Referat
Kun høydepunkter
I dag var kvalitetsforskjelen på Stryn og Vik så stor, at spørsmålet var kor stor sigeren ville bli. Solid gjennomført av heimelaget, som samtidig fekk pynta på målforskjelen. Medan Bruce Springsteen rungar ut over stadion, takkar vi for følget. Framleis god helg!
Kamp slutt Slutt (8-0)
89'
I det Vegard Hopland takkar for seg, vert han kåre til dagens beste strynespelar. Sterk kamp av kraftspissen.
88'
Ein lokal jury har nettopp kåra dagens finaste skjorte på Stryn stadion. Suveren vinnar er Hans Christian Nilsen, kjend som ei lokal moteløve frå Stegane. Nilsen køyrer i dag ein fargesprakande Hawaii-variant, som virkeleg falt i smak hjå juryen. Vi gratulerer.
82'
Kjekt å sjå at Lars Arve Loen kosar seg på Stryn stadion. Økonomilæraren på Stryn VGS er i følgje rykta ihuga Stryn-supporter.
81'
Der burde det vore 9! Kroken med nydeleg gjennomspel til Hopland, men keeper er på den og får avverga til corner.
77'
Keeper Stig Roar Hovland står med ballen i hendene, og rett bak står luringen Håvard Kroken. Håvard håpar nok at Stig Roar er uoppmerksom og skal legge ballen ned, men den gang ei. Når du har 30 års rutine som keeper, let du deg ikkje lure så lett. Dei to involverte smiler godt til kvarandre. Jovial og god stemning hjå Hovland, trass resultatet.
65'
Stryn rullar opp eit nydeleg angrep. Endar med at Håvard Kroken finn Hubert Wdowiak på bakerste, som går for kraft. Hardt skot, som keeper Hovland held i fast grep. Sterkt at fylkets mest rutinerte burvokter.
57'
Izat Khan Shirzad har blitt byta inn for Vik, vi noko usikre på kven som gjekk ut.
52'
Stryn er i gang med sjanseproduksjonen! Saeed Tajik, Håvard Kroken og Steinar Hauge har vore nær, men keeper Hovland har rydda opp.
48'
Kaffikanna er på vei! Du verden, arrangørstaben er VIRKELIG på jobb i dag. Takk Heidi!
47'
Dramatisk på Stryn stadion! Tom kaffikanne i speakerbua, og mørke tal / mørketal på resultattavla.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Håvard Gjerde stakk av med sigeren i straffekonken! Vi gratulerer.
Keeper Erik Paulsen slit tungt i pausen! Han står i mål under straffekonken her, og ungane er gode! Mange fine straffer, som susar i nettmaskene. Vi kjem attende med namnet på vinnaren av denne spanande tevlinga.
Pause og straffekonk for dei yngste på Stryn stadion! Heimelaget har dominert denne omgangen frå start til slutt. Vik har hatt eit par forsøk, men har ikkje vore i nærheita av scoring. Stryn har vore gode, og kunne leda med 7-8 mål. Spørsmålet her er kor stor sigeren blir.
Slutt 1. omgang Pause (4-0)
41'
Sjansane til Stryn kjem som perler på ei snor. Johannes Fredheim har vore mykje involvert på høgresida, og nok ein gang slår han eit strålande innlegg. Der står raudtrøyene i kø, men får ikkje ballen i mål.
32'
Hubert mykje involvert. Set fart mot eit ryggande Vik-forsvar, og set ballen på tvers til Håvard Kroken. Siktet til Kroken er framleis litt krokete, og den går utanfor keeper sin høgre stolpe.
29'
Nok eit skudd på mål, denne gang gjekk avslutninga til Hubert Wdowiak rett i dei rutinerte klypene til keeper Stig Roar Hovland.
23'
Stryn køyrer denne kampen 100% no. Som å sjå andreomgangen mellom Norge og Slovenia. Forskjelen er at Hubert Wdowiak har vore meir effektiv enn Erling Braut Haaland.
22'
Nydelig innlegg fra Fredheim på høgre, til Hopland på bakerste. Hopland headar den tilbake inn foran mål, og der kjem Håvard Kroken fykande. Kunne blitt kroken på døra for Vik, men Kroken headar den like over!
19'
Enorm sjanse for Steinar Hauge! Strøken corner frå Trym Øvreberg, som blir stussa vidare mot bakerste stolpe. Der er Mr Hauge, og slenger fram ein fot. Treff ballen, men den susar over tverliggaren!
11'
Det er opplett på Stryn stadion, men paraply-konkurransen er likevel i live sidan Bernhard Hole har med sitt bidrag.
10'
Stryn med eit par gode forsøk. Vegard Hopland avslutta på halv volley frå 12-13 meter, men har truffe bedre før. Utanfor. Så var Johannes Fredheim på farten frå høgresida, og avslutta i nettveggen.
5'
Etter ein pangstart for heimelaget, har det roa seg litt. Vik prøvde seg frå 30 meter. Ufarleg. Langt over.
4'
Hubert er virkelig i målform. Han scora 6 (!) mål for Stryn sitt guttelag i midtveka.
1'
Stryn rett i angrep, tvingar fram eit kast høgt i bana.
Avspark Start 1. omgang
Velkomne til Stryn stadion! I dag stiller vi mannsterkt, med ein ekstra mann i bua. Velkomen til Einar Dons Brath, som er ein meget sterk wingman under denne kampen. Speaker er Jarle Konstali-Lødemel, så eg er rimelig trygg på god stemning her hjå oss. Her i bua har det allereie vore gåvesermoni, då underteikna har åremålsdag i dag. Blir det meir triveleg no, ramlar eg ned på golvet.