TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet for denne gongen. Det har vore ein fantastisk sesong i forhold til det overraskande og utforutsigbare, og i ei tid der pengar betyr det aller meste, har vesle Leicester bevist at pengar faktisk ikkje er alt. No er det berre å vente til det heile blir sparka i gong igjen i midten av august. På gjensyn!
Avslutningar: 3-15. På mål: 1-5.
Iheanacho ordna 0-1 heilt i starten av omgangen, og i tillegg produserte City fleire feite sjansar utan å få ballen i mål. På overtid av den første omgangen sørgja derimot Ayew for 1-1 etter å ha scora på eit frispark som gjekk via muren. Dei siste 45 minutta blei derimot ei nokså tafatt affære, der ingen av dei to laga tok altfor mange sjansar offensivt, med unntak av nokre hektiske minutt i opninga av omgangen.
Det blir Champions League-spel på Manchester City til neste sesong! Om ikkje rival United skulle vinne med 19 mål i den utsette kampen mot Bournemouth, får dei lyseblå frå Manchester prøve seg i kvalifiseringsspelet for den gjevaste europeiske klubbturneringa.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+3'
Nordfeldt tuslar bort for å ta frisparket. Stressar ikkje med å vinne her, svensken.
90+3'
Heimelaget får frispark på eigen halvdel. Skal dei prøve å skape noko ein siste gong?
90+1'
Spillerbytte
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90+1'
City reinskar unna kula så snart Swansea nærmar seg sekstenmeteren deira.
90'
For spaninga si skuld hadde det vore greitt med eit mål her, men slik spelarane framstår no er det lite truleg.
87'
Vertane held ballen i eige lag. Er dei fornøgde med 1-1, eller skal dei ordne ei scoring heilt på tampen her?
85'
Veldig slapt utpå grasmatta i den nest-største byen i Wales no.
84'
Bacary Sagna verkar å vere klar for action igjen.
83'
Spillerbytte
82'
Gomis skal inn for heimelaget.
82'
Sagna feller Montero bakfrå og blir så liggande sjølv. Får nok ei vridning i det eine kneet der, den tidlegare Arsenal-backen.
80'
Heimelaget trillar ball no, men slit med å finne opningar i eit kompakt City-forsvar.
78'
Pent spel av City som involverer Agüero og Nasri. Pasninga inn framføre mål av sistnemnde blir rydda unna.
77'
Barrow prøvar å finne ein lagkamerat utanfor City si boks, men ballen når aldri fram.
76'
Hjørnespark
Går utover sidelinja på motsett side.
74'
Gult kort
Britton feller De Bruyne og får eit fortent gult kort.
72'
Spillerbytte
72'
Iheanacho får ballen i god posisjon, men glir i det han skal avslutte og sender kula langt utanfor mål.
71'
Ikkje mykje konstruktivt som skjer på Liberty Stadium no. Swansea evnar kanskje ikkje å skape meir, medan City forståeleg nok er redde for å riskere så veldig mykje for endå ei scoring. Eitt poeng er som kjent nok for dei for å få Champions League-spel.
69'
Over alle i feltet. Heimelaget får så ballen attende og prøvar eit nytt innlegg, men då plukkar Hart enkelt.
68'
Frispark ein meter frå den eine kortsida av sekstenmeteren til City.
67'
Gult kort
Feller Montero som er på veg forbi. Korrekt idømt.
67'
Fernandinho avsluttar frå utanfor boksa. Langt til side for mål.
66'
Navas kjem til innlegg frå venstresida. Swansea får klarert enkelt.
63'
Stor sjanse for City! Agüero snappar ballen inne i Swansea si boks og sender i veg ei avslutning, men argentinaren treff dårleg og sender forsøket fem meter utanfor.
60'
Hjørnespark
Fer stangar unna. City beheld ballen.
60'
Bra spel av bortelaget. Iheanacho blir spelt fri og prøvar å slå tilbake i feltet, men heimelaget får rydda unna. Corner.
58'
Spillerbytte
57'
Hjørnespark
Fernandez stig til vêrs og headar utanfor. Godt forsøk, det!
55'
Otamendi vinn ballen på eigen halvdel, set fart og prøver å finne Agüero i bakrom. Eit Swansea-bein får blokkert ballbana.
54'
De Bruyne får avslutta etter bra City-spel. Forsøket går derimot via ein motspelar og inn til Nordfeldt.
52'
Veldig nære for City! Navas slår eit innlegg i foten til keeper Nordfeldt og rett ut i feltet. Ballen endar i beina på ein overraska Iheanacho som ikkje klarer å få avslutta frå fem meters hald.
51'
Heimelaget med innlegg. Forbi alle i feltet.
50'
Montero prøvar å spele ein stikkar inn i boksa. Forsøket blir blokkert.
50'
Swansea står veldig høgt i bana. Mykje bakrom å utnytte for City.
49'
Ayew går i bakken, men Dean unnlet å blåse frispark. Det er både ghanesaren og heimefansen misfornøgde med.
46'
Hjørnespark
Nære på! De Bruyne får tilbake etter at det første innlegget mislukkast. Den andre gongen treff han så langt betre, og det er ikkje langt unna at Mangala klarer å styre headinga på mål. Ikkje langt unna, det.
Start 2. omgang Start 2. omgang
City har vore best dei første 45 minutt her i dag, og dei tok også leiinga i det 6. minutt ved Iheanacho. Dei lyseblå klarde derimot ikkje å omsetje fleire av sjansane til scoring, og på overtid ordna så Andrew Ayew 1-1 etter å ha avslutta eit frispark via ein motspelar og i mål.
Det står 1-1 på Liberty Stadium etter første omgang. Med det resultatet har Manchester City framleis kontroll på 4. plassen som gjev Champions League-spel, men skulle Swansea kome tilbake å vinne på eige gras kan Manchester United, som har fått sin kamp på Old Trafford utsett i dag, gå forbi City på tabellen. Det er med andre ord nokre svært spanande minutt vi får i Wales etter kvilen.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+1'
Mål!
1-1
Ayew skyt frisparket via skallen på Fernando og rett i mål forbi ein utspelt Hart. 1-1 på Liberty Stadium!
45+1'
Swansea med sin tredje dødball i løpet av få minutt. Skal dei lukkast betre her?
45'
Gult kort
Sparkar ned Britton og får eit fortent gult kort.
43'
Montero prøvar eit skot. Til side for mål.
43'
Heimelaget speler mot Ayew i bakrom, men Hart kjem raskt ut og får klarert.
43'
Nok ein gong prøvar dei seg på ein frekkis som berre endar opp hjå Hart.
42'
Nytt frispark for Swansea.
41'
Gult kort
Iheanacho får det gule kortet etter å ha protestert på eit frispark imot.
40'
Endar berre med eit utspel frå Hart. Veldig dårleg dødball av vertane.
39'
Frispark til heimelaget. Omtrent 27-28 meters hald.
39'
Navas avsluttar til slutt angrepet. Skyt utanfor frå 15 meters hald.
38'
Hjørnespark
Joe Hart boksar unna ved første stolpe. City kontrar.
36'
Hjørnespark
Ein Swansea-spelar går i bakken, men domar Dean vinkar spelet vidare. Såg ut som ei grei avgjersle det, sjølv om det er mykje halding i feltet.
36'
Ayew slår ut via ein City-spelar. Corner.
34'
Montero vinn ein duell inne i City si boks, men gjestane får så klarert.
34'
Routledge vinn ballen høgt i bana og prøvar eit raskt skot. Mangala får blokkert.
33'
De Bruyne prøvar seg på eit skot frå utanfor boksa. Blir blokkert.
31'
Hjørnespark
Blir klarert ved første stolpe.
30'
Swansea lev farleg her no. City nærmar seg 2-0 med store steg.
30'
Godt forsøk for City! Montero speler fri Iheanacho med eit håplaust tilbakespel, men avslutninga frå ungguten går høgt over mål.
28'
Agüero på farta igjen. Prøvar eit raskt skot i det næraste hjørnet. Endar i nettveggen.
28'
Otamendi prøvar seg frå langt hald. Høgt over mål.
27'
Stor sjanse for City! Agüero får ei smart pasning inne i boksa og prøver eit skot frå seks meters hald. Nordfeldt ordnar opp med ei god beinparade.
25'
Bortelaget kontrar. Iheanacho kjem seg inn i boksa med ballen, men vel å prøve ei pasning i staden for eit skot. Då endar det i staden med at Swansea får ordna opp.
24'
De Bruyne prøvar eit skot frå skrå vinkel. Nordfeldt reddar greitt.
23'
City kontrar ved målscorar Iheanacho, men det avgjerande skotet går høgt over mål.
22'
Heimelaget får lagt inn igjen, men Mangala beinar unna kula.
22'
Så har det blitt endeleg bekrefta at kampen på Old Trafford har blitt avlyst på grunn av ein bombetrussel og eit funn av ein mistenkeleg pakke. Trist at slikt skjer.
19'
Montero på farta igjen. Nok ein gong stoppar det opp med ein offside.
18'
Heimelaget med ein god dødball. City rotar i forsvar, men får til slutt ordna opp.
17'
Meir Swansea no. Routledge prøvar å slå inn, men Fernando beinar unna ballen.
15'
Montero set fart og stormar mot City si boks. Han slepp ballen til Routledge, men engelskmannen blir korrekt avvinka for offside.
13'
Endå meir nytt frå Old Trafford: no skal kampen ha blitt avlyst på grunn av ein bombetrussel. Dette er endå ikkje blitt bekrefta frå sikre kjelder.
11'
Agüero kjem til avslutning, men argentinaren sender forsøket i nettveggen.
11'
Swansea får ballen i mål ved Montero, men domar Dean bles for dytt i rygg.
10'
Det er snakk om ein bombetrussel på Old Trafford. Det vil minst vere pause her før den kampen kjem i gong.
5'
Mål!
0-1
Kaos på Liberty stadium, men det endar til slutt med mål! Iheanacho puttar ballen i mål etter ein retur på eit Agüero-skot, bortelaget jublar, men så haltar domar Dean feiringa litt før og konfererer med assistentdomaren, før han så godkjenner scoringa. 0-1 og City er i skrivande stund klare for spel i Champions League neste sesong!
4'
Skummelt innlegg frå City si høgreside. Nordtfeld må stupe ut på femmeteren for å snappe kula.
2'
Hjørnespark
Blir klarert av bortelaget. City kontrar.
2'
Rangel slår inn frå god posisjon, men Mangala får klarert til corner.
Avspark Start 1. omgang
Minneverdig blir også kampen for Swansea si målvakt Kristoffer Nordfeldt. Svensken har vore involvert i cupspel tidlegare, men gjer i dag sin debut i Premier League for det walisiske laget. 26-åringen har tidlegare spelt for Brommapojkarna og Heerenveen.
Dagens kamp blir også litt spesiell for Sergio Agüero som kjempar mot Harry Kane og Jamie Vardy om å bli Premier League sin toppscorar. Kane har 25 scoringar, medan dei to andre har 24.
På Old Trafford i Manchester er det litt dramatikk no. Avspark der har blitt utsett og stadion har blitt tømt for tilskodarar. Det har derimot blitt sagt at kampen på Liberty Stadium skal gå til oppsett tid. Usikkerheita i forhold til dette skuldast at 2. omgangane både her og i Manchester skulle starte på likt, noko som nok ikkje blir tilfellet no.
The Swans er i grei form om dagen og har vunne to PL-kampar på rad. Det har også skjedd mot sterke motstandarar som West Ham (4-1) og Liverpool (3-1). Manchester City har derimot spelt fire kampar på rad utan siger, inkludert to oppgjer mot Real Madrid. Elles har dei spelt uavgjort mot Arsenal (2-2) og tapt for Southampton (4-2).
Pellegrini stiller på si side med sitt beste tilgjengelege mannskap, men må unnvere Vincent Kompany, David Silva og Pablo Zabaleta. Samir Nasri er dermed klar for spel og startar på innbytarbenken.
Fleire nøkkelspelarar har fått fri på tampen av sesongen for å kvile fram til sommarens EM. Av desse finn vi Ashley Williams, Neil Taylor, Gylfi Sigurdsson og Lukasz Fabianski.
Motstandarane frå Manchester City har derimot alt å spele for i dag, for om dei skulle tape her på Liberty Stadium samtidig som Manchester United skulle vinne sin kamp mot Bournemouth, så blir det ikkje Champions League på Etihad neste sesong når Pep Guardiola kjem for å vinne dei store troféa med klubben. Klubben var blant dei største favorittane før sesongen blei sparka i gong, men slik 2015-2016 har gått så har det vore eit skuffande fotballår for The Citizens, trass i at dei kom heilt til semifinalene i Champions League. Avtroppande manager Manuel Pellegrini ynskjar nok dermed svært å ta poeng i dag, slik at spel i den gjevaste europeiske turneringa blir sikra.
I sin femte strake Premier League-sesong har Swansea nokså skuffa tilhengjarane, sjølv om det har vore god forbetring den andre halvparten av sesongen. I augneblinken innehar dei ein 11. plass, og med siger i dag kan dei klare å avansere eit hakk på tabellen. Dermed klarer ikkje laget til Francesco Guidolin å forbetre 8. plassen frå førre sesong, dei hittil beste på det øvste nivået i Englad. Den italienske 60-åringen har gjort sine saker bra i den walisiske klubben, for på nyåret låg dei og kjempa mot nedrykk under Garry Monk og vikar Alan Curtis.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Swansea og Manchester City. Det er duka for den 38. og siste runda av Premier League 2015-2016!