Referat
Kun høydepunkter
Du store all verden kor spennande dette vart. Fjøra leia fullt fortent til pause, men Stryn heva seg i andreomgang. Etter to kjappe strynemål vart resten av omgangen ein stillingskrig. Totalt sett ein jamn kamp, der Fjøra synte seg mest effektive. Men dette kunne bikka begge vegar, so ho sa brura. For heimelaget sin del, må det ha vore betryggande at ein syner seg fullt på høgde med laget som mange reknar som opprykksfavorittar. Kaptein Håvard Kroken vart kåra til dagens beste strynespelar. Vi ynskjer Fjøra lukke til vidare på vegen mot Ullevaal. Over og ut.
Kamp slutt Slutt (2-3)
90+3'
Stryn får frispark på eigen halvdel. Har dårleg tid.
90+2'
Corner til Fjøra no. Den kjem til å ta tid.
90+1'
Vi er på overtid. Har denne kampen fleire sjansar i seg?
90'
Stryn sin tur. Hawaii her no. Håvard Kroken på nok eit løp, og får ballen i bakrom. Keeper når den rett framfor skotuppen til Kroken.
90'
Fjøra kontrar, og Ulrik Flo skyt frå 17 meter. Svakt. Rett i klypene til keeper Paulsen.
89'
Fjøra får heada den ut av eige felt.
88'
Vegard Hopland skaffar Stryn ein corner.
85'
Kan Stryn kome tilbake nok ein gong? Ein real cup-thriller dette. Det er so intenst spennande at speaker Jarle Lødemel held på å pisse på seg. Og det er faktisk ikkje kødd.
84'
Målscorar Mathias Hovland går for skudd, men den går 8 meter over. Rart frispark.
83'
Frispark til Fjøra nøyaktig 24,5 meter frå Stryn sitt mål. Kan bli skummel.
80'
Corneren vart ufarleg. No har Fjøra frispark ute på si venstreside. Innlegget kjem, men Stryn får avklara.
77'
Fjøra riv til seg ein corner.
75'
Fantastiske kombinasjonar mellom Rasmus Tjellaug og Håvard Kroken. Omtrent på straffemerket, får Kroken vendt opp og avslutta. Den går like utanfor keeper sin høgre stolpe. Stryn er best her no.
73'
Stryn med corner, og held trykket oppe. Endar med ei avslutning frå Håvard Krokan som går over.
68'
So vidt vi veit, spelar Johannes Fredheim sin første kamp for Stryn i dag (frå start). Han har løyst rolla si solid på høgreback. Johannes er forøvrig strikjen til Arnt Magne Fredheim, ein av Stryn sine beste venstrebackar gjennom tidene.
64'
Stryn går for scoringar i vinkelen! Johannes Konstali Lødemel prøvar å curle ballen i høgre vinkel frå 20 meter, men keeper får so vidt fista den utanfor. Den hadde god retning!
62'
Dersom det skulle ende uavgjort, skal kampen avgjerast i dag. Det blir då eventuelt ekstraomgangar og straffekonk.
59'
Stryn nær 3-2!! Rasmus Tjellaug avsluttar frå 7-8 meter nede i keeper Rutlin sitt venstre hjørne. Der reddar keeper glimrande!
57'
Håvard Kroken prøvar seg frå distanse. Eit par meter over. Stryn har starta omgangen med fyrverkeri montert i holet under ryggen.
53'
Vegard Hopland får avslutta rett i ein forsvarar, og til ny corner!
53'
Ny corner til Stryn. Kroken skal ta den.
50'
Stryn friske i opninga her. Corner no.
49'
Enorm sjanse til Stryn! Fantastisk framspel til lynkjappe Hubert Wdowiak, som lurer offsidefella til Fjøra. Avsluttar på halvspretten frå 14-15 meter, og prøvar å lobbe over ein utrusande keeper. Dessverre for heimelaget snik den seg så vidt over tverliggaren.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Fjøra leiar fortent til pause, men dette er cup. Og som alle veit, cup er cup. Stryn har også hatt sine muligheiter, men har så lang slite med å skape dei heilt store sjansane. Vi ser fram til ein thriller av ein andreomgang.
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
43'
Stryn med eit nytt fint angrep, men ingen raudtrøyer i boks når innlegget kjem. Like etter får Steinar Hauge ein sjanse til avslutning inne i boksen, men treff ikkje akkurat klokkereint.
40'
Stryn rullar fint opp på venstre. God pasning over til Steinar Hauge på høgre, som skjær inn og avsluttar. Fjøra blokkerar kontant. Cash kontant.
36'
Stryn yppar seg litt igjen. Johannes Konstali Lødemel kjem fint rundt på venstrekanten og legg flatt inn i feltet. Der er berre sogningar.
35'
Lite som stemmer for Stryn i denne perioden. Slit med å kome seg fram i bana. Fjøra er aggressive og pressar Stryn høgt.
32'
Kort corner til Håvard Kroken som Fjøra får avverga til innkast.
31'
Corner til Stryn no. Trym Vatn Øvreberg finpussar venstrefoten.
26'
God corner av Fjøra. Keeper Paulsen ute og boksar ballen vekk frå farleg område.
23'
Mathias Hovland og Malvin Gjerde kombinerar fint for Fjøra. Gjerde prøvar seg frå skrått hold, men skotet går til side for keeper Paulsen sin høgre stolpe.
21'
Lekkert angrep av heimelaget, som endar med at kaptein Håvard Kroken er aleine med keeper! Må strekke seg for å nå ballen, men får avslutta. Keeper Rutlig reddar fint. Situasjonen vert i etterkant avvinka for offside på Kroken.
14'
Fint frå heimelaget. Hubert Wdowiak med ballen på venstresida, skjær inn og skyt frå 15 meter. Rett i fanget på keeper.
13'
Fjøra med skot klink i stolpen frå 16 meter. Den var nær!
12'
Corneren vart ufarleg.
10'
Corner til Fjøra no.
9'
Stryn meir med no. Trym Vatn Øvreberg prøvar venstreslegga frå 22 meter. Langt over.
8'
Johannes Konstali Lødemel med pasning gjennom mot Steinar Hauge. Den er nær ved å lukkast, men går inn til keeper.
6'
FJøra frampå igjen, skot frå 17 meter som går 1 meter over. Ufarleg.
5'
Stor Fjøra-sjanse! Kjem aleine med keeper Erik Paulsen, som vartar opp med ei strålande beinparade!
2'
Ulrik Flo blåst av for ein solid offside. Fortset slik Ulrik! ;)
Avspark Start 1. omgang
Det nærmar seg kick-off....billettør Tore Haugen spring rundt på indre bane og sjekkar at alle har vore lovlydige og løyst billett.
Vi har fått eit musikkynskje i bua. Stryn sin skada kaptein Sigurd Fotland Fænn vil gjerne høyre West Ham sin klubblåt I Am Forever Blowing Bubbles. Den skal vi sjølvsagt ikkje spele. Vi kan ikkje spele låtar om folk som bles bobler i eige slev.
BREAKING NEWS! Speaker Jarle Lødemel har fått lyd i mikrofonen! Fytti katta kor grisande kjekt. No annonserar han straffekonk i pausen der reservekeeper Pål Erik Ytreeide skal vere keeper, med gåvekort i kiosken som premie. Her kan alle delta. Der er også ein konkurranse på Facebook-sida til Stryn Fotball, der ein kan tippe resultatet i kampen. Kjøh!
Bortelaget må nok finne seg i å ha favorittstempelet i denne NM-kval.kampen. Den store stjerna på laget til laget frå fruktbygda, er sjølvsagt ein stryning. Vi ynskjer Ulrik Flo hjarteleg velkomen heim! Samstundes ser vi helst at det blir ein stong-ut-kamp for strikjen has Kjell Rune.
Medan speaker-tenesta på Stryn stadion slit med å få lyd i mikrofonen, ynskjer vi velkomne til årets første offisielle kamp! Speakeren får nok lyd i mikrofonen etter kvart, vi må sikkert berre skifte batteri frå i fjor haust i tillegg til å trykke på nokre knappar. Då helst dei rette knappane.