TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Kampen er slutt, og den ender 0-1. Utifrå banespelet er det heilt fortent, sjølv om Sunderland hadde sine sjansar til å score både eitt, to og tre mål. Dermed har City heng på tabelltoppen, medan Sunderland framleis må kjempe med nebb og klør for å unngå nedrykk.
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+5'
Gult kort
No haglar det med kort. Drøying av tid. Tredje gule på overtid!
90+4'
Gult kort
Blir takla, og legg seg oppå ballen - utan å ville flytte seg! Sabotasje meiner dommaren som gir det gule kortet.
90+2'
Hjørnespark
Redning ein meter unna streken! Hart er på bærtur i feltet, og ei avslutning går mot mål. Ser ut som det er Kirchhoff som avsluttar, men på streken står Otamendi. Der var det nære 1-1!
90+1'
Gult kort
Ettersleng på M`Vila oppe ved hjørneflagget. Unødvendig!
90+1'
Det er lagt til minimum fem minutt!
90'
Sunderland framleis i angrep. Innlegg frå venstre, som Hart boksar ut. Returen får M`Vila på 20 meter, men smell den over.
88'
Sluttspurten frå heimelaget har starta! Jaktar 1-1 no.
88'
Hjørnespark
Skotforsøk frå ti meter blir blokkert.
87'
Hjørnespark
Ny corner.
86'
Heimelaget prøver seg, men Defoe blir liten og aleine på topp.
85'
Snart bør sluttspurten til heimelaget starte. Berre fem minutt att pluss tillegg.
84'
Tida tikkar City sin veg. Hart med utspark, og keeperen brukar god tid. Rutinert.
83'
Spillerbytte
82'
City har gjort alle sine tre byter. Dermed blir det ingen Celina på bana i kveld.
81'
Gult kort
79'
Spillerbytte
79'
Hjørnespark
Hart boksar ut.
78'
Og der får Jones sjansen for Sunderland! Klinkar til frå 20 mteter, og Hart må ut i full strekk for å redde skotet! Corner.
78'
Det luktar 0-1 slutt. City verkar nøgde med slik stoda er, medan Sunderland ikkje klarar å spele seg fram til gode nok målsjansar.
77'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
73'
Hjørnespark
Keepermat.
73'
City-frispark ved Silva. Skrå vinkel, 20 meter frå mål.
72'
Touré er ikkje enkelt å bryne seg på, men denne gongen møter han veggen i Koné. City-strategen går i bakken - men reiser seg heldigvis raskt.
70'
Sunderland må finne på noko lurt om det skal bli poeng i kveld. Slit med å produsere målsjansar.
66'
Amper steming! Defoe og Otamendi i ein tøff duell - igjen! Ingen av dei var nøgd med behandlinga dei fekk, og glosene haglar vegg i mellom! Dommaren må aktivt ta i bruk fløyta, og har meir enn nok med å roe ned stemninga.
65'
Viktig for City å halde på denne leiinga, ettersom fleire av dei andre topplaga er i føringa i skrivande stund.
63'
Cattermole får ballen i fin posisjon på 20 meter. Kroppen hans er derimot ikkje i balanse, og skotet går høgt over.
60'
Hjørnespark
Agüero får etterkvart ballen på 15 meter, men avslutninga går rett på keeper.
59'
Gult kort
Riv ned Silva bakfrå. Grei den.
58'
Sunderland prøver seg, men innlegget frå Borini blir etterkvart mat for keeper.
57'
Kampbildet er meir likt som i første omgang akkurat no. Gjestene trillar ball, og Sunderland ligg med alle 11 godt ned på eigen banehalvdel.
56'
City leiker seg langs sekstenmeter-streken. Blir ikkje anna enn leik, og ingen får avslutta.
56'
City jobbar seg tilbake i oppgjeret, etter ein god start frå vertene. Trillar ball og styrer akkurat no.
55'
Navas får ballen på midten, men har få alternativ. Går seg inn i problem, og blir effektivt takla. Sunderland overtek.
54'
Sunderland får frispark midt inne på City sin banehalvdel. Flyttar opp alt av sterkt luftsskyts.
52'
Absolutt frisk opning frå vertene her. Pausepraten har fungert godt i heimegarderoben.
49'
Hjørnespark
City rydder unna.
49'
Sunderland som har mest ball no.
47'
Heimelaget har fått ny giv etter den gode avslutninga av første omgang. Opnar friskt etter kvilen.
46'
Spillerbytte
46'
Heimelaget tek avspark.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sunderland er tilbake på bana. Manglar City-spelarane.
Laga går til pause på stillinga 0-1. City har hatt ballen klart mest, og Sunderland hadde lite å bidra med heilt til vi nærma oss overtid. Då fekk dei ein fin dobbelsjanse med Defoe og Jones, men keeper Hart stod i vegen. Dette er ikkje avgjort, og her kan det bli action i andre omgang - følg med!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Det er lagt til minimum to minutt.
45'
Hjørnespark
Hart boksar ut.
44'
Dobbelsjanse for Sunderland! Defoe avsluttar frå kort hald, men Hart er meisterleg nede med venstrehanda og reddar skotet. Returen tek Jones seg av, men den smell i stolpen frå nær død vinkel!
43'
Toure smell til frå 12 meter. Over!
43'
Gjestene har framleis god kontroll på dette.
39'
Frisparket blir rydda unna av City-forsvaret.
38'
Tøffe tak ute på bana no! Denne gongen er det Defoe som får juling av Demichelis, som nett er tilbake på matta. Revansj frå førre duell! Frispark.
37'
Stans i spelet, etter at Demichelis får seg ein smell i hovudet etter duell mot Defoe. Får hjelp på sidelinja no.
34'
For ein sjanse for Sunderland! Frispark inn i feltet, og der får Koné stå heilt umarkert. Han avsluttar med pannebrasken frå seks meter, men ballen går på feil side av stolpen. Der scorar du 8 av 10 gonger!
34'
Navas er ufin, og får frispark imot. Neste gang blir det opp med kortstokken.
33'
Lens med lang ball mot Borini, som får innkast høgt oppe i bana.
31'
Lens tek frisparket, men velg å leggje inn i feltet. I ettertid feil vurdering, ettersom City har full kontroll i eige felt.
30'
Frispark til Sunderland i fin posisjon. Hart vil ha tre mann i mur.
29'
Sunderland har skuffa heimefansen så langt. Frykteleg lite dei har klart å skape framover.
28'
Hjørnespark
Heimelaget får kontroll.
28'
Agüero får ballen på 17 meter og klinkar til. Avslutninga fyk like over!
25'
Fernandinho har vore seint ute i taklingar før, og er det igjen. Slepp unna det gule denne gongen.
23'
City med klikk-klakk spel på 20-meteren til Sunderland. Det kryr av forsvarspelarar rundt ballen, men ingen maktar å avklare.
22'
Ser ut som kampbildet kanskje endrar seg noko etter scoringa. Sunderland får ha litt meir ball, medan City ligg godt og kompakt i ramma når dei ikkje har kula.
20'
City har god kontroll på kampen så langt.
18'
Hjørnespark
Ufarleg.
16'
Mål!
0-1
Der står til 0-1! Navas får ballen inne i feltet, og skyt. Han får ikkje noko drømmetreff, og ballen går via nokre Sunderland-bein før den hamnar hos Agüero. Han får stå heilt aleine, dempar ballen med venstre og avsluttar med høgre i neste steg. Avslutninga går elegant tilside for keeper!
15'
Lens får frispark, etter dytt i rygg frå Demichelis. Protesterer til inga nytte.
14'
Agüero er nære på å bli spelt fri i feltet, men pasningen er nokre knepp for hard. Utspark frå målet.
13'
Frispark til heimelaget i midtsirkelen. Tek det kort.
12'
Fin opning på kampen - sjølv om dei heilt store sjansane framleis uteblir. Begge lag verkar interessert i å angripe når dei får sjansen.
10'
Agüero får ballen midt inne på Sunderland sin banehalvdel, og leitar etter alternativ. Det finn han ikkje, og set fart framover. Han skyt frå 22 meter - utanfor!
9'
Vi ventar framleis på kampens første sjanse. Men det er gjestene som har ballen klart mest.
8'
Kone stormar framover for heimelaget, og legg inn i feltet. Blir avklart. City kan køyre kontra.
6'
Hjørnespark
Hart boksar ut til innkast.
4'
Clichy dreg av to mann frå sin venstreback-posisjon. Dristig, men likevel innanfor.
4'
Sunderland får låne ballen i nokre trekk. Får innkast på eigen banehalvdel.
2'
Hjørnespark
Navas får ballen tilbake, men blir rydda unna.
2'
Det er City som eig ballen det første minuttet, medan heimelaget jagar.
1'
Silva sparkar igang dette oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Straks avspark.
Verdt å merke seg at Bersant Celina sit på benken for City. Så får vi sjå om den tidlegare Godset-gutten får sin Premier League-debut i kveld. Frå før har han fått speletid i FA-cupen.
Hos City er manager Manuel Pellegrini ferdig til sommaren. Ny mann i sjefsstolen dei neste tre åra blir Pep Guardiola.
Deadline Day er unnagjort i England, og Sunderland-angripar Steven Fletcher er sendt på lån til Marsielle. Han står bokført med fire av lagets scoringar, og har starta 11 kampar denne sesongen. Hos gjestene går Bruno Zuculini og Enes Unal på lån til høvesvis AEK Athens og NAC Breda.
Lagoppstillingane er klare. Heimelaget stiller med følgjande 11: Mannone, Jones, Koné, O'Shea, Kaboul, van Aanholt, Lens, Cattermole, M'Vila, Borini og Defoe. Gjestene mønstrar dette mannskapet: Hart, Sagna, Otamendi, Demichelis, Clichy, Fernandinho, Touré, Navas, Iheanacho, Silva og Agüero.
Heimelaget må klare seg utan Sebastian Larsson grunna skade. Gjestene si skadeliste er noko lenger og består av Vincent Kompany, Eliaquim Mangala, Kevin De Bruyne, Samir Nasri, Fabian Delph og Wilfried Bony. Vi ynskjer dei god betring.
Manchester City er ligaens beste heimelag, men på bortebane går det ikkje alltid på skinner. På dei siste åtte bortekampane i serien har laget berre ein siger - mot Watford. Sist tap for City kom også på bortebane, men vi må likevel tilbake til desember 2015 for å finne det. Den gongen var motstandaren Arsenal. Eitt av problema til City har vore å finne vegen til nettmaskene. Faktisk har Sunderland scora tre mål meir på bortebane enn det City har klart så langt denne sesongen.
Sunderland var inne i ein god periode med to strake sigrar tidleg i januar, men er tilbake med beina på jorda att etter tap mot Tottenham og uavgjort heime mot Bournemouth.
Botn mot topp dette. Vertane ligg nest sist, og dei har seks poeng ned til tabelljumbo Aston Villa. Gjestene er nummer to foran denne runden, og har tre poeng opp til serieleiar Leicester.
Hei, og velkommen til liveoppdatering av oppgjeret Sunderland - Manchester City!