TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet for denne gong. Straks er det klart for Southampton-Manchester United og Liverpool-Norwich, to kampar som du sjølvsagt kan fylgje her hos oss. Ha ein fin fotballkveld vidare!
Tottenham legg seg dermed på 9. plass på tabellen, på plassen bak Crystal Palace. Heimelaget har ei meget tøff veke i vente med kampar mot både Arsenal (Capital One Cup) og Manchester City (Premier League), så dagens siger gjorde nok godt for sjølvtilliten. Crystal Palace har det på si side litt enklare, og skal ut mot Charlton (Capital One Cup) og Watford (Premier League).
Heimelaget hadde det meste av initiativet denne kampen, men det var faktisk Crystal Palace som var nærast scoring før Son fekk ballen i mål for Spurs i det 68. minutt. Både Cabaye og Sako hadde nemleg kvar sitt stolpetreff for Palace, sistnemnde etter ei fantastisk redning av Lloris. Bortelaget prøvde å etablere eit press dei siste minutta, men Spurs forsvarte seg bra og kontrollerte til slutt inn sigeren.
Tottenham slår Crystal Palace 1-0 og tek sesongens andre siger!
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+5'
Mutch slår inn igjen - bak mål.
90+4'
Palace lempar ballen opp.
90+4'
35.723 tilskodarar på White Hart Lane i dag.
90+4'
Nok ein gong inn frå Mutch. Lloris er rett plassert og plukkar ballen.
90+4'
Ikkje lenge att å spele no. Heimelaget ser ut til å kontrollere dette greitt inn.
90+1'
Mange nervøse Spurs-fans på tribunene no. Skal dei klare å ta siger nummer to denne sesongen?
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt denne omgangen. Det har vore veldig mange innbyte.
90'
Hjørnespark
Lloris kjem ut og får fista kula vekk.
90'
Mutch får nok ein gong slått inn i boksa. Davies får stussa ballen unna farleg område.
88'
Skummelt innlegg i Spurs sin sekstenmeter. Vertonghen får beina kula vekk.
86'
Spillerbytte
86'
Mutch med eit svakt innlegg frå venstre. Spurs klarerer enkelt.
86'
The Eagles prøvar å etablere eit press på Tottenham, men kvittrøyene står ganske godt imot.
84'
Spillerbytte
84'
Nære på at eit dribleraid frå Pape Souare lukkast. Endar i staden med utspel frå Lloris.
83'
Hjørnespark
Rett i nevane til Lloris. Har vore svært solid i dag, franskmannen!
83'
Bolasie set fart og tvingar fram eit hjørnespark for bortelaget.
82'
Mange frispark og stopp i spelet no.
81'
Heimelaget går for avslutning, men den går rett i Palace-muren.
80'
Hangeland legg seg over Kane og Spurs får frispark. Over 30 meters hald.
79'
Spillerbytte
78'
Kane prøvar eit skot, men forsøket blir raskt blokkert.
78'
Spurs kontrar igjen og Alli avsluttar like utanfor frå spiss vinkel. Grei sjanse, det!
77'
Spillerbytte
76'
Gult kort
Får det gule kortet for fellinga av Cabaye.
76'
Lamela feller Cabaye bakfrå. Frispark til Palace.
76'
Eriksen slår inn i boksa og ballen endar etter kvart opp hjå Alli. Den unge engelskmannen brenn av på direkten, men skotet blir blokkert.
75'
Bolasie med eit brukbart innlegg frå venstre, men ballen skrur litt for mykje og går rett i fanget til Lloris.
74'
Christian Eriksen fyrer av frå veldig langt hald. Høgt over mål.
73'
Frispark til Spurs langt inne på Palace sin halvdel.
72'
Christian Eriksen med umiddelbar innflytelse i det han vartar opp med ei målgjevande pasning to minutt etter at han entre grasmatta.
71'
Tottenham scorar altså like etter at Palace har hatt sitt andre stolpetreff i kampen. Så fort kan det altså snu.
68'
Mål!
1-0
Spurs går i føringa! Heimelaget set i gong ei rask kontring og Eriksen speler fri Son som er på full fart framover. Sør-koreanaren fyrer av eit hardt skot som snik seg under McCarthey. Son scorar sitt første mål i Premier League!
66'
Spillerbytte
65'
Hjørnespark
Hangeland vinn duellen inne i boksa, men headinga går rett i ein Tottenham-spelar. Hadde nok blitt scoring det for nordmannen!
65'
Stolpetreff igjen for Palace! Sako får ballen på høgresida og bankar til. Lloris rekk å få fingrane på avslutninga før ballen går i stolpen og ut. Svært nære scoring nok ein gong!
62'
Gult kort
Kjem for seint inn i ei takling på Walker og får kampens andre gule kort.
60'
Davies lempar inn frå venstre. Hangeland stupheadar kula vekk frå farleg område.
60'
Alli bankar eit innlegg inn i boksa. Delaney får stanga unna. Bra Tottenham-press no!
58'
Nesten for Spurs! Son bankar litt frå spiss vinkel og McCarthy får redda. Returen endar etter kvart opp i nettmaskene, men då er assistentdomaren raskt oppe og flaggar for offside. Og det er ei korrekt avgjersle.
58'
Litt meir liv på tribunene også no.
57'
Son fintar vekk eit par Palace-spelarar, men klarer likevel ikkje å få avslutta.
54'
Hjørnespark
Alderweireld får avslutta med hovudet, men forsøket blir blokkert.
54'
Hjørnespark
Endar i ein ny corner.
53'
Nesten! Lamela slår ballen i næraste hjørne, men McCarthy rekk å kome bort og få nevane på den. Corner.
53'
Dødball for heimelaget i skotposisjon. 17-18 meters hald, litt skrå vinkel.
53'
Chadli prøvar å kome seg fri på venstrekanten, men blir effektivt stoppa av tidlegare Liverpool-back Martin Kelly.
50'
Son, Lamela og Kane prøvar å kombinere seg igjennom Palace-forsvaret, men blir stoppa før ting blir farleg.
49'
Nokså roleg opning på denne omgangen også.
47'
Cabaye prøvar å spele fri Campbell i bakrom, men forsøket endar berre opp i hanskane til Lloris.
46'
Målvakt McCarthy held på å rote det til med ei klarering, men slepp med skrekken.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Alan Pardew skal gjere ei endring på laget sitt.
Med unntak av Yohan Cabaye sitt stolpetreff like før domaren bles til pause har dei første 45 minutta vore svært tame. Tottenham har hatt initiativet gjennom store delar av omgangen, men utan å skape noko særleg med sjansar. Vi håpar at laga slepp seg litt meir lause etter kvilen!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Gult kort
Stoppar ein overgang på ulovleg vis.
45'
Stolpetreff! Palace rullar plutseleg opp eit bra angrep, og Cabaye avsluttar i stolpen frå skrå vinkel. Fekk ein skikkeleg skru på den avslutninga, franskmannen. Det næraste vi har vore scoring i kampen!
44'
Christian Eriksen har varma sporadisk opp langs sidelinja så langt. Han blir nok ikkje å finne så veldig lenge på innbytarbenken om dette skulle halde fram.
43'
Hjørnespark
Blir teke kort før Lamela får ballen tilbake og mislukkast med eit innlegg.
43'
Chadli chippar ballen inn frå venstre, men McCarthy og co får klarert til corner.
43'
Inne i dei fem siste minutta før pause no. Skal vi få ei etterlengta scoring heilt på tamoen av omgangen?
37'
Bolasie blir felt. Frispark til bortelaget like utanfor Spurs sin sekstenmeter. Lloris reddar nokså enkelt frisparket frå Sako.
37'
Ti minutt att å spele av denne omgangen. Ei scoring til eitt av laga vil nok ordne litt meir liv enn det vi har vore vitne til hittil!
36'
Kane prøvar å kome seg forbi Brede Hangeland, men den Texas-fødde nordmannen ryddar bra opp. Har vore solid i midtforsvaret så langt i oppgjeret, Hangeland!
35'
Bolasie skjer innover frå venstrekanten og fyrer av. Nokså rett på Lloris som har god kontroll.
34'
Kane med nok eit skotforsøk, men totalt ufarleg denne gongen.
32'
Dobbeltsjanse for Spurs! Chadli får ein trillar og fyrer av frå utanfor boksa. McCarthy får avverga men må gi ein retur ut til den eine sida. Der kjem Kane springande, men frå veldig spiss vinkel klarer ikkje engelskmannen å få ballen på mål. Nære på for vertane der!
31'
Son snappar ballen og skyt fart framover. Diverre for heimefansen blir han stoppa før han får avslutta.
31'
Ein halvtime spelt no. Ingen spesielt sjåverdig kamp hittil, og den einaste sjansen vi har fått sett har vore eit ikkje altfor farleg langskot.
30'
Alli speler fri Walker som prøvar å slå femogførti grader ut i feltet. Der står berre ein Palace-spelar og ventar.
28'
Hjørnespark
Rett i hanskane til McCarthy. Svake dødballar frå begge laga hittil.
28'
Chadli legg ut til Son som fyrer av frå 17 meters hald. I ryggen på ein Palace-spelar og til corner.
27'
Mange pasningsfeil frå begge lag no.
25'
Hjørnespark
Utoverskrudd og forbi alle i feltet.
25'
Bolasie prøvar seg med ein markkrypar etter å ha runda eit par kvitkledde spelarar. Endar med corner.
23'
Chadli avsluttar i motsett ende etter bra spel av vertane. Skotet går rett på McCarthy.
22'
Hjørnespark
Endar til slutt med at Hangeland får vendt opp og avslutta. Nordmannen får ikkje skikkeleg klem på skotet, og Lloris kan plukke lett.
22'
Bortelaget med eit skummelt innlegg frå venstre. Spurs får klarert.
19'
Frispark for Palace. Går forbi alle og til innkast frå motsett side.
17'
Godt forsøk for vertane! Lamela vender opp og fyrer av frå distanse, og McCarthy må varte opp med dagens første redning.
15'
Spurs har dominert totalt det første kvarteret, men utan å skape sjansar. Palace har på si side knapt vore over på heimelaget sin banehalvdel.
14'
Palace-kaptein Delaney slit med ei skade her og må ut på sidelinja for behandling.
14'
Ikkje langt unna at Alli klarer å tre igjennom til Son. Førstnemnde er derimot litt for hard på labben, og det endar med utspel frå McCarthy i staden.
12'
Hjørnespark
Utoverskrudd. Endar i ingenting.
12'
Nemnde Son prøvar nok eit skot. Blir blokkert til corner.
11'
Nyinnkjøpte Son Heung-min har vist seg bra fram dei første minutta her. Sør-Koreanaren fekk også sine første mål for Spurs på torsdag, då han scora to i 3-1-sigeren over Qarabag.
9'
Dele Alli fyrar av frå distanse, men skotet blir raskt blokkert.
6'
Spurs står høgt og har etablert eit godt trykk på Palace.
4'
Lang ball opp mot Chadli. Kelly kjem best ut av duellen og får overta ballen.
3'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
3'
Son med dagens første skot. Via Delaney og til corner.
3'
Chadli prøvar å få med seg ballen inn i boksa, men bortelaget får ordna opp.
1'
Spurs sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Michael Oliver er dagens domar. Han er 30 år gamal og har dømd Premier League sidan 2010.
Dei to kapteinane Hugo Lloris og Damien Delaney har no leia laga sine ut på bana.
Det er også eit norsk innslag i dagens kamp, ettersom Brede Hangeland startar i midtforsvaret for Palace. Han gjer sin andre ligakamp for sesongen.
Palace sin einaste siger på White Hart Lane kom tilbake i 1997, då Neil Shipperley scora det einaste målet i kampen. Vår eigen Steffen Iversen spelde for øvrig frå start av for Spurs i det oppgjeret, medan Espen Baardsen var på innbytarbenken.
Laga har møttest 12 gongar i Premier League si historie. Totalt sett har det vore nokså jamt, med 4-5-3. Spurs har faktisk hatt problem med å slå sine naboar på White Hart Lane, og den einaste sigeren dei har teke her på seks forsøk kom 2013/2014-sesongen. Heile fire gongar har det enda uavgjort her.
For The Eagles er Joel Ward og nyinnkjøpte Connor Wickham blant dei som er utilgjengelege.
Spurs-manager Mauricio Pochettino manglar nokre viktige spelarar til oppgjeret i dag. Nabil Bentaleb, Mousa Dembele og Ryan Mason er alle ute, men på gladsida er Christian Eriksen på betringens veg og befinn seg på benken.
Crystal Palace frå bydelen Croydon i Sør-London har på si side opna bra, med 3-0-2 på dei fem første. Storkjøpet Yohan Cabaye har levd opp til forventningane, og laget ser ut til å ha mange potensielle målscorarar (seks ulike spelarar har så langt laga mål). Alan Pardew sitt lag ser derimot ut til å ha problem mot dei forventa topplaga, og så langt har det blitt tap mot både Manchester City og Arsenal.
Heimelaget Tottenham har definitivt fått den svakaste starten på sesongen av dei to laga som skal i aksjon i dag. På dei fem første har det berre blitt éin siger (1-3-1 totalt), som kom sist mot Sunderland. Laget har slitt med effektiviteten framføre motstandarane sine mål, og spesielt har ein av førre sesongs store spelarar, Harry Kane, slitt stort med å få ballen i mål. Den engelske landslagsspissen er nok svært lysten på å få si første ligascoring for sesongen i dag.
Hei og velkomen til livedekning av London-oppgjeret mellom Tottenham og Crystal Palace!