Oppsummering
Som speaker Jarle Konstali Lødemel nyss sa; dett var dett. Vi sit igjen med ein følelse av at dette ikkje var ein stor kamp av nokon av laga, men Eid var skarpast og tøffast inne i begge 16-meterane. Det var nok til å hente heim 3 poeng i dag. Stryn har for så vidt sine gode periodar, men virka noko lette og tannlause i dag. Uansett om ein held med dei raude eller dei gule, so var det triveleg med mykje folk og god stemning på Stryn stadion. Ein lokal jury kåra Saeed Tajik til dagens stryning. Takk for i dag, og god nasjonaldag i morgon!
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-3)
90+8'
COrner til Eid. Dei gule og svarte stressar ikkje med den. Naturleg nok.
90+7'
Corneren blir heada ut , der prøvar Glosvik Espeland seg frå 18 meter. Treff dårleg.
90+7'
Corner til Stryn.
90+6'
Strålande av Ola Ørjasæter igjen. Driblar seg fri, og slår eit nydeleg innlegg. Steinar Hauge når ikkje heilt fram.
90+3'
Svært lite interessant som skjer på slutten her.
89'
Ola Ørjasæter skaffar nok ein corner for heimelaget. Og den blir farleg! Vegard Hopland headar frå kort hold, keeper reddar!
88'
Simen Lefdal blir bytta ut for andre gang. Artig. Emilian Henden kjem inn.
82'
Kjell Anders Waage Pettersen serverar pølser til oss i bua! Eit rørande øyeblikk. Dagens stryning-prisen til Kjell Anders?
80'
Stryn svinga frisparket inn i feltet, Eid avklarar og kontrar. Der ryddar store, sterke Jørgen Trøsken opp i fin stil.
79'
Ola Ørjasæter med ei god involvering. Snurrar litt rundt med Eid sin venstreback, og blir meia ned. Frispark.
78'
Corneren blir ufarleg. No må Stryn snart redusere for å skape spenning her. Men det luktar ikkje mål av raudtrøyene så langt.
77'
Eit par stryningar spring i kvarandre, og Simen Lefdal scorar nesten. Corner.
76'
Fint angrep av Stryn, og Ola Ørjasæter skaffar corner til heimelaget.
66'
Stryn J13 har nettopp vunne 3-0 på den andre bana. Eit lysglimt.
64'
Innlegg frå Wdowiak på venstrekanten, men Eid får avklara med nød og neppe.
63'
Ole-Ivan Glosvik Espeland spelar fri Hubert Wdowiak, som prøvar å bøye kula i lengste hjørnet til keeper. Men skotet går ein god halvmeter over. Stryn skyt med lauskrut.
57'
Allesøe blir bært ut av bana, og frakta vekk på båre.
55'
Emil Allesøe ligg nede. Ser ikkje bra ut dette, kan neppe fortsette.
46'
Stryn set i gang dei siste 45 minutta, og trillar ball på eigen halvdel.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ei fantastisk ramme rund denne 16.mai-kampen, og grei tenning ute på bana. Det kan fort bli meir fyr i teltet dersom Stryn får seg ei redusering. Laga har kvar sine periodar, og Eid syner seg så langt som det giftigaste laget foran mål. Eid er også eit hakk kvassare i duellspelet. Siste målet er neppe scora på Stryn stadion i kveld. Vi ser fram mot ein thriller av ein andreomgang.
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45'
Corneren blir det ingenting av.
44'
Corner til Stryn, som Jan Marius Brekke skal traktere.
38'
I denne fasen av kampen, ser bortelaget komfortable ut. Laga vekslar på å ha ball, men Stryn slit med å skape noko framover.
36'
Simen Lefdal set fart, og ingen stryningar held følge. Lefdal skyt frå 19 meter, men langt over.
33'
Ein litt rolig periode, der Stryn har mest ball. Dog utan å skape det heilt store, so ho sa.
28'
Corneren på bakerste blir heada tilbake i feltet, og ein eidar er først på ballen på 5 meter. Treff dårleg. Ei god gammaldags sleiv.
27'
Eid med ny corner. Kristin Lefdal skal ta den.
26'
Frisparket blir avklart. Stryn beheld ballen, og Kevin Hoddevik prøvar seg frå 18 meter. Skuddet går til side for keeper sin høgre stolpe.
25'
Saeed Tajik slår ein tunnell og spring rett i eidaren. Får frispark på 17 meter, litt skrått på mål. Her kan det skje eitkvart.
21'
Corneren blir farleg! Hopland på bakerste slår ballen tilbake i feltet, men igjen er det Eid som er først på ballen i dette svært så viktige området av bana.
20'
Stryn skaffar seg sin første corner.
19'
Stryn nær scoring, då Tajik slår ballen på tvers inne i 5-meteren. Der var ingen! Så kontrar Eid, og får chippa ballen forbi keeper Strand. Ballen er på veg i mål, men Jon Erlend Bø reddar på strek! Full baluba her no!
16'
Eid scora i ein god stryneperiode. Ein real kalddusj for heimelaget.
14'
Eid får nok ein corner, som Stryn får avklara. Eid bit seg fast, men ballen endar til slutt hos keeper Strand.
14'
Dommar Skjerven ikkje populær på Stryn stadion no! Saeed Tajik blir felt, og Stryn ropar på straffe. Skjerven seier nei!
11'
Stryn fortset presset. Like før Saeed Tajik kjem seg til ein enorm sjanse, men forsvaret til Eid får rydda opp i siste liten. No er det Stryn som er best.
8'
Stryn pressar no. Først Steinar Hauge som skyt i blokka, etter fint forarbid av Saeed Tajik. Så er Kevin Hoddevik på raid. Også han kjem til avslutning, men skrått på mål går den til side for mål.
7'
Så er kontrar Eid. Vedvik med heading utanfor. Det svingar i starten her!
6'
Heimaleget på farten! Steinar Hauge rundt på høgresida, og legg inn til Hubert Wdowiak som AKKURAT ikkje får kontroll på den.
5'
Nydeleg stemning på Stryn stadion. Full tribune og mykje russ som virkelig gjer lyd frå seg.
4'
Corneren blir avklara, med gultrøyene beheld ballen. Kjem så til innlegg på venstre, som dei får avslutta til side for mål. Eid best i gang.
3'
Eid skaffar seg ein corner.
2'
Stryn får frispark i eige felt. Ein eidar var litt ivrig, og riv Jon Erlend Bø over ende.
Avspark Start 1. omgang
To innbitte og konsentrerte lag har nyss marsjert inn på stadion. No er det like før.
KORRIGERING! No kom det to uniformerte politibetjentar gåande forbi bua. Dei går i retning russen, men såg ut til å vere smilande blide. Sikkert berre førebuande arbeid.
Ca 5 minutt til kick-off, og vi kan melde om ei tribune som snart er full. Det er gledeleg! Samstundes har vi observert fire russebilar og ein politibil! Dramatisk med politibil tenkjer du? Nja. Bilen tilhøyrer politibetjent Eirik Krossen, som akkurat no er trenar for eit aldersbestemt lag på den andre bana.
Aiaiai! 16.mai og Stryn - Eid. Ein klassiker utan sidestykke i indre Nordfjord. Før kampen er det Eid som har gjort det best i 2023, med 10 poeng på 5 kampar og ein fin 3.plass på tabellen. Stryn har vore ustabile, og har kun 6 poeng på 5 kampar og ligg på 8.plass. Med seier til heimelaget er det altså berre 1 poeng skilnad på laga, så difor er dette ein usedvanlig viktig kamp for begge lag. Tommy Skjerven kjem nok til å halde laga fint i øyrene, dersom det skulle bli naudsynt. Og det kan det fort bli. Knappe 20 minutt til kampstart, Vår Herre har vatna bana og sola kikar fram. Du verden. Dette blir spennande!