TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Stryn leia altså 3-1 til pause, men tapar andreomgangen heile 0-3! Ingen tvil om at Eid vinn ein fullt fortent siger på Stryn stadion i dag. Det hjalp sjølvsagt ikkje for Stryn å miste både Fænn og Leirgulen i løpet av kampen på grunn av skadar, men trenar Hesjedal er neppe nøgd med å rote vekk den forholdsvis trygge leiinga til pause. Topp 4 ser med dette vanskelig ut for Stryn, medan Eid er med for fullt i kampen om ein plass på pallen bak suverene Årdal.
Kamp slutt Slutt (3-4)
90+5'
Eid-trenar Hafsås traff tydelegvis godt med valg av hue i dag. Spørs om ikkje den hua blir på i heile kveld, så kan det bli både 3 poeng og full pott på heimebane i tillegg.
90+4'
Snart 4 minutt på overtid, og corner til Eid. Dette går mot ein B på kupongen.
90+2'
Eivind Skjerven spankulerar forbi nedanfor her. Med handveske i noko om kan minne om kuskinn. Det er enormt moteriktig. Sterkt levert.
90'
Stryn med nok eit innlegg, men der er ingen. Heilt ufarleg. Igjen.
89'
Spillerbytte
87'
Spillerbytte
87'
Stryn prøvar seg, men det blir puslete i angrep. Eid ser ut til å ha god kontroll på dei 3 poenga, og kan med seier her stå igjen med 6 poeng mot Stryn i år.
84'
Spillerbytte
83'
Mål!
3-4
Det låg i lufta. Men det skjedde på usedvanlig vakkert vis. Marius Henriksen dreg seg fri, og fyrer til frå 20 meter. Den susar rett i krysset! Fantastisk avslutning av Henriksen.
82'
Medan Jon Terje Tjellaug ligg nede med krampe, fyk Eid i angrep igjen. Henrik Vedeld prøvar seg frå langt hold, men også den går over med solid margin.
81'
Som så mange gangar før i denne omgangen, får ikkje Stryn stelt i stand noko trøbbel for erkerivalen.
80'
Nok ein corner til Eid og Lefdal. Stryn avklarar, og går i angrep
78'
Stryn får avklara i første omgang, men Eid bit seg fast. Marius Henriksen prøvar lukka frå 18 meter, men den går laaaangt over og utanfor.
77'
Dersom vi skal dra denne kampen inn på tippekupongen, ser det ut som det fort kan bli ein B her. Stryn skapar lite offensiv, mens Eid er farlege gang på gang. Corner til bortelaget no.
73'
Gult kort
Prøvar å nå igjen ei gultrøye, men får ikkje til det. Då vart løysinga å skubbe. Korrekt gult kort.
73'
Eid og Kristian Lefdal fyrer til frå 8 meter, litt skrått på mål. Godt skot, men keeper Paulsen er lynraskt oppe med ei hand og får redda!
71'
Marius Konstali Lødemel med eit høgt innlegg, som keeper må bokse ut. Der kjem Steinar Hauge på 16 meter, og får eigentleg servert ballen på sølvfat. Bles den nesten opp på Gryta.
68'
Jonn Beinnes er til stades på Stryn stadion, i ei gul jakke. Litt artig at han også har ei Solo-flaske i handa. Får litt sånn påske-vibbar. Brusen matchar iallefall jakka 100%.
64'
Gult kort
Lefdal spennjer krok på Steinar Hauge. Taktisk. Stoppar ein overgang i samme slengen.
63'
Stryn med frispark på høgresida. Jon Terje Tjellaug svingar ballen inn i feltet, men Eid får renska den vekk.
61'
Frisparket går i stolpen! Marius Henriksen skyt godt frå 18 meter, men stolpen og keeper Paulsen reddar heimelaget.
60'
Spillerbytte
59'
Rødt kort
Saeed Tajik, som hadde gult kort frå før, pådreg seg eit svært unødvendig andre gule kort. Riv ned ein Eid-spelar utanfor 16-meteren. Urutinert.
58'
Spillerbytte
57'
Mål!
3-3
No god corner frå Lefdal. Det endar i ein laus ball inne i 5-meteren, som Jonas Beitveit får pirka i mål.
57'
Jørgen Trøsken stoppar eit nytt innlegg frå Eid si venstresida. Corner.
56'
Ingen tvil om at Eid er best i gang her. Slik det ser ut no, kan dette gå kva veg som helst.
53'
Mål!
3-2
Strålande corner av Kristian Lefdal, som Sindre Årskog headar kontant i mål nede i keeper sitt høgre hjørne. Strynetrenar Hesjedal er neppe fornøgd med defensiv markering i den situasjonen.
52'
Eid rett i angrep igjen. Får corner.
52'
Jon Terje Tjellaug prøvar å stikke gjennom Steinar Hauge. Den er litt for lang, og keeper får avklara.
50'
Eid nær redusering! Vedvik med godt innlegg frå høgre, og Vedeld er akkurat for seint ute igjen!
48'
Gult kort
Jamnar Jam Marius Brekke med jorda. Frispark til Stryn på 22 meter. Frisparket blir ufarleg.
47'
Eid går rett i angrep, og Henrik Vedeld er nær å sette inn eit innlegg.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Stryn er altså i føringa med 3-1 etter ein omgang som eigentleg var ganske jamn. Sterke offensive bidrag frå Hubert Wdowiak, Steinar Hauge og evigunge Jon Terje Tjellaug er forskjelen på laga. Stryn har også ein kapasitet i Vegard Hopland, som fort kan markere seg etter pause. Når det er sagt, er Eid slett ikkje ufarlege. Spesielt overgangane til Eid har skapt trøbbel for heimelaget. Kay Ove Hafsås, som tilegare har spelt for begge lag, har forøvrig teke på seg oppgåva som norsklærar i dag. Det haglar inn med meldingar på Snapchat så fort han finn ein ørliten skjønnhetsfeil i referatet. Han har sikkert syklusen denne veka, eit underleg fokus av den elles sympatiske Hafsås.
Slutt 1. omgang Pause (3-1)
45+5'
Mål!
3-1
Å herre min hatt! Hubert Wdowiak får ballen frå Saeed Tajik. 26 meter frå mål, dryler Hubert til. Ballen fyk inn i keeper Frislid sitt høgre kryss. Ei kjempescoring av Hubert!
45+5'
Corneren blir kontant avklart, og Eid kontrar. Henrik Vedeld ser ut til å kome aleine mot keeper, men der gjer Johannes Fredheim ein solid defensiv jobb! Får til og med frispark, unge Fredheim.
45+3'
Corner til Stryn på tampen.
45+2'
Corneren går over alt og alle. Utspel frå Stryn sitt mål.
45+1'
Corner til Eid. Stryn er pressa no.
45+1'
Og der er Eid nær igjen! Kristian Lefdal får skyte upressa frå 7 meter, men der er keeper Erik Paulsen kjapt nede. God redning.
45'
Stryn på ein ny, farleg visitt inne i 16-meteren til Eid. Skotet frå Wdowiak blir blokkert.
45'
Enorm sjanse for Eid og Sindre Årskog! Kjem aleine mot keeper Paulsen, og prøvar å sette den i lengste hjørnet. Men like utanfor stolpen!
40'
Mål!
2-1
Strålande av Hauge! Jon Terje Tjellaug med ny assist, då han finn ein feilvendt Steinar Hauge på 16-meteren. Vendinga til Hauge set eidaren fullstendig sjakk matt, og aleine med keeper er Steinar kald som den berømte fisken. Trillar ballen bort i keeper sitt venstre hjørne. Lekkert!
38'
Spillerbytte
36'
Vegard Hopland med eit ok innlegg langs bakken frå høgre. Men den plukkar keeper Frislid.
34'
Tidlegare strynespelar Jim Rune Skrede er på tur til Bergen i helga, og har i skrivande stund fått seg ein duggfrisk. Jim Rune har eit eit hav av vakre blomar heime, men forsikrar oss om at han har alliert seg med naboen i forhold til vatning. Då får vi krysse fingrane for at naboen ikkje gløymer oppgåva si, og at han heller ikkje druknar Jim Rune sine fantastisk flotte og fargerike blomar. Blomster-Finn har blitt til blomster-Jim.
31'
Eid har sett inn Henrik Vingen Vedeld. Kven som gjekk ut, var ikkje godt å sjå.
30'
Skummel Eid-corner, og skummelt Eid-innlegg. Stryn slepp unna med skrekken i begge situasjonar.
28'
Veteran Ragnar Åmot er ein av assistentdommarane her i dag. Han har fått på seg ein kledelig caps mot den strie sola. Stilig.
27'
Vegard Hopland nær! Tar ned ballen inne i feltet, tverrvender, og fyrer til. Keeper Frislid med ei ny solid redning!
26'
Eid med innlegg frå venstre. Godt innlegg som blir heada 8 meter over.
22'
Mål!
1-1
Lang ball etter Stryn sin sjanse, og der heng ikkje forsvaret til Stryn med på notane! Vedvik kjem aleine med keeper Paulsen, og trillar den sikkert i mål!
22'
Ny stor sjanse for heimelaget! Flott forarbeid av Steinar Hauge på Stryn si venstreside. Finn Wdowiak framfor mål, og han skyt hardt nede mot keeper sitt høgre hjørne. Men der vartar keeper Frislid opp med ei vanvittig god beinparade!
20'
Mål!
1-0
Og der scorar heimelaget! Mr Nest Sist, Jon Terje Tjellaug, fornektar seg ikkje! Finn Hubert Wdowiak utanfor 16-meteren. Huubert dreg seg litt inn i bana, før han curlar ballen elegant i lengste hjørnet. Keeper passiv tilskodar, utan sjanse å nå den.
20'
Konkurransen dagens største paraply, er vel berre å drite loddrett i. For pent vèr.
19'
Kristian Årskog får skyte frå 20 meter, etter at Eid syner mest vilje i duellspelet. Skotet til Årskog er derimot av den svake sorten.
17'
Bølgar fram og tilbake her dei første 15 minutta. Eid som angreip på venstresida si no. Innlegget blir for upresist.
15'
Nære på for Stryn! Jan Marius Brekke med ein god ball i bakrom mot Vegard Hopland. Keeper Frislid kjem ut, utanfor 16-meteren, og headar den rett i beina til Hubert Wdowiak. Hubert prøvar seg mot den tomme målet frå 23 meter, men treff ikkje mellom stengene.
12'
Jørgen Trøsken er no flytta ned på midtsopparplassen til Fænn, mens Tjellaug senior tek ei djup rolle på midtbana.
10'
Spillerbytte
9'
Ser ikkje lovande ut dette for Fænn, dessverre. Det kan vere høgre kne som er problemet.
8'
Knallhard duell mellom Sigurd Fotland Fænn og ein eidar! Fænn blir liggande, og må ha tilsyn.
7'
Stryn prøvar seg på si høgreside. Wdowiak ut til Tajik som legg inn, men innlegget er voldsomt upresist.
6'
Ny corner til Eid, som endar i tverliggar og ut!
5'
Stryn får avklara, men Saeed Tajik mistar ballen. Eid får lagt inn igjen, men den havnar i fanget til keeper Erik Paulsen.
4'
Corner til Eid no.
3'
Ny corner til Stryn. Johannes Fredheim slår inn. Eid vinn duellen igjen.
2'
Stryn best i gang. Får ein corner, men den blir aldri farleg.
2'
Sola strålar som sagt, likevel har Eid-trenar Hafsås valgt å ta på seg ei hue i dag. Sikkert ei eller anna form for lykkehue.
Avspark Start 1. omgang
Vi nærmar oss avspark. Strålande sol, medan laga i raudt og gult marsjerar inn på bana. Der er plass til fleire tilskodarar på tribuna og rundt bana.
Ut over høgtalarane har vi nettopp kunne nyte Bruce Springsteen. I det laga går i garderoben er det songfugl og Eid-trenar Dan Jøran Hafsås sin musikk som blåsast utover Stryn Stadion. Eit taktisk grep frå speaker, for å få Hafsås til å miste litt fokus?
I dagen er dagen for dei mest intense lokaloppgjera i europeisk klubbfotball. Everton - Liverpool og Stryn - Eid på samme dag! Fytti katta, fotball blir ikkje mykje kjekkare enn dette. På Goodison Park er dei godt i gang, og der smell det greit i taklingane. Det vil det nok gjere på Stryn Stadion også! Kick-off kl 1500!