Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet for denne gong. Det blir meir engelsk fotball i morgon, og den verkelege godbiten blir Manchester City-Chelsea klokka 17. Den kampen kan du sjølvsagt fylgje her hos oss. Ha ein fin laurdag vidare!
Det endar altså 2-2 på White Hart Lane i ein svært underhaldande kamp. Tottenham var det beste laget totalt sett, men samtidig så fortente Stoke poeng ettersom dei aldri gav opp.
'A game of two halves' er klisjeen å bruke om denne kampen. Tottenham dominerte før pause og leia fortent 2-0 etter mål av Dier og Chadli. I 2. omgang viste derimot Stoke heilt andre takter, sjølv om også Spurs skapte nokre gode sjansar. Mark Hughes sitt lag viste mykje meir vilje og hadde også langt meir ballinnehav enn før kvilen, og sjefen sjølv bidro også mykje med eit smart innbyte av Ireland og Joselu. Sistnemnde ordna straffespark som Arnautovic ekspederte i mål kvarteret før slutt, og like etter sørgja Ireland for ei flott pasning som Diouf kunne putte i mål frå kort hald.
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+5'
Spurs med frispark på eigen halvdel. Brukbar bra med tid og sender opp litt folk.
90+4'
Kort tid att å spele. Dette endar nok uavgjort.
90+4'
Lamela vrir ballen inn i boksa, men Butland kjem ut og plukkar enkelt.
90+3'
Lamela med ballen for Spurs. Heimelaget prøvar å skape noko no, men Stoke jobbar hardt defensivt også.
90+2'
Lite som tyder på at Spurs kan score endå fleire mål her. Merkeleg at manager Pochettino tok av Kane med nesten ein halv time igjen å spele.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt her.
90+1'
Arnautovic slit med å halde seg på beina og må av.
89'
Knuffing blant spelarane også no. Afellay, Pieters og Walker er blant dei involverte.
89'
Diouf kjem til avslutning igjen. Rett på Lloris frå sju-åtte meters hald.
89'
Diouf avanserer langs høgresida og prøvar å slå inn. Vertonghen får beina ballen vekk. Innkast for Stoke.
87'
Nære på for Stoke! Arnautovic chippar inn i feltet der Ireland har skaffa seg rom. Pasninga er litt for høg og innbytaren klarer ikkje å sende headinga på mål. Tottenham sitt midtforsvar har slitt inne i boksa i dag!
87'
Vertane står litt høgare i bana no. Skal dei klare å ta sigeren likevel heilt på tampen?
87'
36.004 tilskodarar på White Hart Lane i dag. Storparten av dei trur nok ikkje det dei ser i augneblinken.
85'
Stoke jaktar scoring nummer tre no! For ein prestasjon det vil vere om dei klarer å snu dette heilt rundt!
82'
Glen Johnson med ei sjeldan offensiv involvering. Eit godt innlegg endar med corner.
81'
Spurs kontrar. Endar etter kvart med eit skot frå Dembele som blir blokkert.
80'
Stoke jaktar scoring nummer to no.
78'
Stoke får straffe på White Hart Lane!
76'
Det er knuffing blant supportarane på tribunene og vaktene har litt å stri med.
71'
Spurs har meir og meir rom å boltre seg i no. Kan fort kome ei tredje scoring her.
70'
Dobbeltsjanse for Spurs! Dembele hamrar til frå utanfor boksa, men Butland får stoppa forsøket. Ballen går så til Lamela, men skotet hans blir blokkert før det når fram til Tottenham-målet.
69'
Arnautovic tek dødballen sjølv, men sender den håplaust bak mål.
68'
Marko Arnautovi? blir halde i trøya av Lamela og får frispark i god innleggsposisjon.
66'
Stoke har hatt nærare 70% ballinnehav etter kvilen. Stikk motsett av korleis ting var før pause.
64'
Det var for øvrig Stephen Ireland som hadde pasninga til Diouf sin sjanse. Iren viser at han framleis kan!
62'
Stor moglegheit for Stoke! Diouf får ein strålande crossar inn i boksa, men frå kort hald maktar han ikkje å overliste Lloris. Den franske kapteinen er kjapt oppe med nevane og stoppar headinga frå den tidlegare Molde-spissen.
61'
Mark Hughes med sine første byte i kampen. Spanske Joselu er ny i Stoke etter at han kom frå Hannover. Han står for øvrig med 1 kamp i Real Madrid, tilbake i 2011.
56'
Veldig fram og tilbake på White Hart Lane no. Ei tredje Spurs-scoring vil nok definitivt sikre sigeren.
55'
Mason skjer innover mot midten og prøvar eit skot, men ballen trillar til side for buret til Butland.
54'
Stoke prøvar seg! Walters får stå heilt umarkert å heade inne i vertane si boks, men klarer ikkje å styre innlegget på mål. Den bør Stoke-spelaren få meir ut av!
53'
Pieters med eit brukbart innlegg frå venstre. Dier får derimot klarert nokså greitt.
52'
Veldig nære 3-0! Chadli finn Kane inne i femmeteren til Stoke, men avslutninga frå Spurs sin nye nummer 10 blir stoppa av Butland. Fantastisk reaksjonsredning!
52'
Alderweireld finn Walker med ei fantastisk langpasning, men sistnemnde sitt påfølgjande innlegg blir plukka av Butland.
50'
Kane og Spurs prøvar ei kontring, men det heile stoppar opp før det blir farleg.
49'
Arnautovic slår inn, men Davies stangar greitt unna.
48'
Walters blir felt og Stoke får frispark i god posisjon.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Tottenham leiar fortent 2-0 etter ein underhaldande 1. omgang på White Hart Lane. Eric Dier scora det første etter ein presis corner frå Eriksen i det 19. minutt, og på overtid i omgangen dobla Chadli leiinga etter pasning av Davies. Stoke har ei enorm oppgåve framføre seg etter kvilen.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+1'
Spurs svarar i motsett ende! Kane viser at han har ein flott pasningsfot i det chippar Mason igjennom inne i boksa. Mason må avslutte raskt, men Butland får stoppa forsøket.
45'
For ein sjanse for Stoke! Mame Biram Diouf blir spelt nydeleg fri inne i boksa, men frå fem-seks meters hald klarer han ikkje å overliste Lloris. Kjempeinngripen av den franske målvakta.
43'
Greit forsøk av bortelaget. Arnautovic kjem seg inn i boksa med ballen, men den påfølgjande avleveringa er ei blanding av skot og innlegg og endar utanfor mål.
42'
Det har ikkje vore mykje gamal storheit å spore i Ibrahim Afellay hittil. Etter at han slo igjennom i PSV har han vore innom Barcelona, Schalke (lån) og Olympiakos (lån). I følgje statistikkane har han berre laga sju klubbmål sidan 2011.
38'
Nacer Chadli kjem åleine igjennom etter ei nydeleg langpasning av Eriksen, men den belgiske spelaren skuslar vekk ein glimrande sjanse med eit håplaust medtak.
36'
Afellay prøvar å trengje gjennom i midten med kula, men blir enkelt stoppa av vertane sitt stopparpar.
35'
Litt rolegare periode i oppgjeret no.
33'
Harry Kane hamrar ballen i mål, men blir korrekt avvinka for offside.
33'
Tidlegare Tottenham-spelar Peter Crouch får jubel frå heimefansen i det han startar oppvarminga på sidelinja. Enda til slutt opp med 12 mål på 73 kampar for Spurs.
30'
Eriksen vinn att ballen høgt i bana for Spurs, men den påfølgjande pasninga endar i ingenmannsland.
27'
Mason med eit håplaust skotforsøk frå langt hald. Blir enkelt blokkert.
25'
Stoke kjem til innlegg, men Lloris plukkar enkelt.
25'
Det påfølgjande frisparket blir slått forbi alle i feltet. Svakt av gjestane.
23'
Spurs får altså lønn for strevet etter ein god start på kampen. Det kvitkledde har hatt initiativet gjennom heile oppgjeret og også skapt to gode sjansar før det til slutt blei scoring.
19'
Mason fyrar av frå langt hald, men skotet går via ein Stoke-spelar og over mål. Corner nummer tre for Spurs.
14'
Ein hittil lite involvert Kane prøvar å finne Chadli med ei langpasning, men mislukkast. Også Kane har prega overgangsrykta i det siste, men samtidig har han sjølv uttalt at han vil bli ei legende i hans noverande klubb.
12'
Plutseleg er det Stoke som får ein farleg sjanse! Lloris sender ei klarering rett til Diouf inne i boksa, men den franske målvakta rettar opp sin eigen feil med ei god redning. Er nok litt rusten etter eit langt skadeavbrekk, Spurs sin kaptein.
11'
Ben Davies har tid og rom på venstresida, men sender innlegget bak mål. Svakt av den tidlegare Swansea-spelaren.
10'
Spurs med konstant ballinnehav. Dei kvitkledde har fått ein veldig bra start på oppgjeret.
9'
Nesten igjen for heimelaget! Eriksen skyt frisparket lavt i motsett hjørne, men Butland rekk å kome seg ned og få slått unna. Nok eit hjørnespark.
8'
Dier blir felt i det som er ein meget god posisjon. 17-18 meters hald.
7'
Godt forsøk for Spurs! Stoke misser kula på eigen halvdel og Eriksen får avansere og avslutte. Butland er derimot på plass og reddar. Corner.
5'
Walters prøvar eit skot frå distanse, men Mason kastar seg inn og får blokkert.
5'
Også Spurs har ein ny spelar som endå ikkje har fått sin debut. Kamerunaren Clinton N'Jie har signert frå Lyon på ei femårskontrakt. Samtidig gjekk spanske Roberto Soldado tilbake til heimlandet etter eit skuffande opphald i London. Spissen gjekk til Villarreal.
2'
Gjestane får klarert. Spurs beheld kula.
2'
Frispark til Spurs i grei innleggsposisjon.
1'
Stoke sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Robert Madley er mannen som skal døme oppgjeret. Han er 29 år gamal og har vore Premier League-domar sidan 2013.
No er begge laga på veg ut på bana.
Mark Hughes manglar også nokre viktige spelarar. Bojan Krkic, Peter Odemwingie og Ryan Shawcross er blant dei han må klare seg utan.
Spurs-manager Pochettino må unnvere blant andre Andros Townsend til oppgjeret. Danny Rose har vore skadd, men har likevel fått seg ein plass på benken.
Det interessante kjøpet Xherdan Shaqiri er ikkje klar for spel i Stoke-trøya heilt endå, men ein annan spanande nykomar, Ibrahim Affelay startar nok ein gong for bortelaget. Den einaste endring på laget Mark Hughes har gjort er at Adam har gått av til fordel for Arnautovic.
Spurs har to endringar på laget som tapte førre helg. Bentaleb og Vorm har gått ut til fordel for Mason og Lloris. Sistnemnde har blitt linka vekk, men er framleis å finne på White Hart Lane altså.
Begge laga opna sesongen med eit 1-0-tap kvar. Tottenham måtte til slutt sjå seg slått på Old Trafford i ein jamn kamp der heimelaget fekk scoring etter at Kyle Walker putta ballen i eige nett. Stoke tapte på si side heime mot Liverpool etter ei mål imot på tampen av oppgjeret.
Hei og velkomen til livedekning av det meget spanande Premier League-oppgjeret mellom Tottenham og Stoke!