Referat
Kun høydepunkter
Tja, korleis skal vi oppsummere denne berg og dalbana av ein kamp? Alt i alt er Stryn det førande laget, men Fjøra syner enorm effektivitet før pause. Stryn hadde eit enormt fjell å bestige for å ta igjen 1-4, og kva Øystein Hesjedal sa i pausen veit eg ikkje. Men det fungerte. Stryn sine siste 45 minutt er rett og slett knallsterke, og det hadde ikkje vore ufortent om alle tre poenga hadde blitt igjen på Stryn stadion. Men du verden, det kan ikkje vere tvil om at dette er to av dei beste laga i avdelinga. Og vi som er glade i fotball må berre takke begge lag for ein fantastisk kamp, og eit vanvittig nervepirrande drama. Slike kampar blir ikkje gløymt med det første. Takk for i dag!
Kamp slutt Slutt (4-4)
90+7'
Corner til Fjøra.
90+6'
Godt frispark! Men keeper Paulsen boksar den vekk!
90+6'
Steffen Ljosheim ser ut til å gjere seg klar.
90+5'
Så får Fjøra Frispark på 16,5 meter. Dette blir nok siste sjansen i kampen.
90+4'
Fjøra med eit forsøk i stolpen! Avblåst for offside.
90+4'
Den renn ut i sanden. Magnar Sanden.
90+3'
Frispark til Stryn ute på sida, midt inne på Fjøra sin halvdel.
90+2'
Stryn trykker på! Corner no.
90+1'
Håvard Kroken prøvar seg frå 17 meter. Dårleg treff, blir ikkje farleg.
90'
Frispark til Stryn midt inne på Fjøra sin halvdel.
89'
Langt oppspel mot Johannes Tenden, som nesten får kontroll. Men Fjøra-forsvaret ryddar opp i den.
87'
Ein lokal jury har kåra Steinar Hauge til dagens beste strynespelar. Vi gratulerer! Steinar er forøvrig strikjen has Nils Petter. Han i Holko og Hauge.
85'
Fjøra får avklara til innkast, før Stryn rotar vekk ballen.
84'
Ny corner til Stryn. Trym Øvreberg gjer seg klar.
84'
Og det er nær igjen! Johannes Tenden styrer headinga si mot keeper sin venstre vinkel, men den snik seg like utanfor!
83'
Corner til heimelaget, igjen.
83'
Fjøra ligg kompakte mens Stryn trillar ball. Ser ut som bortelaget ligg og ventar på den rette muligheten. Kven får det neste målet?
80'
Ut frå kva Fjøra viste før pause, ser vi heller ikkje vekk frå at poenga kan ende i sogn. Dette kan bikke kva veg som helst.
78'
Vegard Hopland vinn duellen etter nok ein god corner. Headinga blir for laus. Enkelt for keeper Rutlin.
78'
Corner til Stryn no. Har denne kampen fleire drama i seg?
75'
Så er Fjøra i angrep. Blir stoppa. Så kotrar Stryn, og kjem seg NESTEN gjennom.
71'
Stryn nær igjen!! Herre min hatt for eit drama! Trippelsjanse med blokkeringar og keeper-redning. Fjøra lever farlig her no, Stryn syner ein voldsom energi!
71'
No er det jaggu høg puls og svette hender i bua her. Håpar tastaturet er fuktsikkert.
69'
Nesten 4-4!! Kroken med ein flott innlegg, som Johannes Tenden tek på heil volley inne i feltet. Han treff godt, men dessverre for heimelaget fyk den 1 meter over mål.
54'
Fjøra har teke initiativet, og har hatt nokre forsøk som stort sett har blitt blokkert. Corner til Fjøra no. Den blir ikkje noko ut av.
49'
Ny Fjøra-spelar som ligg nede og må ha behandling.
49'
Det blir spanande å sjå om Stryn har evna til å gjere dette til ein thriller av ein andreomgang, eller om Fjøra klarar å tette igjen for å sikre dei tre poenga dei har djupt nede i lomma.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vi gratulerer Sokrates Ullebø Hool med gåvekort i kiosken, etter at han vann straffekonken i pausen. Siste og avgjerande straffa sat klistra i vinkelen. Sonen til faren han karen der.
Ein tur innom sosiale medier. Marius Flo bles såpebobler og leikar speidar. Ole Christian Haugen er på fjelltur og høyrer på Oddvar Torsheim. Per Ole Tenden er på Baldus Cup på Lillehammer. Det er også Are Njøten. Kristian Hool Egge er ute og padlar.
For å oppsummere desse første 45 minutta, kan vi slå fast at effektivitet er viktig i fotball. Fjøra har lagt lavt, og latt Stryn ha mykje ball. Så har Fjøra vore flinke å kome med mange i angrep når dei har hatt gode overgangsmuligheter. Slik sett kan det sjå ut som det har vore ein perfekt taktisk gjennomført omgang av bortelaget. For det unge heimelaget sin del er dette pauseresultatet fryktelig brutalt, etter at dei har styrt det meste gjennom heile omgangen. Men det har blitt litt puslete inne i Fjøra sin 16-meter, og Stryn har ein del å lære av Fjøra sin kynisme framfor mål.
Slutt 1. omgang Pause (1-4)
43'
Enrom sjanse for Stryn! Strøken corner frå Trym Øvreberg, som Johannes Tenden ser ut til å heade i mål på første stolpe. Han får ikkje panna på den. Her burde Stryn definitivt ha redusert!
42'
Corneren blir ufarleg, men Stryn bit seg fast. Ny corner.
41'
Håvard Kroken prøvar seg frå 17 meter, men keeper Rutlin får slått til corner.
37'
Ny corner til Stryn, men heimelaget får ikkje noko ut av den heller.
36'
Etter målet har Stryn vore på eit par farlege visittar igjen, og hadde nettopp ein corner som Fjøra fikk avverga.
32'
Fjøra kontrar etter Stryn sin store sjanse, og Mathias Flo kjem fri på 7-8 meter. Han set ballen utagbart nede i keeper Erik Paulsen sitt venstre hjørne. Brutalt for eit heimelag som har vore best så langt, kjekt for Fjøra som scorar på sin første sjanse. Mathias Flo er forøvrig strikjen has Jarle Flo, ei kjend og kjær strynelegende.
32'
Så er det Håvard Kroken som er på farten! Blir spelt fri inne på hjørnet av 5-meteren, og prøvar å setje ballen mellom beina på keeper. Det er nær!
30'
Corner frå Trym Øvreberg no. Corneren er god! Jørgen Trøsken ruvar i lufta inne i feltet, men headinga går over! Trøsken kunne minne om Virgil van Dijk i den situasjonen.
25'
Ein Fjøra-forsvarar ligg nede, og det ser ut til at han dessverre må bytast ut. Ser ut til at det er Anton Sekkingstad.
24'
God, lang ball frå Johannes Fredheim opp til Steinar Hauge, som igjen får tuppa vidare til spissmakker Johannes Tenden. Litt for lang, og ballen trillar inn til keeper.
22'
Så er det Stryn som angrip, og Johannes Tenden får avslutta med ryggen delvis mot mål. Det blir ufarleg.
21'
Fjøra prøvar seg på ein overgang, men Vegard Hopland taklar så det lukta svidd og stoppar alt i hop.
20'
Knalltøff takling som går utover Johannes Tenden. Frispark til Stryn på 30 meter. Heimelaget får ikkje noko ut av det.
19'
Stryn har fortsatt mest ball, men slit med å skape dei heilt store sjansane på eit lavtliggande FJøra-lag.
15'
Det er heimelaget som har kome best i gang. Har eit bra trykk på Fjøra no.
14'
Kåringa av dagens-største-paraply utgår i dag på grunn av alt for fint vèr. Beklager det.
12'
Samba på Stryn stadion! Etter eit nydeleg angrep av heimelaget, enda ballen ute med høgre vingback Johannes Fredheim. Innlegget er godt, og Johannes Tenden prøvar seg på eit brassespark! Godt utført, men ballen fyk eit par meter over mål.
7'
Min kompanjong i bua, speaker Jarle Lødemel, har servert meg ein nydeleg skulebolle. Ber difor om orsaking dersom det blir litt smått med oppdateringar dei neste 2 minutta.
6'
Stryn prøvar seg. Kroken klarar nesten å spele gjennom Johannes Tenden, men Fjøra-forsvaret får rydda opp.
3'
Lukas er ok igjen.
2'
Lukas Leirgulen har fått seg ein smell, tydelege smerter i eine ankelen. Må han ut allereie?
1'
Vi er i gang! Stryn festar eit lite grep i starten.
Avspark Start 1. omgang
Gripande markering på stadion før kamp. Klubblegenda Paul Hool gjekk dessverre bort 16. april etter kort tids sjukdom. Paul sin innsats for Stryn Fotball kan ikkje verdsetjast høgt nok. Paul vart nettopp hedra med applaus i 1 minutt. Kvil i fred, Paul. Du vil bli sårt sakna.
Stryn sin ferske oppmann/lagleiar Lars Midthjell Gjørven går forøvrig på krykker etter å ha blit skada i eine kneet i kamp for Hornindal. Sjølv skuldar Lars på dårlege gener frå sin far Jan Egil, men dette er mest sannsynlig ansvarsfråskriving og ein tynn teori.
Velkomen til Stryn Stadion! I dag er Stryn ute etter revansje etter det knepne cup-tapet mot Fjøra. Begge lag står, som forventa, med 3 poeng etter første serierunde. I dag er det poeng det står om, og heimelaget er nok svært interessert i å skaffe seg ei lita luke til laget frå saftbygda. Dette kan bli ein thriller. Forholda ligg til rette, vinteren er vekke og stadion badar i sol og mange varmegrader.