TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Etter ein god start av heimelaget, såg det rett og slett ut som kreftene etter kvart tok slutt utover i andre omgang. Bremanger gav aldri opp, og jobba knallhardt i 90 minutt. Det kunne like godt enda med eit poeng som dei kunne feira på Grotle-sanden i morgon, men heimelaget drog sigeren i land etter ei hektisk og spennande avslutning.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+9'
Bremanger skal sende eit langt frispark inn i feltet. Stryn får avklart!
90+7'
Det endar med utspel frå mål.
90+7'
Corner til Bremanger på tampen. Skal dei klare uavgjort?
90+6'
Bremanger sin keeper, Nikita Berlizov, har hatt ein sterk kamp. Banens beste spelar.
90+5'
Aiaiai! Bremanger skrik på straffe! Meiner det var hands på ein strynespelar.
90+4'
Spillerbytte
90+3'
Saeed Tajik får sjansen på ope mål! Keeper på bærtur, men avslutninga frå Tajik går utanfor frå 22 meter.
90+2'
Ein lokal jury har kår Emil Allesøe til dagens stryning. Vi i bua er ikkje ueinige i det.
83'
Spillerbytte
82'
Det blir full baluba i feltet etter corneren. Ein liggande Vegard Hopland får avslutta, men keeper Berlizov reddar strålande!
81'
Kevin Hoddevik skyt frå 25 meter. Den ser ut til å ha god retning, men eit Brmanger-haud får den til corner.
79'
Corner til Stryn. Ole Ivan Glosvik svingar den inn, men blåtrøyene frå kysten får avklart.
77'
Endeleg eit god angrep av Stryn. Wdowiak og Hopland kombinerer fint, og spelar fram Saeed Tajik som prøvar seg frå 15 meter litt skrått på mål. Avslutninga går over og utanfor.
75'
Det luggar framleis for heimelaget. Slit med å holde på ballen, og spelet blir unødvendig oppjaga. Bremanger fullt på høgde i denne perioden.
73'
Spillerbytte
68'
Bremanger med ny STOR sjanse! Keeper Christian Strand reddar heimelaget med ei glimrande beinparade. No lev Stryn farleg.
65'
Vegard Hopland blir spelt gjennom, og kjem aleine med keeper. Set den vakkert i mål, men flagget er oppe.
64'
Med scoringa til Bremanger er det fullt liv i denne kampen igjen. Stryn ser ikkje trygge ut defensivt, mens Bremanger er veldig livlige. Her er ikkje noko avgjort, so ho sa brura før ho og brudgomen gjekk til sengs.
60'
Mål!
2-1
Bremanger kjem ned på venstresida, og Rebni plukkar opp ein laus ball i fletet. Der er Stryn i undertal, og Rebni bankar ballen kontant i mål.
58'
Spillerbytte
54'
Mål!
2-0
Å herregud for eit treff av kaptein Hopland! Vakkert innlegg frå Hubert Wdowiak, etter fint framspel av Jon Erlend Bø i forkant. Hopland dempa ballen på kassa 10-11 meter frå mål, og ligg vannrett i lufta då han kliner ballen knallhardt i nettaket! - Det er Zidane-takter på Hopland der!, skrik ein entusiastisk Einar Dons Brath.
53'
Spillerbytte
53'
Speaker Nils Petter Hauge ueinig i ein offside. Vindauget får seg dermed ein ny kakk. Ligg eit gult kort i lufta til speaker Hauge her.
49'
Rufsete start på omgangen av Stryn. Bremanger står høgt, og prøvar å stresse forsvaret. Ser ut som dei lukkast.
48'
Bremanger fyrer til frå 22 meter. - Den går over, seier Einar Dons Brath 1 sekund før avslutninga kom. Gjekk den over? Ja, det gjorde den. Fasit-Einar lev opp til kallenamnet sitt.
46'
Vi er i gang!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Her kom vi seint i gang med rapporteringa, sidan systemet var nede. Derfor var det plan B i mesteparten av førsteomgang., med live-oppdatering på heimesida til Stryn Fotball. La gå, so ho besta sa då ho drog i snora. Når det gjeld kampen, var Stryn det klart beste laget, og burde scora meir. Samtidig hadde Bremanger eit par farlege forsøk, og strynekeeper Christian Strand varta bl.a. opp med ei flott beinparade. Kan også nemne at speaker Nils Petter Hauge er veldig engasjert her oppe i bua. Vindauget han sit bak får køyrt seg, og fortset det slik kjem hengslene til å gje etter. Det er mulig fotballgruppa er på utkikk etter eit nytt vindauge i nær framtid.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Corneren er god, og Kevin Hoddevik vinn duellen i feltet. Men headinga går utanfor.
45+1'
Corner til Stryn. Jan Marius Brekke skal ta den.
45'
Berre rot i Firda Live-systemet i dag, beklager det. Men no ser alt ut til å fungere.
26'
Mål!
1-0
1-0 Hubert Wdowiak! Nydeleg forarbeid av Steinar Hauge. Wdowiak sikker som banken frå 9 meter. Kontant nede i keeper sitt venstre hjørne.
Avspark Start 1. omgang