TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin onsdagskveld vidare!
Avslutningar: 21-4. På mål: 12-3.
Tottenham er klare for sluttspelet i Europa League etter ein fullt fortent siger over CSKA Moskva i London. Champions League-eventyret tok slutt førre runde då dei tapte mot Monaco, men no har framleis klubben ein sjanse til å kjempe om eit europeisk trofé. I starten av kveldens oppgjer sløsa Spurs valdsamt og det var faktisk CSKA som tok leiinga ved Dzagoev. Heimelaget svarte derimot nokså umiddelbart ved Alli, før Kane sendte kvittrøyene i leiinga rett før pause. 2. omgang blei ikkje like sjåverdig, men då heimelaget gira litt opp igjen dei siste 20 minutta fekk dei også nok ei scoring. Ein elles veldig god Akinfeev i CSKA-buret var uheldig og sette ballen i eige mål. Dermed enda det 3-1 til London-laget.
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+3'
Bortelaget med ei avslutning over mål.
90'
Langpasning i rom til svenske Carlos Strandberg, men Lloris er vaken og kjem ut og ryddar opp.
89'
Spurs trillar ball og har full kontroll her.
85'
Hjørnespark
Alderweireld møter ved første stolpe og headar over.
82'
Spillerbytte
80'
Hjørnespark
For ein sjanse! Alderweireld møter ballen mutters åleine på fem meters hald, men den friskmeldte belgiaren set utruleg nok headinga over mål. Der skal det stå 4-1!
80'
Alli kjem seg fri nede ved dødlinja, men får verken avslutta eller lagt inn.
80'
Spillerbytte
77'
Selvmål!
3-1
Så smell det i motsett ende! Kane slår nydeleg inn i feltet der Alli har sprunge seg fri. Engelskmannen sender i veg ei heading som Akinfeev reddar meisterleg. Men i det ballen er på veg vekk frå målet får keeperen ein fot på den og set den dermed i eige bur. Trist for CSKA sin klart beste spelar i dag.
77'
Ikkje langt unna for CSKA! Traore blir spelt fri inne i boksa, klarer å ta ned ballen, men maktar ikkje å få avslutta får Spurs-forsvaret kjem i vegen.
76'
Hjørnespark
Endar med eit ufarleg skot utanfor frå Kane.
75'
Nære på 3-1! Eriksen viser fram sin følsomme fot for n-te gong i kampen og chippar fri Kane bak CSKA-forsvaret. Kane prøvar å takle ballen i mål, men blir stoppa av Akinfeev.
75'
Eriksen løftar ballen over muren og på mål. Akinfeev er derimot rett plassert og boksar greitt unna.
74'
Nytt frispark til heimelaget. Rett ved kortsida av sekstenmeteren til CSKA.
74'
Dødball for heimelaget. Eriksen slår inn, men russarane får stanga unna.
72'
Hjørnespark
Spurs vinn ballen og set fart mot motsett ende.
72'
Grei sjanse for bortelaget! Chalov avsluttar frå god posisjon, og forsøket går via eit Spurs-bein og til corner. Var utspelt der Lloris, så hadde skotet gått på mål hadde det vore lite han kunne ha gjort.
70'
Spillerbytte
70'
Bra sjanse for Spurs! Rose slår flatt ut i feltet der Alli kjem springande. Engelskmannen breisidar ballen over mål.
69'
Hjørnespark
Endar resultatlaust.
68'
Spillerbytte
68'
N'Koudou på farta igjen. Prøvar å hamre ballen lavt inn foran mål, men eit russisk bein får blokkert. Corner.
68'
Også Toby Alderweireld gjer seg klar til å kome innpå.
67'
Innbytar N'Koudou med ei avslutning. Skrur ballen til side for mål.
66'
Harry Kane avsluttar gjennom muren og rett på Akinfeev. Barnemat, eller detskoye pitaniye, som målvakta sjølv ville ha kalla det.
64'
Frispark på 23-24 meters hald. Kane står klar.
63'
Gult kort
Feller Alli som er på veg igjennom. Soleklart gult kort.
63'
Godt forsøk for Spurs! Kane får heada frå god posisjon, men sender ballen like over mål.
61'
Spillerbytte
61'
Så skal også heimelaget gjere eit byte.
58'
Hjørnespark
Akinfeev får plukka etter ein duell i feltet.
58'
Walker prøvar å slå inn frå høgre. Får corner.
58'
Nesten at Milanov får teke ned ballen bak Tottenham sitt forsvar. Ein spelar i kvitt får forstyrra slik at det endar ufarleg.
56'
Eriksen med to innlegg i løpet av få sekund. Endar resultatlaust.
55'
Kane prøvar seg på halvvolley frå distanse. Treff bra, men Akinfeev er på plass og får fanga ballen.
51'
Hjørnespark
Eriksen slår femogførti grader ut til Son som avsluttar på halvvolley. Treff ikkje spesielt godt, og Akinfeev får plukka kula.
51'
Walker kjem fram langs høgresida si og vinn eit hjørnespark.
50'
Hjørnespark
Utoverskrudd. Bortelaget får beina unna ballen.
50'
Svært skummelt innlegg frå Rose. Dett ned i feltet fire meter frå mål og der er nære ved at Son får tåa på det før Akinfeev får plukka.
49'
Forsøk på pasning til Alli i bakrom. Ballen går berre til Akinfeev, og Spurs-spelaren blir også avvinka for offside.
48'
Chalov prøvar å spele ballen i bakrom til Traore, men spissen får aldri tak i den og Spurs tek over.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 2-1 til Spurs på Wembley etter ein artig 1. omgang. London-laget skapte mange store sjansar i starten, men makta ikkje å få putta kula i mål. Det gjorde derimot CSKA Moskva då Dzagoev avslutta forbi Lloris etter direkte angrepsspel. Etter dette tok derimot heimelaget sine ess meir ansvar, og det tok ikkje lang tid før Alli putta inn 1-1, eit mål som rett nok burde ha blitt avvinka for offside. Rett før omgangen var over dukka så Kane opp og avslutta enkelt i mål frå kort hald. Tottenham har altså handa på Europa League-billetten no, og det blir spanande å sjå om CSKA kan klare å kome tilbake her. Vi gler oss til 2. omgang også!
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45+1'
Mål!
2-1
Det er så vakkert spelt! Eriksen chippar ballen igjennom til Rose som slår den flatt inn framføre mål. Der har Kane plassert seg, og frå få meters hald har han få problem med å styre ballen i det tome målet. Spurs har snudd kampen!
45+1'
Son snappar ballen like utanfor CSKA Moskva si boks, men sør-koreanaren klarer ikkje å finne rom nok til å få avslutta.
43'
Ikkje langt unna at bortelaget går i føringa igjen! Milanov kjem seg igjennom Spurs-forsvaret, men avslutninga er ikkje god nok og Lloris får stoppa forsøket.
43'
Då er det Spurs som har kontroll på Europa League-deltakinga. Det blir sjette sesongen på rad at dei har vore med her. Førre sesong blei dei slått ut av Borussia Dortmund.
39'
Mål!
1-1
Der sit målet til slutt! Eriksen får lagt inn frå høgre og ein umarkert Alli får teke ned ballen bakerst i feltet og hamra den i mål i motsett side. Det spørs derimot om det burde ha blitt annullert, for i trekka før innlegget kom var definitivt Walker i offside i det pasninga gjekk mot han.
38'
Tottenham ligg altså på sisteplass i gruppa no og det er CSKA Moskva som i augneblinken har Europa League-sluttspelet innan rekkjevidde.
36'
Hjørnespark
Blir teke kort før Eriksen får ballen tilbake og sender i veg ei ufarleg avslutning frå veldig spiss vinkel.
36'
Spurs har altså produsert fleire feite sjansar hittil denne omgangen, men det er CSKA Moskva som scorar først, og det på den første sjansen deira i kampen.
33'
Mål!
0-1
CSKA Moskva viser korleis ein scorer mål! Ballen blir lempa opp til Tosic som headar igjennom til Dzagoev. 26-åringen tek med seg ballen inn i feltet og plasserer den forbi Lloris. Heimelaget tapar fleire duellar i løpet av få sekund, der.
33'
Bortelaget pressar plutseleg høgt. Vinn eit innkast høgt i bana.
31'
Gult kort
Schennikov får kampens første gule kort etter å ha halde ein Spurs-spelar i trøya.
31'
Veldig nære at Traore kjem seg fri igjennnom Spurs-forsvaret med ballen.
29'
Frispark til heimelaget i grei posisjon. Eriksen skyt eit innlegg inn i boksa. Akinfeev kjem ut og fangar ballen igjen. Har vore svært solid den første halvtimen, den russiske målvakta med 94 landskampar.
28'
Det er altså berre ein time att av Spurs si andre deltaking i Champions League gjennom tidene. Dei var med også i 2010-2011, då Gareth Bale herja med stjernebacken Maicon og Spurs kom seg til kvartfinalene etter å ha slutt ut AC Milan i runda før. Dei spelte også i den gjevaste europeiske klubbturneringa i 1961-62.
26'
Hjørnespark
Akinfeev kjem ut og plukkar enkelt.
25'
Ny, stor sjanse! Alli blir spelt fri inne i boksa, men frå kort hald sender han i veg eit svært dårleg avslutningsforsøk som Akinfeev har null problem med å fange. Ser nesten ut som om han ikkje har trua på det han gjer, engelskmannen.
23'
Walker slår inn i boksa der Alli stig til vêrs. Engelskmannen prøvar å få til ei heading, men mislukkast. Kula går så til Kane som prøvar eit brassespark, men den engelske landslagsspissen blir avvinka for offside.
21'
Rose slår ei pasning til Son over CSKA-forsvaret, men sør-koreanaren blir korrekt avvinka for offside.
20'
Hjørnespark
Eriksen får to forsøk på å slå inn, men ingen av dei endar med farlegheiter.
18'
Knuffing på grasmatta etter at Spurs skal gi tilbake ballen til CSKA etter at dei har spelt den ut for å få eit stopp i spelet. Det ser nesten ut som om Alli går for eit skot i det han sender i veg ein lobb som snitrar tverrleggaren. Det hadde nok blitt litt av eit bråk om den hadde enda opp i nettmaskene!
16'
Spurs med fattige tre scoringar på dei fem første kampane. Ineffektiviteten held fram også i dag.
14'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
13'
Ny kjempesjanse for vertane! Kane er arkitekten igjen og trer Eriksen nydeleg igjennom. Dansken kjem åleine mot Akinfeev men plasserer kula altfor dårleg og målvakta reddar. Tre store sjansar på kort tid no på Wembley!
12'
Toby Alderweireld blir sendt i oppvarming og publikum responderer med stor applaus. Har vore ute med skade ei god stund, den belgiske landslagsspelaren.
11'
Ein liten stopp i spelet etter at Dier har pådrege seg ein smell.
10'
Nytt, bra forsøk for Spurs! Kane finn Son med ei bra pasning, og sør-koreanaren prøver ei kjapp avslutning med venstrefoten frå spiss vinkel. Akinfeev klarer derimot å stoppe forsøket greitt.
7'
Stor sjanse! Eriksen slår nydeleg inn frå høgre på førsteberøringa, men frå sju-åtte meters hald klarer ikkje Alli å sette headinga på mål.
Avspark Start 1. omgang
Nicola Rizzoli er kveldens domar på Wembley.
Eitt minutts stillheit til minne om den tragiske hendinga som råka det brasilianske fotballaget Chapecoense.
Heimelaget stiller for øvrig med eit sterkt lag i dag. Den einaste endringa er at Mousa Dembele har gått ut til fordel for 20-åringen Harry Winks.
Formessig i alle turneringar er det nok det russiske hovudstadslaget som kjem best ut. 3-2-0 er forma på dei seks seinaste. I helga blei det ein grei 4-0-siger mot Ural. Også Pochettino sitt mannskap slo til med ein storsiger i helga som var då Swansea blei smadra 5-0. Kane og Eriksen scora blant anna to kvar. Før dette hadde laget to tap på rad (Chelsea, Monaco).
Det motsette oppgjeret mellom Tottenham og CSKA Moskva enda med ein knepen 1-0-siger til London-laget etter eit seint mål av Heung-min Son. Historisk sett har Spurs hatt eit godt tak på russiske lag, med fire sigrar på dei seks siste møta. CSKA Moskva har på si side berre vunne ein av seks kampar på engelsk jord i Champions League.
Victor Goncharenko sitt CSKA Moskva ligg faktisk berre poenget bak Tottenham på tabellen. På dei fem første kampane har det blitt 0-3-2 for russarane. Dei sanka poeng både heime og borte mot Bayer Leverkusen, i tillegg til poengdeling også heime mot Monaco. Med unntak av 3-0-tapet mot sistnemnde lag har dei framstått gode defensivt.
Spurs si deltaking i Champions League har vore ein stor skuffelse for alle dei som fyl laget. Allereie før kveldens kamp startar er laget utslått av den gjevaste turneringa. I førre runde vann som kjent Monaco 2-1 i fyrstedømet og slo dermed London-laget ut. Sjølv om Tottenham kan kome a poeng med Bayer Leverkusen med tre poeng i kveld er tyskarane best på innbyrdes oppgjer, som altså tel meir enn målskilnad. 3. plassen i gruppa gir derimot ein billett til sluttspelet i Europa League, så Spurs, og CSKA Moskva, har likevel mykje å spele om på Wembley Stadium.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Tottenham og CSKA Moskva!