TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Alt i alt ein fortent siger til Måløy, i ein kamp som var av det svært skuffande slaget for heimelaget Stryn. Måløy spelte ein klok bortekamp. Dei låg lavt, stengte av rom for heimelaget og tok overgangane når dei kunne. For Stryn var dette heilsvart, sjølv om dei hadde sjansar til å score 3-4 mål. Lite flyt, vilje og gnist, og for upresist. Vi håpar det blir meir futt og fart i 2024! Takk for oss frå Stryn stadion.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-3)
90'
Anders Fleten kviknar til på venstrevingen til Måløy igjen. Passerar forsvaret enkelt, men keeper Karsten Hauge reddar fint.
89'
Spillerbytte
89'
Glosvik Espeland svingar eit frispark inn i feltet, men den går gjennom heile feltet. Kunne blitt farleg, men for passivt av Stryn.
86'
Glosvik Espeland nær scoring! Mohammad Ali snappar ballen inne i feltet, og spelar i støtte. Glosvik Espeland skyt frå 5 meter, men keeper Elde får redda til corner!
81'
Mål!
1-3
Og der kom reduseringa! Frisparket til Glosvik Espeland går i stolpen, og Ali er kjapt framme på returen. Scorar enkelt. Skal Stryn klare å skape spenning på tampen her?
80'
Frispark til Stryn på 20 meter, midt framfor mål. Glosvik Espeland gjer seg klar.
78'
Måløy skaper nok ein sjanse frå si høgreside. Kjem til avslutning, men rett på keeper Hauge.
77'
Spillerbytte
76'
Mål!
0-3
Fleten får ballen rett framfor mål, og set den sikkert i mål.
74'
Gult kort
69'
No blir dette blytungt for Stryn i forhold til å ta poeng. Stryn skapar lite, og Måløy tek overgangane med vilje og kvalitet. Heimelaget slit også med presisjonen framover, og då blir det mange og tunge returløp.
64'
Mål!
0-2
Bastian Djuvik stormar nedover høgresida i duell med Tomas Tjellaug. Innlegget til Dodaj er presist, og Måløy sin nr. 10 plasserar ballen med innsida heilt nede i keeper Hauge sitt høgre hjørne.
63'
Stryn på farten! Steinar Hauge legg inn, til Håvard Kroken på bakerste. Headinga til Kroken er for svak. God sjanse til heimelaget.
62'
Og der kjem Fleten til avslutning! Måløy kjem 2 mot ein, og heimelaget skal prise seg lukkeleg over at Fleten skyt sjølv. Keeper Karsten Hauge ryddar opp.
60'
Måløy angrip på venstre. Innlegget blir avklara! Skummel overgang, igjen.
56'
Spennande å sjå om raske og tekniske Mohammad Ali klarar å skape meir ubalanse i bortelaget sitt forsvar.
54'
Spillerbytte
53'
Slik det ser ut no, er bortelaget farlegast i angrep. Dei tek overgongane kjapt, og prøvar å straffe eit strynelag i ubalanse. Stryn har mest ball, men slit med å skape dei store sjansane.
52'
Flott involvering av Ola Ørjasæter, som dreg seg forbi 2-3 mann før han slår inn foran mål. Der får Måløy rydda opp.
50'
John Erlend Bø med eit godt innlegg mot Steinar Hauge. Rett over hårtustane til Hauge. Kunne blitt skummelt.
50'
Måløy farleg frampå eit par gangar i starten her. Bortelaget krigar virkelig for dei tre poenga.
47'
Dramatisk start på andreomgang! Ei vøle med fluger er oppdaga i vinduskarmen i speakerbua. Sløve fluger, som knapt gidd å fyke.
Start 2. omgang Start 2. omgang
So den tradisjonelle turen innom sosiale medier. Sjur Ole Svarstad sel lodd rett utanfor Vinmonopolet. Marius Flo er på strynemessa og kikar på store slikkepinnar. Are Njøten nyt sola i Holmestrand. Petter Hammer gir vekk gardinstenger på Facebook. Johann Sigurdsson er i syden drikk paraplydrinkar, og Leif Rune Loen ligg i telt i Nordmarka.
Måløy leiar denne kampen, men sjølv bortelaget er nok einige i at det er ei heldig leiing. Stryn har hatt to i tverliggaren, og eit par andre sjansar som burde resultert i scoring. Som vi har vore inne på, er likevel følelsen at Stryn har meir inne. Viljen må opp, saman med effektiviteten.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+2'
Frisparket stryk like utanfor keeper Hauge sin høgre stolpe. Småskummelt!
45+1'
Frispark til Måløy på 20 meter no, midt framfor mål. Skothald for blåtrøyene.
45'
Aiaiai! Der er Stryn frykteleg nær utlikning! Steinar Hauge får ballen bak i feltet, og dreg til på halv volley. Treff godt, men igjen klinkar ballen i tverliggaren!
45'
Jesper Jepsen med ei nydeleg pasning til Steinar Hauge i bakrom. Tilsvarande godt mottak av Hauge, men Måløy får kriga den til corner.
41'
Nr 11 på Måløy, Anders Ulvik Fleten, har utmerka seg mest positivt til no. Venstrekanten til Måløy har vore god, bevegelig og skapt mykje.
38'
Måløy får ikkje noko ut av den, og Stryn kjem på ein overgang. Ola Ørjasæter kjem til innlegg frå høgre, men legget blir for langt.
37'
Tja, svak påstand kanskje. Corner til Måløy no.
37'
Ny corner til Stryn, som pressar på her no. Keeper Elde boksar ut ballen, Skal vi driste oss til å seie at det ligg eit strynemål i lufta her?
35'
Stryn med corner, og påfølgande trykk frå Stryn med heller ikkje no blir det teljande resultat.
32'
FIFA-dommar Magne Birger Pedersen er hjarteleg tilstades. Snakkar litt med dei to benkane, og dirigerar begivenheitene frå sidelinja. Det osar autoritet av Magne Birger. Sjef.
29'
Stryn har hatt mykje ball, og har for så vidt skapt sjansar nok til å score eit par mål. Likevel har vi følelsen av at heimelaget har mykje meir å gå på. For ¨Måløy sin del, er dette ein perfekt bortekamp så langt.
26'
Corner til heimelaget, men dårleg utnytta.
23'
Spillerbytte
23'
Og farleg vart det! Espeland slår inn frisparket, og der er Sigurd Fænn sjef i lufta. Headar den klink i tverliggaren!
22'
Håvard Kroken med litt Zlatan-magi på Stryn si høgreside. Blir måka ned, får frispark 1 meter frå dødlinja. Kan bli farleg.
20'
Corneren frå Tomas Tjellaug er god, men heimelaget maktar ikkje å få den på mål.
20'
Stryn tek kommandoen igjen etter kalddusjen. Steinar Hauge kjem til avslutning frå 7 meter, keeper må gje til corner.
15'
Mål!
0-1
Måløy scorar i det påfølgande angrepet! Innlegg frå høgre, og der scorar Dodaj i duell med eit par forsvararar.
14'
Og der bår Stryn ta leiinga! Steinar Hauge set fart, og er raskare enn forsvaret til Måløy. Skyt frå litt skrå vinkel. Treff godt, og keeper må gje retur. Der er Håvard Kroken, men treff ikkje mellom stengene!
13'
Corneren blir ufarleg.
12'
Steinar Hauge prøvar seg frå 19 meter. Via ein forsvarar til corner.
12'
Stor sjanse for Måløy! Kjem rundt på høgre, og Kasper Silden får avslutta omtrent frå straffemerket. Treff ikkje maksimalt, og keeper Karsten Hauge får den rett på seg.
7'
Måløy prøvar seg, og kjem til innlegg frå venstre. Men Stryn får rydda opp. Bølgar litt fram og tilbake her. Sjølv om ei bølge sjeldan går fram og tilbake. Rart uttrykk.
5'
At Håvard Kroken spelar, høyres nok heilt ut til Hornelen. Veldig verbal, og jagar sine lagkameratar i press.
4'
Ola Ørjasæter syner fram sin usedvanlig fine teknikk på venstresida, slår i støtte til Ole-Ivan Glosvik Espeland. Innlegget blir litt for langt mot Håvard Kroken.
2'
Måløy dunkar ballen framover frå avspark, og karane frå havgapet virkar tente og agressive frå start.
Avspark Start 1. omgang
Kjekt å sjå Christian Strand tilbake i strynetroppen i dag. Han har vore ute lenge med ein kneskade, og i han sitt fråvær har unge Karsten Hauge gjort sine saker glimrande i målet til Stryn.
Kaptein Vegard Hopland manglar for heimelaget i dag, på grunn av jobbehelg. I følge rapportane sit han likevel klistra til Firda Live, så det er fare for et ein fisk eller to svelt ihjel på Sandane i dag.
Strynemessa er i dag velsigna av vår Herre med fint og kaldt haustvèr. Overraskande nok er det samme vèret på Stryn stadion. Fine speleforhold med andre ord. Stig Høynes frå Haugenfotball er på plass. Tor Guddal er på plass. Arnt Magne Fredheim er på plass. Og nokre til.
Velkomen til sesongens siste seriekamp i Kretsligaen på Stryn stadion! Ein ting som er sikkert, er at det blir fleire slike kampar i 2024. Både Stryn og Måløy er middelhavsfararar på tabellen, og dei siste 3 kampane betyr ikkje all verden. Stryn ligg på 4.plass, og er ikkje i posisjon til å klatre. Men Stryn ynskjer nok heller ikkje å sleppe Høyang forbi seg, som ligg 2 poeng bak. Måløy ligg på 7.plass, og kan gå ein plass opp eller ein plass ned. For Stryn sin del er det sjølvsagt viktig å avslutte med stil på heimebane, mens Måløy svært gjerne vil slå Stryn på bortebane. Det har ikkje skjedd ofte siste 30 åra (om det har skjedd i det heile tatt), Spennande!