Referat
Kun høydepunkter
Altanen på Vik stadion registrerte 12-2 i målsjansar i favør Årdal. Vik holdt stand i denne kampen fram til dei sprakk litt opp strukturmessig like før 0-1 skåringa. Laurdag om ei veke er det Eid som kjem på besøk. Då satsar me på at Vik er nullstilte og klar til kamp om tre poeng.
Årdal vinn komfortabelt 5-1, og kunne fort vunne mykje meir. Stig Roar redda eit større nederlag. Mittet var BB. Imponerande spel som fortener honnør. Truls Hovland var stor då han fekk rom å boltra seg i. Kombinasjonen Mittet, Hovland, Lereng vil gi Årdal mange mål denne sesongen. Me takkar begge lag og gode dommarar for kampen og ynskjer dei god tur heim.
Kamp slutt Slutt (1-5)
90+2'
Skot frå Hovland frå 29 meter. Utanfor.
90'
Hjørnespark
ufarleg. Returen ut til Joakim Skjerven som skyt utanfor frå 18 meter.
90'
Nydeleg spel frå Årdal. Pasning gjennom til Hovland som sender ein ferdigskåra pasning til ein Årdal-spelar som skyt midt på keeper frå 6 meter.
88'
Offside
Flott pasning frå Stokkebø, men Sondre er hårfint offside.
85'
Mål!
1-5
84'
Straffe!
Set ballen sikkert i mål
83'
Hjørnespark
Vik sin første sjanse i kampen. Flott angrep som endar i skot frå Stokkebø som keeper gir corner på. Corneren endar i kaos i feltet og straffe til Vik
82'
Gult kort
Denne kom for ei stund sidan...
82'
Gult kort
80'
Hjørnespark
Vik startar bak med Bengt. Etter 20 trekk blir det corner til Vik. Vik sitt beste angrep i kampen. Corneren endar i ingenting.
77'
Nydeleg pasning frå Stokkebø til Saglien - Nesten for Vik.
74'
Spillerbytte
73'
Spillerbytte
73'
Spillerbytte
73'
Aleksander med ein flott pasning gjennom til Jaran. Jaran skyt midt på keeper frå 18 meter. Keeper har god kontroll på den.
65'
Stor sjanse for Årdal. Legg i boks der kaptein Sæle har tatt eit tungt løp fram i bana. Han headar utanfor frå 7 meter
61'
Spillerbytte
61'
Spillerbytte
59'
Gult kort
Sparkar ned Truls Hovland.
55'
Truls Hovland skyt frå 14 meter - redning. Årdal held fram presset og skyt til slutt over.
52'
Enorm dobbelsjanse til Årdal. Hovland redder begge. Heilt aleine gjennom der, Årdal. Nydeleg framspel frå Mittet til Truls Hovland
47'
Stor sjanse til Årdal etter 20 sekund. Vik mister ballen på eigen halvdel og Årdal kjem aleine med keeper. Skotet går 5 cm utanfor stolpen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Heilt jamnt fram til 0-1. Etter det har Årdal vore suverent best. Vik har virka trøtte og har ikkje klart å flytta beint så raskt som dei første 30 minutta. Då har Mittet og Hovland fått dei romma dei likar å jobba i. Det har dei utnytta til fulle.
Slutt 1. omgang Pause (0-3)
45+1'
Samarbeidet mellom Hovland og Mittet har vore imponerande. I siste del av denne omgangen har dei diktert spelet og vist imponerande ferdigheiter.
40'
Både Brandsdal og Hunderi stiller i mørke solbriller på trenarbenken i dag. Ser ut som to karakterar frå "Men in Black" filmane.
25'
Heilt jamnt her i starten. Årdal har tatt litt over spelemessig dei siste minutta.
22'
Mittet med ein halvsjanse - corner
18'
Erlend Aase har gjort mykje bra i starten. Frisk så langt i dag den unge ferjebillettøren.
8'
Frispark
Innleggsposisjon. Blir offside i feltet.
8'
Mykje upresist i starten frå begge lag. Innlegg bak mål og sleiver til kast. Intensiv start, men med manglande presisjon.
3'
Stor sjanse til Truls Hovland. Får venda opp upressa i Vik sitt straffefelt. Set avslutninga 1 meter over.
Avspark Start 1. omgang
Det er sol, 16 grader og ein liten trekk frå nordvest. Med andre ord: strålande speleforhold på kunstgrasbana i Vik.
Tilsvarande oppgjer med mest fyr i teltet var tilbake i 2013. Då gjekk kampen på grasbana i Vik. Resultatet vart 1-1 etter mål av Kristoffer Valsvik og Preben Strypet. Då fekk Dag Einar Bøtun og Tim Teigen raudt kort. I tillegg vart det delt ut 6 gule. Dag Einar er ikkje med denne sesongen. Det hadde vore låge odds på gult kort til sauebonden frå Fresvik viss han hadde stilt til dyst i dag. Stig Roar Hovland og Truls Hovland var med den gongen, men då var dei som snille pusekattar og kom ikkje i dommaren si bok.
Kampen mot Årdal er den største kampen for vikjene i løpet av sesongen. Dette vil blir ein knallhard kamp med tøffe duellar og stor prestisje. Vikjene er garantert innstilt på å sende "TV-stjernene" frå industribygda tilbake til Årdal med 0 poeng, eit par blåmerker og rennande maskara.
Frå 2012 til 2021 spelte desse laga 8 kampar mot kvarandre i seriespel. 3 kampar enda med seier til Vik, 2 uavgjorte og 3 kampar enda med vinst til Årdal. Dei fire oppgjera då VIk spelte heime enda med 2-1, 1-1, 1-2 og 2-2. I Sesongen 2022 vart det seier til Årdal i begge kampane.
Dette blir ein svært spennande kamp mellom to lag med tre poeng i serieopninga. Vik slo Bremanger 3-0, mens Årdal møtte overraskande stor motstand mot Studentspretten, då dei til slutt gjekk sigrande ut etter eit seint mål og 3-1 seier.