TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Ein jamn kamp med herleg nerve frå start til slutt. Etter at Girmissio sende bortelaget i føringa, fekk Stryn si fortente utlikning etter scoring av Kevin Hoddevik. Etter at Vegard Hopland vart utvist rett etter pause, vart det sjølvsagt ein spesiell andreomgang. Med ein mann mindre synte Stryn mykje vilje, og gjekk opp i leiinga då Mohammad Ali scora frå kort hald etter godt forarbeid av Steinar Hauge. Det siste kvarteret vart kaotisk, med bl.a. raudt kort til Høyang sin keeper og ein enorm sjanse for bortelaget. Mykje i godtposen for publikum i dag, og nervøst for trenarar og spelarar. At Stryn stikk av med alle poenga til slutt er fortent, men denne sat langt inne. Takk for i dag frå Stryn stadion!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+5'
Høyang med ballen. Slår langt! Keeper Karsten Hauge kjem på halvdistanse, og Høyang får stussa mot mål. Like utanfor!
90+4'
Spillerbytte
90+4'
Nerve på slutten her! snart 5 minutt på overtid.
90+3'
Keeper Karsten Hauge boksar vekk ballen!
90+3'
Corner til Høyang. Skal dei klare eit poeng her?
90+1'
Steinar Hauge skyt, men rett i fanget på keeper.
90'
Rødt kort
Stryn med overgang, og keeper kjem ut. Mohammad Ali når den først, og blir meia ned av keeper som sistemann. Frispark til Stryn på 24 meter, litt skrått på mål.
90'
Høyang med skot frå 11 meter, keeper Karsten Hauge i full strekk! God redning av Hauge.
89'
Høyang på full fart framover, men dommaren bles offside! Ufatteleg rart at Høyang ikkje får fordel der. Gult kort til trenaren til Høyang for protestar, men han hadde nok ei god sak der. Hadde vunne 10 av 10 rettsaker.
86'
Høyang prøvar og prøvar, men slit med å skape sjansar. Stryn jobber hardt for poenga. Voldsom innsats for eit heimelag som er ein mann mindre.
85'
Hjørnespark
Espeland med innlegg på bakerste. Der prøvar Steinar Hauge å breiside ballen i lengste på heil volley. Nær! Men like utanfor.
85'
Mohammad Ali skaffar heimelaget ein corner.
83'
Litt regn i lufta igjen. Arnt Magne Fredheim har invitert far og datter Trøsken under sin paraply. Koselig.
81'
Spillerbytte
79'
Mohammad Ali med ei lur og god pasning i bakrom mot Steinar Hauge. Der er Hauge millimeter frå å kome aleine med keeper, men Høyang får rydda opp.
74'
Mål!
2-1
Har du sett på maken! Eit tilbakespel til keeper blir snappa av ein årvåken og aggressiv Steinar Hauge. Hauge får med seg ballen til dødlinja, og slår inn framfor mål. Der er innbyttar Mohammad Ali og set den sikkert i nota frå kort hald!
72'
Spillerbytte
71'
Hjørnespark
Keeper Karsten Hauge boksar ut corneren.
71'
Måren i duell med Fænn. Corner!
68'
Hjørnespark
Keeper er ute og plukkar corneren, men så mister han ballen! Blir småskummelt, men ingen stryningar kjem til avslutning.
68'
Ola Ørjasæter skaffar Stryn ein corner.
67'
Spillerbytte
65'
Frisparket frå Ole Ivan Espeland er bra! Ola Ørjasæter er først på den, men headinga går 4 meter over mål.
64'
Frispark til Stryn eit par meter utanfor kanten av 16-meteren.
63'
Gult kort
62'
Hjørnespark
Blir ikkje noko av denne heller.
62'
Høyang held trykket, og får ein ny corner.
60'
Hjørnespark
60'
Kampen har skifta karakter etter utvisninga av Vegard Hopland. Høyang har mykje ball no, utan at dei klarar å skape all verden. Stryn har eit par byter på gang.
58'
Spillerbytte
58'
Camping-Peos er observert med paraply, men han har ikkje slått den opp, Den paraplyen såg ut til å ha potensiale til å bli dagens største. Vi får sjå.
54'
Etter utvisninga, har Kevin Hoddevik gåt ned på midtstopparplass saman med Sigurd Fotland Fænn. Saeed Tajik er no spiss, medan Steinar Hauge er flytta ut på venstrekant.
51'
Gult kort
Avsluttar etter å ha blitt avblåst for offside.
49'
Rødt kort
Vegard Hopland stoppar ein Høyang-overgang, og dommaren er nådelaus. Med gult kort frå før, må Hopland gå i dusjen! Det var nok ein kraftig strek i rekninga for trenar Tjellaug. Kva skjer no?
48'
Stryn friskast også i starten av denne omgangen. Fint angrep, som endar med eit langskot av John Erlend Bø. Han prøvar å curle den i lengste hjørne, men 34 cm over.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ein tur innom sosiale medier. Ove Andrè Aarskog oppfordrar omverda til å melde seg på fredagsquiz på Radio Stryn! Denne går av stabelen komande fredag frå kl 22. Bli med!
Ein forrykande start på kampen av Stryn, som kun resulterte i at Høyang kontra inn eit mål. Stryn har vore det beste laget i første omgang, og fikk ei fortent utlikning då Kevin Hoddevik heada inn 1-1. Siste halvdel av omgangen var noko jamnare, men det er nok Høyang som er mest nøgde med resultatet så langt.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45'
Vi har blitt gjort oppmerksom på eit gledeleg comeback på Stryn stadion. Camping-Peos (Per Ole Tenden) er endeleg tilbake med bobilen sin! Der er mest sannsynleg pølser med rekesalat å få servert i pausen. Vi kan ikkje garantere dette 100%, men det er iaffal verdt å ta turen bort for å sjekke.
43'
Framspel til Joacim S Måren, som prøvar å snike seg framfor Vegard Hopland. Kunne blitt farleg, men der er Hopland sterk som Hulken. Skjermar ballen ut over dødlinja.
42'
Etter dei første 20 minutta, som var fullstendig dominert av heimelaget, er Høyang noko meir med på leiken.
40'
Eit voldsom raid av Ola Ørjasæter! Driblar og dansar seg forbi fleire Høyang-spelarar, før han blir effekektivt stoppa av ei god takling på 8 meter.
39'
Høyang sin målsnik Joacim Sjøtun Måren farleg frampå! Dreg seg forbi to forsvararar, og skal klinke til. Treff kun luft, og ikkje ball. Stryn heldige der.
37'
Johannes Fredheim prøvar skotfoten frå 19 meter. Rett i Høyang-blokka.
37'
Vår Herre veløsigner oss med lett regn over Stryn stadion. Paraplyane sprett opp. Kven har den største?
35'
Sterkt av Ole Ivan Espeland! Vinn to knallharde duellar, før han spelar lekkert gjennom Steinar Hauge. Hauge er plutseleg aleine med keeper, og prøvar å breiside ballen til side for Høyang sin sisteskanse. Dessverre for Stryn, går keeper vinnande ut av den duellen. Nok ein stor sjanse for Stryn.
33'
Ingen kan vel protestere på at utlikninga var fortent. Då skal du i tilfelle ha svært nedsett visuell kapasitet.
29'
Mål!
1-1
Corneren til Tomas Tjellaug er presis! Der er Kevin Hoddevik mest aggressiv, og stangar ballen i mål frå 5 meter. Balanse i rekneskapen på Stryn stadion.
29'
Hjørnespark
26'
Ny kjempesjanse for Stryn! Flott ball fram til Saeed Tajik, og når ein forsvarar bommar på ballen får plutseleg Tajik god tid inne i 16-meteren. Slår i støtte til Tomas Tjellaug, som prøvar seg frå ca 14 meter. Tjellaug treff dårleg, og det blir aldri farleg.
24'
Gult kort
21'
Mål!
0-1
Effektiv fotball av Høyang! Bortelaget kontrar, og Måren dreg med seg ballen mot dødlinja. Der er ein einaste Høyang-spelar som er med framover, og Måren finn Girmissio på 1 meter. Den set han i mål. Fullstendig mot spelets gang så langt, men effektivitet er som kjent fullt lovleg i fotball.
20'
Høyang i angrep (!). Johannes Fredheim ryddar opp med ei sugande og god takling.
19'
Stryn angrip igjen. Denne gang på høgresida. Stikkaren frå Fredheim til Tajik blir akkurat litt for lang. Utspel frå mål.
17'
Hjørnespark
Corner frå høgre. Kort variant. Kokar vekk i den legendariske kålen.
17'
Stryn med nye, fine kombinasjonar. Ola Ørjasæter til Tomas Tjellaug, som igjen prøvar å finne Steinar Hauge framfor mål. Keeper snappar den
14'
Kaptein Vegard Hopland med eit fint oppspel til venstreback John Erlend Bø. Tidleg innlegg frå Bø, som finn Steinar Hauge på 5-meteren. Ballen sklir av panna, og det blir ikkje farleg.
12'
Så langt auge kan sjå, er alle oktoberfest-bartane frå forrige helg vekke. Bortsett frå ein. Mats Solheim har beholdt sin bart. Det er i beste fall rart.
10'
Absolutt alt foregår på Høyang sin banehalvdel dei første minutta. Stryn er aggressive og gode i gjenvinningspelet. Høyang har knapt vore bort i ballen.
7'
Ole Ivan Espeland spelar fint ut til Johannes Fredheim, som igjen slår eit godt innlegg. Saeed Tajik tek imot den, og prøvar seg frå 9 meter. Over! Godt angrep av eit heimelag som ser heiltent ut frå start her.
6'
Hjørnespark
Høyang får avklara.
6'
Stryn best i gang. Nytt fint angrep, og Tajik skaffar ein corner.
4'
Heimelaget på farten igjen. Saeed Tajik får ballen på 6 meter, men blir avblåst for offside.
3'
Stryn med ein kjempesjanse! Kevin Hoddevik spelar fint fram Steinar Hauge, som syner større fart enn Høyang-forsvaret. Hauge prøvar å sette den i lengste, men keeper er så vidt på ballen som går vidare i stolpen!
2'
Jan Marius Klepp Brekke er på plass, men dessverre på krykker. Vart skada på trening tidlegare i veka.
Avspark Start 1. omgang
Ola Holmlund Ørjasæter er også tilbake in action i heimbygda, etter å ha debutert for G15-landslaget forrige helg.
Legg merke til benken til Stryn. Der er ein god mix av unge talent, og karar med noko meir rutine. Dagens reservekeeper er Pål Erik Ytreeide, og i tillegg står Jon Terje Tjellaug og Mats Solheim i troppen. Eit Solheim-comeback hadde vore usedvanlig triveleg.
Dette er ein viktig kamp for begge lag! Stryn er nr 4 med 28 poeng, Høyange er på plassen bak med eitt fattig poeng mindre. Det er eit nydeleg utgangspunkt for dagens Kretsliga-kamp på Stryn stadion. Stryn ser på det som lite attraktivt å bli skubba ned på femteplass, medan Høyang ser litt annleis på situasjonen. Det er iallefall vår teori.