Referat
Kun høydepunkter
No har vi ikkje historiebøkene framfor oss, men Stryn har vel ikkje tapt med slike siffer på heimebane sidan 13.juni 2007 då Strømsgodset vann 9-2 i 2. runde i cupen. Sogndal 2 kom med eit sterkt mannskap, og var fullstendig dominerande. At Stryn sin keeper Erik Paulsen vart kåra til dagens stryning, seier vel det meste om korleis kampbildet har vore i kveld. Stryn er sjølvsagt prega av å ha mista 3-4 spelarar etter vårsesongen, men dette var likevel skuffande. For heimelaget sin del, får ein trøyste seg med at ein fotballkamp blir fort historie. Og at det heldigvis ikkje er lenge til muligheten kjem for å vise seg frå ei betre side. Takk for i kveld, over og ut.
Kamp slutt Slutt (1-9)
78'
Sogndal 2 har også gjort nokre byter her, men vi kan ikkje skryta av å ha heilt kontroll på dei.
69'
Stor sjanse for Stryn. Lang ball mot Hubert Wdowiak på høgresida. Hubert får kontroll og utfordrar backen, drar ein elegant tunnell, og avsluttar skrått på mål. Hardt, men keeper Johnsen tar den.
60'
Så kjem Sogndal rett i angrep, og Erik Paulsen hindrar nok eit baklengsmål. Solid redning.
51'
Dramatikk i bua! Speaker Jarle K. Lødemel måtte rett og slett springe for å pisse. Dersom det blir scoring mens han er vekke, kan det for bli wingman Einar Dons Brath som får sin speaker-debut på Stryn stadion.
49'
Vi ser at Johannes Konstali-Lødemel har komt inn for Sogndal 2, og får dermed sin første senior-kamp for sin nye klubb. Kven som gjekk ut er neimenn ikkje godt å sjå.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Kort oppsummert har Sogndal vore fullstendig suverene dei første 45 minutta på Stryn stadion. Eit lysglimt for heimelaget er som nemnt keeper Erik Paulsen, som har hindra fleire baklengsmål. På den meir positive sida, er serveringa i speakerbua på eit nivå vi aldri har vore i nærheita av tidlegare. Her er snus, kaffi, Love Hearts, fersk bakst frå Esso, peanøtter med jalapenosmak og ein pose med Minde sjokoladebitar (mørk type).
Slutt 1. omgang Pause (0-5)
45+1'
På tampen av omgangen kårar vi dagens flottaste bart! Sveinung Otterdal er suveren. Vi gratulerer.
44'
Keeper Erik Paullsen med nok ei klasseredning på avslutning frå Endre Kupen. Paulsen står fram som heimelaget sin klart beste spelar før pause.
42'
- Det smeller i stolpen, seier sidekommentator Einar Dons Brath. Godt å ha ein wingman, når eg har hudet ned i tastaturet.
41'
Kupen mot keeper Paulsen igjen. Nok ein gong vartar Paulsen opp med ei nydeleg beinparade.
40'
Jørgen Trøsken med Stryn sitt første skudd på mål. Prøvar seg frå 17-18 meter, men enkelt for keeper Johnsen.
29'
Ny kjempesjanse for Sogndal! Flataker bankar til frå 10 meter, men der vartar keeper Paulsen opp med ei fantastisk redning! Veldig sterke prestasjon av Stryn sin sisteskanse.
22'
Først delte 4. dommar Magne Birger Pedersen ut eit gult kort til Sogndal-benken. Deretter delte hoveddommar Yngve Håkonsen ut gult kort til strynetrenar Øystein Hesjedal.
13'
Ingen tvil om at bortelaget har komt best i gang her. Stryn slit med unødvendige balltap og dårleg flyt. Største lyspunktet på Stryn stadion så langt, er skjorta til Birger Flo. Sprekt mønster.
2'
Dommar i dag er Yngve Håkonsen (Fjøra). Ass.dommarar er Håkon Rundereid (Polljen) og Alexander Kupen Skram (Tornado).
Avspark Start 1. omgang
Johannes Konstali-Lødemel er i sin aller første Sogndal-tropp i kveld. Stryningen har nyleg meldt overgang til sogningane, og startar i dag på benken. Må vere spesielt for Johannes i spele for bortelaget på Stryn stadion. Bror Marius er forøvrig i startoppstillinga til Stryn.
Ei lite korrigering i forhold til sola, for den er i ferd med å gøyme seg bak nokre tretoppar. Uansett kor sola måtte befinne seg, dette er ein fin kveld for fotball.
Stryn og Sogndal 2 er naboar på tabellen. Sogndal er nr 3 med 27 poeng, Stryn nr 4 med 26 poeng. Close race, og sjølvsagt viktig for Stryn å snike seg forbi karane frå saftbygda.
Sogndal sine nest beste er i oppvarming, det samme er Stryn. Tre poeng skal delast ut, mest sannsynlig. Om det ikkje blir uavgjort. Ein til er iaffal sikkert, det skal KJEMPAST om tre poeng. I sola. På Stryn stadion. Gubba noa for ein fin kveld for fotball. Det kriblar både her og der.