TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Det endar 0-0 på Vik stadion. Det trur eg laget frå Sunnfjord er mest nøgd med. Førde2 med mest ball i 1.omgang, men skapar ingenting. Vik svært tamme i 1.omgang og har kanskje for stor respekt for Førde2, men gjer ein god 2.omgang. Då spelar dei med mykje meir trøkk, set presset høgare i bana og skapar ein del sjansar. Vik hadde fortent tre poeng i dag. Hans Pedersen Grønningsæter på Vik står fram som den beste spelaren på bana denne kampen. Han er trygg og god i bakerste ledd og syt for at Vik har god kontroll på Førde2 sine angriparar.
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+1'
Førde får sin første sjanse i kampen. Kjem til linja, legg 45 grader men blir sleivspark i den avgjerande augneblinken.
87'
Vik pressar på her. Førde2 har ingenting å komma med.
86'
Frispark
Innlegg. Blir ingenting.
85'
Hjørnespark
Blir ingenting.
84'
Hjørnespark
Henrik headar. Blir avklara på strek.
84'
Stor sjanse til Vik. Flott raid frå Eirik Berglund. Trekkjer seg inn i bana og skyt. Ballen stryk oversida av tverren. Nydeleg, Eirik!
81'
Frispark
23 meter midt på mål. Over.
76'
Frispark
Blir ingenting.
74'
Førde2 skapar ingenting. Dei kan sentra til kvarandre på eigen halvdel, men har skapt null og niks på siste tredjedel av bana.
73'
Idar legg inn - Henrik headar til side for mål.
72'
Bengt headar like utanfor. Vik nærmar seg skåring her.
72'
Hjørnespark
Blir avklara.
72'
Stor sjanse til Vik. Henrik Holmberg skyt i nærmaste, keeper er nede som ein katt og slår til corner.
70'
Spillerbytte
69'
Frispark
Blir frispark til Førde2
67'
Hjørnespark
Elendig utnytta.
65'
Gult kort
Seint inne i ein takling.
59'
Straffe!
Fabrice blir felt rett innanfor streken. Bengt skyt utanfor.
59'
God sjanse til Vik. Stokkebø vinn ballen og sentrar Fabrice gjennom. Skyt lågt i hjørnet, men keeper slår til corner.
57'
Vik har vore best i starten på 2.omgang og har fått ein del dødballar.
54'
Hjørnespark
Blir ingenting.
54'
Gult kort
Seint inne mot Berglund.
53'
Hjørnespark
Blir frispark til Førde2
52'
Hjørnespark
Blir ny corner.
50'
Skot frå Stokkebø frå 18 meter. Midt på keeper. Frisk start på omgangen av Vik!
50'
Hjørnespark
Keeper boksar vekk.
49'
Kampen sin første sjanse til Vik. Stokkebø fram til Aase, som får avslutta. Keeper slår til corner.
46'
Frispark
Innlegg frå 35 meter. Blir ingenting.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Regnet har auka på i pausen. Keeper-Hovland har funne fram topplua si til 2.omgang.
0-0 til pause. 0-0 i målsjansar. Vik har invitert til fest, mange folk på tribuna men verten har ikkje møtt opp sjølv. Vik ligg lågt, tek få sjansar, sender få folk i angrep og har lite trøkk i spelet sitt. Me håpar dei tek tak i pausen og hevar seg kraftig til neste omgang.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Svært godt stopparspel av Hans Pedersen Grønningsæter.
40'
Frispark
Frå spissen av 16-meter. Innlegget blir avklara.
28'
Frispark
Innlegg frå 38 meter. Blir heada til kast.
24'
Førde2 fører kampen no. Vik ligg lågt og satsar på raske overgangar.
24'
Førde2 med første "nesten-sjansen" i kampen. Får ballen midt framfor mål på 8 meter. I staden for å skyta sjølv, prøver Førde2 spelaren å sentra til medspelar. Pasningen blir snappa og Førde2 får ikkje avslutta.
21'
Bengt Øhlen med den lengste pasningen i kampen. Han har no rekorden for både lengste og høgaste spark på ballen denne kampen.
15'
Dagens høgaste avklaring frå Bengt Øhlen. Ein ivrig tilskodar reddar akkurat ballen frå å gå på elva.
13'
Ingen sjansar i starten. Kampen er prega av lange ballar, duellar og lite finspel så langt.
6'
Frispark
Innlegg frå 35 meter. Rett til keeper.
4'
Hjørnespark
Førde får avklart. Bra trykk frå VIk i starten.
3'
Hjørnespark
Keeper fistar til ny corner.
3'
Hjørnespark
Blir ny corner.
Avspark Start 1. omgang
Til lydane frå AC/DC og "Thunderstruck" gjer laga seg klare til kampstart. Dette kan bli litt av eit festfyrverkeri av ein fotballkamp.
Ordføraren i kommunen er plass, som seg hør og bør når A-laget spelar heimekamp.
Sesongen 2022 vann Vik begge kampane mot Førde2.
Vik stiller med knallsterkt lag til denne kampen og har eit stort håp om at alle tre poenga blir verande i Gamalostbygda etter kampen.
Det er Gamalostfestival i Vik denne helga. Normalt vil det sei mange tilskodarar på stadion. Når klokka nærmar seg 13.00 er det framleis opphald, men det er meldt store nedbørsmengder til kampstart. Det blir spanande å sjå om himmelen opnar seg, eller om ein er heldige og slepp unna dei verste regnbygene under kampen.
Velkomen til Vik stadion og sjuende runde i Kretsligaen. I dag blir det grasunderlag for spelarane, då Vik opnar grasbana si til denne kampen.