Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar for fylgjet for denne gong. Ha ein fin fotballkveld vidare!
Avslutningar: 23-11. På mål: 5-3.
Middlesbrough har slått Sunderland 2-1 på Stadium of Light og dermed vunne sin første kamp i Premier League sidan 11. april 2009. Stuani scora kampens første mål på utsøkt vist i det 13. minutt. Like før pause dobla same mann leiinga til 2-0 etter bra spel av bortelaget. Sunderland pressa bra på etter kvilen, og van Aanholt reduserte då det var 20 minutt att å spele. David Moyes sitt lag var nære scoring også etter dette, men Boro rei til slutt av sluttspurten ganske greitt.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+4'
Altfor dårleg slått av Love. Enkelt heada unna av bortelaget.
90+4'
Frispark til Sunderland midt på bana. Siste moglegheit.
90+4'
Lens har ballen i farleg område, men rotar den vekk.
90+3'
Boro jobbar heroisk her.
90+3'
Sunderland med ballen. Prøvar å slå langt.
90+2'
Boro held mykje på ballen i sluttminutta.
90'
Adomah gjer ein god defensiv jobb og vinn igjen ballen han sjølv mista.
89'
Aitor Karanka skal straks gjere sitt siste byte også. David Nugent står klar ved sidelinja.
87'
Sluttspurten frå Sunderland har roa seg kraftig siste minutta. Skal nyopprykka Middlesbrough ta 3 poeng borte på første forsøk?
85'
Clayton prøvar eit skot. Høgt over mål.
84'
Nære på at Adomah kjem seg fri med ballen inne i Sunderland si boks. Heimelaget får klarert.
83'
Friend prøvar seg med eit skot, men forsøket blir blokkert.
78'
Lens fyrer av frå distanse, men treff berre ein lagkamerat.
76'
Boro med innkast på eigen halvdel. Brukar veldig lang tid på å få tatt det.
74'
Nære på 2-2! Guzan gir nok ein retur i farleg område. Ikkje langt unna at heimelaget får putta ballen i mål ved back Love. Corner.
73'
Heimelaget med eit skummelt innlegg. Snik seg forbi alle i feltet.
71'
43.515 tilskodarar på Stadium of Light i dag. Hittil er det dei tilreisande frå Moddlesbrough som har hatt mest å juble for.
70'
Negredo kjem åleine igjennom etter kaos i Sunderland-forsvaret, men den spanske spissen øydelegg ein god sjanse med eit elendig medtak.
68'
Lens fyrer av igjen. Også dette skotet blir blokkert. Ofrar seg stort no, Boro-spelarane!
68'
Heimelaget med innlegg frå høgre. Forbi alle i feltet.
65'
Nesten igjen! Van Aanholt får ballen på sida og slår ut i feltet. Der har Defoe plassert seg, og engelskmannen sender i veg eit skot. Boro-forsvaret er derimot vakne og får blokkert.
65'
Sunderland pressar bra på for redusering no.
64'
Nok eit bra forsøk av vertane! Lens blir spelt fri av Januzaj, men skotet går utanfor frå kort hald.
60'
Veldig nære for Sunderland! Van Aanholt får ballen inne i boksa og prøvar eit skot frå litt skrå vinkel. Guzan får derimot redda til corner.
59'
Så er det bortelaget som skal gjere ei endring.
56'
Pienaar jaktar mål i debuten, men sør-afrikanaren sender skotet langt utanfor målet til Guzan.
56'
Plutseleg meir liv i heimelaget no.
55'
Gooch avanserer langt med ballen og prøvar eit skot, men forsøket blir blokkert.
55'
Sist laga møttest i offisiell kamp var i 2012, då Middlesbrough vann 1-0 her i ligacupens fjerde runde. Noverande Motherwell-spelar Scott McDonald scora målet.
54'
Dagens kamp er forresten det 17. møtet mellom laga i Premier League si historie. 5-6-5 er statistikken over dei 16 føregåande.
51'
Lens finn Defoe inne i boksa, og spissen går over ende. Atkinson vinkar korrekt spelet vidare.
49'
Januzaj finn Djilobodji inne i boksa, men headinga frå senegalesaren blir utan kraft og Guzan kan enkelt plukke.
48'
Dødball for heimelaget. Midt på Boro sin halvdel.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Middlesbrough leiar altså 2-0 over Sunderland etter dei første 45 minutta. Dei svarte kattane opna bra i David Moyes sin managerdebut på Stadium of Light, men så plutseleg presenterte Cristhian Stuani seg med ei fantastisk scoring. Frå distanse limte han kula i vinkelen. Like før pause dobla så same mann leiinga etter flott angrepsspel av Boro. Sunderland må verkeleg angripe for å få poeng her, og det bør opne for ein herleg 2. omgang!
Domar Atkinson bles til pause til kraftig buing frå heimefansen!
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45'
0-2 etter utsøkt spel av Boro! Forshaw sender i veg ein stikkar til Negredo. Spanjolen kjem åleine med Mannone, men viser seg som ein skikkeleg lagspelar og trillar i staden ballen vidare til Stuani. Uruguayanaren plasserer ballen enkelt i nettet og blir dermed tomålsscorar. Kva no David Moyes?
45'
Friend kjem fint inn i boksa med ballen, men Negredo sleivar med det påfølgjande skotet.
43'
Boro prøvar ei kontring, men pasningane blir for svake og ein eventuell sjanse uteblir.
41'
Spelemessig er det veldig lite som skjer her. Boro leiar og har god defensiv kontroll.
40'
Det ser ut til at Jack Rodwell har blitt flytta bak i midtforsvaret.
37'
O'Shea gir faktisk kapteinsbindet til Defoe og ruslar av bana. David Moyes må gjere ei tidleg endring her.
36'
John O'Shea får tilsyn frå det medisinske apparatet etter ein duell inne i boksa.
34'
Defoe blir spelt fri inne i boksa, men vinkelen blir for spiss til at han avsluttar sjølv. I staden slår han ei pasning inn framføre mål som Guzan enkelt kjem ut og fangar.
31'
Middlesbrough brukar bra med tid på dødballane no. Dei er sjølvsagt strålande fornøgde med 1-0.
29'
Defoe set ballen i mål, men blir korrekt avvinka for offside.
27'
Frisparket endar resultatlaust.
25'
Love prøvar eit slags skot frå spiss vinkel. Treff baken på ein av bortelaget sine spelarar før Defoe dett i det han skal avslutte på returen.
25'
Januzaj kjem seg forbi Friend nok ein gong, men femogførtigraderspasninga ut i feltet blir stoppa av ein Boro-spelar.
21'
Ramirez med eit skotforsøk som går via ein motspelar før Mannone enkelt plukkar.
19'
Litt for lavt slått, og gjestane får klarert.
19'
Frispark til heimelaget. Januzaj skal lempe ballen inn i boksa.
18'
Det er altså Middlesbrough som scorar først, trass i at Sunderland før det hadde det meste av initiativet.
17'
Ikkje langt unna at bortelaget kjem åleine med Mannone. Keeperen er derimot vaken og kjem raskt ut og plukkar kula.
13'
Det er definitivt heimelaget som har kome best i gong her. Adnan Januzaj har vore involvert i ein del, og det verkar som om den unge belgiaren har tenkt å ta meir ansvar sjølv, slik David Moyes etterlyste tidlegare.
11'
Defoe er nære ved å vende opp med ballen inne i Boro si boks. Barragan beinar unna.
10'
Gooch med eit skummelt innlegg frå venstre. Ikkje langt unna at Januzaj kjem på først på det.
7'
Fleire tøffe duellar i starten, slik det bør vere i eit lokaloppgjer.
6'
Middlesbrough manglar kaptein Grant Leadbitter og Marten de Roon til denne kampen. Daniel Ayala er derimot klar og startar oppgjeret på benken.
4'
Heimelaget med dødball i grei posisjon for innlegg. Blir teke kort.
4'
Januzaj kjem seg fint fri inne i Boro si boks med ballen, men innlegget blir for svakt og endar berre i fanget til tidlegare Aston Villa-keeper Brad Guzan.
3'
Negredo og Djilobodji skallar saman, og førstnemnde går i bakken. Det ser likevel ut til å gå bra.
2'
Martin Atkinson er for øvrig dagens hovuddomar.
Avspark Start 1. omgang
David Moyes må klare seg utan Kone, Borini, Cattermole, Jones, Kirchhoff og Larsson, og i tillegg er Kaboul i forhandlingar med Watford om ein overgang, og er dermed naturleg nok ikkje med.
Nyopprykka Middlesbrough var sist i Premier League i 2008-2009, då dei gjekk ned ein divisjon etter å ha vore på det øvste nivået i 11 strake sesongar. I den første runda blei det 1-1 heime mot Stoke etter at Valencia-innleigde Alvaro Negredo scora etter 11 minutt i sin første kamp for Boro. Spanjolen slo aldri til for fullt når han var i Manchester City, men det kan likevel vise seg at hovudtrenar Aitor Karanka har gjort seg eit scoop i det han klarte å hente 31-åringen.
The Black Cats gjekk på eit knepent 2-1-tap for Manchester City på Etihad førre helg. Moyes og co hadde det eine poenget i lomma fram til det 87. minutt, då debutanten Paddy McNair sette ballen i eige mål til 2-1 til City.
Det er duka for eit skikkeleg nordaustoppgjer i England i dag, då ein liten times reiseveg skil Sunderland og Middlesbrough. Nyansatte David Moyes debuterer også som manager heime på Stadium of Light. Sist han var her som manager i ein ligakamp var då han leia Manchester United til 2-1-siger i oktober i 2013. I den kampen debuterte Adnan Januzaj frå start i ligaen, og belgiaren utmerka seg som tomålsscorar. Januzaj som er på lån frå United startar dagens kamp for Sunderland.
Hei og velkomen til livedekning av Premier League-oppgjeret mellom Sunderland og Middlesbrough!