TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Etter ein første halvtime med kast i coilen og litt tut og køyr for heimelaget, kom der fire kjappe mål før pause. Då var i realiteten kampen over, og andre omgang vart meir ein transportetappe med criusekontrollen på. Bortelaget Vik var godt med i starten, men so kobla ABS-bremsene inn. Johannes Fredheim vart av ein lokal jury kåra til dagens stryning, fin scoring og god kamp av høgrebacken. Tidvis ein solid heimekamp for Stryn, som fortset å klatre på tabellen. Stryn sentrum kokar no over av tunge motorbrøl og fiffig tuting. Denne tutinga er interessant å høyre på, sidan der er mange forskjellige tutelydar. For oss tuteinteresserte er denne helga ei velsigning. Tut tut, og over og ut.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (5-1)
90+1'
Hopland fyrer til frå 14 meter, men gode gamle keeper Hovland får fista den over!
90'
Håvard Kroken har vore meget frisk etter han kom inn. Fin tilvekst for Stryn å halde den mannen skadefri.
90'
Fine kombinasjonar av Kroken, Hopland og Johannes Tenden! Endar med at Johannes skyt frå skrå vinkel, men Hovland reddar fint.
84'
Ny corner til Vik. Stryn får rydda opp.
83'
Jørgen Trøsken med eit unødvendig balltap, og Vik stormar i angrep. Kjem til skudd, endar i ein corner som blir dårleg utnytta.
82'
Fin fotball av Stryn, spelar på få touch. Ballen endar i mål, men blir avvinka for offside.
78'
Corner til Stryn no. Kroken skal ta den. Fin corner, som Wdowiak headar ufarleg utanfor.
77'
Spillerbytte
76'
Spillerbytte
73'
Mål!
5-1
Og der får Vik reduseringa si. Litt ping pong inne i Stryn sin 16-meter, og ballen dett ned i føtene på Stadheim. Han klinkar ballen i nota frå 6 meter.
71'
Gult kort
Frisparket er korrekt, kortet er veldig strengt.
68'
Håvard Kroken skyt frå 23 meter, men der er keeper Hovland god!
67'
Lang ball på Vegard Hopland, som headar ned til Hubert Wdowiak. Hubert skyt, i blokka!
65'
Håvard Kroken fri på høgresida, og slår eit nydeleg innlegg til Hubert Wdowiak. Litt ubesluttsomt frå Hubert, som endar med ei avslutning i nettveggen.
62'
Spillerbytte
62'
Spillerbytte
62'
Jørgen Trøsken med ei vending som grunnlurer 2 karar frå Vik. Fint angrep, som endar med corner. Og seinar offside. Kokar vekk i kålen.
59'
Spillerbytte
59'
Spillerbytte
58'
Kroken er godt i gang her, køyrer på i presspelet. Intens, som vi kjenner han.
55'
Spillerbytte
55'
Spillerbytte
54'
Mål!
5-0
Nok ei vakker scoring! Kevin Hoddevik driv framover med ball, og finn Steinar. Strikjen has Nils Petter dreg seg fri innover i feltet, og bøyer den vakkert i lengste hjørnet.
53'
No er der aktivitet på Stryn sin benk. Endeleg skal vi få sjå Håvard Kroken i aksjon igjen. Han har vore skada i snart eit år.
52'
Og der fikk Stryn laget i gir. Flott angrep som endar med eit skot frå Ola Ørjasæter. Den går i blokka, og inn til den velstelte veteranbilen Stig Roar Hovland.
48'
Vik opnar omgangen med gassen i bånn. Fin ball i bakrom, og Martin Stadheim syner fin aks når han rykker frå forsvaret. Skotet går utanfor.
46'
Tut tuuuuut, høyrer vi frå fløyta til dommaren. Dei siste 45 minutta er i gang!
Start 2. omgang Start 2. omgang
For heimelaget var den første halvtimen som ein tysk bobil på veg opp i Lodalen. Det gjekk litt i rykk og napp, utan det heilt store overtaket. Då var Vik godt med, og kunne fort tatt leiinga. Men etter at Johannes Fredheim fyrte inn eit vakkert langskot, var det berre eit lag på bana siste kvarteret. Då rulla Stryn opp fleire fine angrep, og var plutseleg nypolerte i lakken. Då børna Stryn ifrå Vik, tuta og vinka farvel. Bortelaget fekk fullstendig motorstopp, og må fram med startkablane. Poenga bør no vere sikra for heimelaget, og det blir rikeleg med høve til å gje speletid til den spennande gjengen som sit på benken.
Slutt 1. omgang Pause (4-0)
45'
Mål!
4-0
No er Stryn gode! Rullar opp eit vakkert angrep. Steinar Hauge driblar seg fri, og spelar Tomas Tjellaug aleine med keeper. Litt skrått på mål, vel han likevel ikkje å skyte. Han finn Hubert med ei fin pasning, og han fyrar ballen opp i nettaket! Pent!
41'
Mål!
3-0
Og der scorar Ola sitt første mål i Kretsligaen for Stryn! Får ballen litt over midtbana på Stryn si høgreside. Flikkar den elegant med seg, og kjem 1 mot 1. Og der er Ola god! Dreg seg enkelt forbi siste forsvarar, og set ballen kontrollert i mål nede til høgre for keeper Hovland. Strålande prestasjon av den unge 2008-modellen!
39'
Vik prøvar seg frå skrå vinkel. Skotet er småfarleg, men går utanfor.
36'
Mål!
2-0
Der gjer Hubert alt sjølv! Dreg seg forbi eit par vikarar, og plasserar ballen heilt ute ved keeper Hovland sin venstre stolpe. Lekkert av Bremanger sin store son.
35'
Hubert Wdowiak skyt frå 16 meter. Keeper Hovland i full strekk, og får den ut til corner. Corneren blir det ikkje noko av.
30'
Mål!
1-0
Stjernetreff av Johannes, då han scorar sitt første mål for Stryn i Kretsligaen! Ola Ørjasæter dansar og driblar litt i forkant, men får skuddet sitt blokkert. Returen trillar ut til Johannes, som frå 20 meter klinkar til. Ballen stig og stig, og fyk i nota nesten heilt oppe i krysset. Vakkert! Dette var nok ei scoring som pappa Arnt-Magne nikka anerkjennande til. Pappa Fredheim var sjølv kjend for ei voldsom ventreslegge.
26'
VIk fører ball inn i feltet, og er nær å kome til avslutning. Der er Jesper Jepsen på plass med ei god takling.
23'
Tomas Tjellaug slår ein corner som Vik får avklara.
22'
Så er Stryn nær! Ola Ørjasæter med ein fin ball til Steinar Hauge som fyrer til frå noko skrå vinkel. Den går i nettveggen!
16'
Vik prøvar seg på halvspretten frå 25 meter. Blir enkelt for keeper Strand. Svak avslutning.
15'
Stor sjanse for Stryn! Hubert Wdowiak får synt fram farten sin, og kjem til slutt med eit innlegg på bakerste stolpe. Der er Steinar Hauge, men han kjem ikkje nok over ballen til å få styrt den på mål med si velproporsjonerte panne.
11'
VIk yppar seg, og det blir litt kaos i Stryn sitt forsvar. Bortelaget er absolutt med på notane her no. Heimelaget bør skifte gir snart. Går litt på tomgang for raudtrøyene så langt.
10'
Johannes Fredheim med ei nydeleg pasning i bakrom mot Hubert Wdowiak, men keeper Hovland når den først.
5'
Stryn med mest ball i starten her, medan Vik yppar seg på contringar. Kan fort bli kampbildet i dag.
3'
John-Erlend Bø prøvar seg frå 23 meter. Keeper-legenda Stig Roar Hovland har null problem med den. Rusk i forgassaren på Bø der.
2'
Thomas Thaule frå Fjordingen er på plass, men kan ikkje bli på stadion i 90 minutt. - Det er noko børning på gang, seier Thaule som også må dekke motorfestival.
Avspark Start 1. omgang
Verdt å merke seg benken til Stryn i dag. I tillegg til keeper Karsten Hauge, finn vi Jan Marius Brekke, Sondre Erdal (comback-kid), Johannes G. Tenden, Håvard Kroken (comback-kid) og Vegard S. Hopland. - Vi har jo reine City-benken i dag, sa Hopland før kampen. Utan samanlikning forøvrig, har han eit poeng i Kretsliga-sammenheng. Når det gjeld menneskerettigheiter og denslags, er sjølvsagt Stryn ein føregangsklubb i forhold til City. Den er grei.
Jaggu er det mulig å arrangere ein fotballkamp i Stryn denne helga. Bygda bær sterkt preg av den usedvanlig populære motorfestivalen, som mest sannsynlig vil høyrast på Stryn stadion under kampen. La oss håpe dette oppgjeret mellom Stryn og Vik blir ein Ferrari av ein fotballkamp, og ikkje som ein tysk bobil på trange vestlandsvegar. Brom brom, tut tut. 10 minutt til dommaren bles i gang kampen, og hestekreftene får utfalde seg på den grøne matta.