Referat
Kun høydepunkter
Til slutt ein liten hyllest til skåringsmaskina Svein Erik Saglien. Han er 45,5 år og har putta 3 mål på dei to siste kampane. Han er den beste hovudspelaren i lokalfotballen i Sogn og Fjordane gjennom alle tider. Jostein Flo er den einaste som kjem i nærleiken :-) Det er berre å ta av seg hatten! Funfact: Stig Roar Hovland (45) har 2 av dei 3 målgivande pasningane til Saglien. Når Vik får frispark inne på eigen halvdel, har det gitt betre utteljing i målprotokollen enn straffespark denne sesongen for Vik.
Fortent 3-1 seier til Vik. Vik var gode. Med meir rytme i spelet på siste tredjedel og betre avslutningar kunne det vore mykje meir. Hetle i Sandane-målet stod ein god kamp. Takk til Vik, Sandane og dommartrioen for kampen.
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+4'
Hjørnespark
Bak mål.
90+2'
Spillerbytte
90+1'
Stor sjanse til Vik. Nydeleg raid av Stadheim. Legg 45 grader til Berglund som hamrar ballen mot mål. Svært god beinparade av Hetle i Sandane-målet.
90'
Sandane skyt frå 25 meter. 10meter over - ballen sprett over gjerdet og på elva.
87'
Mål!
3-1
Skjerven avklarar i forsvar, det blir ein genial gjennombrotpasning til Stadheim. Aleine med keeper set han ballen flott til side for keeper.
83'
Hjørnespark
Hans headar utanfor frå 6 meter. Nesten 3-1 til Vik.
83'
Frispark
Frå 37 meter. Idar ser etter Saglien. Blir corner.
80'
Hjørnespark
ufarleg.
80'
Hjørnespark
Ny corner.
79'
Vik har mykje ball, men slit med rytmen i angripa.
72'
Svært fortent leiing til Vik.
70'
Mål!
2-1
Frispark frå midtbana. Hovland dunkar den fram på 6 meter. Saglien stussar den i mål.
64'
Frispark
Frå midtstreken. Hovlsnd mot Saglien, men den går rett utover kortlinja.
62'
Spillerbytte
62'
Hjørnespark
Blir avklara.
62'
Flott skot av Fabrice, rett utanfor. Blir corner.
60'
Sandane med eit langt angrep. Kjem til avslutning frå 18 meter, men ballen går utanfor.
56'
Stadheim skyt frå 24 meter. Midt på keeper.
54'
Journalist Kleven frå Sogn Avis er ballgut, men vabbar seg uti vanngrava. Ofrar alt i dag, godeste Kleven.
50'
Frispark
Frå 20,5 meter midt på mål. Midt på keeper.
50'
Hjørnespark
Går til retturrom og Imran skyt i handa på Sandanespelar.
50'
Stokkebø skyt over frå 26 meter. Var innom ein Sandane spelar og blir corner.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Stor Vik dominans. Likevel 1-1 til pause. Dette blir seier til Vik med betre utteljing i 2.omgang.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+2'
Skot av Fabrice frå 19 meter. Utanfor. Mykje nesten for Vik no.
45+1'
Flott raid av Imran. Dessverre blir skotet for svakt og keeper har god kontroll.
44'
Det har vore einvegskøyring her no. Men slikt kan skjer når Vik ikkje får utteljing på sjansane sine.
43'
Mål!
1-1
Ut frå ingenting. Innlegg frå Sandane si høgre side. På bakerste kjem Fjellestad og breisidar ballen kontant i mål frå 7 meter.
42'
Tryt kjem på ny til skot. Ny beinparade frå keper. Stokkebø skyt over på returen.
39'
Utspark frå Sandane sin keeper. Vik vinn på hovudet - Martin Stadheim kjem aleine med keeper. Beinparade frå keeper. Enorm sjanse til Vik.
35'
Sandane med mange stygge ballmist på eigen halvdel. Vik har ikkje klart å utnytta dette enno.
33'
Sandane har ikkje skapt noko så langt. Det ligg ein ny Vik-skåring i lufta.
31'
Frispark
Frå spissen av 16-meter. Idar skyt midt på keeper, som gir ein liten retur men fangar opp ballen i sikkert grep.
30'
Tryti blir spelt gjennom. Kjem skeivt på mål og skotet endar 2 meter utanfor.
29'
Langt angrep frå Vik som ender med eit skotforsøk frå Saglien frå 24 meter. Han skrur ballen 3 meter utanfor med innsida.
22'
Hjørnespark
Innoverskrudd. Bak mål.
22'
Jaran Tryti gjer alt sjølv. Troklar seg gjennom 3-4 Sandanespelarar, men avslutninga blir ikkje god nok. Svært god prestasjon av Tryti!
20'
God sjanse til Vik. Tryti flott ut til Imran på venstresida. Imran slepper fint til Stokkebø som skyt på direkten - midt på keeper frå 15 meter. Største sjansen i kampen utanom målet.
17'
Eit skot på mål frå Sandane frå 16 meter, men ufarleg. Hovland plukkar enkelt.
12'
Vik har tatt over etter skåringa. Saglien vinn det meste av duellar når han blir servert.
9'
Hjørnespark
Til Saglien som ikkje treff skikkeleg. Blir avklara.
8'
Hjørnespark
Utoverskrudd. Ufarleg.
6'
Mål!
1-0
Klassisk Vik-mål. Martin Stadheim kjem til linja - legg på bakerste til Saglien som stangar ballen i mål.
4'
Jamt i starten. Begge lag slår mykje langt utan adresse.
Avspark Start 1. omgang
Sandane ser litt spente og nervøse ut før kampstart, litt som Sindre Finnes før Erna kom heim frå jobb i går kveld... :-)
Det er 12 grader og nokre små dropar i lufta på Vik stadion i dag. Grasbana er blaut, så det blir ein tung kamp for spelarane. Det er duka for ein skikkeleg haustkamp med mange duellar og sklitaklingar. Heldigvis er rutinerte Tommy Skjerven her for å halde kontrollen.
Hovuddomar i kampen er sjølvaste Tommy Skjerven frå Kaupanger. Han er den dommaren i Norge som har dømt flest kampar på øvste nivå. På linjene har han med seg Matthias van Menxel frå Jotun og Jarl Ivar Hauge Mjånes frå Høyang.
Vik har ikkje tapt heime mot Sandane sidan 1-3 kampen i 2015.