TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar for fylgjet. Ha ein fin laurdagskveld vidare!
Avslutningar: 7-6. På mål: 1-2.
Swansea fjernar seg dermed meir frå nedrykksplassane, og har 11 poeng ned til Sunderland (som også har to kampar mindre spelt) på 18. plass. For Aston Villa ser løpet no nokså køyrd ut. Dei har 21 poeng igjen å spele om, men det er heile 12 poeng opp til trygg grunn. Klubben er, for å sitere ein av Birmingham-gruppa Black Sabbath sine songar, på veg "Into the Void".
Ein veldig svak fotballkamp endar med siger 1-0 til Swansea etter at Fernandez scora då Guzan varta opp med ein skikkeleg brølar i eigen sekstenmeter. Kampen var prega av to lag utan mykje samhandling og rytme, og det var berre unntaksvis at dei klarde å skape ting offensivt.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
Nesten 2-0! Gomis kontrar åleine og får sendt i veg ein markkrypar. Den snik seg like til side for Guzan sin stolpe.
90+3'
Villa med innkast høgt i bana. Endar med ingenting.
90+2'
Hjørnespark
Fabianski får boksa ballen vekk frå farleg område.
90+1'
Gult kort
Er kynisk og sparkar ned Agbonlahor som er på veg i full fart framover.
90+1'
No haglar det med kort her.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt. Framleis nok tid for bortelaget å kome à jour!
90'
Gult kort
Held Gomis i trøya og får eit korrekt gult kort.
90'
Green med eit fint innlegg frå høgre, men det påfølgjande skotet frå Gestede blir blokkert. Kunne ha blitt farleg, det.
89'
Aston Villa har no spelt om lag 280 minutt på rad utan å score mål. Det er på høg tid å starte om dei har tenkt å overleve i divisjonen!
87'
Gult kort
Det første Routledge gjer når han kjem innpå er å felle ein motspelar og få gult kort.
86'
Spillerbytte
86'
Så sit Kingsley nede på grasmatta nok ein gong. Då er det vel på tide å putte innpå nokon annan?
84'
Kvittrøyene trillar ball og klokka jobbar deira veg.
82'
Veldig laber periode i kampen no. Ikkje mykje spanande som skjer.
81'
Heimelaget ser ut til å måtte gjere sitt siste byte også. Venstreback Stephen Kingsley har slite med ei skade ei stund.
79'
Spillerbytte
79'
Det er tungt for Jordan Ayew utpå her no. Strevar med å gjere dei enklaste ting og har sleppt ballen utover sidelinja ved fleire høve.
76'
Bortelaget pressar på no. Dei har ballen ein del på den siste tredjedelen av bana, men dårleg samhandling og rytme hindrar dei i å skape meir.
74'
Spillerbytte
73'
Hjørnespark
Nære på! Lescott kjem først på ballen inne i boksa, men headinga går rett på Fabianski.
72'
Hjørnespark
Bra slått, men heimelaget får klarert. Ny corner.
72'
Green i aksjon på venstrekanten. Prøvar å leggje inn, men forsøket går via eit Swansea-bein og til corner.
70'
Så er det Sigurdsson som er nervøs her. Har allereie det gule kortet, men vel likevel å felle Hutton. Domar Dean er konsekvent og nøyar seg med tilsnakk, slik han gjorde med Cissokho tidlegare.
67'
Swansea prøvar ei kontring, men Gomis øydelegg med eit dårleg mottak.
67'
Hjørnespark
Vertane klarerer enkelt.
67'
Endar med hjørnespark.
66'
Gjestane med dødball. Skal lempast inn i boksa.
65'
Villans prøvar å etablere eit spel, men strevar med sjølv dei enklaste pasningane.
63'
Ingenting som tydar på at Aston Villa har ein sluttspurt inne. I staden er det heller Swansea som pressar på for scoring nummer to.
61'
Spillerbytte
60'
Gult kort
Får Swansea sitt første gule kort i kampen etter ein stygg ettersleng.
59'
Ballen blir slått inn i boksa, men bortelaget får rydda unna.
59'
Nok eit frispark til heimelaget. Sigurdsson står klar som vanleg.
57'
No må Aston Villa ta meir sjansar offensivt. Ting vil sjå endå meir mørkt ut om dei skulle tape her også.
53'
Mål!
1-0
Swansea går i føringa på spesielt vis! Sigurdsson slår eit frispark inn i Villa sin sekstenmeter, og Guzan kjem ut for å boksa ballen unna. Keeperen bommar derimot på kula og boksar i lause lufta, og dermed går ballen i Fernandez og i mål. Det må vel kallast ei stygg scoring, men det speler uansett ingen rolle. 1-0 til Swansea!
53'
Cissokho i trøbbel etter å ha halde igjen Barrow som er på veg framover. Har allereie fått det gule kortet, Villa-spelaren.
52'
Begge lag har hatt mange innlegg i kampen, men dei endar sjeldan hjå rett spelar.
51'
Sigurdsson med innlegg frå høgre, men Clark får reinska unna.
49'
Swansea ropar på straffe etter ein hands i Villa sin sekstenmeter. Domar Dean ristar på hovudet.
48'
Bortelaget med to innlegg på rappen. Ingen endar med farlegheiter.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 etter ein ikkje altfor hendelsesrik omgang. Aston Villa har hatt eit lite overtak, og også skapt nokre greie sjansar, men som kjent slit laget med å få ballen i mål. Swansea har på si side skuffa, og ikkje vore farleg frampå ein einaste gong. Forhåpentlegvis vil laga risikere endå meir etter pause.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Det blir lagt til minimum eitt minutt her.
45+1'
Så er det Swansea som har initiativet.
44'
Gjestane med press på tampen av omgangen.
43'
Hjørnespark
Endar med heading utanfor.
43'
Grei sjanse for Villa! Gestede vartar opp med eit slags brassespark, og heimelaget får rydda unna på streken. Corner.
41'
Ayew er plutseleg åleine med ballen inne i Swansea si boks, men ghanesaren brukar altfor lang tid og blir stoppa av Williams.
39'
Sigurdsson prøvar å få tråkla seg fri, men blir hindre før han får avslutta.
38'
Litt meir Swansea her no.
37'
Hjørnespark
Blir teke kort. Swansea trillar ball i staden.
37'
Barrow på farta i motsett ende. Klarer å tvinge fram eit hjørnespark.
37'
Gil prøvar å runde Kingsley, men Swansea-backen stoppar han effektivt.
35'
Gestede får avslutta på mål etter innlegg frå Veretout. Får ikkje nok klem på headinga til at det blir farleg, spissen frå den vest-afrikanske republikken Benin.
32'
Barrow blir spelt åleine mot Guzan, men blir avvinka for offside. Korrekt av assistentdomaren.
29'
Islendingen går faktisk for skot. Høgt over buret til Guzan.
28'
Frispark i grei posisjon for heimelaget. Langt hald, så det spørs om Sigurdsson skal prøve å skyte.
27'
Gult kort
Feller Barrow som er på full fart framover. Soleklart gult kort.
25'
Hjørnespark
Villa får rydda unna nok ein gong.
24'
Hjørnespark
Clark får heada ut til ein ny corner.
24'
Guzan kjem ut, men det er i staden Lescott som klarerer. Ikkje spesielt god kommunikasjon, der. Corner.
24'
Ki går over ende etter ein dytt i ryggen av Lescott, og heimelaget får frispark i fin innleggsposisjon.
21'
Hjørnespark
Veldig nære på! Clark møter ved første stolpe, men sender headinga over mål. Ikkje langt unna, det!
20'
Ballen går i handa på Williams inne i Swansea si boks, men utruleg nok er det ingen rop om straffespark frå Villa-spelarane.
18'
Villa med eit avslutning frå utanfor sekstenmeteren. Skotet har god retning, men blir blokkert.
17'
Knuffing på grasmatta! Williams og Gestede dreg og dyttar på kvarandre og domar Dean må kome stormande for å bryte opp. Utruleg nok slepp begge spelarane å få det gule kortet.
15'
Gjestane med nokre innlegg som ikkje endar med noko farleg. Utan tvil Aston Villa som har kome best i gong her.
13'
Hjørnespark
Cork møter på hjørnet av femmeteren, men headinga går nokre meter utanfor. Swansea sitt beste forsøk hittil i matchen.
13'
Barrow bankar ballen hardt inn framføre mål. Clark får rydda vekk til corner. Kampens første.
12'
Kingsley avanserer langs venstresida med ballen, men blir enkelt stoppa av Villa-forsvaret.
11'
Ayew prøvar å slå inn frå venstre, men forsøket går berre rett i hanskane til Fabianski.
9'
God sjanse for bortelaget! Villa kontrar og kjem to mot to. Ayew vel å gå for skot, men sender ballen like over mål frå 15-16 meters hald.
7'
Hutton prøvar å finne Veretout med ein stikkar, men førstnemnde blir for hard på labben og ballen går utover sidelinja.
4'
Brukbar sjanse for Villa. Swansea får rydda unna frisparket, før Lescott etter kvart får avslutta inne i boksa. Bortelaget sin kaptein avsluttar utanfor målet til Fabianski.
3'
Bortelaget med dødball.
3'
For gjestane frå Birmingham sin del er det verre å finne spelarar i form. Rudy Gestede har fått tillit på topp i dag, og til trass for mange korte innhopp i det siste har spissen frå Benin to scoringar på sine seks seinaste kampar.
1'
No er vi i gong på Liberty Stadium!
Avspark Start 1. omgang
Gylfi Sigurdsson blir nok ein mann å sjå opp for bortelaget i dag. Islendingen som skal spele fotball-EM til sommaren har nemleg scora i begge sine to siste kampar. Totalt har den tidlegare Tottenham-spelaren ni mål denne sesongen.
Heimelaget har fått Jefferson Montero tilbake frå skade, og spelaren frå Ecuador byrjar oppgjeret på innbytarbenken. Hjå Aston Villa manglar Jack Grealish, Adama Traore, Libor Kozak og Jordan Amavi. Carlos Sanchez er derimot speleklar igjen og er med som innbytar.
Sidan 1981 har Swansea og Aston Villa møttast 13 gongar. Walisarane har vore best totalt sett og har sju sigrar mot Villa sine tre. Møtet mellom laga tidlegare denne sesongen enda med 2-1 til Swansea etter mål av Gylfi Sigurdsson og Andre Ayew for The Swans og Jordan Ayew for Villa. Dessverre blir det ingen brødreduell mellom Andre og Jordan i dag, då førstnemnde er skadd.
Til samanlikning har Aston Villa 1-0-5 på sine seks seinaste kampar, og dei står med fem strake tap i ligaen. Målskilnaden på desse er vanvittige 2-17. Borte frå Villa Park har The Villains klart 1-3-11, og sigeren må vi heilt tilbake til 1. runde for å finne, då dei slo Bournemouth 1-0.
Swansea har 2-1-3 på sine seks siste kampar. Det har likevel vore betring å spore dei siste vekene då to av dei tre siste har enda med siger (mot Norwich og Arsenal). Heime på Liberty Stadium har det blitt 5-5-5 så langt denne sesongen.
For Remi Garde og Aston Villa ser det langt verre ut, og The Villains må starte å plukke hyppige trepoengarar om dei skal ha noko som helst håp om å unngå spel i Championship etter sommaren. Usle 16 poeng har det blitt på dei 30 første kampane, og med berre tre sigrar hittil betyr det at dei berre har vunne kvar tiande kamp. Den tradisjonsrike klubben er eit av sju lag som har spelt i alle dei 23 Premier League-sesongane, så eit nedrykk vil vere tungt å bere, sjølv om det har gått gradvis dårlegare med laget dei siste sesongane.
Begge dei to laga som møtar kvarandre på Liberty Stadium i kveld har store behov for poeng. Swansea ligg rett nok litt betre an enn motstandarane frå Birmingham, og 16. plass og 8-9-13 hittil betyr at klubben frå Wales har 33 poeng. Det er åtte fleire enn Sunderland på øvste nedrykksplass, men The Black Cats har også ein kamp mindre spelt. Med full pott mot Villa kan dei distansere seg litt meir frå nedrykkssumpen.
Hei og velkomen til livedekning av det svært viktige botnoppgjeret mellom Swansea og Aston Villa!