Referat
Kun høydepunkter
Det endar med solid 2-0 seier for Vik mot eit Måløy som er nokolunde på høgde spelemessig, men som manglar avsluttarar i laget. Vik er no på 5.plass på tabellen. Me takkar dommarane for kampen og ynskjer Måløy god tur heim til Nordfjord. Stor stemning i Vik-leiren etter ein viktig seier.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90'
Spillerbytte
90'
Vik har god kontroll her no.
87'
Spillerbytte
85'
Mål!
2-0
Eirik Berglund med god sjanse som blir blokkert. Så kjem Martin Stadheim til ein stor sjanse som blir redda. Då Måløy såg ut til å ha kontroll på situasjonen går avklaringa frå Måløy rett i Erlend Aase og i mål. Merkeleg skåring på Vik stadion.
83'
Måløy med innlegg. Avslutninga er svak.
81'
Kontring av Måløy. Endar i skot som går like utanfor.
80'
Hjørnespark
God corner. Keeper boksar ut.
80'
Vik har skapt klart mest frå si venstre side. Nesten alt offensivt spel på den sida.
78'
Idar Holen bommar på straffesparket. God redning.
77'
Straffe!
Erlend blir sparka i helen. Litt unødvendig og klønete av Måløy der.
76'
Hjørnespark
Hovland grip ballen.
75'
Gult kort
75'
Heggelund har vore svært god på midtbana til Måløy. God spelar!
74'
Spillerbytte
72'
Stor sjanse til Vik. Innkast som Saglien stussar til Berglund. Han sender Aase gjennom, som skyt over frå 14 meter.
70'
Spillerbytte
68'
På ny lang ball bak Vik sin venstre back. Måløy nærmar seg noko her...
66'
Spillerbytte
65'
Gult kort
Feller Heggelund.
64'
Hjørnespark
Frispark til Hovland i feltet.
64'
Langt utspark frå Hovland til Holmberg. Offside.
60'
Hjørnespark
Blir frispark til Måløy i feltet.
58'
FInt spel av Måløy endar i skot over frå 16 meter.
56'
Gult kort
Hindrar ein kontring.
56'
Hjørnespark
Keeper boksar ut.
56'
God ball frå Valsvik til Aase i bakrom. Blir kast ut av situasjonen.
55'
Måløy med småfint spel. Ikkje noko "end product".
53'
Frispark
Innlegg. Keeper held innlegget i fast grep.
53'
Heggelund med god ball i bakrom. Nesten for Måløy.
50'
Stokkebø har vore frisk ved fleire høver i starten på 2.omgang. Er god i presspelet. Legg inn til Holmberg som ikkje kjem til avslutning.
48'
Grønningsæter med lang ball i bakrom til Holmberg. Nesten. for Vik.
46'
Vik ligg lågt og kompakt i starten.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Fortent 1-0 til VIk, men det har vore lite sjansar i kampen. Måløy fekk sin største sjanse heilt i starten då dei kom aleine mot Hovland. Ein del dødballar til Måløy, men skapar ikkje noko på dei. Måløy farlege når dei kontrar med ballar bak Vik sine backar. Vik med bra trøkk midt i omgangen. Har tyngde på dødball og har komme til nokre skot. Spennande før 2.omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Hjørnespark
Tek kort variant. Pause.
45'
Frispark
Frå 30 meter. I muren og til corner.
43'
Frispark
Ved cornerflagget. Blir klarert.
40'
Hjørnespark
Ufarleg.
38'
Måløy med høg ball rett fram i bana. Det er mat for Mons (Bengt).
36'
Fortent etter at Vik gradvis har kommer nærmare dei siste minuttane.
34'
Mål!
1-0
Stokkebø- Aase - Holmberg - skåring. Erlend Aase sler fint 45 grader ut til Henrik som set ballen sikkert i mål på direkten frå 6 meter.
29'
Nesten for Vik. Stadheim sitt gjennomspel kjem nesten fram til Holmberg.
26'
To lag som ligg lågt i presset. Blir lite action av det.
24'
Hjørnespark
Erlend Aase headar over frå 2 meter. Stor sjanse.
23'
Hjørnespark
Erlend Aase headar vekk ballen.
22'
Frispark
Frå 35 meter. Blir innlegg. Vik headar til corner.
18'
Hjørnespark
Ufarleg.
18'
Måløy bryt og angrip nok ein gong bak Vik sine backar. Øhlen avklarar til corner.
17'
Måløy med god ball bak Vik sin venstre back. Grønningsæter ordnar fint opp og skjermar ballen ut.
15'
Hjørnespark
Endar i skot frå Stadheim som keeper reddar.
15'
Holmberg nesten gjennom. Blir corner.
15'
Vik held oppe trøkket no. Er farlege.
14'
God sjanse til Vik. Tryti skyt og keeper reddar fint. Blir retur, men Måløy får ballen vekk.
13'
Lang ball frå keeper til Måløy. Grønningsæter bommar og headar Måløy-spelar gjennom. Kjem til avslutning, men Hovland reddar.
12'
Kupen dribblar to mann i Vik sin boks, før han blir takla av Øhlen i grevens tid. Kunne blitt farleg der.
9'
Fin pasning frå Grønningsæter til Imran. Imran legg tilbake til Stokkebø som legg inn på direkten, bak mål.
5'
Hjørnespark
Bak mål. Bokstavleg talt...
5'
Valsvik skyt på spretten frå 25 meter. 5 meter over mål.
4'
Måløy med første store sjanse i kampen. Gjennombrot mot høgre ving som kjem aleine med Hovland, som reddar. Kunne fort blitt 0-1 der.
1'
Måløy startar med lågt press. Vik får trilla ball på eigen halvdel.
Avspark Start 1. omgang
Det nærmar seg kampstart. Vik stiller sterkt i dag. Hans Grønningsæter Pedersen og Henrik Holmberg er tilbake frå start for vikjene, som har bortimot full tropp å velja frå.
Ein kan ikkje sei at fotballaget frå Nordfjord har levd opp til namnet sitt denne sesongen. Berre ein skåring på tre kampar har det blitt for Mål-øy.
Over halvparten av dei 11 måla Måløy har sleppt inn denne sesongen har komme på dødball. Ikkje lovande når dei i dag skal opp mot Vik, som elskar duellar i boks og som tradisjonelt sett skårar ein stor del av sine mål på dødballar.
Måløy er kanskje det laget som Vik har best statistikk mot på dette nivået. Sist gong Vik tapte heime mot Måløy var tilbake i 2013. Då vart resultatet 0-1 etter skåring av Joachim Halsør Forthun, som seinare spelte i Obosligaen for Åsane. Med på Måløy-laget den gongen var gamle storspelarar som Gisle Myhre, Sveinung Frantzen, Jon Haukur Haraldsson og Tore Rylandsholm. Sidan den gong har Vik vunne fem og spelt ein uavgjort i heimekampane mot Tornado-Måløy eller Måløy FK.
Hei og velkomen til 4. serierunde i Kretsligaen. Vik får besøk av Måløy i sognebygda, som badar i solskin.