TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet. Ha ein fin fotballkveld vidare!
Avslutningar: 8-17. På mål: 5-6.
Ungarn tok leiinga tre gongar i dette oppgjeret, men Portugal utlikna kvar gong. Først sørgja Gera for 1-0 på eit fantastisk skot, men Nani utlikna etter direkte portugisisk spel. Dzsudzsák ordna 2-1 og 3-2, to scoringar som begge kom etter å ha vore borti ein motspelar først. Cristiano Ronaldo vaknar derimot til slutt i gruppespelet og sørgja for 2-2 og 3-3. Det første på eit utsøkt hælspark, det andre på ei typisk Ronaldo-heading.
Det endar 3-3 mellom Ungarn og Portugal etter ein ellevill fotballkamp. Ungararane var allereie klare for sluttspelet, og med dette resultatet blei også portugisarane det. I den andre kampen i denne gruppa vann Island 2-1 over Austerrike, noko som betyr at Portugal endar på 3. plass.
Kamp slutt Slutt (3-3)
90+4'
Publikum vil ha fleire scoringar og buar.
90+3'
Ungarn trillar ball. Ingen på Portugal er interesserte i å presse. Slik ting er no er altså begge laga vidare.
90+1'
Ungarn med dødball inne på Portugal sin halvdel.
90+1'
Minimum tre minutts tilleggstid her i Lyon. Skal vi få ei scoring på tampen her?
90'
Over mål frå Ronaldo.
90'
Frispark for Portugal. Veldig langt hald, men ingen bør bli overraska om Ronaldo prøvar seg på eit skot her. Over 30 meters hald.
87'
Ronaldo har elles rukke å bli historisk i dag. Han er nemleg den første som har scora i fire forskjellige EM-sluttspel.
86'
Cristiano Ronaldo med si n-te avslutning i dag. Eit par meter utanfor målet.
86'
Rolegare periode i kampen no. Ingen av laga satsar så altfor mykje framover.
83'
Ungarn trillar ball bake i forsvar no.
82'
Spillerbytte
82'
Innlegg mot Pepe inne i boksa. Over Real Madrid-stopparen.
81'
Spillerbytte
80'
Ronaldo ser ut til å bli felt, men får ikkje frispark. Han tek det med eit ironisk smil.
78'
Ricardo Quaresma vinn ballen høgt i bana og prøvar eit raskt skot. Utanfor mål.
76'
Bra sjanse for Portugal! Cristiano Ronaldo avsluttar på halvspretten og sender ballen via graset og over målet til Kiraly.
73'
Cristiano Ronaldo vinn ein duell inne i boksa. Stussar ballen godt til side for målet til Kiraly.
72'
Langpasning inn i portugisarane si boks. Rui Patricio kjem ut og plukkar ballen.
70'
Spillerbytte
69'
Joao Mario speler fri Ronaldo inne i boksa, men Real Madrid-spissen klarer ikkje å vende seg fri. Innkast til Portugal.
67'
I kampen mellom Austerrike og Island står det no 1-1. Det betyr at Portugal er oppe på 2. plass med betre målskilnad enn islendingane.
65'
Nok ein god sjanse for Ungarn! Ein ball blir klarert i eit ungarsk bein og like over målet til Patricio.
65'
Portugal i eit bra angrep, men Ronaldo blir avvinka frå offside.
64'
Veldig nære for Ungarn! Elek blir spelt fri foran mål og sender ei knallhard avslutning rett i stolpen. Der var Patricio sjanselaus. Enorm sjanse!
62'
Mål!
3-3
Portugal utliknar nok ein gong! Corneren blir slått presist inn i feltet der Ronaldo stig til vêrs og stangar ballen utakbart i nettet. 3-3 på Parc Olympique Lyonnais!
62'
Hjørnespark
61'
Spillerbytte
58'
Ronaldo og Mario kranglar inne i Ungarn si boks om kven som skal ha ballen. Det endar til slutt med at sistnemnde skyt i nettveggen frå skrått hald.
57'
Ein får velje å fokusere på angrepsspelet og ikkje det defensive i denne kampen. Ungarn har vore effektive, men samtidig har Portugal vore svake til å forsvare seg.
56'
Gult kort
55'
Mål!
3-2
Det står 3-2! Dzsudzsák skyt rett i muren på frisparket, men får så ballen tilbake, avanserer litt med kula og avsluttar, nok ein gong, via ein motspelar og i mål. For ein kamp dette er! Og det er også over ein halvtime igjen å spele!
54'
Nok eit frispark for Ungarn. Dzsudzsák er klar.
52'
Nok eit skummelt portugisisk innlegg frå høgre. Forbi alle i feltet.
52'
Etter mange 0-0-kampar i det siste er det befriande at vi også får eit oppgjer der begge lag stormar i angrep. Fire mål så langt, det blir garantert fleire!
50'
Mål!
2-2
For ei scoring! 2-2! Mario slår eit lavt innlegg inn i boksa, og Cristiano Ronaldo stormar inn i feltet og flikkar ballen elegant i mål med hælen. Det er litt av ein kamp vi har fått her i Lyon!
49'
Nære på for Ungarn igjen! Det er fullstendig kaos i Portugal-forsvaret og Lovrencsics kjem til avslutning inne i boksa. Ballen blir dessverre for Ungarn sendt i nettveggen.
49'
Dermed må Portugal fram og score mål igjen, for i augneblinken er dei ute av EM!
47'
Mål!
2-1
Så står det plutseleg 2-1 til Ungarn! Dzsudzsák skyt frisparket via Gomes i muren, noko som fører til at Patricio går feil veg og blir heilt utspelt. Ungarn sjokkopner også denne omgangen!
46'
Frispark til Ungarn i bra posisjon. Dzsudzsák er sjølvskriven her.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Begge lag skal gjere endringar her.
Ungarn er som kjent allereie vidare, men kan hamne på 3. plass om Portugal skulle vinne her. Portugal er i augneblinken vidare som eitt av dei beste trearlaga, men Ronaldo og co ynskjer nok å gjere det betre enn det. Vi har ein svært spanande omgang i vente!
Det står 1-1 på resultattavla på Parc Olympique Lyonnais i det Ungarn og Portugal ruslar i garderobene etter dei første 45 minutta. Portugisarane opna klart best, men det var det ungarske mannskapet som scora først då legenda Zoltan Gera banka ballen vakkert i buret etter ein corner. Portugal streva stort etter dette, men like før pause tok så Ronaldo ansvar og tredde Nani nydeleg igjennom. Sistnemnde avslutta kontant i nærhjørnet til Kiraly.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+1'
Det blir lagt til minimum eitt minutt.
45+1'
Portugal er framleis på 3. plass ettersom Island leiar mot Austerrike, så vi har nok ein svært spanande 2. omgang i vente om litt.
45'
Szalai avsluttar på halvvolley. Det ser spektakulært ut, men Patricio reddar greitt.
42'
Mål!
1-1
Så sit plutseleg utlikninga for Portugal! Ronaldo trer igjennom Nani og sistnemnde avsluttar hardt i korthjørnet forbi Kiraly. Direkte og hurtig spelt. 1-1 i Lyon!
41'
Hjørnespark
Gera kjem til nok ei avslutning, men frå skrå vinkel og under hardt press sender den tidlegare Fulham-spelaren ballen over mål.
41'
Bra angrep av Ungarn. Pepe får klarert til corner.
39'
Hjørnespark
Blir teke hurtig og Ronaldo får ballen tilbake og slår inn i feltet. Pepe sklir ballen inn framføre mål der Joao Mario så puttar den i buret. Assistentdomaren vinkar derimot for ein soleklar offside.
39'
Den grå og romslege joggebuksa til keeper Kiraly er våt og skiten no. Har klart seg bra hittil i oppgjeret, men samtidig ikkje blitt stilt på altfor tøffe oppgåver.
37'
Hjørnespark
Kiraly kjem ut og får rydda unna ballen. Ikkje elegant, men effektivt.
35'
Ronaldo går for skot på frisparket. Utanfor.
35'
Gult kort
Målscorar Gera ser seg nøydd til å rive Gomes over ende, og får Ungarn sitt tredje gule kort i kampen.
35'
Andre Gomes vinn ballen høgt i bana, men blir felt.
34'
Jubel frå Ungarn-fansen kvar gong dei slår ei støttepasning. 'Olé!' rungar det ut over delar av tribunene i Lyon.
33'
Ungarn er for øvrig inne i sitt tredje EM. Dei var også med i 1964 og 1972. Då enda dei på henhaldsvis tredje- og fjerdeplass, men det skal leggjast til at meisterskapet bestod av langt færre lag.
29'
Hjørnespark
Ungarn strevar med å klarere, men portugisarane er ikkje vakne nok inne i boksa og klarer ikkje å utnytte dette.
29'
Cristiano Ronaldo går for avslutning på frisparket. Kiraly reddar greitt. Corner.
28'
Gult kort
Går tøft inn i ryggen på ein motspelar. Dermed har berre Ungarn sine midtstopparar fått gult kort.
27'
Det er faktisk Ungarn som har vore vassast offensivt etter scoringa. Portugal har endå ikkje klart å få si store stjerne Cristiano Ronaldo skikkeleg i gong.
26'
Pepe prøvar å slå opp i bakrom til Ronaldo, men ballen frå Real Madrid-lagkameraten går utover sidelinja.
24'
Nære på for Ungarn igjen! Elek kjem til avslutning frå spiss vinkel, men Patricio får redda.
21'
No har for øvrig også Island teke leiinga mot Austerrike. Det betyr at både Portugal og Austerrike i augneblinken er ute av EM!
19'
Mål!
1-0
Sjokkopning i Lyon! Ronaldo klarerer corneren, men ballen går berre i returromet der veteranen Zoltan Gera dempar ballen på kassa og bankar den i mål med venstrefoten, utakbart for Patricio. 1-0 til Ungarn!
19'
Hjørnespark
19'
Ungarn kjem fram på kant, og det er ikkje langt unna at det påfølgjande innlegget blir ekspedert mot mål. Corner blir det i staden.
18'
Dzsudzsák prøvar å tre ei pasning igjennom Portugal-forsvaret, men mislukkast.
17'
Hjørnespark
Utspel frå mål blir resultatet til slutt.
17'
Hjørnespark
Blir teke kort og endar til slutt med nok eit hjørnespark.
17'
Vieirinha kjem til heading inne i feltet, men forsøket går via ein motspelar og til corner.
15'
Moutinho står klar med frisparket. Slår det inn i boksa, men ein medspelar blir avvinka for offside og ein potensiell sjanse uteblir.
14'
Gult kort
Guzmics feller Nani og får kampens første gule kort.
14'
Blir slått inn i boksa, men portugisarane klarerer greitt.
13'
Frispark til Ungarn i grei innleggsposisjon.
11'
Hjørnespark
Blir enkelt stanga unna av Juhasz. Returen hamnar etter kvart hos Nani, men den tidlegare Manchester United-spelaren headar over mål.
8'
Hjørnespark
Tidenes eldste EM-spelar, Ungarn-keeper Kiraly, plukkar ballen etter ei laus heading.
8'
Portugal kontrar ved Nani, men det endar berre med eit hjørnespark.
7'
Hjørnespark
Bra slått, men portugisarane får ordna opp.
7'
Ingen tvil om at Portugal har kome best i gong her.
6'
Ballen blir slått inn i feltet, men klarert ut i returromet der Joao Mario avsluttar godt over mål.
5'
Det ser ut til at Moutinho skal ta frisparket.
5'
Ronaldo blir felt og Juhasz får tilsnakk. Det blir nok kort neste gong.
4'
På det ungarske laget har Bernd Storck bytta ut Kadar, Nagy, Kleinheisler, Stieber og Priskin til fordel for Korhut, Elek, Lovrencsics, Pinter og Szalai.
3'
Nære på for Portugal! Nani blir spelt fri i bakrom, men øydelegg ein stor sjanse med eit svakt medtak.
2'
Hjørnespark
Blir klarert ved første stolpe.
1'
Den engelske domaren Martin Atkinson bles i gong oppgjeret!
Avspark Start 1. omgang
Fernando Santos gjer nokre endringar på laget sidan sist. Eliseu og Joao Mario erstattar Guerreiro og Quaresma.
Portugal er det laget som har skapt femte flest forsøk hittil (50), men berre eitt har hamna i mål, noko som gjer laget til eitt av dei mest ineffektive. Berre Ukraina og Austerrike har scora færre. Ungarn har på si side scora på 3 av 27 forsøk.
Historisk sett har Portugal hatt eit veldig godt tak på Ungarn. Over dei ti føregåande møta er statistikken 7-3-0 i favør portugisarane. Sist dei møttest var i VM-kvalifiseringa til meisterskapet i Sør-Afrika. Simao (2) og Liedson ordna scoringane i 3-0-sigeren.
Ungarn toppar på si side gruppa etter dei to første rundene etter 2-0 over Austerrike og 1-1 mot Island. Dei er garantert vidare allereie, men må vinne for å vere garantert gruppesiger. Det må vere eit bra utgangspunkt for kampen!
Storlaget Portugal har skuffa stort dei to første kampane i det som i utgangspunktet burde vere ei overkomeleg gruppe. Trass i at laget leia mot vesle Island klarde debutantane å kome tilbake i kampen og utlikne til 1-1 i den 1. runda. I neste runde, mot Austerrike, klarde ikkje Portugal å få ballen i mål trass i at dei fekk straffespark. Det betyr at portugisarane må ha minst eitt poeng i kveld for å avansere til utslagsrundene. Ettersom både Tyrkia og Albania har 3 poeng og minusmål vil poengdeling vere nok for Fernando Santos sitt mannskap. Vi vel likevel å tru at Cristiano Ronaldo og co går for siger og ein eventuell gruppesiger.
Hei og velkomen til det svært viktige og spanande oppgjeret mellom Ungarn og Portugal i EM si gruppe F!