TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Florø synte seg som det beste laget i kveld, og vinn sjølvsagt fullt fortent. Stryn er betre med etter pause, men følelsen er at Florø kontrollerte dette akkurat slik dei ville. Stryn skulle nok ønske at forskjelen var mindre både i banespel og målprotokoll, så her er det å jobbe med fram mot seriestart. Takk for i aften!
Kamp slutt Slutt (1-4)
90+2'
Gult kort
90'
Gult kort
89'
Florø bytter inn 3 mann. Simon Rebni, Daniel Sundal og Audun Langedal. Usikker på kven som gjekk ut, men dei tok iaffal ut 3 mann. Så den er grei.
87'
Lite å melde frå Stryn stadion denne perioden. Stryn ligg lavt, Florø har ball. Kort oppsummert.
78'
Fire Florø-supportarar lagar sambarytmer på Stryn stadion! Taktfaste trommeslag av høg kvalitet, med tilhøyrande sang av noko meir ujamn kvalitet. Stemning!
74'
Spillerbytte
74'
Mohammad Ali spelar fint fram Simen Hopland, som skyt frå skrå vinkel. Keeper reddar til corner. Den blir ufarleg.
73'
Alle sjansars mor til Florø, då Brekke mister ballen i svært ugunstig posisjon. På blank kasse fyrer Høyvik ballen himmelhøgt over. Den ballen kan finnast på Gryta.
71'
Corner til Florø, etter at eit skotforsøk vart blokkert. Corneren dårleg utnytta.
68'
Spillerbytte
65'
Spillerbytte
65'
Mål!
1-4
Kontant og sikker straffe av unge Tjellaug!
64'
Straffe til heimelaget! Vegard Hopland blir tatt, og dommaren er ikkje i tvil.
62'
Det første kvarteret har vore rolig, utan noko spesielt overtak til korkje Stryn eller Florø. Det ser ut som Florø kontrollerer dette fint for øyeblikket. Stryn har litt meir ball i denne perioden, men skapar så langt ikkje panikk inne i Florø sin 16-meter.
55'
Spillerbytte
53'
Mål!
0-4
Herstad får ballen i feltet, og frå kanten av 5-meteren bankar han ballen utagbart opp i nettaket. Solid avslutning.
53'
Gult kort
51'
Liam-Alexander Høyvik ligg nede for Florø, spelet er stoppa. Usikker på kva som skjedde der. Høyvik rakna til igjen.
49'
Stryn med frispark på 28 meter, midt framfor mål. Glosvik Espeland velger innlegg, som blir ufarlig.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Florø leiar fullt fortent etter dei første 45 minutta her på Stryn stadion. Florø har spelt ein jamt god omgang, og legg press på heimelaget i periodar. Likevel sit vi med ein følelse at Stryn ikkje har fått vist seg frå si beste side, og pausepraten går nok mykje ut på å heve prestasjonen. Det ligg kanskje ikkje i lufta at Stryn skal gjere som Liverpool i Istanbul 2005, men det bør være fullt mulig å score eit mål eller to. "Waiting on a sunny day" av Bruce Springsteen trillar ut av høgtalarane, og den godlåta kan muligens motivere heimelaget til ein strålande andreomgang?
Slutt 1. omgang Pause (0-3)
45+2'
På grunn av vafleservering i bua, vart det litt stilt på slutten her. Vi kan melde om eit par cornarar til Florø, som dei fikk lite ut av. Vaflene var forøvrig meget oppegåande, dandert med rømme og jordbærsylte.
44'
Njord Leversund prøvar å curle ballen i vinkelen frå kanten av 16-meteren, og det er eit godt forsøk. Ballen treff oversida av tverliggaren.
36'
Florø får avslutta igjen. Liam-Alexander Høyvik prøvar seg frå 18 meter. Over. Utanfor.
32'
Det kunne bli skummelt, men vart eit realt sleivspark. Heilt ufarleg frå Ciaran Hodanu.
31'
Frispark til Florø på kanten av 16-meteren. Kan bli skummelt.
31'
Mohamed Ali kombinerar fint med Vegard Hopland, og ser ut til å kunne fyre av mot mål frå 11-12 meter. Men forsvaret til Florø kjem i press, og avslutninga blir for veik.
29'
Lunta til cupbomba er for øyeblikket kliss våt.
27'
Spillerbytte
24'
Mål!
0-3
Eit lekkert innlegg frå Herstad, finn Wdowiak i feltet som styrer ballen i mål med pannebrasken i duell med Marcel Kucab.
22'
Mål!
0-2
Wdowiak dreg med seg ballen på tvers i feltet, og stryneforsvaret ser ut til å henge bra med. Men den tidlegare strynespelaren vippar ballen elegant over ein utrusande keeper og i mål.
22'
Njord Leversund er god på venstrekanten til Florø, skaffar bortelaget ein corner. Den blir resultatlaus, men Florø bit seg fast i angrep no.
19'
Stryn farleg frampå igjen! Godt angrep regissert av Jan Marius Brekke, som Ali får avslutta. Men Florø får blokkert.
17'
Og i det vi melde manglande offensive bidrag frå heimelaget, kom sjansen! Innlegg fr¨å Ali, i retning Vegard Hopland. Ein forsvarar fikk hårtustane på den, og det var akkurat nok til å hindre baklengsmål. Viktige hårtustar for Florø der altså.
15'
Florø med eit visst overtak dei første 15 minutta, og leiar for så vidt fortent. Stryn slit med å holde ballen i laget, og har ikkje skapt noko framover. Endå.
11'
Mål!
0-1
Florø kjem til dødlinja, og slår ut i feltet. Agberhiere avsluttar frå 17-18 meter, og lurer den i mål i keeper sitt høgre hjørne.
10'
Keeper Christian Strand må i aksjon, og han reddar glimrande avslutninga til Hubert Wdowiak. Corner!
7'
Hubert Wdowiak prøvar seg mot Marcel Kucab, men Stryn sin unge midtstoppar skjermar ut ballen.
4'
Corner til Florø etter ei kontant takling av Jesper Jepsen, Stryn får rydda opp i første omgang.
2'
Noko smånervøst i starten her, men det går seg vel til etter kvart får vi tru.
1'
Florø startar med ballen, og slår langt. Den går ut over dødlinja.
Avspark Start 1. omgang
Og DER er laga på veg inn på den grøne matta. Hymnen ljomar utover stadion, medan dei to tilreisande Florø-supportarane fyrer opp blå bluss. Internasjonalt snitt over det bluss-greiene der.
Flomlysa er tent på Stryn stadion, og laga kjem snart ut for å varme opp. Skal Stryn klare å detonere ei aldri så lita cupbombe i kveld? Då må eventuelt Hubert Wdowiak stoppast. Den tidlegare strynespelaren startar i angrepet til Florø. Velkomen tilbake til Stryn, Hubert!
Klokka er 11:55 i fagre Stryn, og Vår Herre velsignar Stryn stadion med naturleg vatning. Lett regn i lufta. Knappe 7 timar til kick-off.
Hei, og velkommen til NM-cup kvalifisering og oppgjeret Stryn - Florø!