Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet for denne gongen. Ha ein fin fotballsundag vidare!
Avslutningar: 9-14. På mål: 1-7.
Medan Leicester aukar leiinga på toppen strevar Sunderland verkeleg i botnen. Dei har fire poeng opp til Norwich på trygg grunn, med ein kamp mindre spelt. Kattar har som kjent ni liv, men no verkar det som om The Black Cats har brukt opp sine. Ting må i alle fall snu raskt om dei overleve i den engelske toppdivisjonen.
Oppgjeret var prega av høgt tempo og mange duellar, i god gamal engelsk and, men vi måtte vente heilt til timen var spelt for å få det første målet. Til trass for to scoringar på to kampar for England har Jamie Vardy slite med å score i ligaen, men i dag losna det. Først blei han spelt fri i bakrom av Drinkwater og putta enkelt åleine mot Mannone, før han fem minutt på overtid dobla leiinga etter å ha sprunge forbi både forsvar og keeper og trilla ballen i tomt bur. Mellom dei to scoringane hadde derimot Sunderland fleire sjansar, ikkje minst ved Jack Rodwell, som utruleg nok skaut over frå fem meters hald. Definitivt ein av sesongens største missar.
Leicester har slått Sunderland 2-0 og aukar forspranget til Tottenham til 10 poeng!
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+5'
Vi er inne i siste speleminutt no. Kan Sunderland score heilt på tampen?
90+3'
Nok ein miss av Leicester! Vardy speler fri Amartey inne i boksa, men åleine med Mannone klarer han ikkje å overliste målvakta. Utruleg at bortelaget ikkje har scora fleire her.
90+2'
Grey held på kula høgt i bana. Vinn ein corner gjer han også.
90+1'
Det blir lagt til minimum fem minutt her. Nok av tid for Sunderland å få med seg poeng på.
90'
Nesten 0-2! Drinkwater kjem seg ned til dødlinja og får lagt inn, men frå seks meters hald klarer ikkje Vardy å overliste Mannone. God redning av italienaren!
90'
The Black Cats klarer ikkje å setje inn ein skikkeleg sluttspurt her. Med unntak av Rodwell sin store miss har bortelaget hatt grei defensiv kontroll.
88'
Elles blir det meldt at oppgjeret mellom Tottenham og Manchester United har blit utsett til 17.15 på grunn av traffikale problem.
86'
Ulloa prøvar å slå inn i feltet, men ballen treff ein spelar og dalar inn til Mannone.
83'
Så er det nære på i motsett ende! Ulloa kjem åleine igjennom, men frå litt spiss vinkel klarer han ikkje å overliste Mannone. Der kunne det heile ha vore punktert.
82'
For ein gigantisk bom! Innbytar Jack Rodwell får plutseleg ballen på fem meters hald, men til trass for at keeper Schmeichel allereie ligg nede på graset klarer ikkje han å få kula på mål. Høgt over buret, til heimefansen si store fortviling. Den missen der kan vise seg å koste dyrt.
80'
Defor prøvar ei avslutning. Langt utanfor mål.
79'
Frispark til heimelaget midt på bana. Leicester vinn ballen og prøvar ei kontring, men Sunderland overtek ballen igjen.
79'
Van Aanholt er veldig nære ved å klare å ta ned kula fem meter frå Schmeichel sitt mål. Hollendaren får derimot ballen litt for kjapt på seg og må sjå den trille utover sidelinja.
77'
Lufta verkar å ha gått ut av Sunderland etter Vardy si scoring.
77'
Albrighton avanserer med ballen og prøvar eit skot frå distanse. Rett på Mannone.
76'
Albrighton vinn kula utanfor Sunderland si boks og prøvar å leggje flatt inn, men Cattermole kjem i vegen og får blokkert.
72'
Borini då! Spissen, som har skusla bort mange sjansar hittil i kampen, klarer no å skyte seg sjølv i fjeset. Han får ei flat pasning inn i boksa, men skyt berre rett til vêrs og treff seg sjølv. Tragikomisk.
71'
Skal Leicester klare å ta sin femte 1-0-siger på rad og auke forspranget til Tottenham til 10 poeng?
70'
Sam Allardyce med dobbeltbyte. No må Sunderland berre satse endå meir framover.
65'
Ulloa prøvar eit flatt innlegg inn i Sunderland si boks, men vertane får ordna opp.
62'
Leonardo Ulloa gjer seg klar til å kome innpå for gjestane.
60'
Leicester med eit frispark som blir slått inn i boksa. Heimelaget får rydda unna.
59'
Drinkwater prøvar eit skot i næraste hjørne. Mannone har full kontroll.
58'
Khazri skyt, men forsøket går via ein medspelar og til utspel frå Schmeichel.
56'
Albrighton set fart framover langs venstresida, men blir stoppa av Yedlin. Corner.
55'
Det er skikkeleg end-to-end-stuff her no. Ballen er knapt på den midtre delen av bana.
54'
Veldig nære at bortelaget lukkast med ei kontring. Vardy slår inn i boksa til Drinkwater som kjem i full fart, men sistnemnde får eit litt for hardt medtak og Mannone kan fange ballen.
53'
Det er The Black Cats som har vore vassasat dei siste minutta. Kvaliteten på avslutningane har der derimot ikkje vor god nok - hittil.
51'
Dobbeltsjanse for Sunderland! Defoe skjer innover og prøvar eit skot, men det blir blokkert. Returen hamnar så hos Borini, men heller ikkje denne gongen klarer italienaren å treffe målet. Like over.
50'
Yedlin prøvar seg frå veldig langt hald. Høgt over målet til Schmeichel, og manager Allardyce dett bakover i stolen sin.
48'
Det er tydeleg at begge laga ynskjer å angripe her. Dette lovar bra for matchen.
47'
Nesten for Sunderland! Bortelaget slit med å få klarert, og plutseleg får Borini ballen like utanfor boksa. Italienaren prøvar eit skot på direkten, men forsøket går like til side for mål.
47'
Borini skjer innover og avsluttar, men skotet går via ein motspelar og over.
46'
Okazaki blir lagt i bakken, men får ikkje frispark.
46'
Gjestane går rett i angrep frå start av.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause i det som har vore ein intens, men ikkje altfor velspelt og sjanserik omgang. Laga har hatt ein god sjanse kvar, og i tillegg har Leicester blitt snytt for eit straffespark, samtidig som det har vore fleire andre situasjonar som kan diskuterast meir. Det står enormt mykje på spel for begge laga, så det er utenkeleg at nokon av dei vil gå for poengdeling. Vi satsar på at dei siste 45 minutta blir endå meir hendingsrike!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+4'
Huth klarer å få teke ned kula inne i Sunderlands i boks, men den tidlegare Chelsea-, Middlesbrough- og Stoke-spelaren rekk ikkje å avslutte.
45+2'
Stor sjanse for Sunderland! Borini skyt via Morgan, og det er like før ballen rullar forbi Schmeichel som er på veg til motsett side. Dansken rekk likevel å strekkje ut ein fot og stoppe forsøket.
45+2'
Blir lagt inn i boksa, og etter kvart får Mahrez avslutta. Skotet blir blokkert, og Mahrez ropar på straffe. Ballen treff rett nok arma til Sunderland-spelaren, men arma er samtidig inntil resten av kroppen.
45'
Dødball for bortelaget.
45'
Brukbart forsøk av Leicester! Okazaki kjem seg fri til venstre og får lagt flatt inn til Vardy, men på volley klarer ikkje den ferske Englands-spissen å få eit skikkeleg treff, og ballen trillar inn til Mannone.
41'
Fabio Borini har fått seg nok ein smell, og blir liggjande på grasmatta.
40'
På reprisene ser vi faktisk at innlegget frå van Aanholt gjekk i ei Leicester-hand, men avstanden var kort, så det er forståeleg at domaren unnlet å blåse.
39'
Nære på at heimelaget lukkast med eit veggspel inne i Leicester si boks. Dei blå får derimot ordna opp.
38'
Khazri prøvar eit skot frå distanse. Blir enkelt blokkert.
38'
Vanvittig trøkk på stadion i det Sunderland nærmar seg Leicester sin sekstenmeter.
38'
Van Aanholt kjem seg heilt inn til dødlinja med ballen, men det påfølgjande innlegget går i ein Leicester-spelar. Heimelaget ropar sjølvsagt på straffe, men domaren vinkar spelet vidare.
36'
Kaboul kjem til avslutning etter innlegg, men headar over frå grei posisjon. Kunne ha blitt farleg om han hadde treft målet.
35'
Sunderland med frispark. Blir teke kort.
35'
The Foxes prøvar ein overgang, men Kirchhoff gjer ein god defensiv jobb og ordnar opp.
32'
Den første tredjedelen av oppgjeret er unnagjort, men til trass for høgt tempo og mange duellar har det ikkje vore mange moglegheiter å skrive om. Nærast scoring har kaptein Wes Morgan vore i det han heada utanfor etter eit hjørnespark.
31'
Borini fekk seg ein skikkeleg smell der, og blir liggjande medan han får behandling av støtteapparatet.
29'
Gjestane har prøvd å spele hurtig i bakrom mot Vardy ved fleire høve, men så langt har dei ikkje lukkast med å tre igjennom.
27'
Okazaki prøvar å ta ned ein høg ball bak Sunderland-forsvaret, men går i bakken. Det heile skjer inne i heimelaget sin sekstenmeter, men domar Taylor vinkar spelet vidare. På reprisene ser vi at Sunderland-forsvarar Yedlin sparkar Okazaki i brystet, og Leicester har dermed blitt snytt for eit straffespark!
24'
Akkurat no er det vertane som pressar mest.
23'
Khazri jagar ein lang ball inn i Leicester si boks, men når akkurat ikkje fram.
22'
Så er det Defoe som blir sparka ned av Huth. Domar Taylor er derimot inkonsekvent og viser ikkje tyskaren det gule kortet.
21'
Mange tøffe duellar her no.
18'
Borini slår flatt inn i boksa, men bortelaget får klarert.
16'
Fabio Borini prøvar eit skot, men er i ubalanse og sender det nokre meter utanfor målet til Schmeichel.
14'
Okazaki og Vardy kombinerer bra på ei kontring, men innlegget frå førstnemnde blir klarert til corner.
14'
Vardy kjem til avslutning med hovudet, men sender ballen langt utanfor. Ufarleg.
13'
Jermain Defoe har for øvrig hatt ein godkjent sesong, og scora 12 for Sunderland. Det er hans høgaste tal sidan 2009-2010-sesongen, då han netta 18 totalt.
10'
Nære på at Defoe blir heada igjennom av Borini. Ballen går derimot berre inn til Kasper Schmeichel i Leicester-buret.
7'
Okazaki har fått seg ein smell og hinkar rundt på grasmatta.
7'
Mannone er litt i villrede inne i boksa, men bortelaget klarer ikkje å utnytte det. Sunderland overtek.
6'
Frispark til Leicester. Skal blir slått inn i boksa.
5'
Innkast høgt i bana for bortelaget. Blir teke kort.
4'
Leicester med eit valdsamt trykk i starten her.
4'
Kante prøvar seg frå langt hald. Får eit reint treff, men skotet går rett på Mannone.
2'
Vardy lempar ballen inn i feltet. Kaboul må gi til corner.
1'
Enorm stemning på Stadium of Light i det Anthony Taylor bles i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Desse to laga møttest også i serieopninga i august. Då vann Leicester 4-2 etter mål av Vardy, Mahrez (2) og Albrighton. Defoe og Fletcher netta for Sunderland.
Ingen av laga har noko særleg med spelarar utilgjengeleg til dette oppgjeret.
Leicester har på si side 5-1-0 på sine seks seinaste kampar. Alle dei nemnde sigerane har enda 1-0.
Det har blitt langt mellom trepoengarane til heimelaget den siste tida. 1-4-1 er fasiten på dei seks siste, og dei står med heile fire uavgjortkampar på rad før dagens oppgjer. Sist blei det 0-0 heime mot West Bromwich.
Sunderland og Sam Allardyce har på si side heilt andre ting å stri med. The Black Cats ligg under nedrykksstreken på 18. plass, med fire poeng opp til Norwich på trygg grunn. Laget på 17. har derimot to kampar meir spelt enn Sunderland, så dagens vertskap har definitvt skjebna i eigne bein.
Kven skulle tru at eit oppgjer mellom desse to laga skulle ha så mykje å seie for topp- og botnstriden i Premier League i 2015-2016? Leicester har imponert alle denne sesongen, og skulle dei klare å ta ligagullet i mai så vil det vere den største sensasjonen i den øvste divisjonen i England sidan Premier Leauge blei innført i 1992 og i lang tid før det også. I skrivande stund har dei sju poeng ned til Tottenham som skal spele heime mot Manchester United seinare i dag.
Hei og velkomen til livedekning av det enormt viktige oppgjeret mellom Sunderland og Leicester!