Referat
Kun høydepunkter
Ein forrykande kamp i varmen på Stryn stadion. At Årdal stikk av med alle poenga er kanskje fortent, men dette var ein kamp der også heimelaget tek med seg mykje positivt. Ingen grunn til å gå lutrygga for Stryn sin del. Begge lag var hissige på fløyelsgrauten, og viste mykje vilje. Sola steikjer inn glaset i bua her, no er det like før PCen smeltar. Difor tek vi no fatt på andre tredjedel av denne vakre sumardagen. Sjåast til hausten.
Kamp slutt Slutt (3-4)
90+4'
2-3 minutt tillegg igjen. Skal Stryn klare å utlikne?
90'
Ein lokal jury har kåra Vegard Hopland til dagens stryning. Solid kamp av Vegard som midtstoppar i dag.
89'
Stryn med nokre enorme sjansar, men ballen havna utruleg nok ikkje i mål. Uheldige der, heimelaget.
88'
Farlig corner! Keeperen til Årdal reddar med ei vanvittig beinparade!
87'
Stryn med dobbelsjanse! John-Erlend Bø blir hindra av ein god keeper, så blir Hubert Wdowiak også stoppa i siste liten. Corner!
86'
Corner til heimelaget, som Kroken skal slå.
80'
Årdal i ferd med å spele seg fri på 6 meter, men Vegard Hopland ryddar opp med ei strålande sklitakling.
73'
WTF! Camping-Peos sin bobil er borte vekke! No er sikkert Peos ute på nye eventyr. Følg han i sosiale medier, dersom du er interessert. Dersom du ikke er interessert, kan du sjølvsagt la vere.
70'
Drikkepause no. Stryningane hiv i seg vatn. Vi ser ikkje kva årdølene drikk. Reknar med det iallefall er alkoholfritt.
65'
Bernhard Hole stiller utan paraply i dag. - Fastlegen min har sagt at eg må suge til meg dei D-vitaminane eg kan, sa Hole før kamp.
63'
Truls Hovland kjem seg fri frå Jesper Jepsen, og kliner til. Over!
63'
Odd-Rune Flo tassar rundt her og leitar etter tomflasker. - Ei krone her og ei krone der, seier Flo.
50'
Stryn fossar i angrep når sjansen byr seg her. Kan bli ein artig omgang.
49'
Så er det Årdal som er nær. Truls Hovland blir tredd gjennom, og får avslutta. Strand reddar fint, men det er uansett avvinka for offside.
47'
Svak corner, men der er Kroken og kliner til frå 14 meter. Rett i Årdal-blokka.
46'
Frisk start av Stryn. Wdowiak skaffar heimelaget ein god gammaldags corner.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Elles kan vi nemne at Per Ole Tenden, med tilnamnet Camping-Peos, er tilbake med bobilen sin. Han har no bytta lokasjon, og har parkert mellom basishallen og skateparken. Der er garantert god servering for dei som stikk innom (ikkje tenk koffert, tenker på pølser, rekesalat, brus og denslags).
Pause på Stryn stadion, etter ein god omgang av begge lag. Det er mulig bortelaget ikkje er strålande fornøgde med 1-1 så langt, men dei har fått god motstand av eit tent heimelag. Dette blir ein uhyre interessant andreomgang.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+4'
Enorm sjanse for Årdal og Julian Lægreid! Dreg seg vakkert fri inne i 16-meteren, og har kun keeper igjen. Skal trille den kontrollert i mål med innsida, men ballen går like utanfor stolpen.
44'
Tomas Tjellaug fikk seg ein trøkk i den forrige situasjonen, og haltar litt rundt ut på bana no. Ser ut til å riste det av seg.
43'
Tomas TJellaug vinn ballen høgt i bana, og Steinar Hauge får tak i den. Steinar er skrått på mål, men har ingen lagkameratar i feltet. Fyrer til, i nettveggen!
41'
Tobias Furebotn prøvar skotfoten frå 18 meter, og tvingar keeper Strand i full strekk. Godt skot, flott redning! Corneren blir også farleg, men Stryn slepp med skrekken.
39'
Ei kanon frå Hauge! Brenn til frå kanten av 16-meteren, og den er det virkelig fart i! Ballen susar dessverre for Stryn 23 cm over motsatt vinkel.
33'
Den blir svinga inn i feltet, og Årdal ropar på hands etter at Steinar Hauge prøve å avklare! Ballen var nok i handa på Hauge, men neppe straffbar hands på strikjen has Nils Petter (han eine i Holko & Hauge).
32'
Frispark til Årdal. 25 meter frå mål, litt ute på Årdal si høgreside.
31'
Det bølgar fram og tilbake her. Stryn skapar lite denne perioden, men jobbar knallhardt defensivt. Årdal har mest ball, men slit med å kome til dei store sjansane.
25'
Dommar Håkonsen dømmer eit feil innkast til Årdal, protestar frå Stryn. - Jeg ser det jeg ser, Begynner å bli gammal, seier Håkonsen. Sterk kommentar. Case closed.
20'
Voldsomt god defensiv jobb av Ole-Ivan G. Espeland. Heimelaget er aggresive og krigar godt, men Årdal er også farlege i angrep.
18'
Årdal og Mittet med eit fint innlegg, og kjem til heading. Men den går ufarleg utanfor.
17'
Innbyttar Håvard Kroken i oppvarming, på sykkel! Speaker Dons Brath er bekymra, og meiner Kroken bør ha på seg ein solhatt. Sykkelen lagar dessutan litt ulyd, og treng sårt litt olje.
16'
Årdal får avklara. Det svingar fram og tilbake her. Høgt tempo i varmen.
15'
Stryn yppar seg i angrep, etter ein god Årdal-periode. Fint angrep, som endar i corner for heimelaget.
13'
Det har vore noko så sjeldant som eit speakerbytte i bua har no. Inge Matias Tvinnereim takka for seg (skulle på arbeid), Einar Dons Brath har teke over mikrofonen. Kjøh.
11'
Corneren svakt utnytta. Kort variant, innlegget langt over mål.
11'
Frispark til Årdal utanfor hjørnet av Stryn sin 16-meter. Skal nok svinge den inn i feltet. Hopland vinn duellen. Årdal bit seg fast. Får corner.
10'
Voldsom tenning ut på her no. Årdal lite fornøgde med å ligge under, mens Stryn ynskjer nok å tvihalde på leiinga.
7'
Stryn farlig frampå igjen. Tajik til linja på høgresida, og slår inn i feltet. Men Årdal får avklara.
3'
Årdal nær! Tobias Furebotn dreg til frå 19 meter, i stolpen!
2'
Stryn prøvar seg på venstresida, men framspelet til Hubert Wdowiak blir for langt. Går heile vegen inn til keeper.
1'
Årdal med avspark. Vi er i gang.
Avspark Start 1. omgang
Stryn må klare seg utan granittblokka og kaptein Jørgen Trøsken i dag, difor er Vegard Hopland midtstoppar i lag med Jesper Jepsen. Johannes Fredheim og Ola Holmlund Ørjasæter er også utilgjengelige, mens Hubert Wdowiak er tilbake.
Topplaget Årdal kjem altså på besøk til ei strynebygd som klimatisk kan minne om Kreta i dag. 28 grader i skyggen er kraftig kost i vår vakre vestlandsbygd. Det blir ei utfordring for både stryningar og årdøler. Årdal-trenar Ole Gunnar Hunderi sa i stad at drikkepausar er for pyser, men vi får sjå om dommar Yngve Håkonsen (garantert uten stilongs) er einig. Det blir spanande å sjå om eit strynelag i stigande form kan skaffe seg eit godt resultat her, eller om årdølene kan feire med noko godt i flaska/boksen på den lange heimturen til indre Sogn.