Referat
Kun høydepunkter
Konklusjonen her, er at Fjøra vinn ein fortent siger som sat frykteleg langt inne. Etter Stryn sitt braktap mot samme lag i vår, var dette noko heilt anna. Heimelaget sin førsteomgang i dag er god, men Stryn må etter kvart gje tapt for eit betre lag. Sjølvsagt surt når ein leiar 2-0, og legg ned ein voldsom innsats. Slik sett er det mykje bra å ta med seg for Stryn i dag, sjølv om dei siste 45 minutta vart tunge. Vi må også nemne at dette var ein vaksen kamp. Det var nerve og dramatikk frå start til slutt, og god kok både på bana, på benkane og ikkje minst i speakerbua. Speaker Nils Petter Hauge var voldsomt nær å ramle både ut av vindauget og ned på golvet, men det er gledeleg å rapportere at han er like heil. Neste kamp eg skal sitte i lag med han, skal eg iaffal ha på meg leggbeskyttarar og hjelm. Ha ein aldeles nydeleg laurdagskveld!
Kamp slutt Slutt (2-3)
90+4'
Stryn nær utlikning! Lang ball inn i feltet, og det blir dulle med Sigurd Fænn og keeper. Sigurd vinn den, og stussar ballen over mål. Keeper fikk uansett frispark. Uvisst kvifor.
90'
Kroken slår frisparket inn i feltet, men der er keeper Rutlin. Plukkar den som Petter Hammer plukkar plomer. Med stoisk ro og full kontroll.
89'
Krangling og kok etter at Saeed Tajik vart meia ned.
88'
Brynjar Flatebø har komt inn for Fjøra, usikker på kven som gjekk ut.
87'
Corneren blir kontant avklara av Fjøra-forsvaret.
86'
Heimelaget har ikkje skapt noko i andreomgang, men vinn ein corner no.
84'
Corneren treff oppå tverliggaren, og går ut!
83'
Stryn prøvar seg ein sjeldan gang i angrep, men Fjøra kontrar og vinn endå ein corner.
82'
Redning på strek! Fjøra med alle sjansars mor til å ta leiinga, men keeper Hauge og forsvaret ofrar både over- og underliv for å hindre baklengs. Og dei klarte det!
77'
Sola kikar fram, men ingen overhengande fare for bar overkropp her.
76'
Frispark til Stryn, Fjøra sjølvsagt ueinige.
74'
Frispark til Fjøra. Stryn sjølvsagt ueinige.
73'
Dommartrioen har sine utfordringar no. Det er få som er einige i nokon ting. Full fyr i teltet, og kampen står og vippar. Nerve.
71'
Fjøra lobbar over forsvaret til Stryn, og løpa kjem. Johannes Fredheim skjermar den ut over dødlinja.
71'
Kokar på benkane. Trenaren til Fjøra er nok ikkje veldig langt frå raudt kort. Engasjementet er stort, om ein skal vinkle det positivt.
70'
Gult kort til strynetrenar Tjellaug.
69'
Stryn krigar godt i feltet på corneren. Keeper Hauge fangar den til slutt.
68'
Muren gjer jobben, ballen ut til corner.
68'
Her blir det avslutning. Muren er stilt opp.
67'
Corneren blir boksa ut av keeper Karsten Hauge.
66'
Corner til Fjøra, som syner ein heilt anna effektivitet enn før pause.
62'
Stryn med eit greit forsøk. Fin ball til Steinar Hauge på høgre, spelar inn til Saeed Tajik som prøvar seg frå ca 16 meter. Blir blokkert.
59'
Ola Ørjasæter skaffar Stryn eit frispark midt inne på Fjøra sin halvdel. Stryn inne i ein middels periode. Mistar for lett ballen.
57'
Corneren blir heada ut av Steinar Hauge. Fjøra bit seg fast, men innlegget går bak mål.
57'
Stryn med farleg balltap! Fjøra kontrar, og kjem til skudd. Fænn blokkerar til corner.
56'
Gult kort til trenaren til Fjøra. Ikkje einig i alt dommaren føretek seg.
54'
Fjøra med skot frå distanse. Hardt og lavt. Men rett på keeper Hauge, som har full kontroll på den. Sjølv om faren hans holdt på å dette ned på golvet opp i bua.
51'
Sjølvsagt ein kjempestart på omgangen for Fjøra, så blir det spennande å sjå korleis Stryn reagerer på dette.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ein heseblesande omgang på Stryn stadion! Det er ingen tvil om at Fjøra er eit godt lag, det har dei også vist her. Men det er Stryn som har vist seg skarpast framfor mål. Fjøra har vore gode, dei har skapt mange sjansar og burde nok normalt scora eit par mål. Når det er sagt, har heimelaget vist ei herleg innstilling. Dei jobbar knallhardt, blokkerar skot og er farlege på kontringar. Dei to måla var av det vakre slaget. Angrepet som førte til at Steinar Hauge klinka ballen i nettaket var vakkert, det samme var soloprestasjonen til Ola Holmlund Ørjasæter. Saman med Mohammad Ali, er der X-faktor i angrepet til Stryn. Det blir ein voldsomt spennande andreomgang, for Fjøra er definitivt i stand til å snu dette.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45'
Corneren blir boksa ut av keeper Hauge, og neste situasjon blir avklara av Fænn.
45'
Fjøra farlege igjen. Sigurd Fænn får avklara. Så blokkerar Stryn eit skot. Koka greit her no. Corner til Fjøra.
44'
Fjøra med eit innlegg som stryk like utanfor stolpen.
43'
Jesper Jepsen blir avblåst for frispark.
42'
Corner til Stryn. Tomas Tjellaug skal ta den.
40'
Det er forresten ingen i bar overkropp her i dag. Ikkje eingong Johann Sigurdsson. Er vel liten grand for kaldt kanskje.
38'
Mathias Hovland farleg frampå igjen for Fjøra. Slår ballen tvers gjennom feltet til Stryn, men der er ingen til å omsette den til mål.
37'
Hovland går for innlegg, Glosvik Espeland avklarar.
36'
Frispark til Fjøra like utanfor kanten av 16-meteren. Mathias Hovland gjer seg klar.
35'
Ny store sjanse for Stryn! Saeed Tajik spelar fint gjennom Mohammad Ali, i duell med ein forsvarar får Ali avslutta. I nettveggen!
31'
Litt rolegare no, og det er vel godt for dei som held med heimelaget. Stryn står godt i forsvar denne perioden.
27'
Ny corner, og den blir endå farlegare! Først reddar Hauge igjen, så går ei avslutning i tverliggaren! Heilt sjukehus her no, ufatteleg at Fjøra ikkje scora der. Sterke prestasjonar av unge keeper Hauge.
26'
Corner til Fjøra. Og den blir frykteleg farleg! Malvin Gjerde headar, men keeper Karsten Hauge vartar opp med ei kjemperedning!
25'
Innbyttar Håvard Kroken er voldsomt glad i Karlsson På Taket. Derfor har han no sett seg på taket på reservebenken. Berre propellen på ryggen som manglar.
24'
Svak avklaring av Jepsen, men Fjøra klarar ikkje å utnytte den. Stryn slepp med skrekken.
23'
Fjøra har igjen initiativet her, men Stryn jobbar knallhardt for å hindre dei store målsjansane. Heimelaget har lukkast så langt.
22'
Fjøra kjem til avslutning på 14 meter, ufarleg. Utanfor.
22'
Fjøra sine drakter er spreke i dag. Inspirasjonen ser ut til å vere Viggo Venn. One more time.
21'
Stryn er forøvrig utan kaptein Vegard Hopland i dag. Han kom ikkje seg unda jobb, og vi tippar han likevel sit klistra til Firda Live. Difor sender vi ei helsing til Vegard frå bua. Hei Vegard!
17'
Speaker i dag er Nils Petter Hauge. Han har to strikar i 11aren til Stryn, og har sine utfordringar med å styre engasjementet. Det er voldsomt til tider, og vi må late att vindauget, so han ikkje dett ut.
15'
Eid ledar 1-0 over Årdal etter 11 minutt. Dei to laga der er nok uansett rimeleg nøgde med noværande resultat på Stryn stadion.
13'
Eit par farlege situasjonar etter målet. Fjøra skreik på straffe, og dommar såg usikker ut. Han valde å ikkje blåse. Fjøra trykker på her no.
9'
Og der vartar Stryn opp med eit strålande angrep! Jesper Jepsen spelar fram Johannes Fredheim. Fredheim gjer ein strålande jobb, og vinn ballen heilt ute med sidelinja. Spelar til Saeed Tajik, som slår inn i feltet. Mohammad Ali flikkar nydeleg ut til Steinar Hauge, som fyrer ballen i nettaket omtrent frå straffemerket!
6'
Ny corner frå Hovland, som keeper Karsten Hauge boksar ut.
6'
Mathias Hovland slår inn, Jesper Jepsen headar den ut til ny corner.
5'
Corner til Fjøra.
5'
Stryn held ballen ei stund her no. Saeed Tajik prøvar å tre gjennom Mohammad Ali, men ballen går inn til keeper.
4'
Fjøra definitivt best i gang her, legg trykk på heimelaget frå start. Steffen Olsen kjem til avslutning frå 23 meter, langt over.
2'
Andreas Lerheim Olsen farleg frampå på Fjøra si venstreside. Får corner, som blir avklara av unge Marcel Kucab.
1'
Fjøra med avspark, og vinn eit frispark litt inne på Stryn sin halvdel. Bortelaget trillar ball i starten her.
Avspark Start 1. omgang
Er det å ta for hardt i å kalle dette ein toppkamp? Tja. Njaei. Mulig det. Men vi gjer det likevel. Fjøra er nr 1 med 38 poeng, samme poeng som Årdal. Eid er på tredjeplass med 35 poeng, heile 9 poeng foran Stryn på 4. plass. Ei kraftig utfordring for heimelaget med andre ord, og vi ser fram til ein knakande kjekke kamp.