Referat
Kun høydepunkter
Fjøra er solide i 1.omgang og får 3 skåringar. Banespelet er relativt jamnt. I 2.omgang er Vik det beste laget og hadde fortent ei skåring. Fjøra slår totalt av motoren. Ser uinspirete og sløve ut. Gjer mange enkle feil og har lite intensitet i spelet sitt. Vik imponera i 2.omgang. Dei gir 100% i alle duellar frå fyrste til siste minutt og spring sokkane av seg. Godt å sjå slik moral!
Kamp slutt Slutt (0-3)
90+4'
Mykje slurv frå Fjøra. TIl tider er det vanskeleg å vite om det er for harde mottak eller for slappe pasningar...
90+1'
Fabrice kjem seg fri på kanten og slår 45 grader inn i feltet - Fjøra får avklara.
90'
Hjørnespark
Innoverskrudd. Bengt headar like over. Ny sjanse til Vik.
89'
Skot av Stokkebø frå 32 meter. Like utanfor.
86'
Frispark
Frå midt på eigen halvdel. Slår langt opp. Blir avklara.
86'
Vik køyer kampen. Imponerer no, vikjene.
84'
Hjørnespark
Innoverskrudd. Stor sjanse. Bengt kastar seg fram og kjem til avslutning. Keeper kjem på den.
84'
Frispark
Flott legg til Andreas Helgesen som headar frå 5 meter- keeper slår til corner. Stor sjanse til Vik.
80'
Fjøra er direkte svake her no. Vik er best. lkkje noko finspel frå laget som siktar på opprykk, berre måk og spring.
75'
Hjørnespark
Innoverskrudd. Endar i ingenting.
75'
Svært godt skot frå Mathias Stokkebø frå 22 meter. Snik seg nesten inn i motsett kryss.
74'
Spillerbytte
72'
Eg nyttar høvet til å slå eit slag for fotballsko med skruknottar. Rosa eller gule sko med små knottar passar dårleg på ei våt grasbane i Vik :-)
69'
Spillerbytte
65'
Fjøra imponera ikkje her i 2.omgang.
64'
Hjørnespark
Vart småskummelt, men keeper fangar ballen.
60'
Nydeleg spelt av Kenneth Skjerven som spelar Malvin Gjerde gjennom litt skeivt på mål. Skyt like utanfor.
58'
Fjøra har ein direkte stil her i dag. Mange lange ballar bakfrå. Det er ofte dårlege adresser på desse pasningane. Ser ikkje ut som at Fjøra er komfortabel med denne måten å spela på. Lite rytme i spelet.
56'
Fjøra kjem til avslutning. Bra redning av Hovland.
55'
Imran er gjennom på kanten og prøver å leggje inn, men ballen går i nettveggen. Vik er godt med her no.
48'
God start på 2.omgangen av Vik.
46'
Offside
Martin Stadheim er god i presspelet og tek ballen frå stopparen til Fjøra. Dessverre manglar rytmen vidare og Fabrice står i offside då han får ballen frå Stadheim.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går til pause med 0-3. Vik har vore godt med denne kampen, men i avgjerande situasjonar framfor måla ser me skilnaden på laga. Fjøra har kvalitet i avslutningane og er gode til å komme i kropp og blokkere i eigen boks. Isak Flo har dominert for Fjøra. Hans Pedersen Grønningsæter har spelt godt i Vik sitt forsvar.
Slutt 1. omgang Pause (0-3)
45+1'
Imran Khan driblar ein Fjøraspelar og skyt frå 17 meter - midt på keeper.
45'
Skot frå Aleksander Valsvik frå 24 meter. 2 meter utanfor.
39'
Gult kort
Fortent gult kort for kjefting på dommar.
35'
Gult kort
Gult kort for filming. Usikkert om ein VIk-spelar nokongong har fått gult for filming tidlegare i historia...
32'
Isak Flo herjar på Fjøra si høgre side. God spelar!
31'
Frispark
10 meter inn på eigen halvdel. Slår langt inn i feltet. Ballen endar hjå Martin Stadheim somikkjefår heilt klem på avlutninga. God sjanse på ny for Vik.
29'
Frispark
Frå midtstreken. Lang ball opp mot Bengt - god sjanse for Vik.
23'
Skot frå Imran Khan går 3 meter utanfor frå 23 meter.
20'
Eit angrep frå Fjøra med bra trøkk mot Vik-målet. Fleire forsøk som blir blokkert før det endar i eit skot utanfor.
14'
Roleg her no. Vik heng bra med.
5'
Frispark til Fjøra i skummel posisjon.
4'
Me har spelt i 2 minutt av 1.omgang. Stig Roar Hovland drøyer tid. Vinn nokre sekundar der.
2'
Frispark
Frispark på midtstreken. Stig Roar bankar ballen opp i feltet. Blir avklart.
1'
Kampen statar med ein lang pasning opp og ei avklaring frå Fjøra rett på elva. Standarden er sett!
Avspark Start 1. omgang
Sola tittar fram på Vik stadion når det nærmar seg kampstart. Då blir det ikkje berre denne flotte fotballen som vil varma tilskodarane på tribuna.
Torbjørn Ylvisåker og Tom Wolff Navarsete er på plass i dag. Litt smånervøse før kampen. Veit aldri kva som kan skje på ei tung grasbana i Vik i oktober...
Malvin Gjerde er toppskårar i divisjonen. Han har småfine 42 mål på 19 kampar denne sesongen.
Det vart også uavgjort i 2018 sesongen. Denne gangen vart det 1-1.
Vik spelte mot Fjøra i siste serieomgang i 2015 sesongen. Inngangen til den kampen var at Fjøra hadde vunne 11 seriekampar på rad, med ein målskilnad på 51-5 i desse kampane, og Vik MÅTTE ha minst 1 poeng for å redda plassen i divisjonen. Den dramatiske kampen enda 0-0, etter at Vik brente eit straffe 10 minutt før slutt. Vik redda plassen i divisjonen med eit nødskrik.
Sesongane 2012 og 2013 er dei einaste sesongane i dette årtusenet at Vik har spelt i divisjonen over Fjøra. Desse to sesongane spelte Vik i 3.divisjon og Fjøra i Kretsligaen.
Me må tilbake til 2010 for å finna sist gang Vik slo Fjøra. Då vann Vik 1-0. Funfact: det var IKKJE Stig Roar Hovland som stod i mål for Vik i den kampen.
Velkomen til Vik stadion og kampen mellom Vik og Fjøra. Det er 9 grader og opphaldsver i Vik i dag. Grasbana ser fin ut.