Referat
Kun høydepunkter
Snipp, snapp snute, så var cup-eventyret for Stryn ute. For heimelaget vart dette ein kamp med lite ballinnehav, og mykje jobbing uten ball. Det heldt bra ei stund, men etter kvart som måla rann inn vart det sjølvsagt blytungt. Innsatsen var det derimot ingenting å seie på, men etter Sogndal sitt andre mål i det 55. minutt var det i realiteten avgjort. Sogndal gjennomfører ein profesjonell kamp, er det suverent beste laget, og får tydeleg fram divisjonsforskjellen. Dermed inga cup-bombe å melde frå Stryn stadion. Men vi som er glade i god fotball, kan umiddelbart sjå fram til Barcelona - Liverpool seinare i kveld. YNWA! :)
Kamp slutt Slutt (0-5)
90+5'
Frispark-innlegg frå Emil Allesøe på bakerste stolpe. Mads Wie stupheadar den liiiiike utanfor!
90'
Frispark til Stryn på 22 meter no. Skrått på mål. Skal vi få ei redusering?
87'
- Hold det gåande no!, skrik strynekaptein Emil Allesøe.
85'
BREAKING NEWS! Dagens største paraply er kåra. Ingen overraskelse at den pokalen går til førehandsfavoritten Bernhard Hole! Vi gratulerer!
84'
Julian Hove nede med krampe. Stopp i spelet.
83'
Her i speakerbua må vi ha vindauget ope for å sjå. Regnet gjev dårleg sikt. No bles regnet inn i speakerbua i tillegg. Triveleg.
81'
Surt, vått og kaldt på Stryn stadion no.
78'
Sogndal på farten igjen. Innlegg frå Jonas Fredriksen, som Ulrik Flo tek fint ned og spelar i støtte til Ndour. Avslutninga til Ndour blir blokkert.
75'
Vi har fått ei melding frå ikkje ukjende Johannes Tinges Bø, som skriv: Sogndal skulle nok ønske dei var ein del av Nordfjord. :)
71'
Ulrik Flo meget tøff med Julian Hove, og får slått eit farleg innlegg. Der skal Hove ha frispark. Dommar ikkje einig.
66'
Enorm sjanse for Stryn og Mads Wie! Kjem aleine med keeper skrått på mål, men den trillar dessverre utanfor lengste stolpe.
64'
Skot fra Marius Rauset. Blokkert! Corner til Stryn.
62'
Innlegget blir klarert, og Emil Allesøe dreg til på returen. Skotet frå 23 meter er bra, men går like utanfor keeper Hetle sin venstre vinkel. Nær!
61'
Stryn med frispark skrått på mål no. Har flytta opp fyrtårna.
57'
Sogndal kjem igjen nedover høgresida, men blir kontant stoppa av Vegard Sæten Hopland. Strålande tackling.
55'
Stor sjanse for Stryn! Marius Rauset fossar innanfor 16-meteren i duell med ein forsvarar. Keeper Hetle kjem ut og får avklara.
54'
Litt tidlegare kom Ndour til avslutning på 7-8 meter. Men stryneforsvaret blokkerte den. Heroisk innsats av Stryn her.
52'
Småfarleg! Stryn sin Julian Hove med ein ball i bakrom, som Marius Rauset jagar. Keeper Hetle må utanfor 16-meteren, og når den i tide.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Oppdatering frå sosiale medier: Frank Mikkelsen har vore på tur i Steindalen i dag, og fyrte i peisen etterpå. Rune Solheim har mykje til salgs på Facebook.
Pause på Stryn stadion. Som forventa har karane frå saftbygda vore best, og leiar fortent. Stryn var ikkje med på tempoet i starten, men det roa seg noko etter kvart. Stryn har vore på eit par farlige visittar innanfor 16-meteren til Sogndal, der Håvard Kroken sitt gode innlegg til Mads Wie fort kunne gjeve teljande resultat. Wie strakk seg så lang han var for å nå den, men mangla 4 cm på sokkelesten. Når det er sagt, kunne Sogndal hatt meir enn det eine målet. Stryn sin keeper Jakob Holst har stått i vegen, og varta opp med eit par meget gode redningar. For Sogndal har målscorar Joachim Soltvedt utmerka seg mest. Så lenge stillinga er 0-1, kan alt skje. Vi ser fram til ein thriller av ein andreomgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
44'
Soltvedt skyt rett i muren. Ndour klinkar returen via ein strynespelar og rett i klypene til keeper Holst.
43'
Frispark til Sogndal frå 20 meter no. Kan bli farleg.
43'
Elles ser vi at strynesupportar Endre Bø har kledd seg godt. Allværs-jakka er på, det samme er den gode varme hua frå Skogstad. Ingen sommar-temperatur i Stryn i dag.
40'
Per-Magnus Steiring i duell med Jonas Denk. Steiring dett som Neymar. Pinleg. Men han fekk frispark. Rutinert?
37'
Ulrik Fredriksen blir spelt fri inne i feltet. Aleine med keeper Holst. Den duellen vinn Holst. Strålande beinparade! Stor sjanse for Sogndal.
36'
Soltvedt i fint driv framover for Sogndal. Stryneseplarane klarar ikkje å stoppe han. Skotet frå 15 meter går utanfor. Ikkje veldig nær eigentleg.
33'
Sogndal dominerar meir igjen no. Stryn blir spelt lave.
31'
Ndour aktiv. Slår eit innlegg inn i feltet. Kontant klarering av Mathias Ullebø Garlid.
29'
Ndour på farten igjen. Skyt frå 17 meter. Keeper Holst med FULL kontroll.
29'
Skummel Sogndal-kontring. En mot en! Ndour mot Julian Hove. Der blir Ndour småstrik, Hove får avklara. Van Dijk-nivå over den.
27'
Langt oppspel, der Wie prøvar å spele gjennom Kroken på en touch. Nær at den lukkast.
26'
Frispark frå 25 meter. Ndour skyt, laaaangt over. Stusseleg.
25'
Etter at Sogndal starta kampen i eit voldsomt tempo, har det roa seg ein smule. Bortelaget har framleis mest ball, men Stryn har fått flytta seg litt høgare i bana.
19'
Heimelaget er med på leiken. Jonas Denk slår eit fint innlegg frå høgre, mot Mads Wie. Keeper Håvard Hetle plukkar den.
17'
Soltvedt får ei fin pasning i bakrom, og smell til på halv volley. Stryn sin keeper Jakob Holst reddar glimrande!
16'
Det frisparket sette Marius Rauset langt over. Synd for Stryn, det kunne blitt farleg.
16'
Stryn meir med no. Julian Hove kjem til innlegg. Klarert. Stryn har no frispark på 19 meter.
14'
Strålande kontring av Stryn! Håvard Kroken fossar nedover høgresida, og slår inn mot Mads Wie. Wie er sååååå nær, men når ballen AKKURAT ikkje. Nær utlikning!
13'
Uvant situasjon for Stryn sjølvsagt, som er vant med å styre kampane sine. Her er det Sogndal som styrer.
10'
Fin opprulling av Sogndal på høgresida. Enda med corner som blir heada ut av Mads Wie.
9'
Soltvedt prøvar seg igjen. Frispark frå 20 meter. Får elendig treff. Ballen trillar til side for mål.
7'
Sixten Jensen kjem til skot inne i feltet. Blokkert av ein oppofrande Vegard Vatn Øvreberg.
5'
Sogndal med eit tydeleg overtak dei første 5 minutta. Stryn blir trykt bakpå.
3'
Sogndal farleg frampå allereie! Ulrik Flo kjem til heading i feltet, blir klarert. Totland prøvar seg frå 18 meter. Blokkert.
Avspark Start 1. omgang
Ei rørande minnemarkering for Eirik Stølen er nettopp over på Stryn stadion. Sterkt. Stryn stiller med svarte sørgeband i dag.
Hymnen rungar ut over Stryn stadion. Laga er på veg inn på bana. No er det like før vi er i gang! Herre min hatt. Det kriblar både her og der. Dette blir spennande! Får vi håpe.
Klikk deg inn på www.fjordingen.no om du vil sjå direkte-stream av kampen.
Fantastiske nyheiter rett før kampstart! Vi i speakerbua har fått servert ei kannje med rykande fersk kaffi. Tusen takk til alle involverte.
- Lykke til i dag! Cup er cup, og Stryn kan slå alle lag. Også Sogndal. Kjæir på!!, helsing Eivind Karlsbakk.
- Det blir kjempespennande å følge med storkampen i Stryn i dag! Lykke til!, helsing Tore Andrè Flo
Elles kan vi melde om eit deilig duskregn over stadion i Fagre Stryn! Det fyller seg opp på tribuna, og laga er godt i gang med oppvarming.
For Stryn sin del, kjem Vegard S. Hopland inn på laget etter skade. Han går inn i midtforsvaret saman med Mathias Ullebø Garlid og Vegard Vatn Øvreberg.
I målet til Sogndal finn vi ein anna kjenning! U16-landsalgskeeper Håverd Hetle, som var på utlån til Stryn i fjor, får sin debut mellom stengene til Sogndal i dag.
Sogndal stiller mellom anna med to stk Flo! Både Ulrik Flo og Johan Svedal Flo startar kampen i Sogndal sitt angrep. Rutinerte Ulrik kjenner vi godt frå før, medan Johan er sonen til Tore Andrè Flo.
Då er det endeleg klart for fotballfest på Stryn stadion! Sogndal har hatt ein ruskete start i OBOS-ligaen, og ligg førebels på 13.plass. Stryn vann 5-4 mot TMFK i sin første seriekamp, og må mure igjen bakover for å få eit godt resultat her.