TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Det endar 3-0. Vik med god kontroll, men Bremanger har mykje av spelet i 2.omgang. Svært godt å starta sesongen med tre poeng for vikjene.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+1'
Godt jobba av Martin Stadheim. Han har lagt ned mange meter i dag.
86'
Bremanger har mykje ball. Vik har full kontroll.
85'
Bremanger skyt frå 24 meter, til kast...
83'
Spillerbytte
83'
Spillerbytte
78'
Bremanger med ein del fint kombinasjonsspel, men med lite "end-product".
76'
Spillerbytte
76'
Spillerbytte
75'
Hjørnespark
Endar i ingenting.
74'
Hjørnespark
Endar i eit skummelt skot frå 9 meter som går ein halv meter over mål.
71'
Frispark
Legg ballen inn framfor mål - avklaring.
69'
Hjørnespark
Innoverskrudd. Bra trøkk frå Vik i boks, men kjem ikkje til avslutning.
69'
Eirik Berglund skyt frå 18 meter. Blir blokkert til corner.
66'
Klassisk raid av Henrik Holmberg. Han skyt knallhardt i stolpen og ut frå 16 meter. Flott gjort av Henrik!
64'
Spillerbytte
63'
Bremanger held fram med å styra spelet. Stig Roar Hovland er forbanna på eigne lagkamerater og manar til meir innsats.
61'
Bom på straffe!
Skyt langt over.
59'
Straffe!
Bremanger kjem aleine med keeper og blir felt i avslutningsaugneblinken.
59'
Då skal Vik ha kontroll på denne kampen. Eit litt heldig mål etter at Bremanger har vore best i starten på 2.omgang.
58'
Spillerbytte
57'
Mål!
3-0
Lang ball opp. Duell på 15 meter der keeper kjem ut og bommar totalt. Martin set den i opent mål.
55'
Hjørnespark
Blir avklart.
55'
Martin Stadheim skyt med venstre frå 18 meter. Over og utanfor.
54'
Frispark
Frå midtstreken. Hovland bankar den opp i feltet. Blir avklart.
50'
No må Vik opp eit hakk! Svært passive i starten på 2.omgang.
49'
Frispark
Hans lagar nytt frispark frå same posisjon. Innlegg - avklaring.
49'
Bremanger med god start på omgangen. Har skapt eit lite trykk på Vik.
48'
Ingenting ut av corneren.
47'
Frispark
Hans går for tøft i ryggen. Frispark i posisjon til innlegg. Bremanger sin største sjanse. Stig får ballen til corener.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vik leiar 2-0 til pause. Vik med full kontroll i store deler av omgangen. Kampen opna seg litt meir opp dei siste 10 minutta av omgangen. Dei fyrste 35 minutta var det lite som skjedde framfor måla.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+2'
Martin Stadheim jaktar eit svakt tilbakespel. Rekk nesten ballen.
45'
Frispark
Frå spissen av 16-meteren. Innlegg - avklaring.
45'
Eirik Berglund avsluttar frå svært spiss vinkel - beinparade frå keeper.
45'
Bremanger kjem flott gjennom på si venstre side. Godt stopparspel frå Bengt hindrar ein stor sjanse.
40'
Fabrice kjem til avslutning etter flott forarbeid av Martin. Rett på keeper frå 10 meter.
35'
Frispark
Idar skyt langt utanfor frå 30 meter
35'
Bremanger har heva seg litt no. Avsluttar eit flott angrep med skot langt over frå 17 meter.
32'
Hans Pedersen Grønningsæter må ut ein tur med naseblod. Ser ut som gode gamle Terry Butcher.
31'
Bremanger er tannlause. Vik har full kontroll på kampen.
28'
Hjørnespark
Innoverskrudd. Blir avklart på fyrste stolpe.
26'
Gult kort
Godt skot frå Bremanger -corner
23'
Mål!
2-0
Vik med mange spelarar i boks. Flott legg frå Eirik som Aleksander kontrollert headar i mål. Lekkert!
22'
Offside
19'
Mål!
1-0
Nydeleg mål. Handballopprulling av Vik. Martin Stadheim til Jaran Tryti til Fabrice, som breisidar ballen i mål frå 7 meter.
17'
Flott raid av Nigardsøy sentralt i bana, slepp ein medspelar gjennom aleine med keeper, men vinka for offside.
14'
Frispark
Bremanger får frispark 10 meter inn på VIk sin halvdel. Lang ball inn i feltet - ufarleg.
11'
Ballen er klart mest på Bremanger sin banehalvdel, men Vik slit med å få gode avslutningar.
5'
Stig Roar Hovland skyt sin fyrste ball til kast denne sesongen.
3'
Idar Holen skyt frå 35 meter. Midt på keeper.
2'
Vik legg seg relativt lågt i starten. Bremanger får trilla ball i bakre rekker.
Avspark Start 1. omgang
Vik fekk også utvist ein spelar siste seriekamp i 2022. Svein Erik "The Gentle Giant" Saglien må sjå dagens kamp frå tilskodarplass. Saglien (45) har vore Vik sin toppskårar i treningskampane i år. Dette er ein kamp som ville ha passa evigunge Saglien godt.
Bremanger har med seg berre ein spelar på benken til dagens kamp. Dei to som fekk raudt kort i siste kamp haustsesongen 2022, Kenneth Fosse Elde og Eirik Førde Rylandsholm, er med som tilskodarar.
Vik har vunne 4-0, 6-0 og 3-0 i dei tre siste heimekampane mot Bremanger og må seiast å vera klare favorittar her i dag.
For Bremanger er turen til Vik, ved sida av turen til Årdal, den lengste reisa denne sesongen. Ein reiseavstand på om lag 250 kilometer kvar veg er respektabelt. Me får håpa at spelarane har tatt reisesjuketabletten sin og kjem "fit for fight" til kampstart.
Velkomen til seriepremiere mellom Vik og Bremanger. Kampen går på kunstgrasbana i Vik. Meteorologisk institutt melder om 9-10 grader, svak vind og kanskje nokre dropar nedbør til kampstart kl.14.00.