Referat
Kun høydepunkter
Då er kampen slutt, og Florø vinn fortent 1-0. Sunnfjordingane tek dermed sin femte seier på bortebane i år, av fem forsøk. Imponerande. Vi takkar for følget, og ynskjer velkommen ved neste høve.
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+3'
VIF prøver seg, men avslutninga går over mål.
90+2'
Husa med frispark på 25 meter. Treff rett i den to manns store muren.
90'
Vi er på overtid.
87'
Florø-innbytar Omerovic er ikkje veldig ulik meir kjende Stefan Johansen. Om det er hårsveisen eller spelestilen som liknar mest, får andre bedømme.
84'
VIF med sin største sjanse i kampen. Udahl brenner til frå kort hald, men blir blokkert til corner. Nær 1-1 der!
80'
Florø kan gå mot sin femte strake seier på bortebane denne sesongen. Respekt.
78'
VIF med skotforsøk, men Frenderup er ikkje skremd.
74'
Meget fortent at Florø tek føringa. Har vore det dominerande laget i over 70 minutt.
67'
Heile 91 tilskodarar ser kampen. Mange av desse i Florø-drakt.
65'
VIF-frispark rett i klypene på keeper Frenderup.
64'
Rashad med ny avslutning i nettveggen.
62'
Om gjestene vil ha heng på Nest-Sotra er det berre tre poeng som er godt nok i dag.
60'
Florø har sju spelarar som alle har starta i løpet av sesongen utilgjengelig i dag.
53'
Rashad skyt i nettveggen - på ope mål! No er VIF heldige.
53'
Florø held fram med å køyre kampen etter pausen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0, men Florø har hatt fem-seks store sjanser. VIF har vel ikkje hatt nokon. Blir ein spennande andre omgang. Følg med!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Florø styrer banespelet og har full kontroll. To siste innlegga frå høgrekanten er signert Reksten og midtstoppar Hove. Det seier sitt kor høgt gjestene står med laget sitt.
44'
Ny stor sjanse for Florø! Får til slutt corner.
40'
To store sjanser på kort tid for Florø! Først er frispark som går like til side for mål. Eitt minutt seinare køyrer Kupen karusell med Enga-forsvaret. Han avslutter sirkuset med å skyte frå 15 meter - ballen fyk rett i tverra!
31'
Gjestene styrer, og er klart nærmast nettkjenning.
27'
Kupen kjem skrått aleine med keeper, men keeper reddar! Returen går ut til Solheim Olsen, men han får ikkje kontroll.
25'
Florø står for kampens andre sjanse. Rashad skyt frå distanse, keeper gir retur - men VIF får frispark like etter.
23'
VIF-2 keeper Klaesson er berre 15 år. Respekt.
22'
Husa klinkar til frå 20 meter. Keeper får fingertuppane på den, og slår til corner. Nær 0-1 der!
20'
Mykje feilpasningar har prega opninga på oppgjeret.
18'
Lite sjansar å melde om etter det første kvarteret.
Avspark Start 1. omgang
VIF2-trener Gard Holme er å finne på tribunen i dag. Han vart sendt dit i førre kamp, og held difor fram på tribuneplass i dag. Neste serierunde er nok Holme tilbake der han liker seg best - på trenerbenken.
Denne kampen blir hovudsakleg oppdatert med sjanser og mål.
Hei, og velkommen til liveoppdatering av kampen mellom VIF2 - Florø.