Oppsummering
Det er vel ikkje noko tvil om at dette er ein kamp som, etter spel og sjansar, burde enda med 3 poeng til Stryn. Men når det lugga framfor mål for Stryn, var Studentspretten desto meir effektive. Eit elles godt stryneforsvar var noko passive i avgjerande situasjonar, og bortelaget leia dermed med 2 mål. Men effektiviteten til Stryn tok seg opp i tide. Først ei klinisk avslutning av Simen Hopland, som tente håpet om poeng. Deretter scora havørna frå Selje, Mohammad Ali, med ei heading frå 89 cm. Dermed sikra han eit poeng til heimelaget med det som var det absolutt siste som skjedde 6 minutt på overtid. Stor dramatikk og god underhaldning på Stryn stadion i dag. Lokalfotballen er i gang igjen!
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+4'
Dramatikk!! Innlegg frå Stryn si venstreside. Kevin Hoddevik finn Jesper Jepsen, som set ballen i mål. Men den blir annullert, assistentdommar flaggar for offside. Mulig Hoddevik var i offside då innlegget vart slått, men det var i tilfelle svært marginalt!
90+2'
Stryn pressar på mot slutten her, Spretten står imot og avklarar i retning Strynefjellet.
90'
Lang ball, Vegard Hopland headar ned til Kevin Hoddevik. Kevin skyt i blokka. Corner. Den blir resultatlaus.
89'
Fint angrep av Stryn, endar med at Mohammed Ali skyt frå skrå vinkel. Keeper får redda til corner. Den blir dårleg utnytta.
83'
Vegard Hopland får endeleg ballen i mål! Men blir avvinka for offside.
82'
Skal Stryn få med seg poeng her? Farleg angrep igjen. Lang ball inn i feltet, der Simen Hopland kjem nesten til avslutning. Mohammed Ali plukkar opp ballen, og skyt frå veldig skrå vinkel. Litt for skrå vinkel, viste det seg.
80'
Gustavo Da Silva kjem inn for Spretten. Uvisst kven som gjekk ut.
74'
Har spretten sprutte for mykje? Theo Egge ligg nede med krampe.
64'
Mål!
0-2
Frykteleg passivt av Stryn igjen. Innlegg frå Spretten si venstreside, og Bellen får enkle arbeidsforhold då han breisidar inn 0-2!
64'
Spillerbytte
63'
Spillerbytte
61'
Småpent av Stryn igjen, Tomas Tjellaug fiksar heimelaget ein corner. Den blir surra vekk i ingenting.
60'
Utruleg kor det luggar offensivt for Stryn. Mohammed Ali på farten, skal spele Vegard Hopland fri, men ballen sneiar innom ein forsvarar. Mykje nesten. Veldig mykje nesten.
59'
Simen Hopland blir spelt gjennom, og kun eit middels mottak gjer at han ikkje kjem aleine med keeper! Situasjonen kokar vekk i den berømte kålen. Nesten ufatteleg at Stryn ikkje har scora i denne kampen.
55'
Cornerer sprett fram og tilbake inn i feltet til Spretten. Bortelaget får rydda opp, med nød og neppe!
55'
Langskot frå Kevin Hoddevik, keeper vippar den over. Corner!
52'
Are Njøten kjem på sykkel. Med posar som heng og dinglar på styret. Ser ut som eit omreisande enmannsorkester. Vakkert.
51'
Spillerbytte
51'
Stryn med ein ny, stor sjanse! Hoddevik med godt innlegg, Vegard Hopland skyt hol i lufta frå 5 meter. Deretter får Tomas Tjellaug sjansen, man skotet går over!
47'
Mål!
0-1
Aiaiai. Ei pasning frå midtsoppar Marcel Kucab blir snappa opp, og Landøy får uforstyrra skyte frå 15 meter. Passivt av Stryn, god avslutning av Landøy.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Pauserapport: Stryn har utan tvil vore det beste laget dei første 45 minutta. Studentspretten har hatt eit par farlege visittar, men Stryn har hatt mykje ball og har også hatt klart flest sjansar. Likevel er inntrykket at det luggar litt for Stryn foran mål. Avslutningane har ikkje vore gode nok så langt, noko som må opp eit par hakk dersom Stryn skal ta alle poenga. Bortelaget har nok også 3 poeng i sikte. Dei ligg lavt, og får sine sjansar på overgangar. Dette er dermed like ope som ei god gamaldags låvedør. Då tenkjer eg på ei sånn kjempestor, dobbel og raudmåla låvedør.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Så går Stryn rett i angrep, og både Ørjasæter og Lødemel prøvar seg. Først i blokka, så over.
45+1'
Spretten nær! Emil Engelsen skal til å fyre frå 6 meter, men Kevin Hoddevik hiv seg inn og blokkerar!
44'
Hardt og lavt innlegg frå Spretten sin venstreside. Der er keeper Strand god. Kjapt nede, og held ballen.
43'
Vegard Hopland passerar eit par forsvarar og skjær inn frå venstre. Kjem seg fri og skyt frå 10-11 meter, men nok ein gong rett på keeper.
40'
Kevin Hoddevik riv seg fint fri på høgresida, slår inn i feltet. Avklart til innkast.
38'
Ein frå bortelaget ligg nede. Han har knall oransje sko. Neonoransje. Kult. Han kjem seg opp igjen. Var sikkert litt sliten.
37'
Oj! Spretten slår langt, og Jesper Jepsen ser ut til å ha kontroll. So kjem keeper Strand ut, og ein angripar får avslutta. Den går utanfor. Litt kommunikasjonstrøbbel i forsvaret til Stryn der.
35'
Venstreback og debutant Lukas Lødemel går på løp, og blir spelt gjennom av Vegard Hopland. Dessverre er pasninga litt for lang, og keeper Kristengård ryddar opp.
33'
Frispark til Spretten utanfor 16-meteren, på Stryn si venstreside. Kan bli skummelt. Innlegget skrur faretruande mot lengste vinkel, men susar ein god halvmeter utanfor.
32'
Kevin Hoddevik og Vegard Hopland kombinerer fint. Hopland fyrer til frå 18 meter. Over!
27'
Nesten igjen! Ola Ørjasæter veldig mykje involvert. Spelar fri Kevin Hoddevik, som frå noko skrå vinkel skyt knallhardt i nettveggen.
26'
Stryn nærmar seg leiing. Ola Ørjasæter på farten igjen. Skjær inn i feltet og skyt, men den blir også blokkert til ein corner som blir ufarleg.
25'
Speaker Nils Petter har ein bror som heiter Frode. - Eg er so utruleg glad i Frode, kan du sende han ei helsing?, sa Nils Petter. Sender difor ei helsing til Frode, og takkar audmjukt for at du les dette vaset.
22'
Stryn held trykket, og til slutt avsluttar Ola Ørjasæter frå distanse. Rett i hanskane til keeper.
22'
Corner til bortelaget no. Stryn vinn ballen, og contrar. Blir stoppa i første omgang.
19'
Frispark til Stryn på 19 meter. Ørjasæter er klar. Prøvar å bøye den opp i lengste hjørne, men ballen dalar inn i fanget til keeper, som reddar enkelt.
19'
Å herre min flosshatt! Nær 1-0, igjen! Ola Ørjasæter legg inn frå venstre, og Vegard Hopland skyt frå 4 meter. Kva som skjedde der er usikkert, men ballen gjekk ikkje i mål. Merkelig nok.
17'
Spretten på ein småfarleg visitt. Kjem rundt på venstre, men innlegget langs plastgraset tar keeper Christian Strand seg av.
15'
Stryn vinn ballen høgt i bana. Mohammed Ali prøvar seg frå 20 meter, men rett i blokka til Studenspretten. Ikkje skriveblokka altså.
13'
Ingen tvil om at Stryn har vore det beste laget so langt. Det er farlegare når heimelaget er i angrep, i tillegg har Spretten blitt kontant stoppa av Stryn sitt forsvar.
11'
Ny corner til bortelaget. Den vart også ufarleg.
9'
Kjempesjanse for Stryn! Vegard Hopland blir spelt fint gjennom av Johannes Fredheim. Litt skrått på mål lobbar han ballen over keeper, men den sprett like utanfor stolpen. Frykteleg nær 1-0!
8'
Vegard Hopland er konge i eige felt. Headar corneren vekk frå farleg område.
7'
Corner til bortelaget. Skot frå 19 meter som vart blokkert.
7'
Bortelaget prøvar seg på si venstreside. Kontant stoppa av Johannes Fredheim. Solid takling.
6'
Stryn med initiativet frå start. Mohammed Ali på farten på Stryn si høgresida, men innlegget går i leggbeskyttaren til ein forsvarar.
2'
Årets første sjanse for Stryn er eit faktum. Ein pressa Vegard Hopland bles ballen over frå 6 meter.
1'
Vi er i gang! Holdt på å gløyme å starte kampen på grunn av ein vaffelprat med Kjell Anders.
Avspark Start 1. omgang
Speaker Nils Petter Hauge er voldsomt engasjert, og hyller lokalfotballen før han les opp laga. Ikkje eit augo er tørt på stadion. Rørande.
Viktig beskjed! No har Arnt Magne Fredheim fått i oppdrag å oppdatere resultattavla her på stadion. Då er iaffal det i trygge hender.
Stryn si lagoppstilling er spennande. Vi nemner spesielt høgreback og debutant Lukas Lødemel, som kom frå Hornindal i vinter. Han er sonen til Stig Olav Lødemel, som i si tid scora mål i bøtter og spann for Stryn. Lukas er ein talentfull ung kar, og vi ynskjer han lukke til i strynedrakta! Elles ser vi også at supertalentet Ola Holmlund Ørjasæter er i startoppstillinga, etter ein vinter prega av ymse skadeplagar. Stryn har også eit par potensielle debutantar på benken i dag, både Filip Leirgulen og Oliver Veka Brath spelar sine første offisielle minutt for Stryn om dei kjem innpå i løpet av kampen.
Å du hildrande du! Endeleg er dagen komen. Serieopning i den sagnomsuste Kretsligaen! Laga er i oppvarming. Dei ser konsentrerte og fokuserte ut. Våre gjester, Studentspretten, ser kanskje ut til å ha litt mindre spenst enn namnet tilseier, men har sikkert gjennomsnittleg spenst likevel. Ein tøff kamp i vente, der begge lag er svært interessert i å starte sesongen med 3 poeng.