Referat
Kun høydepunkter
Stryn var best i alt, sjølv om intensiteten datt eit hakk etter pause. Steinar Hauge vart kåra til Dagens Stryning, fin kamp av den unge agriparen. Samtidig må vi nemne Johannes Garlid Tenden og Trym Øvreberg, som har gjort ein kjempeinnsats for Stryn gjennom fleire år. Desse to karane blir ikkje å finne i strynedrakta til hausten, og vi ynskjer dei lukke til vidare. Samtidig håpar vi å sjå dei i strynedrakta ved eit seinare høve. God sommar!
Kamp slutt Slutt (7-0)
88'
Andre omgang har vore eit aldri så lite antiklimaks. Vi vel å skulde på varmen. Lite energi å spore.
85'
Vi dreg til med endå ei kåring: dagens kulaste. Den går til Terje Walaker, fordi han har brusflaska i baklomma på shortsen. Herlig arrogant av Walaker.
81'
Den einaste mannjen som går i langbukse i dag, er Nils Petter Hauge. Speakerbua har nyss vore i kontakt med han om dette, og Nils Petter forklarar at han er redd for trekk på sine edlere deler. Fair enough det.
73'
Johannes skal ta den sjølv.
73'
Johannes Tenden blir reven ned i feltet. Dommar Håkonsen treng ikkje VAR for å sjå at det er straffe.
72'
Vi kårar samtidig dagens finaste solhatt. Suveren vinnar er Lars Gjørven, som i dag stiller med ein rosa hatt i rund utforming. Sexy.
70'
Ny drikkepause, og den nye strynesangen rungar ut over stadion.
68'
Stang ut for Trøsken! Fin ball frå Johan Ytreeide, og Jørgen Trøsken prøvar seg frå 19 meter. Metallet stod i vegen. Den snik seg nesten opp i keeper sin venstre vinkel.
65'
Der burde det vore 6-0! Steinar Hauge kjem på lag aleine med keeper, spelar uegoistisk til Johannes Tenden. Men pasninga er litt for upresis, og Tenden når ikkje den.
62'
So fresar Stryn rett i angrep. Rasmus Tjellaug spelar ut til Johannes Konstali-Lødemel, som prøvar å skru den i lengste vinkel. 4 cm over!
61'
Corneren til Bremanger blir kontant heada vekk av solide Emil Allesøe.
55'
Stryn fortset som i første omgang. Styrer ALT ut på her no. Slit derimot litt med å kome gjennom eit voldsomt lavtliggande Bremanger-lag.
52'
Og der må faktisk Stryn sin keeper Erik Paulsen i aksjon! Bremanger spelar seg fint gjennom, og Toni Jakupovic kjem aleine med keeper. Avslutninga er bra, men Paulsen stoppar den med ei strålande beinparade.
47'
Stryn rett i angrep. Frispark utenfor hjørnet av 16-meteren. Bremanger får avklara med nød og neppe.
Start 2. omgang Start 2. omgang
På Facebook kan vi mellom anna sjå at tidlegare formann i Stryn Fotball, Torstein Tvinnereim, har via eit brudepar i dag. Som han skriv: Med nattas meiningslause bakteppe blir det ekstra viktig å løfte kjærleiken og hugse på at kjærleiken er for alle. Vi stiller oss definitivt bak desse ordra til Torstein!
Pål Espen Trøsken har forsynt seg kraftig frå kiosken sitt rikhaldige utval. Han føler nok at han fortent det, etter sonen Jørgen sin fine førsteomgang.
Fair Play-prisen går til Malene Kleppe! Vi gratulerer!
Pause på Stryn stadion, og klart for utdeling av Fair Play-pris. Etterpå blir det straffekonkurranse for dei minste. I forhold til kampen har det, som resultatet viser forholdsvis tydeleg, vore einvegskøyring. Stryn er aggressive, og vinn ballen som regel høgt i bana. Bremanger har vel knapt vore i nærleiken av scoring.
Slutt 1. omgang Pause (5-0)
44'
Underteikna var forresten på tur til Bremanger i fjor sommar. Låg i telt og gjekk på Hornelen. Fekk også ein nydeleg kveld på Grotlesanden. Det var ein fin tur, var det.
42'
Der skulle Stryn hatt straffe. Klar hands, men dommar ser ikkje den.
31'
Så kom det endeleg ei kaffikanne i speakerbua. Servert av Stryn sin tidlegare storscorar Asle Myrold. Rørande.
30'
Trym Vatn Øvreberg kan dette med å slå cornerar. Nydelig innlegg til Fotland Fænn, men keeper stoppar headinga.
29'
Aiaiai! Veterankeeper Fosse Elde får eit tilbakespel, og Steinar Hauge går i press. Fosse Elde dreg han elegant av. Litt Messi over den dragninga der.
27'
På snapchat ser vi forresten at Strynelegenda Johann Sigurdsson er på fjelltur på Store Batalden i dag. Sprek kar denne Sigurdsson.
25'
Varmt i sola. For varmt. Dommar Håkonsen signaliserer drikkepause for seg sjølv og begge lag.
23'
Trøsken mykje involvert på høgresida no, og han skaffar ein ny corner. Pappa Pål Espen nikkar anerkjennande frå sidelinja. Corneren blir det ikkje noko ut av.
20'
Stryn angrip på høgre. Vingback Trøsken med eit vakkert innlegg som Håvard Kroken prøvar å bryste (!) i mål. Det går ikkje.
11'
Styrn stormar i angrep! Innlegget frå Wdowiak blir heada ut til corner for heimelaget.
11'
Bremanger med corner, som endar med nok ein corner. Den andre corneren fangar keeper Paulsen enkelt.
9'
Der er Stryn nær! Johannes Konstali-Lødemel avsluttar frå skrå vinkel, men veterankeeper Fosse Elde reddar meisterleg.
8'
God corner frå Trym Øvreberg. Stryn vinn duellen i feltet, og Lukas Roksvåg Leirgulen får avslutta. Utanfor.
7'
Håvard Kroken prøvar eit innlegg osm går i blokka. Corner til Stryn!
7'
Rolig opning på kampen, utan dei store sjansane.
4'
Bremanger prøvar seg. Men angripar Morten L. Mathisen blir avvinka for offside.
2'
Vi er i gang! Stryn har sett ihop eit greit angrep, men pasninga frå Johannes Konstali-Lødemel til Håvard Kroken gjekk ut over dødlinja.
Avspark Start 1. omgang
Stryn stadion er velsigna med ein sumar som syner seg frå si beste side i dag. Ekstra varmt og godt i speakerbua, noko som framprovoserar uønska kroppssvette. Litt vind er det, men ikkje verre enn at det berre er ein deilig bris for publikum.
Mens Stryn har plukka trepoengarar jamt og trutt i det siste og nærmar seg sigerspallen, ligg Bremanger trygt forankra midt på tabellen. Karane frå havgapet sneik likevel til seg uavgjort mot Sogndal 2, og håpar nok å ta med seg poeng frå Stryn stadion i dag.