TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet for denne gong. Meir Premier League-fotball blir det i morgon, når Southampton-Norwich og Swansea-Manchester United går av stabelen. Ha ein fin laurdagskveld vidare!
Spurs speler dermed sin tredje uavgjortkamp på rad, og sesongens første siger let framleis vente på seg. Everton er på si side fornøgde med poeng i ein vanskeleg bortekamp, og grunnen til at dei fekk det var mannen heilt bakerst: Tim Howard. Amerikanaren stod som ein vegg heilt bakerst og tok det som kom.
Utruleg nok endar det 0-0 mellom Tottenham og Everton. Heimelaget var klart best og skapte 8-9 gode sjansar, men Kane og co klarde ikkje å få ballen i nettet. Everton kom til oppgjeret med ein defensiv tankegang og lukkast til slutt med det, sjølv om også dei hadde nokre sporadiske offensive bidrag.
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+4'
Mirallas får til ei heading etter frisparket, men forsøket går rett på Lloris.
90+4'
Frispark til Everton sekund før slutt. Skal dei klare å stele sigeren?
90+3'
Amerikanaren brukar sjølvsagt bra med tid.
90+3'
Alli prøvar å vende opp med kula, men mislukkast. Utspel frå Howard.
90+2'
Spurs pressar på no!
90+2'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90+1'
Gult kort
Kastar ballen i bakken i frustrasjon etter at Everton har fått frispark.
90+1'
Gerard Deulofeu prøvar å legge inn, men Spurs får rydda unna. Everton beheld likevel ballen.
90'
Bortelaget kontrar.
90'
Ikkje mange minutta att å spele her. Skal vi få ein vinnar heilt på tampen?
89'
Hjørnespark
Blir teke kort. Endar til slutt med eit innkast.
87'
Alli prøvar å setje fart, men innbytaren får raskt to spelarar i blått på seg og misser kula.
85'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
84'
Barkley viser nokre gode finter inne i Spurs si boks, men skotkvaliteten er det verre med og ballen skrur fleire meter utanfor buret.
82'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
82'
Tidlegare Barcelona-spelar Gerard Deulofeu har fått på seg drakta og er klar til å kome inn.
81'
Mirallas skrur ballen ein god meter over mål. Ufarleg.
81'
21-22 meter frå mål. Litt skrått hald.
81'
Mirallas og Barkley står klare.
80'
Nok eit frispark til gjestane. På skothald denne gongen!
79'
Rose prøvar seg med ei avslutning. Høgt, høgt over mål.
79'
Barkley kjem eg inn i boksa med ballen, men heimelaget får ordna opp.
79'
Lavt slått og Spurs får klarert ved første stolpe. Dårleg utnytta.
78'
Barkley med frispark. Skal slå det inn i boksa.
77'
Mykje fram og tilbake her no. Kan fort ende begge vegar, dette!
76'
Harry Kane får til slutt ballen i mål, men dessverre for heimefansen har det allereie blitt vinka for offside.
74'
Mange tøffe duellar her no. Det er få av spelarane som går forsiktig inn i taklingane.
73'
Så er det Everton som prøvar seg! Kone kjem først på eit innlegg og headar ballen like utanfor mål. Godt forsøk, det!
71'
Berre 20 minutt att å spele no. Utruleg om dette skulle ende 0-0!
70'
Spillerbytte
70'
Stones går skummelt inn i den nemnde situasjonen, men samtidig dett Alli veldig lett over ende.
69'
Alli går i bakken inne i Everton sin sekstenmeter, men domar Mike Jones vinkar spelet vidare. Kan bli interessant å sjå den om att!
67'
Dobbeltsjanse for Spurs! Heimelaget trykkar på og både Kane og Chadli har gode forsøk. Skotet frå Kane blir blokkert medan Chadli set returen over mål.
66'
Mauricio Pochettino ser ikkje spesielt fornøgd ut der han står på sidelinja. Han har ikkje altfor mykje offensivt tilgjengeleg på innbytarbenken heller. Erik Lamela er nok det mest opplagte bytet han kan gjere.
64'
Alli prøvar å dempe med seg ballen inn mot mål, men Oviedo gjer ein god forsvarsjobb og får skjerma kula utover sidelinja.
62'
Frisparket blir slått inn mot bakerste stolpe, men det har Barry sprunge seg i offside og flagget kjem opp. Svakt av den rutinerte spelaren.
61'
Gult kort
Nok ei knallhard takling, og denne gongen blir det både frispark imot og gult kort.
61'
Domareen får roa det heile ned og Everton kan ta frisparket dei hadde fått. Det sender Barkley rett i ein Spurs-spelar.
60'
Knuffing på White Hart Lane no. Dier og Lukaku er hovudsyndarane.
59'
Gult kort
Bentaleb prøvar å byte til seg drakta før kampen er over, og blir dermed belønna med eit gult kort. Spurs sitt første i oppgjeret.
58'
Nære på for vertane igjen! Everton er tidvis sløve i det defensive arbeidet og ved dette høvet dett plutseleg ballen ned i beina på Alli. Frå spiss vinkel klarer han ikkje å avslutte godt nok.
58'
Oviedo med eit godt innlegg frå venstre. Lukaku er under hardt press og klarer ikkje å kome skikkeleg på ballen.
57'
Gult kort
Alli får det gule kortet etter å ha stilt seg i vegen for eit frispark.
55'
Kjempesjanse for Spurs! Everton klarer ikkje å klarere i eige felt og Mason får plutseleg stå åleine og avslutte frå sju meters hald. Howard er derimot i storform og reddar også dette forsøket på strålande vis. Utruleg at det står 0-0 her!
53'
Spillerbytte
53'
Vertane prøvar å drage i gong eit angrep, men unøyaktigheit i pasningsspelet øydelegg.
51'
Dembele blir liggjande att utanfor bana etter å ha pådrege seg noko som kan vere ei vridning. Får behandling av støtteapparatet.
51'
Kane får heada ned til Chadli som prøvar eit skot. Det mislukkast.
50'
Tillaup til panikk i Everton-boksa. Nære på at Kane får avslutta frå klass hald.
50'
Chadli slår inn i boksa. Stones får reinska unna.
47'
Hjørnespark
Gjestane stangar enkelt unna.
47'
Dembele skaffar ein corner for heimelaget.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause etter ein til tider sjåverdig kamp mellom Tottenham og Everton. Heimelaget har vore klart best og også skapt fleire gode sjansar. Harry Kane ventar framleis på sesongens første scoring, og spissen burde absolutt ha fått den i 1. omgang. Midtvegs i omgangen kom han plutseleg mutters åleine med Howard, men målvakta redda flott den ikkje altfor gode avslutninga frå spissen som scora 21 ligamål førre sesong. Vi gler oss til dei siste 45 minutta, og mest av alt ynskjer vi oss mål!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+5'
På overtid av overtida no.
45+3'
Chadli kjem seg til dødlinja og får lagt inn, men forsøket går bak mål. Det har ikkje vore altfor god kvalitet på innlegga hittil i oppgjeret.
45+2'
Coleman blir nesten spelt fri inne i boksa, men Vertonghen kjem raskt til å får stoppa høgrebacken.
45+2'
Som følgje av skadeavbrekket får vi fire minutt tilleggstid denne omgangen.
45'
Spillerbytte
45+1'
Cleverley får applaus at både Tottenham- og Everton-supportarane på stadion. Fin gest. Får håpa midtbanespelaren ikkje blir lenge ute.
45'
Kevin Mirallas skal inn.
44'
Båra har kome utpå bana no. Cleverley må nok bytast ut.
43'
Ser ikkje bra ut for Cleverley her. Får behandling av det medisinske apparatet.
43'
Dier med ei knallhard takling på Cleverley. Spurs-spelaren treff riktig nok ballen først, men går samtidig veldig tøft inn. Det blir heller ikkje frispark til bortelaget, og Cleverley blir også liggjande å vri seg på grasmatta.
41'
Walker kjem fram frå høgrebackposisjonen sin for første gong i kampen, men det påfølgjande innlegget kjem for nært Howard og målvakta plukkar greitt.
39'
Lloris med ein stygg klareringsfeil. Franskmannen sender ballen rett til ein Everton-spelar, men dei blå klarer heldigvis for han ikkje å utnytte det.
37'
Gult kort
Barry får sitt første gule kort for sesongen i det han prøvar å hindre Kane i å drage i gong ei kontring.
37'
Lukaku har lege mykje på høgrekanten hittil, medan Kone har vore lengst framme. Så langt har ikkje nokon av dei utmerka seg.
36'
Lenge sidan The Toffees har fått til noko offensivt no. Spurs har vore klart best hittil og også skapt fleire gode moglegheiter.
35'
Chadli slår ballen inn i Everton si boks. Går forbi alle.
34'
Hjørnespark
Endar i ingenting.
32'
Hjørnespark
Godt forsøk! Alderweireld vinn duellen inne i feltet og får heada mot mål. Howard får fista ballen over. Nytt hjørnespark.
32'
Kane prøvar å tråkle seg gjennom gjestane sitt forsvar. Får ein corner.
31'
Coleman prøvar å dra seg forbi Rose, men Spurs-spelaren vinn greitt.
30'
Heimelaget med ei avslutning frå distanse. Howard har god kontroll og får slått unna kula.
30'
Stones og Kane i duell. Den Chelsea-aktuelle stopparen tapar kampen veldig enkelt.
29'
Hjørnespark
Blir teke kort før Mason slår ballen utover sidelinja.
28'
Endå ein stor Spurs-sjanse! Mason blir spelt fri bak Everton-forsvaret og prøvar eit skot på direkten. Howard er nok ein gong på plass og reddar med ei god beinparade.
27'
Det er framleis måltørke på Kane altså, men det er likevel eit bra teikn at han kjem til sjansar.
25'
Kane var nok så vidt offsideplassert når pasninga kom, så det var kanskje rettferdig at han ikkje klarde å få ballen i mål.
23'
For ein bom! Harry Kane blir plutseleg spelt heilt åleine igjennom etter ei utsøkt pasning av Mason. Spissen har god tid når han kjem mot Howard, men den amerikanske målvakta reddar avslutninga meisterleg. Der skal ein spiss score!
23'
48-52 i ballinnehav hittil i oppgjeret.
21'
Barkley fyrer av i motsett ende. Sender ballen nesten utanfor stadion.
20'
Kane fyrer av frå distanse. Kula skrur godt til side for målet til Howard.
19'
Nok eit Spurs-innlegg. Bortelaget får blokkert.
18'
Heimelaget svarer med eit godt innlegg frå venstre. Mason kjem først på ballen, men treff den knappast.
18'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
17'
Nære på for Everton! Walker rotar ballen vekk rett utanfor eigen sekstenmeter og Cleverley får ein god sjanse. Den tidlegare Manchester United-spelaren fyrer av eit godt skot som Lloris fistar over mål. Corner.
15'
God sjanse for vertane! Chadli slår flatt ut til Bentaleb som avsluttar like utanfor frå 16 meters hald.
14'
Cleverley prøvar å finne Lukaku inne i boksa, men utføringa er for svak og Lloris kan enkelt plukke.
14'
Veldig roleg åpning på kampen. Spurs har eit visst initiativ, men Everton har så langt forsvart seg upåklageleg.
11'
Harry Kane med kveldens første avslutning etter at Spurs vinn ballen tilbake. 2-3 meter utanfor buret til Tim Howard.
10'
Chadli rullar bra ut til Mason, men innlegget frå sistnemnde er håplaust og går bak mål.
8'
Gjestane forsvarer seg djupt og godt i starten her. Har alle 11 på eigen halvdel når Spurs har kula.
8'
Fjorårskometen Harry Kane har hatt ein skuffande start på sesongen, med verken mål eller målgjevande på dei tre første kampane. Førre sesong enda han på 21 i ligaen, så det er absolutt på tide å starte å putte om han skal klare det same i 2015-2016.
3'
Bra samspel mellom Cleverley og Lukaku. Ikkje langt unna at sistnemnde får avslutta inne i boksa.
3'
Barkley skjer innover med ballen, men misser kontrollen over den før det blir farleg. Har opna sesongen godt 21-åringen, og står allereie med to scoringar og ein assist.
1'
No er vi i gong. Mike Jones er for øvrig kveldens domar.
Avspark Start 1. omgang
Nykomar Son har akkurat blitt presentert på stadion. Med eit slikt namn vil ha nok bli eit ynda objekt for tabloidavisene, uansett korleis det skulle gå i den kvite trøya.
Tilsvarande møte førre sesong enda for øvrig 2-1 etter mål av henhaldsvis Eriksen, Soldado og Mirallas. Spanske Soldado har dessutan sett ut til å få ein ny vår i sitt heimland etter returen, med fleire scoringar for sin nye klubb Villarreal allereie.
Heimelaget frå Nord-London har hatt eit godt tak på Everton dei siste åra. Dei står med tre strake sigrar i ligamøta, og vi må tilbake til 2012 for å finne sist Liverpool-laget sist tok alle tre poenga. Når det gjeld møta på White Hart Lane var det sist i 2008 at Everton vann. Den gongen vann laget 1-0 etter eit sjølvmål av Vedran Corluka.
The Toffees har på si side Leighton Baines, Brendan Galloway, Steven Pienaar, Darron Gibson og Tony Hibbert blant dei på skadelista.
Spurs har nettopp signert Heung-Min Son frå Bayer Leverkusen, men sør-koreanaren har ikkje fått dei nødvendige papira i orden endå. Eit stort tap er det også at viktige Christian Eriksen er ute med skade.
Roberto Martinez sitt Everton ligg på si side på 9. plass på tabellen, etter 1-1-1 hittil. Førre kamp enda med 0-2 heime for Manchester City, det einaste laget som hittil ikkje har avgitt poeng.
Heimelaget Tottenham jaktar framleis sin første siger denne sesongen etter 0-2-1 så langt. Etter tap for Manchester United i ligaopninga har det sidan blitt poengdeling både mot Stoke og Leicester. Mot Stoke klarde dei til og med å rote vekk ei forhaldsvis trygg 2-0-leiing.
Begge laga er ute, og som vi ser startar den mykje omtalte John Stones i midtforsvaret til Everton. Men med Chelsea sitt svært overraskande 2-1-tap heime for Crystal Palace for kort tid sidan blir nok ikkje presset etter å hente det unge Everton-talentet mindre.
Hei og velkomen til livedekning av det spanande Premier League-oppgjeret mellom Tottenham og Everton!