TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Stryn er veldig mykje betre enn Høyang utover kampen. Vegard Hopland og Håvard Kroken skårar ei reis med mål. Hopland viser at han framleis er ein strålande fotballspelar. Ekstra kjekt at Johan Ytreeide får sitt fyrste mål for Stryn. Blir spanande å sjå kva Stryn har å by på mot tøffare motstand utover hausten
Kamp slutt Slutt (9-1)
90'
Nesten for Stryn. Thomas Tjellaug og Håvard Kroken får begge store sjansar til å skåre
89'
Vegard Hopland blir, ikkje uventa, kåra til dagens strynespelar
86'
Gult kort
86'
kampen ber preg av resultatet akkurat no. Thomas Tjellaug gjer mykje fint
79'
Stryn har akkurat no 7 søner av tidlare A-lags strynespelarar på bana.
76'
Mål!
9-1
Johann Ytreeide blir spela gjennom av Hopland. Sonen til Polly skårar sikkert!
73'
Mål!
8-1
Jørgen Trøsken spelar flott gjennom Steinar Hauge på Venstresida. Vegard set inn sitt 5. for dagen
67'
Mål!
7-1
Frispark Høyang i fårleg posisjon, men blir heada utanfor
60'
Mål!
6-1
ventar med rett side av midtstreken, rundar keeper og set ballen sikkert i mål
56'
Mål!
5-1
Stryn kålar det til i eige forsvar og Aven kjem åleine med Paulsen. Kjem heilt ut på sida, men får plassert ballen mellom beina på midtstoppar Kleppe
54'
Høyang åleine med Paulsen, som stuper ned i beina på Høang sin spiss og avverger i siste liten!
52'
Jon Terje misser ballen og Høyang kjem til ein halvsjanse
49'
Mål!
5-0
Håvard Kroken kjem fri på høgresida, legg inn til Vegard som berre har å trille ballen i mål
46'
Då er vi i gong med 2. omgangHøyang har ein stor jobb om dei skal få med poeng heim
Start 2. omgang Start 2. omgang
samling rundt ein mobiltelefon ved innbyttarbenken no.. Fulham skårer på straffe, unitedsupportarar jublar, Liverpoolsupporter Pål Trøsken ser noko meir molefonken ut..
Får vi far og son på bana samstundes i dag? Jon Terje har sonen Thomas med på benken til Stryn. Kanskje dei får spele sin fyrste kamp saman på A-laget?
Herman K Lødemel og Julian N Sandal, kjemper om sigeren i straffesparkkonkurranen. Sonen til tidlegare venstreback Stian Sandal, dreg det lengste strået med eit velplassert skot til høgre for keeper.
Stryn fotball er i år 100 år. I samband med det har Nils Petter Hauge laga ny klubbsong som no jomar utover stadion, medan vi gjer klar til straffesparkkonkurranse for den yngre garde. Trur ikkje speaker Lødemel nådde innom toalettet før han starta på straffesparkkonkurransen.. Dette kan bli kritisk, men vi satsar på at det går bra
Slutt 1. omgang Pause (4-0)
45'
Speaker gløymde å gjere seg klar for fyrste omgang og har i tillegg drukke godt med kaffi.. Håper på pause og fri veg til toalettet no..
42'
Mål!
4-0
Håvard Kroken blir spelt gjennom, rundar keeper og skårer sikkert. For oss i speakerbuda såg det ut til å vere ein klar offside, men dommaren var ikkje einig i det
36'
Feilpasning i Stryn sine bakre rekker. Paulsen ordnar opp
34'
Mål!
3-0
Stryn tråklar seg flott gjennom Høyang sitt forsvar. Kroken til Tajik og tilbake til Kroken som set ballen i vinkelen
34'
Når vi fyrst er inne på dommarstanden. Stryn sin Kjell Augst Ytreeide dømmer finale på Norwaycup i dag
29'
Høyang contrar, men klarer ikkje avslutte
28'
Jon Terje viser tekniske lekkerbiskenar på midtbana.. Lurer halve Høyang og spelar gjennom Kroken. Blir corner som Høyang avverger på målstreken
26'
Vi manglar vår faste mann på Firdalive i dag.. Han gremmer seg nok mest over at Liverpool ligg under 1-0 mot Fulham til pause..
22'
Hjørnespark
kom ingen ting utav den..
22'
Dagens fyrste hund er komen på stadion. Vi er usikker på namn på både hund og eigar
21'
Stryn har vore effektive i ein kamp som Høyang har vore godt inne i, men det er Stryn som skårer måla
19'
Mål!
2-0
Jon Terje mr.nestsist... slår gjennom Vegard Hopland som skårer sikkert. Nesten ferdgigskåra den der..
17'
Tjellaug spelar gjennom Tajik, men klarer ikkje avslutte åleine med keeper
13'
Mål!
1-0
Lang ball frå Trøsken, Hopland tek den vakkert med seg, rundar keeper og skårer sikkert. Vakkert av Hopland.
13'
Marius K Lødemel debuterer frå start. 15 år gammal
11'
Høyang har kome godt i gong her.Produserer meir enn heimelaget. Alt fått fyrste corner. På tide å avslutte ferien no Stryn!
8'
OjojojojojVart Høyang snytt for ei straffe her??Såg veldig slik ut for oss i speakerbuda. Magnus Kyrkjebø igjennom og Jørgen Tøsken taklar.. Reint? Kanskje...
2'
Jon Terje Tjellaug er på plass sentralt på Stryn si midtbane.Rett og slett imponerande!
1'
Vi er i gong :)!Pisseregn og 10 grader, men elles er alle glade og nøgde...
Avspark Start 1. omgang
Då nærmar vi oss start på kampen. Litt utfordringar i dag, Vi prøver å få på plass lagoppstillingar osv ltt etterkvart..