeleg på her, men slit med å skape sjansar.
90+7'
Bischoff med innlegg. Dessverre forbi alle grøne i boksa.
90+5'
Volda står høgt. Sogndal med kast.
90+5'
Frisparket blir slått rett i fanget til Jendal som kan leggje seg ned og kvile på ballen. Svakt utnytta.
90+2'
Nesten igjen for bortelaget! Flataker fyrer av eit knallhardt skot, men Tilseth reddar meisterleg. Corner.
90+1'
Skal vi få ei scoring heilt på tampen her? Blir nok litt tillegg på grunn av alle stoppa vi har fått.
89'
Benjamin Tilseth blir kåra til dagens volding av ein lokal jury. Meget fortent!
87'
Nok ein spelar i grønt ligg nede. Ny stopp i spelet.
86'
Heimelaget brukar bra med tid på faste situasjonar no.
85'
No ligg Volda-spelarane strødde utpå bana. Skal nok byttast litt her.
84'
Vapne fyrer av frå god posisjon! Like utanfor frå Sogndal sin nummer 16.
83'
Stor sjanse for bortelaget! Avslutning frå kort hald går like utanfor. Corner.
83'
Småskummelt i det Flataker flikkar ballen mot mål frå kort hald. Tilseth reddar.
81'
Presset frå Sogndal har verkeleg dabba av her. Lenge sidan førre store sjanse.
79'
Iver Husø Johansen prøvar seg med venstrefoten. Via ein Sogndal-spelar og langt utanfor.
73'
Myklebust sit nede for Volda. Har vore i mange tøffe duellar med Haruna i dag, Volda-spissen.
71'
Skaanes kjem til avslutning med hovudet, men ser knapt ballen i det han utfører og sender den langt unna målet.
66'
Mykje som luggar offensivt for bortelaget no. Dei har likevel skapt meir enn nok til å leie denne kampen.
61'
Nok ein stor sjanse for bortelaget! Vapne avsluttar på direkten inne i boksa, men sender skotet over mål. Dårleg utnytta.
59'
For ein sjanse for Sogndal! Mensah kjem plutseleg heilt åleine gjennom, men er under press og klarer berre å avslutte rett på Tilseth som kjem ut. Nok ei strålande redning av målvakta!
55'
Bortelaget rullar bra opp, men det flate innlegget frå Mensah blir stansa.
52'
Evebør blir nonchalent og misser ballen farleg til Mensah. Han klarer derimot å jobbe inn igjen spissen og får gitt til corner.
49'
Volda prøvar seg på ei kontring, men blir for unøyaktige i pasningsspelet.
47'
Då er vi i gong i Volda igjen!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 1-1 etter første omgang på Volda stadion. Det har vore ein artig kamp, der 3. divisjonslaget Volda pangopna med ei scoring allereie i det 5. minutt. Knut Erik Myklebust vaka i bakrom og sette 1-0 kontant i nettet. Etter dette tok Sogndal kraftig over, og laget til Luis Pimenta har hatt ballen store delar av tida. Emmanuel Mensah utlikna etter nesten ein halvtimes spel, då han var framme og sette ein retur i mål. I følgje heimefansen lukta det kraftig offside av den scoringa. Det står uansett 1-1, og vi gler oss stort til 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
44'
Nok eit bra forsøk for bortelaget! Sogndal sender i veg eit hardt skot, men Tilseth reddar meisterleg. Han rekk akkurat å fange returen også før ein annan i kvitt får tak i den.
43'
Grei sjanse for Sogndal! Hagen bankar til frå rett utanfor boksa, men skotet snik seg over mål.
41'
Skummelt frå bortelaget. Onyango blir nydeleg frispelt på høgresida, men innlegget hans blir beina vekka. Corner.
36'
Saftkokaradn gjer verkeleg sitt for å halde trøkket på tribuna oppe. Akkurat no er det litt lenger mellom tilropa frå heimefansen. Men praten går livleg då!
34'
Myklebust jobbar iherdig åleine på topp og vinn Volda eit innkast høgt i bana.
30'
Mensah spring i bakrom, men får aldri heilt kontroll før Tilseth kjem ut og snappar ballen. Bortefansen ropar på straffe, men domaren vinkar spelet vidare.
26'
Myklebust jagar ein lang ball men går i bakken etter å ha fått olbogen til Haruna i andletet. Verka ikkje å vere tilsikta.
21'
Brandal med eit fint raid langs venstresida, men den påfølgjande pasninga til Myklebust blir klarert av bortelaget.
18'
Mensah set ballen over ope mål etter ei glimrande kontring, men det blir uansett vinka for offside. Litt av ein bom av spissen, likevel!
16'
Sogndal med avslutning på mål. Hintsa får sendt i veg eit skot, men Tilseth har full kontroll.
15'
Volda er obs på å presse kraftig når bortelaget sine forsvararar får høge ballar. Det har ført til at dei har blitt småstressa.
13'
Innlegg frå høgresida til Sogndal, men det påfølgjande skotet frå Sjølstad blir blokkert.
11'
Volda ligg med alle mann frå 30 meter og inn no.
9'
Nære på for Sogndal! Mensah blir flott spelt igjennom i bakrom, men Tilseth kjem ut og hindrar han i å få avslutta skikkeleg. Corner.
8'
Vapne sender i veg eit skot for Sogndal, men ein spelar i grønt får blokkert.
2'
Kjempesjanse for Volda! Bortelaget bommar med ei klarering, og Myklebust får plutseleg ballen i god posisjon. Berre ei fantastisk blokkering hindrar scoring.
Avspark Start 1. omgang
Volda-laget er på si side ei blanding av både ungt og gammalt. Blant anna har 35 år gamle Tobias Evebø erfaring frå spel i 2. divisjon, med enkelte kampar for Hødd, medan målsniken Knut Erik Myklebust befinn seg på topp etter overgang frå rival Ørsta i fjor. I følgje NFF sin statistikk står han med 156 mål på 209 kampar i si karriere. Greie tal det!
Sogndal har gjort ganske mange endringar på laget sidan sist, men innbytarbenken er uansett sterke i tilfelle dei utvalde skulle få problem. Der finn vi namn som Kasper Skaanes, Erik Flataker og Kristoffer Steinset.
No byrjar stadion i Volda å fyllast opp. Sogndal har allereie rusla inn i garderoben for ein siste lagprat, medan heimelaget no er i ferd med å gjere det same.
Sogndal har på side hatt ein trasig start på sesongen, sjølv om det også har vore ein del bra å ta med seg. Borte mot Start blei det tap 1-2, medan det heime mot Aalesund enda 3-4 etter at Luis Pimenta sitt lag kom tilbake til 3-3 på overtid, berre for å sjå tangotrøyene putte endå ei scoring.
Arild Hagen Bakke og Volda enda med 1-1 heime mot Nardo i deira første heimekamp i 3. divisjon etter at dei rykka opp i fjor. Runda før slo dei til med 2-0 borte mot Ranheim sitt andrelag. I kvalifiseringa til denne 1. runde-kampen av NM har dei slått ut Førde og Eid.
Dette blir første teljande kamp mellom Volda og Sogndal i nyare tid.
Sognda, som til dagleg held til i 1. divisjon, er naturleg nok store favorittar i denne 1. runde-kampen av Noregsmeisterskapet. Men Volda, som befinne seg to hakk ned, i 3. divisjon, har nok store planar om å gjere dette til eit cupeventyr heimefansen seint vil gløyme.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Volda og Sogndal. Det er klart for NM-dramatikk på Volda stadion!