Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 6-12. På mål: 5-7.
Barcelona er som vanleg blant favorittane til å vinne Champions League, og grunnen til det viste dei definitivt i kveld. Coutinho sørgje for eit tidleg mål etter å ha utnytta ei grov tabbe av Lloris, og etter ein halvtimes spel dobla Rakitic leiinga etter eit fantastisk skot. Spurs satsa meir offensivt etter kvilen, og fekk betalt då Kane reduserte i det 52. minutt. Men kort tid etter auka Barca nok ein gong leiinga då Messi plasserte eit innlegg i mål etter første å ha hatt to skot i stolpen. Heimefansen augna nok ein gong poeng då Lamela reduserte, og dei siste 20 minutta levde verkeleg kampen. Det heile blei derimot avgjort kort tid før slutt, då Messi dukka opp nok ein gong og avslutta i mål frå kort hald. Eit skadeutsett Tottenham skal ha for forsøket, men i kveld blei Barcelona rett og slett for gode.
Barcelona vinn fortent 4-2 over Tottenham etter ein herleg kamp i London!
Kamp slutt Slutt (2-4)
88'
Vidal får tilsnakk umiddelbart etter ein tøff duell.
87'
Ny Barcelona-spelar som ligg nede. Tida jobbar definitivt for katalanarane no.
84'
Ikkje langt unna! Moura skjer hurtig innover og bankar til, men skotet går i ein Barca-spelar og til corner.
82'
Moura tek med seg ballen og avsluttar frå distanse, men skotet går berre rett på ter Stegen som sit nede og ventar på det.
79'
Winks med ei nydeleg takling i det han vinn ballen frå Messi. Dessverre for Spurs blir Kane avvinka for offside i det påfølgjande trekket.
78'
Trippier blir spelt fri til høgre og bankar ballen inn i feltet. Uheldigvis for Spurs er det berre Barca-spelar Semedo som får tak i den.
76'
Så kjem han seg opp att og kan setje i gong spelet.
74'
Pique blir liggjande på grasmatta.
74'
Davies blir spelt fri bak Barca-forsvaret, men backen både bankar ballen langt utanfor mål og blir avvinka for offside.
72'
Minst 20 minutt att å spele her. Poeng er definitivt innan rekkjevidde for Spurs!
70'
Lydvolumet på Wembley auka med nokre desibel no!
67'
Lloris held på å rote det til igjen! Målvakta kjem først ut og får stoppa eit gjennomspel, men så taklar målvakta ballen rett i Messi. Heldigvis for franskmannen får ikkje Messi avslutta skikkeleg.
61'
Ny godt forsøk av Barca! Messi med ein stikkar bak Spurs-forsvaret, men Suarez får ikkje skikkeleg klem på avslutninga og Lloris reddar greitt.
58'
Volumet blant heimefansen gjekk definitivt ned der. Ein kalddusj for Spurs etter at dei hadde kome seg skikkeleg inn i kampen igjen.
55'
Nokre hektiske minutt der! To stolpetreff for Messi, medan Kane får ballen i mål for Spurs.
51'
Nok eit stolpeskot! Akkurat som for nokre minutt sidan kjem Messi seg fri i mellomromet, avanserer med kula og bankar til - i stolpen.
51'
Son får med seg ballen inn i boksa, men blir stoppa.
50'
Messi blir plutseleg spelt åleine igjennom i bakrom, men denne gongen vel Lloris rett manøver og kjem ut og feiar unna kula.
47'
Stolpeskot! Messi breisidar ballen i det lengste hjørnet, men dessverre for argentinaren går ballen i stolpen og ut. Med scoring der hadde kampen definitivt vore over for Spurs.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Barcelona leiar svært fortent 2-0 over Tottenham etter ein artig 1. omgang. Bortelaget scora allereie i det 2. minutt, då ein Lloris på bærtur sørgja for at Coutinho kunne avslutte i tomt bur. Spurs heva seg etter dette, men Barca la i staden på til 2-0 etter ein halvtimes spel etter ei utsøkt avslutning av Rakitic. Mauricio Pochettino sitt mannskap har ein god jobb foran seg om dei skal få med seg poeng i dag. Det er uansett ein heil omgang att å spele, så ein skal aldri sei aldri. Vi gler oss til dei siste 45!
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45+4'
Messi blir liggjande etter ein duell med Trippier, men Barca får ikkje noko anna enn eit innkast.
45+3'
Langt oppspel mot Moura, men spissen blir avvinka for offside. Har vore for mange slike frå kvittrøyene.
45+2'
Det blir lagt til minimum tre minutt denne omgangen.
45+1'
Suarez kjem til avslutning. Via Sanchez og til corner.
40'
Suarez har fått seg i lårhåne og blir liggjande på grasmatta. Barca sin nummer 9 har hatt nokre kraftige duellar med Spurs-stoppar Sanchez så langt.
38'
PSV Eindhoven leiar for øvrig 1-0 over Inter Milan i den andre kampen i denne gruppa. Det er i alle fall godt nytt for Spurs.
37'
1-8 i sjansar hittil i kampen.
37'
Messi skyt via ein motspelar og mot mål, men Lloris reddar greitt.
36'
Lang pasning i bakrom til Suarez, men uruguayanaren klarer ikkje å få kontroll på ballen.
34'
Den andre scoringa til Barcelona sette verkeleg fyr på kampen. No kjem det sjansar i begge endar av bana!
32'
Bra sjanse for Spurs! Lamela bankar eit innlegg via Pique og mot mål. Ter Stegen reagerer kjapt og får strekt opp ei hand. Nære på redusering.
32'
Son bankar kula i mål, men Trippier blir avblåst for ein hands i trekket før.
31'
Suarez blir spelt fri i bakrom, men frå spiss vinkel sender han ballen til side for målet til Lloris. God sjanse!
25'
Kane med ei brukbar avslutning frå distanse. Ter Stegen har likevel god kontroll og held skotforsøket.
25'
Alba blir spelt fri i bakrom nok ein gong, men blir avvinka for ein minimal offside.
23'
Busquets har fått seg ein smell og vi får ein stopp i spelet.
20'
Mykje vilje frå engelskmennene, men hittil har det stoppa opp på den siste tredjedelen.
17'
Tendensar i eit Spurs-angrep, men Son blir avvinka for ein hårfin offside.
15'
Endar hjå Lenglet som headar ufarleg over.
15'
Messi med frisparket. Skal slå det inn i boksa.
14'
Moura blir spelt fri til høgre bak Barca sitt forsvar, men brasilianaren får ikkje nok klem på innlegget og bortelaget kan overta.
11'
Spurs prøvar å setje fart framover når dei vinn kula, men så langt har katalanarane klart å stoppe overgongsforsøka.
8'
Frispark for Spurs. Altfor lavt slått av Lamela.
8'
Småskummelt innlegg i Barca si boks, men Moura tapar duellen.
7'
Gjestane held fram med å trille ball.
6'
Vanskeleg å skjøne kva Lloris tenkte på der. Ein potensielt farleg situasjon eskalerte til ein kjempesjanse for Barca med det valet.
1'
Litt spekulasjonar om at Barcelona ville spele i 4-4-2 i kveld, men det ser ut til at dei startar med 4-3-3 og Coutinho på eine vingen.
Avspark Start 1. omgang
Dei to kapteinane, Lloris og Messi, har helst på kvarandre og vi er få sekund unna avspark.
Laga står no i spelartunellen, klare til å kome utpå grasmatta på Wembley!
Kveldens hovuddomar er Felix Zwayer. Den 37 år gamle tyskaren har vore FIFA-domar sidan 2012.
Ein kamp i kampen i dag blir møtet mellom superspissane Harry Kane og Lionel Messi. Begge står faktisk med eit målsnitt i Champions League på 0,82 scoringar per kamp, men der Kane har ni mål på 11 kampar, har argentinaren 103 mål på 126 matchar.
For Barcelona er det kanskje litt overraskande at brasilianske Arthur startar i staden for rutinerte Artura Vidal. 22-åringen gjer sin første kamp frå start av i Champions League.
Laga er ute, og som vi ser er Hugo Lloris å finne i startoppstillinga for Spurs. Offensivt er det Moura, Lamela og Son som skal samarbeide med Kane.
Også i La Liga er det jamt i toppen, men Barcelona leiar på betre målskilnad enn Real Madrid. Laget til Ernesto Valverde står utruleg nok med tre strake kampar utan siger og 3-2-1 på dei seks siste. Katalanarane er nok lystne på å snu den trenden raskast mogleg.
Det har vore litt betring å spore hjå Spurs den siste tida, for to av dei tre siste oppgjera har enda med siger. 2-1-3 er statistikken over dei seks seinaste kampane. I Premier League ligg dei i skrivande stund på 4. plass, fire poeng bak Manchester City.
Spurs har på si side store skadeproblem før matchen. Viktige spelarar som Christian Eriksen, Mousa Dembele, Jan Vertonghen, Dele Alli og Serge Aurier er alle utilgjengelege. Førstekeeper Hugo Lloris skal derimot vere klar.
Tottenham tapte 2-1 for Inter i den første gruppespelskampen, så å ta poeng her i kveld blir nok viktig for å ikkje hamne bakpå i kampen om dei to kvalifiseringsplassane. Barcelona vann på si side oppskriftsmessig 4-0 mot PSV Eindhoven, og ikkje utventa blei Lionel Messi den store helten. Argentinaren sørgja for hattrick på første forsøk. Eit lite skår i glede var derimot utvisninga på Samuel Umtiti, noko som gjer at han er suspendert i dag. Sergi Roberto er heller ikkje klar for spel.
Kveldens oppgjer blir berre det tredje møtet i offisiell samanheng. Sist dei kjempa mot kvarandre var tilbake i 1982, då dei begge var med i Cupvinnar-cupen. Det første oppgjeret blei spelt på White Hart Lane, og kampen var prega av eit Barcelona-lag som gjekk brutalt og kynisk til verks for å stoppe Spurs. Estella blei utvist for Barca, men katalanarane klarde likevel å ta leiinga 1-0 ved Olmo etter ei gigantisk tabbe av Tottenham-keeper Ray Clemence. Ei sein scoring av Graham Roberts sørgja derimot for at oppgjeret enda 1-1. Returoppgjeret ved middelhavskysten enda 1-0 etter mål av Allan Simonsen. Barcelona enda også opp med å vinne heile turneringa, etter 2-1 over Standard Liege i finalen.
Hei og velkomen til livedekning av Champions League-oppgjeret mellom Tottenham og Barcelona. For ein kamp vi har i vente!