TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Vi var inne på det i pausereferatet. Vi hadde ein følelse av at Stryn hadde meir å gå på. Heimelaget leverte betre etter pause, og Studentspretten hadde stort sett ingenting å by på. Fullt fortent heimesiger, som etter kvart syner seg fleire hakk betre enn motstandaren i dag. Jan Marius Klepp Brekke var fortent kåra til dagens stryning, men vi må også nemne Justas Busmic og Hubert Wdowiak som sterke bidragsytarar for Stryn i dag. Jon Terje Tjellaug leia laget frå sidelinja, då trenar Hesjedal og ass.trenar Sætre ikkje var tilgjengelige i dag. No kan Øystein Hesjedal senke skuldrane, rette meir fokus på bryllupet og feire kjærleiken ut i dei små timar. I Stryn fortset festen i teltet. Ein prosit!
Kamp slutt Slutt (5-1)
90+4'
Mål!
5-1
Sokrates Ullebø Hool vinn ballen på venstresida, og spelar fram til Mohamed A. Said. Ballen endar etter kvart sentralt hos Hubert Wdowiak, som kliner til frå 17 meter. Eit kjemeptreff! Ballen fyk inn i keeper sin høgre vinkel.
90+1'
Stor sjanse for Stryn igjen! Flott pasning i bakrom av Allesøe, som sender Wdowiak aleine med keeper. Avslutninga rett på bortelaget sin sisteskanse.
90'
Ein lokal jury har kåre Jan Marius Klepp Brekke til dagens stryning! Solid kamp av veteranen.
89'
Spillerbytte
88'
Spillerbytte
85'
Mål!
4-1
Aiaiai! Unge lovande Jonas Hopland på rett plass til rett tid. Saeed Tajik fyrer til, keeper må gje retur. Der er Jonas på plass og set den sikkert i mål!
85'
Emil Allesøe kliner til i ein duell. Treff ballen, og den syng rett i bjellene til ein kar på bortelaget. Blir kanskje ikkje så mykje sprett der i kveld.
82'
Bortelaget farlig frampå igjen. Men keeper Paulsen ryddar opp.
81'
Corneren blir ikkje farleg i det heile tatt.
80'
Fantastisk forarbeid av Rasmus Tjellaug, som spelar Hubert Wdowiak gjennom. Endar med corner.
79'
Spillerbytte
77'
Mål!
3-1
Stryn med unødvendig balltap på 20 meter, som bortelaget utnytter maksimalt! Skal det bli spenning igjen her?
76'
Spillerbytte
73'
Ny, stor sjanse for Stryn, som dominerer denne perioden av kampen. Hubert Wdowiak spelar inn til Saeed Tajik, som prøvar å sette den i mål frå ca 9 meter. Blir forstyrra, og får dårleg treff. Utanfor.
72'
Corner til Stryn no, Rasmus Tjellaug. God corner, som spretten får avklara.
68'
Mål!
3-0
Hubert vinn ballen sjølv, kjem aleine mot keeper. Litt skrått på mål, set han den elegant i nota i keeper sitt lengste hjørne. Kjøh!
65'
Spillerbytte
62'
Mål!
2-0
Hubert set den kontant i mål, nede til venstre for keeper.
62'
Hubert Wdowiak gjer seg klar.
62'
Øystein Hesjedal, can you hear me??? Straffe til Stryn! Vegard Hopland blir tatt innanfor 16-meteren.
60'
Saeed Tajik dreg seg elegant fri på Stryn si venstreside, og skjær inn mot mål. Med mange folk i feltet, vel Tajik å skyte sjølv. Var nok ikkje det korrekte valget. Avslutninga er svak.
54'
Stor sjanse for Stryn! Fint innlegg til Hubert Wdowiak. Han dreg seg forbi keeper, men får ikkje avslutta. Legg tilbake i feltet til Saeed Tajik, som dessverre for heimelaget skuslar den vekk.
52'
Stryn best ut av startblokkene i andre omgang. Fint angrep der Hopland og Wdowiak kombinerer fint. Ballen endar hjå Rasmus Tjellaug som skyt frå 19 meter. Keeper med full kontroll på den. Ikkje stjernetreff.
50'
Corner til Stryn. Rasmus Tjellaug svingar den inn, men bortelaget avklarar enkelt.
49'
Gult kort
Start 2. omgang Start 2. omgang
Stryn med ei knapp leiing når laga tuslar i garderoben for å kvile seg nokre minutt. Leiinga er for så vidt fortent, men dette har vore ein noko tam omgang av begge lag. Stryn virkar å ha flest farlige verktøy i verktøykassa, men det er ikkje hjelp i å ha ein hammar tilgjengeleg om du vel å slå inn ein spiker med tommestokken. Med litt meir tenning, vilje og initiativ har vi ein mistanke om at Stryn kan vinne med solide siffer her. Men det er berre 1-0. Her er absolutt ingenting avgjort, så ho sa brura før ho gjekk ned kyrkjegolvet.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
43'
Gult kort
Like før Mr Haydari dreg på seg raudt kort. Voldsomt hissig på dommaren der.
40'
God ball over forsvaret til bortelaget til Wdowiak på Stryn si venstreside. Wdowiak får lagt inn, men keeper snappar den. Uansett lite folk i boksen for heimelaget.
36'
Saeed Tajik med ei god involvering. Vinn først ballen, og prøvar seg frå 25 meter. Får bra treff, men rett i fanget på keeper som har grei kontroll på den.
32'
Frisparket går langt over! Dårleg utnytta av Studentspretten.
32'
Her kan bortelaget skape noko. Får frispark 18 meter frå mål. Skuddhold.
31'
Frispark til Stryn 35 meter frå mål. Emil Allesøe løftar den over alt og alle, utspel frå mål.
29'
For heimelaget sin del, skjer mykje av det offensive så langt på høgresida. Justas Busmic har vore god og aktiv. Viktig mann å holde skadefri for Stryn.
27'
Annulert mål for heimelaget! Hubert Wdowiak i offside når han set den i nettet. Samtidig er Rasmus Skåre Tjellaug skada, men ser ut til å riste det av seg.
26'
Hunden til Pål Erik Ytreeide kom nettopp spankulerande forbi her, ulastelig antryukket i ei mørkeblå regnjakke. Terningkast 4 frå motepolitiet i bua.
20'
Mål!
1-0
Igjen er det Justa Busmic som får ballen på høgresida. Nytt, godt innlegg frå høgrebacken, og der er Vegard Hopland sikker! Set den kontant i mål frå 5 meter.
19'
Hubert Wdowiak prøvar seg frå 23 meter. Treff for så vidt mellom stengene, men der har keeper usedvanlig god kontroll.
17'
Vegard Hopland får eit innlegg på bakerste stolpe. Set den i tverliggaren! Uansett, avblåst for offside.
16'
Justas Busmic med god involvering på høgresida. Strålande innlegg langs bakken, men der er ingen stryningar til å ekspedere den vidare i mål.
13'
Elles ei litt tam og rolig opning på kampen her på Stryn stadion.
10'
Wingman Karl Ludvig Daaen kom med ei litt artig betraktning: Tenk om trenaren til Studentspretten hadde hatt namnet Snurre Sprett? Tygg litt på den, folkens.
7'
Nydeleg crosspasning fra Trøsken til Fredheim på venstresida. Innlegget til Fredheim går bak mål.
5'
Stryn trillar ball, Studentspretten ligg lavt og kompakt.
4'
Stryn i angrep. Hubert Wdowiak prøvar å finne Vegard Hopland med eit innlegg frå venstresida, men innlegget går bak mål.
3'
Spretten best i gang. Prøvar seg med eit langskot som går utanfor. Neste angrep blir farleg, der keeper Paulsen avklarar i rygg på eigen forsvarar. Men Paulsen får kontroll til slutt.
1'
Vi er i gang!
Avspark Start 1. omgang
Speaker i dag er sjølvaste Einar Dons Brath, med fortid som radiovert i Sogndal. Det tyder på at denne oppgåva er i særdeles trygge hender. Firda Live-skribenten har også god hjelp. Håvard Veka og Karl Ludvig Daaen er på plass som wingmen! Dette er to karar som definitivt har gode formuleringar.
Stryn sin trenar, Øystein Hesjedal, er denne laurdagen oppteken med eit bryllaup i Aalesund. Han er glad i å feire kjærleiken, denne Hesjedal. Ass.trenar Jørn Peder Sætre er svært sentral musiker i Oktoberfesten sitt eige Husband, der han trakterer tubaen på ein framifrå måte. Difor er Jon Terje Tjellaug dagens kampleiar for heimelaget.
Velkomen til Stryn stadion, på ein laurdag der bygda er sterkt prega av godt brygg, ompamusikk, dirndl, lederhosen og meir eller mindre velfriserte bartar.