TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Oppsummert var dette ein klassisk slitesiger for heimelaget. Likevel må det seiast at det er fortent at Stryn stikk av med alle poenga i dag. Jølster var godt med, men sleit med å skape veldig mange store sjansar. Heimelaget føler nok at dei har meir å gå på, samtidig som ein må vere nøgde med at dei 3 første poenga er i boks. Takk for i dag!
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+5'
Spillerbytte
90+5'
Spillerbytte
90+4'
Mål!
3-1
Nydeleg angrep av Stryn. Jan Marius Brekke spelar glimrande gjennom Steinar Hauge, som tek med seg ballen innover i bana. Innlegget er PERFEKT! På bakerste stolpe lurer unge lovande Tomas Eikenes Tjellaug, og set ballen kontant i mål!
90+3'
Jølster kontrar, og kjem til avslutning. Den går over.
90+3'
Kort corner, Stryn mest opptatt av å la tida gå.
90+2'
Corner til heimelaget. Tomas Eikenes Tjellaug tek den.
89'
Spillerbytte
88'
Saeed Tajik med eit nydeleg skot frå 15 meter, som smell i tverliggaren!
87'
Ein framleis frisk Steinar Hauge er nær å auke heimelaget si leiing! Der reddar keeper strålande.
84'
Spillerbytte
82'
Selvmål!
2-1
Nydeleg pasning frå Jørgen Trøsken, som spelar gjennom Steinar Hauge på høgresida til Stryn. Innlegget til Hauge flatt foran mål er bra, og eit par raudtrøyer er nær å nå ballen. Men det blir Jølster sin kaptein Kvellestad som er uheldig, og set den bak eigen keeper.
81'
Frispark til Stryn på 38 meter. Glosvik Espeland skal svinge den inn. Innlegget er bra, med Wdowiak tapar duellen i feltet. Stryn får til slutt avslutta, men langt over!
79'
Hubert Wdowiak skaffar heimelaget ein corner. Den er upresis, og Jølster vinn ballen.
77'
Jølster vinn ein corner. Den blir skummel! Men Vegard Hopland vinn duellen i feltet, og får avklara.
73'
Mål!
1-1
Der kom målet til Jølster! Bortelaget spelar seg fint nedover venstresida, og innlegget kjem lavt inn framfor mål. Der set Severin Halland ballen kontant i mål, og får gjort opp for straffebommen!
72'
Gult kort
71'
Aiaiai! Severin Halland set straffa like utanfor keeper Strand sin høgre stolpe! Heimelaget slepp med skrekken, og må heve seg om det skal bli 3 poeng.
70'
Straffe til Jølster! Sigmund Høyvik dreg seg forbi keeper Strand, men blir felt. Korrekt straffespark.
67'
Jølster farleg frampå! Angriparen kjem aleine med keeper Strand, og der er Stryn heldige. Strand er marginalt på ballen, og Jølster vil ha straffe etter den tøffe duellen. Det blir derimot utspel frå mål.
66'
Johannes Fredheim fikk trøbbel med lysken, og måtta ut.
64'
Spillerbytte
56'
Godt angrep av Stryn! Saeed Tajik forserar nedover venstrekanten, slår inn til Trøsken som flikkar ballen vidare til Wdowiak. Skotet til Wdowiak frå 17 meter går like utanfor keeper sin venstre stolpe!
55'
Steinar Hauge, som har vore frisk dei første minutta, set frisparket like over tverliggaren.
54'
Jølster sin keeper på bærtur, og Stryn før sjansen på ope mål. Men ei gult-kort-takling frå ein jølstring hindrar baklengs for Jølster. Frispark til Stryn på 25 meter.
52'
Trippelsjanse til heimelaget! Steinar Hauge legg inn frå høgre, og halve Stryn kjem til avslutning. Fullstendig kaos i feltet, men keeper reddar tre gongar!
51'
Steinar Hauge nær scoring i comebacket! Skjær inn frå høgre, får avslutta, men keeper reddar til corner. Corneren er svak, og Jølster ryddar greit opp.
48'
John Erlend Bø med laust tilbakespel til keeper Christian Strand, Småskummelt, men Strand når den først.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Elles kan vi nemne at stryningen Johannes Konstali Lødemel for første gang er med i troppen til Sogndal i dag. Sondre Ørjasæter startar kampen, som går mot Sandnes Ulf i dag kl 15.
Fjorårets strynetrenar Øystein Hesjedal, som no er sportslig leiar i klubben, oppsummerer dei første 45 minutta som ei typisk serieopning. Heimelaget har vore det beste laget mot slutten av omgangen, men ein føler likevel at raudtrøyene har meir å gå på. Jølster har vore farlege, spesielt på nokre overgangar, og går nok i garderoben med god tru om å ta med seg poeng frå fagre Stryn. Vi ser fram mot ein thriller av ein andreomgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Jølster sin keeper på halvdistanse, og Hubert Wdowiak prøvar seg frå 30 meter. Går via ein jølstring, til corner. Den blir resultatlaus.
45'
Jølster har plutselig ein agripar fri på 14 meter inne i feltet til Stryn. John Erlend Bø reddar heimelaget med ei strålande takling!
44'
Apropos Per Ole Tenden, som vi nemnde i stad. Han og Are Njøten er observert i Bergen, og dei to karane er i ekstase fordi Statsråd Lehmkul har lagt til havn. Stor stas for dei to maritime båt-entusiastane.
38'
Mål!
1-0
Aiaiai! For ei heading av Jørgen Trøsken! Strøken corner av John Erlend Bø, og inne i feltet kjem bombeflyet Jørgen Trøsken svevande! Knuser alt og alle i duellen, og headar ballen kontant i nota!
38'
Stryn farleg frampå igjen! Hubert Wdowiak ut til Trøsken på høgre, innlegget er farleg, men Jølster får avklart til corner.
33'
Der er Stryn nær! Lang ball til Hubert Wdowiak, som headar ned til Sander Tenden. Sonen til strynelegenda Per Ole Tenden fyrer til, men den går like over!
33'
Sjølv om Stryn har hatt eit marginalt overtak siste minutta, er trenar Tjellaug tydeleg misfornøgd på sidelinja. Det har lugga for heimelaget så langt.
31'
Dagens beste prestasjon så langt! Ola Holmlund Ørjasæter serverer vafler til speakerbua. Rømme og syltetøy som garnityr. Klasse. Terningkast 6!
30'
John Erlend Bø skal servere ein ny corner for heimelaget. Kort variant som kokar ut i kålen. Svakt.
29'
Sander Tenden brukar farten, og kjem seg rundt på høgresida til Stryn. Jølster får avverga i siste sekund.
26'
Største sjansen så langt går til Stryn. Emil Allesøe finn Hubert Wdowiak på 18 meter. Hubert vender fint, og fyrer til. Skotet går derimot rett på Jølster sin keeper!
24'
Litt meir trøkk i den contringa av heimelaget. Endar med at Jørgen Trøsken prøvar å tre gjennom Hubert Wdowiak, men framspelet blir litt for unøyaktig.
22'
Corneren blir aldr farlig. Jølster med full kontroll i eigen boks.
21'
Både Stryn og Jølster med sporadiske og halvhjarta forsøk, men dei første 20 minutta kan vel kallast ein stillingskrig. Corner til Stryn no, John Erlend Bø gjer seg klar igjen.
15'
God corner, som Sander Sande Tenden får haudet på. I duell med ein jølstring blir det aldri skikkelig farlig.
14'
Corner til Stryn. John Erlend Bø tek den.
13'
Stryn i angrep. Lang ball frå Emil Allesøe i retning lynkjappe Hubert Wdowiak. Blir småskummel den også, men Jølster får rydda opp.
12'
Skummel situasjon inne i Stryn sin 16-meter! Jølster slår ein høg ball inn i feltet, og forsvar og keeper misforstår kvarandre. Det endar med frispark til keeper Christian Strand.
10'
Ingen av laga har noko markert overtak etter knappe 10 minutt. Jølster med frispark utanfor 16-meteren til Stryn no, ute på si høgreside.
8'
Så er det heimelaget sin tur. Johannes Fredheim og Saeed Tajik kombinerar fint på høgresida, men innlegget går inn til keeper.
7'
Jølster kjem seg rundt på venstrekanten, innlegget tvingar keeper Strand i aksjon for første gang. Den løyser han fint for heimelaget, og avvergar ein farleg sjanse for bortelaget.
6'
- Ikkje avgjort dette her, seier Einar Dons Brath i ein usedvanlig klok kommentar.
4'
Stryn får avklara corneren. Forsiktig opning av begge lag så langt.
3'
Jølster skaffar seg årets første corner på Stryn stadion.
1'
I det Per Eikenes tek siste biten av pølsa si, bles dommaren i gang kampen!
Avspark Start 1. omgang
Olav Tenden er observert med eit moteriktig skjerf rundt halsen. Fornuftig det, sidan våren er ei lumsk tid. Det er fort gjort å pådra seg ein forkjølelse dersom ein ikkje passar på å kle nok på seg.
Det nærmar seg, laga er klare til innmarsj på Stryn stadion som badar i nydeleg vårvèr.
Elles er det gledeleg å sjå Ole-Ivan Glosvik Espeland tilbake i strynedrakta! John Erlend Bøe og Steinar Hauge er også med etter langvarig kneskade. Håvard Kroken har også vore ute med kneskade, og hadde håp om å nå første seriakamp. Men han må vente til kalenderen syner mai. På skadelista til Stryn finn vi også spelarar som Sigurd Fotland Fænn, Lukas Leirgulen, Jesper Jepsen, Daniel Gjervik og Kevin Hoddevik. Dei tre sistnemnde er venta tilbake i action innan kort tid.
For Stryn sin del, ynskjer vi keeper Christian Svoren Strand velkomen til klubben. Han debuterer for heimelaget i dag, etter overgangen frå Studentspretten.
Velkomen til seriestart på Stryn stadion! Kretsligaen er endeleg i gang igjen, og det skal kjempast med nebb og klør om 3 poeng. Grønkledde Jølster er på besøk, eit lag som i fjor påførte Stryn eit surt heimetap. Det blir spennande å sjå korleis styrkeforholdet er mellom laga no.