TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Heile 11 mål (!) fikk vi servert på Stryn stadion i dag. Ein ganske surrealistisk kamp, der heimelaget var totalt fråværande i stort sett heile førsteomgang. Samtidig syner Jølster ein aggresivitet, og ikkje minst vilje, som Stryn ikkje var i nærheita av. Stryn kom seg etter pause, men står tomhendt igjen på grunn av den begredelige førsteomgangen. All mulig kredit til Jølster, som får ei triveleg heimreise med dei 3 poenga som ein rett så triveleg ekstra-passasjer.
Kamp slutt Slutt (5-6)
90'
Innlegg frå Vegard Hopland frå venstre. Der får Hubert Wdowiak panna på ballen, men den snik seg utanfor lengste stolpe. Nær utlikning, igjen!
89'
Stryn står høgt. Pressar Jølster til å gjere feil.
88'
Hubert Wdowiak fyrer til frå venstresida, litt skrått på mål. Jølster reddar på strek!
82'
Spillerbytte
72'
Og der kontrar Jølster! Nikolai Kvarme får avslutta frå 5 meter, men der er keeper Paulsen frykteleg kjapt nede med ei hand! Ei fantastisk redning!
71'
Svingar litt fram og tilbake her no. Stryn luktar poeng, og er på hugget. Samtidig har Jølster rom å kontre i.
64'
Mål!
5-6
Kjempescoring av Vegarad Hopland! Emil Allesøe slår innlegget frå venstresida. Hopland er plassert på motsatt hjørne av 5-meteren, og knuser forsvararen i lufta. Headinga går i lengste hjørnet. Rett og slett ein fantastisk prestasjon av Hopland.
58'
Mål!
4-6
Javel? Stryn nærmar seg. Flott angrep. Saeed Tajik med ei strøken pasning ut på Stryn si høgreside mot Vegard Hopland. Det flate innlegget til Hopland er presist, og Wdowiak dreg av ein forsvarar før han scorar sikkert.
53'
Mål!
3-6
Corner til Stryn, og der er Johan Teigum Ytreeide sterkast i feltet. Strålande heading, utan sjanse for keeper.
50'
Ser ut som Stryn har tenkt å gje dette eit forsøk. Tre bytter i pausen, og kanskje ein ny gnist? Er det mulig å få noko ut av dette etter ein historisk svak førsteomgang? Vi får sjå. Uansett eit høgt fjell å klatre for heimelaget dei siste 45 minutta her.
47'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Slutt 1. omgang Pause (2-6)
45+1'
Kjempesjanse til Stryn! Innlegg frå venstre, og Vegard Hopland får til ei god heading. Keeper reddar bra, men må gje retur. Der er Mohamed Ahmed Said, som kan brenne den i mål frå kort hold. Men dessverre for heimelaget går den utanfor stengene.
43'
Corner til Stryn, som Jan Marius Brekke slår inn. Jølstar avklarar enkelt.
41'
Mål!
2-6
Jølster glir gjennom forsvaret til Stryn nok ein gang, og Kvarme set den mellom beina på keeper Bobcek.
37'
Jørgen Trøsken ligg nede for Stryn, etter ein knallhard duell. Ristar den smellen av seg.
35'
Jølster i angrep nok ein gang, men keeper Bobcek med ei solid redning.
30'
Mål!
2-5
Dagens vakraste angrep. Johannes Fredheim med eit strålande initiativ frå høgreback. Spelar vegg med Tajik, som lekkert spelar Fredheim aleine med keeper. Der er Fredheim sikker. Eit nydeleg mål.
23'
Mål!
1-5
Jølster slepp ufatteleg lett til her. Lang pasning over på høgresida, der Sunde lurer Fredheim og set ballen i mål frå skrått hold. Burde også vore keepermat, men her renn måla inn frå alle kantar.
19'
Mål!
1-4
Stryn i angrep, og Ytre-Eide vippar ballen elegant over forsvaret til Jølster. Der er Vegard Hopland kontant, og bankar den i mål utan sjanse for keeper.
19'
Jølster er effektive og gode. Katastrofestart for Stryn.
17'
Mål!
0-4
Jølster valsar over Stryn, og Tveit set ballen i mål frå 5 meter.
15'
Spillerbytte
13'
Mål!
0-3
Farleg tversoverpasning i Stryn sitt forsvar, som våkne Jølster-angriparar fangar opp. Plutseleg er dei i overtal i Stryn sin 16-meter, og Kvarme får til slutt ein enkel jobb med å sette inn Jølster sitt tredje.
11'
Mål!
0-2
Direkte pasning i bakrom mot Halland, som Jens Aarnes kleppe ser ut til å ha kontroll på. Kleppe treff ikkje ballen, og Halland jaktar som gjedda i sivet. Aleine mot Bobcek gjer han ingen feil, og scorar sikkert sitt andre for dagen.
10'
Stryn prøvar seg igjen Mohamed Ahmed Said skyt frå 18 meter, men treff dårleg. Keeper Sundal med voldsomt god kontroll på den.
8'
Så er Stryn på sin første visitt inne i Jølster sin 16-meter. Jan Marius Kleppe spelar fint fram til Vegard Hopland, som har muligheten til å sette den i mål. Avsluttar litt seint, og Jølster får blokkert.
5'
Mål!
0-1
Skrur corneren rett i mål! Strynekeeper Bobcek er neppe fornøgd med egen innsats der.
5'
Jølster kjem fram på høgresida, og det blir farleg! Endar med corner til gjestene.
3'
Bobcek ristar den av seg, og er klar igjen.
3'
Jølster fraleg frampå, og angriparen kolliderar med ein utrusande strynekeeper David Bobcek. Bobcek nede for telling.
Avspark Start 1. omgang
5. plass mot jumboplass på Stryn stadion i dag. Stryn har 31 poeng, mens Jølster kun har raska ihop 11 poeng så langt denne sesongen. Men jølstringane er nok komne til Stryn for å selge seg dyrt i dag, og med stryn sin svært variable haustsesong så langt kan dette bli meir spanande enn tabellen tilseier. Vi får berre sjå kva som skjer, som ho sa brura i forkant av bryllupsnatta.